Innstilling frå næringskomiteen om lov om oppheving av lov om erverv av næringsverksemd

Dette dokument

Til Odelstinget

1. Hovudinnhaldet i proposisjonen

Nærings- og handelsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om å oppheve lov 23. desember 1994 nr. 79 om erverv av næringsverksemd (ervervslova).

Ervervslova har eksistert sidan 1. januar 1995 og erstatta i si tid reglane i industrikonsesjonslova frå 1917 som påla utlendingar og utanlandske rettssubjekt plikt til å søkje om konsesjon ved kjøp av fast eigedom i Noreg. Denne lova vart avskaffa i samband med at Noreg vart med i det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS), og derfor måtte ta bort føresegner som diskriminerte utlendingar. Ervervslova gjer det mogleg for norske styresmakter å kontrollere oppkjøp av næringsverksemd over ein viss storleik gjennom meldeplikta til Nærings- og handelsdepartementet.

Forslaget om ei oppheving av ervervslova vart sendt på høyring i desember 2001. Erfaringane med ervervslova gjennom sju år, og før det med konsesjonssaker både etter industrikonsesjonslova og konsesjonslova frå 1974, viser at det reelle behovet for å kontrollere eigarskifte er lite fordi det sjeldan er knytt dramatiske endringar til eigarskifte. Dei strukturelle endringane i næringslivet skjer først og fremst som følgje av endringar i marknadsforhold o.l. Departementets vurdering etter evalueringa er at kostnadene i samband med meldeplikta langt overstig nytta av lova. Dei fleste tilbakemeldingane frå høyringsinstansane, med unnatak av arbeidstakarorganisasjonane LO, YS og NITO, viser også at det er lite behov for den type regulering som ervervslova gir.

Forslaget om å oppheve ervervslova er òg eit resultat av Regjeringa sitt arbeid med regelforenkling for næringslivet og eit bidrag til ei "opprydding" i forvaltninga som fører med seg at ein tek bort offentleg byråkrati som ikkje er naudsynt.

2. Norsk konsesjonslovgiving og ervervslova

Konsesjonsplikta etter industrikonsesjonslova frå 1917 gjaldt berre for utanlandske rettssubjekt som erverva fast eigedom, anten det var snakk om eit direkte erverv eller indirekte gjennom erverv av aksjar i selskap som hadde eigedoms- eller bruksrett til fast eigedom. Etter at Noreg slutta seg til EØS-avtalen, var det ikkje lenger lovleg å halde ved lag eit diskriminerande regelverk med berre konsesjonsbehandling av utanlandske bedriftsoppkjøp i Noreg. I tillegg hadde det gamle konsesjonsregelverket vorte umoderne, mellom anna fordi det var tilknyting til fast eigedom som utløyste konsesjonsplikta. Det var derfor behov for å lage eit nytt lovverk betre tilpassa reguleringsbehovet i forhold til eigarskifte i næringslivet. Resultatet vart ervervslova, som tok til å gjelde 1. januar 1995.

Det følgjer av førearbeida til ervervslova at lova først og fremst skal dekkje dei behova styresmaktene har for kontroll og styring med eigarskifte i norsk næringsliv, vere preventiv overfor useriøse investorar, vere med på å halde ved lag sysselsetjing og busetjing i distrikta og sikre informasjon om eigarstrukturen i norsk næringsliv. Lova er basert på eit system med meldeplikt.

Dei tilsette har rett til å uttale seg til departementet innan 30 dagar etter at departementet har motteke ervervsmeldinga. Lova gir ervervar pålegg om å informere dei tilsette om ervervet, og dei har rett til å uttale seg til departementet.

Dersom departementet har grunn til å tru at ervervet kan få vesentlege negative verknader for verksemda, bransjen, dei tilsette eller samfunnet elles, kan ervervet takast opp til ei nærmare prøving. Etter at nærmare prøving er gjennomført, kan departementet godkjenne ervervet, setje vilkår, eller i yttarste konsekvens nekte ervervet. I meldepliktsperioden har ervervar avgrensa råderett over bedrifta.

Sidan ervervslova tok til å gjelde (perioden 1. januar 1995 til 31. desember 2001) har departementet motteke melding om til saman 2 147 erverv. På dei sju åra lova har vore gjeldande, har departementet ikkje nekta å godkjenne nokon erverv. Totalt 13 erverv har vore oppe til nærmare prøving. I åtte av desse ervervssakene har det vorte stilt vilkår for godkjenninga. Det er òg berre i eit fåtal saker at dei tilsette har nytta retten sin til å uttale seg til departementet.

