Munnleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Om ministeren meiner at Luftforsvaret har den beste operative kompetansen til å vurdera kvar innfasinga av dei nye P8-flya skal skje

Datert: 29.01.2020
Svart på: 29.01.2020 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Under eit møte på Evenes flystasjon vart det sterkt understreka at det hastar med å byggje ein organisasjon med tilhøyrande infrastruktur for å fase inn dei nye overvakingsflya, P8. Noreg har inga tid å miste, vart det sagt, og det er uaktuelt å la flya stå lenger i USA enn absolutt naudsynt. Regjeringa melde i Prop. 27 S for 2016–2017 at levering av flya var planlagd i perioden 2021–2022. Det var forventa at offentleggjering av kvar flya skal plasserast i perioden fram til basen på Evenes er berekna å vere ferdigstilt, ville skje sist veke. Men me ventar framleis på ei avgjerd. Ein er kjend med at Luftforsvaret ut frå operative omsyn har teke avgjerd om at Andøya flystasjon skal nyttast for å fase inn dei nye overvakingsflya. Det rådet ligg hos forsvarssjefen. Det vert òg hevda at forsvarssjefen ikkje er nøgd med tilrådinga frå Luftforsvaret, og at saka er ytterlegare utsett. Då vert spørsmålet om avgjerda til forsvarssjefen er fatta på eit fagmilitært eller eit politisk grunnlag.

I spontanspørjetimen den 18. desember stadfesta statsråden at han ville følgje den fagmilitære tilrådinga frå Forsvaret i dette spørsmålet. Meiner statsråden at Luftforsvaret har den beste operative kompetansen til å vurdere kvar innfasinga av dei nye P8-flya skal skje?


Les heile debatten