Spørjetimespørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til finansministeren

Om statsråden vil gripe inn i Senterparti- og Arbeidarparti-styrte Ålesund, slik at dei eldre ikkje vert nedprioriterte til fordel for ikkje lovpålagde tenester

Datert: 03.11.2021
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Svart på: 17.11.2021 av kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Senterparti og Arbeidarparti styrte Ålesund kommune planlegg å kutte 108 institusjonsplassar, som er blant dei lovpålagde tenester i ei kommunal drift. Samtidig planlegg Senterpartiet og Arbeidarpartiet å bruke 240 millionar kroner på ei ikkje lovpålagd bypakke mot folket sin vilje, og dei har planar om eit badeland i samarbeid med Høgre. Det vart hevda i valkampen at Senterpartiet var for tenester "nær folk", og for Arbeidarpartiet var det "vanlege folk sin tur". Eldre folk i Ålesund er vel vanlege.
Vil statsråden gripe inn i Senterparti- og Arbeidarparti-styrte Ålesund, slik at dei eldre ikkje vert nedprioriterte til fordel for ikkje lovpålagde tenester?


Les heile debatten