Meldepliktsystemet i ervervslova har gjort departementet til ein aktør ved større eigarskifte og dermed gjort det mogleg for departementet å kommunisere med ervervaren og vere deltakar i ein prosess rundt oppkjøpet. Samtidig har det gitt departementet god førstehandsinformasjon om endringar, trendar og dynamikken i næringslivet.

3. Forholdet til anna lovgiving og folkerettslege avtaler

Ved ei oppheving av ervervslova fell unntaket i konsesjonslova § 2 femte ledd bort. Dette inneber at konsesjonsplikta etter konsesjonslova på nytt tek til å gjelda ved aksje- og bedriftsovertakingar i dei tilfella bedrifta eig fast eigedom som vil utløyse konsesjonsplikt.

Landbruksdepartementet tek i samband med revisjon av konsesjonslova sikte på å sende ut eit høyringsnotat i løpet av våren 2002. Lovendringar kan truleg tre i kraft frå 1. januar 2004. Landbruksdepartementet meiner at det i perioden frå ei eventuell oppheving av ervervslova og fram til 1. januar 2004 vil føre med seg store omstillingskostnader å etablere ei mellombels løysing og at det difor er betre å avvente dei nye reglane som vert førebudd. Nærings- og handelsdepartementet er etter omstenda samde med Landbruksdepartementet i dette. Sjølv om konsesjonsplikta vert utløyst for nokre av dei erverva som i dag er meldepliktige, vil det vere eit fåtal tilfelle, og med dei signala som Landbruksdepartementet har gitt om ei lempelegare praktisering av unntaksføresegna som allereie er i konsesjonslova, bør det ikkje innførast ei mellombels føresegn.

Departementet forstår vidare Landbruksdepartementet slik at fastsette konsesjonsvilkår bør bli ståande inntil ny konsesjonslov trer i kraft. I høve til å oppheve tidlegare vilkår etter konsesjonslova, er det ikkje noko avgjerande som talar imot å oppheve vilkåra fastsett av departementet for utanlandske rettssubjekt, medan vilkåra fastsett av Landbruksdepartementet for norske rettssubjekt framleis gjeld. Departementet vil derfor foreslå at vilkåra etter konsesjonslova frå 1974 fastsett av det tidlegare Industridepartementet, Næringsdepartementet og Nærings- og energidepartementet fell bort ved opphevinga av ervervslova. Også vilkåra etter industrikonsesjonslova frå 1917 fell bort.

Det vert vidare lagt til grunn at opphevinga av ervervslova ikkje får negative verknader for konkurransestyresmaktenes oppgåver etter konkurranselovgivinga.

Departementet har hatt ein gjennomgang av reguleringar i andre land som det er naturleg for Noreg å samanlikne seg med. Så langt ein har kunna finne ut, er det berre Canada som har tilsvarande lovverk som ervervslova. I EØS-området er det berre Noreg som har ein generell styresmaktskontroll med eigarskifte i næringslivet. I somme EU-land er det reguleringar innan enkelte bransjar.

EFTAs overvakingsorgan (EFTA Surveillance Authority) har i opningsbrev datert 24. mars 2000 hevda at ervervslova er i strid med EØS-avtalen. ESA hevdar at artikkel 31 og artikkel 40 no må tolkast som at dei og inneheld eit reint restriksjonsforbod. Dette omfattar nasjonale, ikkje diskriminerande reglar som hindrar eller gjer det vanskeleg å utøve dei grunnleggjande fridomane, som etablering og fri flyt av kapital. Slike nasjonale reglar kan etter ESAs meining berre godtakast dersom dei er grunngitt ut frå tvingande allmenne omsyn, og ikkje er i strid med proporsjonalitetsprinsippet. Enkelte av høyringsinstansane har knytt kommentarar til forholdet mellom ervervslova og EØS-avtalen. Med utgangspunkt i departementets konklusjon om at lova bør opphevast fordi ho har utspelt rolla si som eit næringspolitisk verkemiddel, har ein ikkje sett det som nødvendig å vurdere merknadene verken frå ESA eller høyringsinstansane vidare.

