Spørjetimespørsmål fra Gunhild Berge Stang (V) til landbruks- og matministeren

Om statsråden vil leggje inn ei grunnplanke i støtte- og avgiftsordningane i meierinæringa slik at små, lokale aktørar kan sikrast levelege vilkår

Datert: 25.11.2021
Svart på: 01.12.2021 av landbruks- og matminister Sandra Borch

Gunhild Berge Stang (V)

Spørsmål

Gunhild Berge Stang (V): Rørosmeieriet er ein liten, økologisk og populær aktør i butikkhylla. Nå har dei òg slått an i Minnesota blant norskætta amerikanarar og Røros Butter finst på over 65 salsstader. Det er kostbart å vere ein liten produsent og når kostnadane blir for høge hjelper det ikkje å vere populær. Etter at Landbruksdirektoratet nyleg endra vilkåra for distribusjonsstønad til meieriaktørane, vil det vesle meieriet få dramatisk auka kostnadar med 8 mill. kroner. Det er nær halve driftsresultatet deira. Ei løysing kan vere å innføre eit botnfrådrag. Det kan sikre mangfald, lokale arbeidsplassar og framtidstru for lokale gründarar, landbruk- og reiselivsnæring. Venstre har eit hjarte for små aktørar i næringslivet og eit mangfald i matproduksjonen.

Vil statsråden leggje inn ei grunnplanke i støtte- og avgiftsordningane i meierinæringa slik at små, lokale aktørar kan sikrast levelege vilkår?


Les heile debatten