Munnleg spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til finansministeren

Om at regjeringa ikkje ser fellesskapet sine interesser, og kvifor Ulltveit-Moe-utvalet, som er enstemmig i at det er rett og rimeleg med ei skattlegging som gjer at superprofitten som laksenæringa i dag nyt, kjem kystsamfunna og fellesskapet til gode, blei sett ned i utgangspunktet

Datert: 06.11.2019
Svart på: 06.11.2019 av finansminister Siv Jensen

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): På oppdrag frå regjeringspartia, saman med Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti, blei det starta ei utredning av korleis ei skattlegging av grunnrenta i havbruksnæringa skal utformast.

Dette er jo den næringa som går best i heile landet og opplever superprofitt med utgangspunkt i bruk av fellesskapet sine fjordar og kystar. Ulltveit-Moe-utvalet er einstemmig i at det er rett og rimeleg med ei skattlegging som gjer at superprofitten som laksenæringa i dag nyt, kjem kystsamfunna og fellesskapet til gode. Frå NHO, LO, kommunar og professorar er dei einstemmige i at næringa nyt godt av Noregs fantastiske havområde, og fellesskapet får marginalt tilbake for det. Det har no blitt ei gåvepakke frå fellesskapet som har akkumulert enorme rikdomar på nokre få hender.

Uenigheita i utvalet er korleis skattlegginga skal utformast. Eg synest begge modellane kan fungere; det viktigaste for SV er at rikdom på fellesskapet sine ressursar skal kome kystsamfunna og fellesskapet til gode. Våre felles naturressursar skal aldri få lov til å bli ei mjølkeku berre for dei få – det skal kome alle til gode. Det er akkurat sånn vi har gjort det med olja og vasskrafta.

Men regjeringspartia ser ikkje fellesskapet sine interesser, heller ikkje i denne saka, dei forsvarar ikkje interessene til barn og ungdom og eldre som dagleg merkar på kroppen effekten av dårleg kommuneøkonomi med dårlege tilbod og låg bemanning. Dei forsvarer korkje vanlege folk sine interesser eller kystsamfunna sine interesser. Derimot forsvarer dei milliardærane sine interesser. Nok ein gong er det den økonomiske eliten som skal få ein stadig større del av kaka. Til og med Dagens Næringsliv støttar innføring av grunnrenteskatt, ei avis som ikkje akkurat kan kallast for eit sosialismens talerøyr. Dei seier: Å skattleggje den ekstraordinære profitten i desse selskapa er ikkje kommunisme, men marknadsøkonomi i praksis.

Så statsråd Siv Jensen: Kvifor blei dette utvalet sett ned i utgangspunktet?


Les heile debatten