4. Oppsummerande grunngiving for forslaget om å oppheve ervervslova

Departementet legg vekt på å styrkje rammevilkåra for næringslivet, og å syne fram Noreg som eit attraktivt investeringsland, både for å trekkje verksemd til å etablere seg i Noreg, men også for at verksemder skal bli verande i landet. Både eiga erfaring med at behovet for eigarskiftekontroll i norsk næringsliv har vore lite, og støtta frå dei fleste høyringsinstansane til forslaget om oppheving av lova, viser at det no er fornuftig å fremje eit forslag om å oppheve ei regulering som tida har gått ifrå.

Ei særnorsk regulering på dette feltet kan ikkje seiast å ha hatt dei ynskte verknadene korkje for norske styresmakter eller for norsk næringsliv, inkludert norske arbeidstakarar.

Departementet merkjer seg motstanden mot å oppheve lova frå arbeidstakarorganisasjonane. LO og NITO, til dømes, er ikkje samd i forslaget om ei oppheving av lova. Dei ønskjer framleis å ha ein kontroll med eigarskifte av ein viss storleik, av omsyn til dei tilsette. I førearbeida til ervervslova vart det lagt til grunn at lova hadde ein såkalla preventiv effekt i den forstand at ho "skrelte" bort dei kjøparane som berre var ute etter å kjøpe opp bedrifter for så å leggje dei ned (reine "slakteoppkjøp"). Gjennom dei sju åra lova har eksistert, har departementet ikkje sett døme på slike reine "slakteoppkjøp". Det kan ha samanheng med at lova eksisterer, og at investorar med slike planar har vorte skremde bort alt før eller i salsforhandlingane. Departementet meiner at det uansett ikkje kunne forsvarast å halde fast ved ei lovregulering som den ervervslova innebar, sjølv om lova eventuelt kunne ha ein preventiv effekt.

Fleire av organisasjonane i høyringa har kome med merknader om stillinga til dei tilsette ved ei oppheving av ervervslova. Det er fyrst og fremst ved aksjeoppkjøp at dei tilsette ikkje kjem til å ha den same rett til informasjon som dei har i dag etter ervervslova. Departementet meiner at ervervslova ikkje kan haldast ved lag åleine av den grunn at tilsette mister retten til å bli informerte om eigarskifte ved desse aksjeoppkjøpa. Ei oppheving av lova reiser likevel spørsmålet om endring av anna lovverk for å sikre dei tilsette rett til informasjon om eigarskifte ved aksjeoverdragingar. Høyringsinstansane er ikkje samde her. LO og dei andre arbeidstakarorganisasjonane meiner det er naudsynt med endringar i anna lovverk, medan NHO og Arbeids- og administrasjonsdepartementet ikkje kan sjå at det trengst.

Regjeringa har tatt initiativ til ein gjennomgang av og eventuelt samling av reglane om medverknad for dei tilsette i arbeidslivet. Det er difor nedsett eit lovutval som tek sikte på å foreslå ny arbeidslivslov. Det er usikkert når ein kan få på plass eit nytt regelverk, men det blir arbeidd ut frå at ny lov kan vere på plass frå 1. januar 2005. I tida fram til dette meiner departementet at interessene til dei tilsette er tilstrekkeleg tekne vare på i gjeldande reglar.

Sidan det berre er NHO som har merknader til vilkårsfastsetjing i medhald av ervervslova legg departementet til grunn at høyringsinstansane ikkje er usamd i at slike vilkår i praksis har vist seg ikkje å vere effektive verkemiddel for å sikre arbeidsplassar i Noreg. Ein treng derfor heller ikkje å oppretthalde lova av den grunn.

Det er noko ulikt syn på om vi treng ervervslova for å ha kontakt med føretaka både for å føre ein dialog med selskapa og for å kunne påverka dei. Departementet trur at det framleis er mogleg å ha meir uformelle kontaktar som langt på veg kan erstatte den formelle rolla departementet har hatt som følgje av ervervslova. Departementet meiner at det heller ikkje ut frå beredskaps- og tryggleiksomsyn er komme fram avgjerande grunnar som tilseier at ervervslova ikkje kan opphevast.

Særnorske reglar for overtaking av bedrifter kan føre til auka kapitalkostnader for norske selskap, og kan påverke i kva grad ein vel å investere i norske verksemder. Sjølv om det reelt sett kan vere små kostnader i tilknyting til sjølve meldeplikta, kan vissa om at det eksisterer ei slik regulering, skade Noregs omdømme som ein næringsvennleg økonomi, føre til utryggleik for investorane og til at elles lønnsame prosjekt ikkje blir realiserte. Dette verkar negativt på verdiskapinga i norsk økonomi.

