Spørjetimespørsmål fra Kjellbjørg Lunde (SV) til sosialministeren

Datert: 26.10.1988
Svart på: 26.10.1988 av sosialminister Tove Strand

Kjellbjørg Lunde (SV)

Spørsmål

Kjellbjørg Lunde (SV): "Ulukker er den vanlegaste dødsårsak for barn og unge. Ulukker som skjer i heimen, på skolen eller under fritidsaktivitetar er klårt den største ulukkesgruppa. Føresetnaden for å kunne sette inn tiltak for å forebygge ulukker der faren for ulukker er størst, vil vere at ein har tilstrekkeleg kunnskap om risikoforhold og risikoåtferd.
Kva slag verkemiddel vil bli teke i bruk for å få ned talet på ulukker blant barn og unge?"