Munnleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til finansministeren

Om statsråden og ikkje minst partileiaren i Framstegspartiet, Siv Jensen, er for eller imot ein ny, statleg ekstraskatt for oppdrettsnæringa

Datert: 06.11.2019
Svart på: 06.11.2019 av finansminister Siv Jensen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Siv Jensen – og Framstegspartiet – har sidan ho vart finansminister, både auka avgiftsnivået i Noreg og innført nye avgifter, og har sett i gang prosessar for å innføra nye skattar. Fiskeri og oppdrett er viktige og lønsame distriktsnæringar. Regjeringas reaksjon er eit ønske om å dra ein større del av verdiskapinga inn i statskassa. Særleg gjeld dette auka statleg skatt på bruk av naturressursane.

For fiskeri er det alt føreslått av regjeringa å innføra ein ekstra, statleg snikskatt i form av noko ein kallar statleg kvotebank. Det er i realiteten ei «snikskattifisering» av fiskerinæringa. For oppdrett er det nettopp gjennomført ei offentleg utgreiing, som konkluderer med to ting: at oppdrettsnæringa i Noreg skal påleggjast ein ny, statleg ekstraskatt på 40 pst., og at ein skal ta pengar som i dag går til kystkommunane, og omprioritera til fordel for staten.

Spørsmålet er om statsråden vil sikra føreseielegheit og stabilitet for næringa og oppdrettskommunane. Ønskjer ein at ein stor del av verdiskapinga skal verta liggjande igjen i kystkommunane, eller skal dette overførast til fordel for statskassa? Det andre er korleis ein ser på det å ha ei hardare statleg skattlegging av bruk av naturressursar òg for distriktsnæringane.

Eg skal gjera spørsmålet enkelt og konkret: Er statsråden og ikkje minst partileiaren i Framstegspartiet, Siv Jensen, for eller imot ein ny, statleg ekstraskatt for oppdrettsnæringa?


Les heile debatten