Etter ei samla vurdering legg departementet til grunn at lova også ut frå ein næringsøkonomisk synsvinkel bør opphevast.

I samband med evalueringsarbeidet og særleg på grunn av ESAs opningsbrev mot ervervslova gjennomførte departementet ei vurdering av behovet for framleis å ha ei lovregulering med styresmaktsgodkjenning av bedriftsoppkjøp i Noreg. Dei ulike alternativa blei omtala i høyringsbrevet og i proposisjonen. Departementet fann ikkje å kunne tilrå nokon av dei.

Ei oppheving av ervervslova inneber store positive økonomiske og administrative konsekvensar både for næringslivet og for det offentlege. Departementet tek sikte på at lova kan opphevast med verknad allereie frå 1. juli 2002.

5. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H. Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Høgre, Silja Ekeland, Ivar Kristiansen og Michael Momyr, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, Olaf Gjedrem og May-Helen Molvær Grimstad og frå Senterpartiet, Marit Arnstad, viser til Ot.prp. nr. 62 (2001-2002) om lov om oppheving av lov om erverv av næringsverksemd.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, viser til at føremålet med ervervslova ikkje er klart formulert i lovteksten eller i førearbeida. Fleirtalet legg likevel vekt på at lova først og fremst har tent tre føremål: å sikre dei tilsette informasjon og uttalerett i samband med erverv, å sikre informasjon til styresmaktene om forhold som vedgår eigarskap i næringslivet, og å fungere preventivt i forhold til useriøse investorar.

Fleirtalet viser til at ESA i åpningsbrev datert 28. mars 2000 hevdar at ervervslova er i strid med EØS-regelverket. I svarbrev av 25. mai 2000 imøtegår regjeringa Stoltenberg kritikken frå ESA. Stoltenbergregjeringa argumenterer med at det ikkje står noko i EØS-reglene om at staten ikkje kan regulere oppkjøp, så lenge ordninga ikkje verkar diskriminerande for aktørar frå enkeltmedlemsland i EØS. Den dåverande regjeringa legg dessutan vekt på at EØS-regelverket er uklart og sjølvmotseiande i høve til kva som er tillate og ikkje tillate av nasjonale erversreguleringar, og regjeringa refererer til fleire avgjerder i EU-domstolen.

Fleirtalet viser til at statsråd Gabrielsen på spørsmål frå komiteen svarer at "ein må leggja til grunn at ESA meiner at ervervslova som sådan strider mot EØS-avtalen" (brev frå statsråd Gabrielsen til næringskomiteen datert 6. mai 2002 og 5. juni 2002 lagt ved innstillinga). Fleirtalet meiner det finst grunnar til å stille spørsmål ved om ESA si vurdering er riktig. Fleirtalet viser til at Noreg ikkje har gitt ESA nokre innrømmingar i forhold til at lova er i strid med EØS-avtalen. Fleirtalet legg dessutan vekt på at det ikkje har vore vidare korrespondanse mellom Noreg og ESA om denne saka, og at saka dermed ikkje er endeleg avklart. Fleirtalet har også merka seg at det er grunn til å stille spørsmål ved kor klart EØS-regelverket er i forhold til ervervsbegrensingar. ESAs vurdering av at lova er i strid med EØS-avtalen kan ein etter fleirtalet si meining stille spørsmål ved, og det er dermed ikkje noko sjølvstendig argument for at lova bør opphevast.

Fleirtalet har merka seg departementet si oppsummering av erfaringane med ervervslova. Departementet vurderer det som at ervervslova i samband med oppkjøp av norske verksemder fører til mindre forutsigbarhet, og at ho dermed kan føre til forseinking av kjøpsprosessen. Departementet meiner dette medverker til at det er vanskeleg å trekkje nødvendig kapital til norsk næringsliv. Fleirtalet viser til at det utanlandske eigarskapet i Noreg har auka i løpet av 1990-talet. Mellom anna ser ein at andelen sysselsette i industrien under utanlandsk eige har blitt større i perioden. Fleirtalet er derfor ikkje samd i at ervervslova i vesentleg grad bidrar til å redusere tilgangen på kapital til norsk næringsliv.

