År 2000 den 30. november holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane
gjøres følgende endringer:
Ny § 8 A skal lyde:
§ 8 A Reglar om kommunefordeling
av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg
§ 8 A-1 Kommunefordeling av grunnlaget
for eigedomsskatt for kraftanlegg sett i drift pr. 1. januar 2000
(1) Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt
for kraftanlegg med kraftstasjon med installert effekt over 1000
kW sett i drift pr. 1. januar 1997, skal byggje på plasseringa
av slike særskilte driftsmiddel i kraftanlegget som nemnt
i § 1-1 andre leden i forskrift av 20. januar 1997 nr.
79 om fastsettelse av skattemessige inngangsverdier pr. 1. januar 1997
for særskilte driftsmidler i kraftforetak og det fastsatte
gjenanskaffingsverdet (GAV) for slike driftsmiddel etter reglane
i kapittel 2 i same forskrift. Kommunefordelinga av skattegrunnlaget
skal skje i same høve som GAV for dei særskilte
driftsmiddel i kraftanlegget som ligg i den einskilde kommune, har
til samla GAV for alle særskilte driftsmiddel i kraftanlegget. Fordelinga
av GAV på dei særskilte driftsmiddel som ligg
i kvar kommune, skal byggje på oppgåver frå Norges
vassdrags- og energidirektorat og retningsliner fastsett av departementet.
GAV for adkomstanlegg skal ikkje medreknast. GAV for reguleringsanlegg med
tilhøyrande driftsmiddel skal fordelast mellom alle kraftanlegg
som har kraftstasjonar med installert effekt over 1000 kW som ligg
nedanfor reguleringsanlegget, i høve til registrerte energiekvivalenter
registrert hos Norges vassdrags- og energidirektorat for desse kraftstasjonane
pr. 1. januar likningsåret.
(2) Kostpris for investeringar i særskilte
driftsmiddel i kraftanlegg som nemnt i første leden og
som vart ført i skatterekneskapet første gong
for inntektsåret 1997 eller seinare år, skal nyttast
som grunnlag for korrigering av den kommunefordeling av skattegrunnlaget
som vert fastsett etter første leden. Slik korrigering
vert første gong gjennomført med verknad for eigedomsskatteåret
2002.
(3) Ved kommunefordeling av eigedomsskattegrunnlaget
for kraftanlegg med kraftstasjonar med installert effekt over 1000
kW sett i drift etter 1. januar 1997, med tilhøyrande særskilte
driftsmiddel som ikkje vart omfatta av GAV fastsett pr. 1. januar
1997, vert gjenanskaffingsverdet for slike driftsmiddel pr. 1. januar
2000 fastsett av Norges vassdrags- og energidirektorat. Ved fastsetjing
av gjenanskaffingsverdet for slike driftmiddel gjeld reglane i forskrift
av 20. januar 1997 nr. 79 om fastsettelse av skattemessige inngangsverdier
pr. 1. januar 1997 for særskilte driftsmidler i kraftforetak,
tilsvarande. Reglane i første leden gjeld tilsvarande.
(4) Ved kommunefordeling av eigedomsskattegrunnlaget
for kraftanlegg med kraftstasjonar med installert effekt under 1000
kW sett i drift pr. 1. januar 2000, gjeld reglane i § 8
A-2 første leden første og andre punktum tilsvarande.
(5) Ved kommunefordeling av eigedomsskattegrunnlaget
for kraftanlegg som nemnt i tredje og fjerde leden, gjeld korrigeringsregelen
i andre leden tilsvarande for investeringar som vart ført
i skatterekneskapet første gong for inntektsåret
2000 eller seinare år.
§ 8 A-2 Kommunefordeling av grunnlaget
for eigedomsskatt for kraftanlegg sett i drift etter 1. januar 2000
(1) Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt
for kraftanlegg sett i drift etter 1. januar 2000, skal byggje på plasseringa
av slike særskilte driftsmiddel i kraftanlegget som nemnt
i § 8 A-1 første leden pr. 1. januar i likningsåret.
Kommunefordelinga av skattegrunnlaget skal skje i same høve
som kostpris for dei særskilte driftsmiddel i kraftanlegget
som ligg i den einskilde kommune, har til samla kostpris for alle
særskilte driftsmiddel i kraftanlegget. Har slike kraftanlegg
kraftstasjonar med installert effekt over 1000 kW som ligg nedanfor
eldre reguleringsanlegg, skal det takast omsyn til reguleringsanlegget
med tilhøyrande driftsmiddel med dei verdiar som nemnt
i § 8 A-1 første og andre leden.
(2) Kostpris for investeringar i særskilte
driftsmiddel som nemnt i § 8 A-1 første leden
i seinare inntektsår enn det året då kraftanlegget
vart sett i drift, skal nyttast som grunnlag for korrigering av
den kommunefordeling som vert fastsett etter første leden.
(3) Reglane i første leden gjeld tilsvarande
for fordeling av eigedomsskattegrunnlag fastsett etter skatteloven § 18-5
sjette leden.
§ 8 A-3 Kommunefordeling av grunnlaget
for
eigedomsskatt som verdsetjingsreglar ved utskriving av eigedomsskatt
Kommunar som får tildelt ein andel av
eigedomsskattegrunnlag for kraftanlegg etter reglane i §§ 8
A-1 og 8 A-2 skal leggje denne andel til grunn ved utskriving av
eigedomsskatt på kraftanlegget.
§ 8 A-4 Gjennomføringsreglar
Reglane i ligningsloven gjeld tilsvarande så langt dei
passer ved fastsetjing av kommunefordeling av eigedomsskattegrunnlag
etter reglane i denne lova. Nærmare reglar om utfylling
og gjennomføring av denne paragraf vert fastsett av departementet
i forskrift.
Endringene under I trer i kraft straks med virkning fra eiendomsskatteåret
2001.
Jorunn Ringstad |
Olav Gunnar Ballo |
president |
sekretær |