Spørsmål
Marie Lovise Widnes (SV): ""Refiks mor kastes ut", stod det å lese i Dagbladet 24. april 1990. Den sterkt handikappa guten frå Tyrkia må kanskje på institusjon om mora reiser. Institusjonsopphaldet vert truleg mykje dyrare enn om mora får vere her og stelle for guten.
Kan justisministeren gjere noko for å hindre ei utvisning som berre er eigna til å setje styresmaktene i eit umenneskjeleg lys?"