Fleirtalet viser til at ei oppheving av lova vil føre til at somme av dei meldepliktige erverva i ein periode vil vere konsesjonspliktige etter konsesjonslova, og at dette vil føre til kostnader både for næringslivet og for styresmaktene. Fleirtalet viser til at departementet foreslår at vilkåra etter konsesjonslova frå 1974 og etter industrikonsesjonslova frå 1917 fell bort ved oppheving av ervervslova.

Fleirtalet har merka seg at Forsvarets overkommando - Sikkerhetsstaben (FO/S), Forsvarsdepartementet og Direktoratet for sivilt beredskap (DSB) meiner oppheving av lova er uheldig i forhold til departementet sine høve til å ivareta beredskapsføremål, og at FO/S meiner oppheving av lova bør utsetjast til tryggingsmessige omsyn er ivareteke i anna lovverk, medan Forsvarsdepartementet, Justisdepartementet og DSB i ei totalvurdering støttar departementet sitt forslag om oppheving. Fleirtalet ber regjeringa sørgje for at beredskapsomsyn og tryggingsomsyn blir innarbeidd i anna regelverk, om lova blir oppheva.

Fleirtalet har merka seg at næringsorganisasjonane støttar oppheving av lova først og fremst på grunnlag av næringsøkonomiske vurderingar.

Fleirtalet har merka seg at av høyringsinstansane er det berre dei organisasjonane som representerer dei tilsette, som har uttrykt motstand mot oppheving av lova. Fleirtalet finn dette naturleg då desse organisasjonane representerer dei interessene som i størst grad blir råka av oppheving av lova.

Fleirtalet viser til at departementet i høyringsbrevet skisserte ulike alternative lovreguleringar til den gjeldande lova, og at departementet vurderer det som at høyringsinstansane synest samde i at det ikkje er fornuftig med noka anna lovregulering.

Fleirtalet har merka seg at organisasjonane til dei tilsette har fremja subsidiært ønske om at det som vedgår dei tilsette sine rettar i lova, blir tatt inn i anna lovverk. Departementet har vurdert dette, men ikkje funne det tilrådeleg. Departementet argumenterer med at det nye arbeidslivsutvalget vil ta problemstillinga opp til vurdering. I svar til komiteen presiserer statsråden dette.

Fleirtalet finn ikkje dette tilfredsstillande. Fleirtalet meiner det er viktig at dei tilsette har rett til å motta informasjon i samband med erverv, og viser til uttaler om at nettopp dette kan ha fungert positivt i forhold til visse erverv fordi konfliktar har vorte unngått. Fleirtalet har merka seg presiseringa til statsråden av at arbeidslivslovutvalget skal ta føre seg mellom anna denne problemstillinga. Fleirtalet meiner likevel at dette ikkje er tilfredsstillande fordi tidsplanen til utvalet tilseier at ein ny lov tidlegast kan tre i kraft i løpet av 2005. Fleirtalet meiner at næringslivet samla sett ikkje er tent med at dei tilsette får innskrenka rett til informasjon, og meiner at dei tilsette sine rettar må takast i vare i overgangsperioden til ei eventuell ny arbeidslivslov.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti støtter Regjeringens forslag om opphevelse av ervervsloven.

Disse medlemmer viser til at ingen andre land i Europa har noe tilsvarende generelt regelverk for informasjon og eventuelle begrensninger ved eierskifter. Loven er lite brukt. Bare 13 av 2 147 meldinger om erverv har utløst nærmere vurdering i Nærings- og handelsdepartementet. Det har blitt stilt vilkår for oppkjøp i 8 saker. Loven har etter medlemmenes mening kun ført til mer byråkrati.

Disse medlemmer viser for øvrig til at det aldri var meningen at ervervsloven skulle være en sentral lov for å sikre de ansattes rettigheter ved eierskifter da det er ivaretatt i annet lov- og avtaleverk.

Disse medlemmer gjør oppmerksom på at regjeringen har foreslått å oppheve ervervsloven utfra næringspolitiske hensyn. I denne forbindelse viser disse medlemmer til at en opphevelse av ervervsloven bidrar til å fjerne unødvendige hindringer for næringslivet, samtidig som ressurser både i bedriftene og i departementet frigjøres. Det er ikke i proposisjonen tatt inn en konkluderende vurdering av ervervsloven opp mot EØS-avtalens bestemmelser. Det er riktig at Norge og ESA ikke har hatt ytterligere skriftlig kontakt etter åpningsbrevet og Norges svar. Derimot har det vært møter mellom norske myndigheter og ESA i saken.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Vedtak til lov

om oppheving av lov om erverv av næringsverksemd

§ 1 Oppheving

Lov 23. desember 1994 nr. 79 om erverv av næringsverksemd vert oppheva.

