Munnleg spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til næringsministeren

Om kvifor i all verda vi ikkje gjer det strengare for dei som er organiserte i skatteparadis, med bakgrunn i at Danmark har vedtatt at det ikkje skal vere mogleg å få krisehjelp dersom ein er organisert i skatteparadis

Datert: 29.04.2020
Svart på: 29.04.2020 av næringsminister Iselin Nybø

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Det er ein ting eg trur veldig mange synest er veldig vanskeleg å forstå, og det er at vi har etablert ei kompensasjonsordning i Noreg, krisehjelp i krisetider, der det for dei minste bedriftene er ganske vanskeleg å kome inn under ordninga, mens for selskapa som er organiserte i skatteparadis, som tar ut store utbyte, er det derimot ingen avgrensingar. For dei store aktørane, dei som er organiserte i utlandet, dei som har moglegheita til å ta ut store utbyte i den situasjonen vi er i no, er det altså ingen avgrensingar, mens for dei minste bedriftene er det vesentlege avgrensingar. Det gjeld ikkje berre eigendelen, det gjeld også utbetalingsbeløpet, som også er på 5 000 kr.

Vi har fått inn mange, mange meldingar om folk som er i ein håplaus situasjon. Det er alt frå eit lite bakeri, fotografar, ein bruktbutikk og bønder som driv på med mangesysleri, til musikarar som driv eit studio, som ikkje får støtte, og som ser dette som vanskeleg.

Da er spørsmålet: Kvifor i all verda gjer vi det ikkje strengare for dei som er organiserte i skatteparadis? Danmark har innført det. Dei har vedtatt at det ikkje skal vere mogleg å få krisehjelp dersom ein er organisert i skatteparadis. Sverige har innført strenge reglar for utbyte, der ein berre kan ta ut det som er normal lønn. Fleire EU-land vurderer no å innføre strenge reglar, også for dei store.

Finst det nokon gode grunnar til at ein ikkje gjer dette i Noreg?


Les heile debatten