Munnleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Om forsvarsministeren kan stadfeste overfor Stortinget at innfasing av P8 i sin heilskap skal skje på Evenes og flybasen der

Datert: 02.12.2020
Svart på: 02.12.2020 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Mitt spørsmål går til forsvarsministeren.

Parallelt med langtidsplanen for Forsvaret handsama Stortinget representantforslag frå Senterpartiet om ein fullstendig gjennomgang av flyttinga av MPA-basen frå Andøya til Evenes. Ikkje uventa – og truleg tilsikta – drukna den debatten på torsdag, og ingen av stortingsrepresentantane frå Høgre, Kristeleg Folkeparti eller Venstre nemnde Andøya i debatten i det heile.

Senterpartiet står fast på at nedlegging av Andøya flybase er eit historisk feilgrep. For oss handlar dette om ei svekking av norsk maritim overvakingskapasitet i ei tid der regjeringa burde arbeide intenst for verkeleg å styrkje denne kapasiteten. Regjeringa har valt å rasere eit svært verdifullt forsvarsmiljø og flytte dei maritime patruljeflya til ein flyplass som har store problem med å tilpasse P8-fly i tillegg til QRA-base for F-35-fly.

Fire år etter at vedtaket er fatta, står det att fundamentale spørsmål som det har vore umogleg for Stortinget å få svar på under handsaminga av både langtidsplanen og representantforslaget. Det held ikkje etter fire år å kome med ei avklaring på arealet på Andøya.

Det er god grunn til å tru at innfasing av P8 ikkje i sin heilskap kan skje på Evenes, grunna forseinkingar og dermed manglande infrastruktur. Det er i seg sjølv eit problem ut frå det som har vore uttalt frå forsvarsministeren. Difor vil eg spørje forsvarsministeren: Kan forsvarsministeren stadfeste overfor Stortinget at innfasing av P8 i sin heilskap skal skje på Evenes og flybasen der?


Les heile debatten