§ 2 Forholdet til eldre konsesjonar og vilkår

Løpande, tyngjande vilkår og føresetnader som tidlegare er fastsette i vedtak av Industridepartementet, Næringsdepartementet, Nærings- og energidepartementet og Nærings- og handelsdepartementet med heimel i lov 14. desember 1917 nr. 16 kapittel III, jf. kap. V, lov 31. mai 1974 nr. 19 og lov 23. desember 1994 nr. 79, vert oppheva.

Andre vilkår kan etter søknad opphevast av departementet.

§ 3 Endringar i andre lover

Lov 31. mai 1974 nr. 19 om konsesjon og om forkjøpsrett for det offentlige ved erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) § 2 femte ledd vert oppheva.

§ 4 Ikraftsetjing

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset."

Disse medlemmer viser til at det i proposisjonen på s. 27 er gitt en utførlig redegjørelse om forholdet til de ansattes rettigheter. Disse medlemmer viser til at de ansatte vil kunne ha behov for informasjon i andre situasjoner enn aksjeeierskifter og som kan være viktigere enn et eierskifte, f.eks. restruktureringer av bedriften. Dette viser at det er behov for en total gjennomgang av de ansattes medvirkning på arbeidsplassen, og disse medlemmer viser i denne sammenheng til det arbeidet som skjer i Arbeidslivslovutvalget. Disse medlemmer ser imidlertid at det er behov for å ta inn en midlertidig bestemmelse i annet lovverk, slik at det sikres nødvendig informasjon til alle ansatte ved eierskifte i bedriften. Disse medlemmer foreslår derfor at det midlertidig tas inn en ny bestemmelse i arbeidsmiljløloven § 73E nytt fjerde ledd om at det ved slike eierskifter skal avholdes et informasjonsmøte for de ansatte. På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

"Vedtak til lov

om endringer i lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø mv.

I

I lov av 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø mv. gjøres følgende endring:

§ 73E nytt fjerde ledd i skal lyde:

Ny innehaver skal avholde informasjonsmøte med de ansatte om virksomhetsoverdragelsen og om konsekvensene for de ansatte senest når virksomhetsoverdragelsen gjøres offentlig kjent.

II

Loven trer i kraft straks."

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til at loven ble satt i kraft i 1995, og at et av Regjeringens argumenter for å oppheve loven, er at det sjelden skjer dramatiske endringer i forbindelse med eierskifter, og at en har hatt få saker til behandling etter at loven trådte i kraft.

Disse medlemmer mener at Regjeringen i den forbindelse helt ser bort fra den preventive virkning loven har, nettopp det at de ansatte skal informeres og gis rett til å uttale seg om oppkjøpet på et tidlig tidspunkt hindrer at det oppstår uønskede situasjoner. Disse medlemmer vil peke på at hensikten med de fleste lover er at de også skal ha en preventiv virkning.

Disse medlemmer vil også hevde at det er en fornuftig næringspolitikk fra en regjerings side å få systematisk informasjon om og mulighet til kontroll av eierskifte av en viss størrelse. I Ot.prp. nr. 88 (1993-1994) ble det understreket at en av hensiktene med å innføre ervervsloven, var at loven skulle gi myndighetene en styringsmulighet i forbindelse med eierskifte og eierforhold av næringsvirksomhet over en viss størrelse, og at myndighetene skulle ha adgang til å gripe inn dersom det utviklet seg en lite ønskelig eierstruktur i den aktuelle bedrift eller innenfor enkelte sektorer og områder. Det ble som eksempel vist til at erverv av hjørnesteinsbedrifter i mindre lokalsamfunn ville måtte vurderes nøye.

Disse medlemmer peker på at Regjeringen ved å oppheve ervervsloven sier fra seg et viktig element av styring. En rekke saker viser at slik offentlighet på ulike måter har medvirket til prosesser der så vel næringsmessige som lokale interesser blir nærmere vurdert. Disse medlemmer vil peke på at bare det faktum at Norge har en slik lov vil kunne ha bidratt til å holde useriøse aktører utenfor.

