Spørsmål
Olav Akselsen (A): "Med bakgrunn i sysselsetjingssituasjonen i Hordaland løyvde Stortinget i 1989 30 mill. kroner til framskynding av anleggsstart på ny Åkrafjordveg. Til tross for at berre 9 mill. kroner er nytta går det no mot full stans i utbyggjinga. Ifølgje media skuldast dette at resten av midlane er nytta andre stader.
Korleis kan slikt skje, og kva vil samferdselsministeren gjera for at Åkrafjord-utbyggjinga skal verta fullført som planlagd?"