1. Hovudinnhaldet i proposisjonen

Nærings- og handelsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om å oppheve lov 23. desember 1994 nr. 79 om erverv av næringsverksemd (ervervslova).

Ervervslova har eksistert sidan 1. januar 1995 og erstatta i si tid reglane i industrikonsesjonslova frå 1917 som påla utlendingar og utanlandske rettssubjekt plikt til å søkje om konsesjon ved kjøp av fast eigedom i Noreg. Denne lova vart avskaffa i samband med at Noreg vart med i det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS), og derfor måtte ta bort føresegner som diskriminerte utlendingar. Ervervslova gjer det mogleg for norske styresmakter å kontrollere oppkjøp av næringsverksemd over ein viss storleik gjennom meldeplikta til Nærings- og handelsdepartementet.

Forslaget om ei oppheving av ervervslova vart sendt på høyring i desember 2001. Erfaringane med ervervslova gjennom sju år, og før det med konsesjonssaker både etter industrikonsesjonslova og konsesjonslova frå 1974, viser at det reelle behovet for å kontrollere eigarskifte er lite fordi det sjeldan er knytt dramatiske endringar til eigarskifte. Dei strukturelle endringane i næringslivet skjer først og fremst som følgje av endringar i marknadsforhold o.l. Departementets vurdering etter evalueringa er at kostnadene i samband med meldeplikta langt overstig nytta av lova. Dei fleste tilbakemeldingane frå høyringsinstansane, med unnatak av arbeidstakarorganisasjonane LO, YS og NITO, viser også at det er lite behov for den type regulering som ervervslova gir.

Forslaget om å oppheve ervervslova er òg eit resultat av Regjeringa sitt arbeid med regelforenkling for næringslivet og eit bidrag til ei "opprydding" i forvaltninga som fører med seg at ein tek bort offentleg byråkrati som ikkje er naudsynt.