Disse medlemmer viser til Innst. O. nr. 16 (1994-1995) hvor komiteens flertall (Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti) nettopp brukte informasjonsplikten overfor de ansatte og den næringspolitiske og distriktspolitiske kontrollen som hovedargument for å innføre ervervsloven.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet meiner konsesjonslovgivinga er eit viktig styringsverkemiddel for å førebygge slakting av bedrifter, utflagging og for store eigarkonsentrasjonar. Desse medlemene viser til at ervervslova er siste rest av norsk industrikonsesjonslovgjeving. Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet meinte i si tid at ein skulle beholde det som då var industrikonsesjonslova, men gjekk subsidiært inn for ervervslova i 1994. Desse medlemene meiner ervervslova er ein viktig siste rest av staten sine høve til å kontrollere eigarskifte.

Desse medlemene meiner erfaringane med ervervslova må sjåast i samanheng med at staten har vore tilbakehaldande med både å stille konsesjonskrav og å iverksetje tiltak når krava blir brote. Men at lova ikkje i tilstrekkeleg grad har vorte tatt i bruk, er etter meininga til desse medlemene ikkje noko argument for at lova ikkje er til nytte og derfor burde avskaffast.

Desse medlemene meiner stabilt og langsiktig eigarskap er ein føresetnad for å halde oppe og vidareutvikle norsk næringsliv. Framtidig verdiskaping er truga av oppkjøp som gjerne er motivert av ønske om kortsiktig gevinst. Desse medlemene meiner slike oppkjøp ikkje er nokon ønskeleg måte å føreta nødvendige omstruktureringar i næringslivet på. Dette fører berre til at spekulantane vinn, på kostnad av arbeidstakarar og samfunnet elles. Desse medlemene meiner derfor at styresmaktene framleis har behov for å ha kontroll med eigarskifte i næringslivet.

Desse medlemene viser til at opprettinga av ervervslova skjedde i samband med at Noreg gjekk inn i EØS. Desse medlemene viser til at det i debatten om inngåing i EØS vart lagt vekt på at nettopp ervervslova ville ivareta ein del av kontrollbehovet ved erverv av næringsverksemd.

Desse medlemene meiner ESA si tolking av at ervervslova er i strid med EØS-avtalen "fordi EF-retten har utvikla seg", illustrerer nettopp det dynamiske aspektet ved EØS-avtalen. Desse medlemene meiner i utgangspunktet at Noreg alt i alt ikkje er tent med denne avtalen, men meiner ògså at så lenge avtalen gjeld, må Noreg ha ei aktiv og ikkje ei passiv rolle til han. Desse medlemene er av den oppfatning at det er betre at Noreg speler ei rolle der ein prøver å ivareta eigne interesser, enn å bøye seg for alle direktiva som kjem frå ESA.

Desse medlemene viser til at dei tilsette sine organisasjonar har lagt vekt på den preventive effekten ved ervervslova. All preventiv effekt er i sin natur vanskeleg å dokumentere. Desse medlemene meiner likevel at det er sannsynleg at lova kan verke preventivt i forhold til mellom anna useriøse oppkjøp.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, vil ut frå dette gå mot ei oppheving av ervervslova og fremjar dette forslaget:

"Ot.prp. nr. 62 (2001-2002) om lov om oppheving av lov om erverv av næringsvirksomhet vert å avvise."

Fleirtalet vil dersom dette forslaget fell, sekundært gå inn for at det som vedgår arbeidstakarane sine rettar blir tatt inn i anna lovverk.

Fleirtalet fremmer følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa så snart som mogleg komme tilbake til Stortinget med forslag til endring av arbeidsmiljølova slik at:

  • 1. dei tilsette sin informasjonsrett blir ivaretatt ved oppkjøp av aksjeselskap på ein slik måte at lova også inkluderer informasjonsplikt ved aksjekjøp som overstig henholdsvis 1/3, 1/2 og 2/3 av aksjane i eit selskap (jf. arbeidsmiljølovas kap. XII § 73)

  • 2. meldeplikta for arbeidsgivarane ved aksjekjøp som overstig henholdsvis 1/3, 1/2 og 2/3 av aksjane i eit selskap følgjer dei same framdriftsreglane som ved masseoppseiingar, nærmare beskrive under arbeidsmiljølovas § 56 A

  • 3. det blir høve til å iverksetje sanksjonar dersom pliktene beskrive i 1 og 2 ikkje blir fulgt ved at a) endringar av verksemda ikkje kan skje før dei tilsette er informert, og b) eventuelle negative konsekvensar for dei tilsette ikkje kan iverksetjast før 1 og 2 er oppfylt."

