4. Oppsummerande grunngiving for forslaget om å oppheve ervervslova

Departementet legg vekt på å styrkje rammevilkåra for næringslivet, og å syne fram Noreg som eit attraktivt investeringsland, både for å trekkje verksemd til å etablere seg i Noreg, men også for at verksemder skal bli verande i landet. Både eiga erfaring med at behovet for eigarskiftekontroll i norsk næringsliv har vore lite, og støtta frå dei fleste høyringsinstansane til forslaget om oppheving av lova, viser at det no er fornuftig å fremje eit forslag om å oppheve ei regulering som tida har gått ifrå.

Ei særnorsk regulering på dette feltet kan ikkje seiast å ha hatt dei ynskte verknadene korkje for norske styresmakter eller for norsk næringsliv, inkludert norske arbeidstakarar.

Departementet merkjer seg motstanden mot å oppheve lova frå arbeidstakarorganisasjonane. LO og NITO, til dømes, er ikkje samd i forslaget om ei oppheving av lova. Dei ønskjer framleis å ha ein kontroll med eigarskifte av ein viss storleik, av omsyn til dei tilsette. I førearbeida til ervervslova vart det lagt til grunn at lova hadde ein såkalla preventiv effekt i den forstand at ho "skrelte" bort dei kjøparane som berre var ute etter å kjøpe opp bedrifter for så å leggje dei ned (reine "slakteoppkjøp"). Gjennom dei sju åra lova har eksistert, har departementet ikkje sett døme på slike reine "slakteoppkjøp". Det kan ha samanheng med at lova eksisterer, og at investorar med slike planar har vorte skremde bort alt før eller i salsforhandlingane. Departementet meiner at det uansett ikkje kunne forsvarast å halde fast ved ei lovregulering som den ervervslova innebar, sjølv om lova eventuelt kunne ha ein preventiv effekt.

Fleire av organisasjonane i høyringa har kome med merknader om stillinga til dei tilsette ved ei oppheving av ervervslova. Det er fyrst og fremst ved aksjeoppkjøp at dei tilsette ikkje kjem til å ha den same rett til informasjon som dei har i dag etter ervervslova. Departementet meiner at ervervslova ikkje kan haldast ved lag åleine av den grunn at tilsette mister retten til å bli informerte om eigarskifte ved desse aksjeoppkjøpa. Ei oppheving av lova reiser likevel spørsmålet om endring av anna lovverk for å sikre dei tilsette rett til informasjon om eigarskifte ved aksjeoverdragingar. Høyringsinstansane er ikkje samde her. LO og dei andre arbeidstakarorganisasjonane meiner det er naudsynt med endringar i anna lovverk, medan NHO og Arbeids- og administrasjonsdepartementet ikkje kan sjå at det trengst.

Regjeringa har tatt initiativ til ein gjennomgang av og eventuelt samling av reglane om medverknad for dei tilsette i arbeidslivet. Det er difor nedsett eit lovutval som tek sikte på å foreslå ny arbeidslivslov. Det er usikkert når ein kan få på plass eit nytt regelverk, men det blir arbeidd ut frå at ny lov kan vere på plass frå 1. januar 2005. I tida fram til dette meiner departementet at interessene til dei tilsette er tilstrekkeleg tekne vare på i gjeldande reglar.

Sidan det berre er NHO som har merknader til vilkårsfastsetjing i medhald av ervervslova legg departementet til grunn at høyringsinstansane ikkje er usamd i at slike vilkår i praksis har vist seg ikkje å vere effektive verkemiddel for å sikre arbeidsplassar i Noreg. Ein treng derfor heller ikkje å oppretthalde lova av den grunn.

Det er noko ulikt syn på om vi treng ervervslova for å ha kontakt med føretaka både for å føre ein dialog med selskapa og for å kunne påverka dei. Departementet trur at det framleis er mogleg å ha meir uformelle kontaktar som langt på veg kan erstatte den formelle rolla departementet har hatt som følgje av ervervslova. Departementet meiner at det heller ikkje ut frå beredskaps- og tryggleiksomsyn er komme fram avgjerande grunnar som tilseier at ervervslova ikkje kan opphevast.

Særnorske reglar for overtaking av bedrifter kan føre til auka kapitalkostnader for norske selskap, og kan påverke i kva grad ein vel å investere i norske verksemder. Sjølv om det reelt sett kan vere små kostnader i tilknyting til sjølve meldeplikta, kan vissa om at det eksisterer ei slik regulering, skade Noregs omdømme som ein næringsvennleg økonomi, føre til utryggleik for investorane og til at elles lønnsame prosjekt ikkje blir realiserte. Dette verkar negativt på verdiskapinga i norsk økonomi.

Etter ei samla vurdering legg departementet til grunn at lova også ut frå ein næringsøkonomisk synsvinkel bør opphevast.

I samband med evalueringsarbeidet og særleg på grunn av ESAs opningsbrev mot ervervslova gjennomførte departementet ei vurdering av behovet for framleis å ha ei lovregulering med styresmaktsgodkjenning av bedriftsoppkjøp i Noreg. Dei ulike alternativa blei omtala i høyringsbrevet og i proposisjonen. Departementet fann ikkje å kunne tilrå nokon av dei.

Ei oppheving av ervervslova inneber store positive økonomiske og administrative konsekvensar både for næringslivet og for det offentlege. Departementet tek sikte på at lova kan opphevast med verknad allereie frå 1. juli 2002.