Vedtak til lov om endringar i lov om eigedomsskatt til kommunane

Dette dokument

I Stortingets møte 13. juni 2016 ble det gjort slikt

vedtak til lov om endringar i lov om eigedomsskatt til kommunane

I

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane blir det gjort følgjande endring:

Tittelen til lova skal lyde:

Lov om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova)

II

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane blir det gjort følgjande endringar:

§ 7 ny bokstav e skal lyde:

  • e) Fritidsbustader

§ 13 andre ledd skal lyde:

Ved første gongs utskriving på bustader og fritidsbustader som følgje av overgang til nytt utskrivingsalternativ skal skatten for slik eigedom vere kr 2 for kvart kr 1000 av takstverdet. Reglane i første leden andre punktum flg. gjeld tilsvarande.

Noverande andre ledd blir nytt tredje ledd.

III

Endringa under I tek til å gjelde straks.

Endringane under II tek til å gjelde frå 1. januar 2017.

Olemic Thommessen
president