6. Forslag frå mindretal

Forslag frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti:

Forslag 1

Vedtak til lov

om oppheving av lov om erverv av næringsverksemd

§ 1 Oppheving

Lov 23. desember 1994 nr. 79 om erverv av næringsverksemd vert oppheva.

§ 2 Forholdet til eldre konsesjonar og vilkår

Løpande, tyngjande vilkår og føresetnader som tidlegare er fastsette i vedtak av Industridepartementet, Næringsdepartementet, Nærings- og energidepartementet og Nærings- og handelsdepartementet med heimel i lov 14. desember 1917 nr. 16 kapittel III, jf. kap. V, lov 31. mai 1974 nr. 19 og lov 23. desember 1994 nr. 79, vert oppheva.

Andre vilkår kan etter søknad opphevast av departementet.

§ 3 Endringar i andre lover

Lov 31. mai 1974 nr. 19 om konsesjon og om forkjøpsrett for det offentlige ved erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) § 2 femte ledd vert oppheva.

§ 4 Ikraftsetjing

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Forslag 2

Vedtak til lov

om endringer i lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø mv.

I

I lov av 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø mv. gjøres følgende endring:

§ 73E nytt fjerde ledd skal lyde:

Ny innehaver skal avholde informasjonsmøte med de ansatte om virksomhetsoverdragelsen og om konsekvensene for de ansatte senest når virksomhetsoverdragelsen gjøres offentlig kjent.

II

Loven trer i kraft straks.

7. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak:

I

Ot.prp. nr. 62 (2001-2002) om lov om erverv av næringsvirksomhet vert å avvise.

II

Stortinget ber Regjeringa så snart som mogleg komme tilbake til Stortinget med forslag til endring av arbeidsmiljølova slik at:

1. dei tilsette sin informasjonsrett blir ivaretatt ved oppkjøp av aksjeselskap på ein slik måte at lova også inkluderer informasjonsplikt ved aksjekjøp som overstig henholdsvis 1/3, 1/2 og 2/3 av aksjane i eit selskap (jf. arbeidsmiljølovas kap. XII § 73)

2. meldeplikta for arbeidsgivarane ved aksjekjøp som overstig henholdsvis 1/3, 1/2 og 2/3 av aksjane i eit selskap følgjer dei same framdriftsreglane som ved masseoppseiingar, nærmare beskrive under arbeidsmiljølovas § 56 A

3. det blir høve til å iverksetje sanksjonar dersom pliktene beskrive i 1 og 2 ikkje blir fulgt ved at a) endringar av verksemda ikkje kan skje før dei tilsette er informert, og b) eventuelle negative konsekvensar for dei tilsette ikkje kan iverksetjast før 1 og 2 er oppfylt.

Vedlegg 1: Brev frå Nærings- og handelsdepartementet v/statsråden til næringskomiteen, dagsett 6. mai 2002.

Stortingets handsaming av Ot. prp. nr. 62 (2001-2002) om lov om oppheving av lov om erverv av næringsverksemd

Eg viser til brevet Dykkar av 2. mai i år.

Spørsmål 1

Det går fram av opningsbrevet som ESA sende norske styresmakter at dei meiner at heile lova er i strid med EØS-avtalen. Kopi av opningsbrevet er vedlagt. ESA si grunngjeving framgår av brevet. Departementet meiner at ein må leggje til grunn at ESA meiner at erverslova som sådan strider mot EØS-avtalen. Også annan kontakt mellom norske styresmakter og ESA har vist dette.

Spørsmål 2

Etter ervervslova har dei tilsette ein rett til å uttale seg om oppkjøpet til departementet. Forut for dette har den nye kjøparen plikt til å informere dei tilsette om ervervet og kva for verknader eigarskiftet kan få for dei. Eg har vurdert om ei flytting av informasjons-plikta til kjøparen over i ei anna lov kan vere i strid med EØS-avtalen. Så langt eg kan sjå kan det ikkje vere i strid med verken reglane om rett til fri etablering eller retten til fri flyt av kapital å ha slike rettar i anna lovverk. Ein forutsetnad vil vere at det ikkje blir innført sanksjonar som forseinkar eller på annan måte gjer det vanskeleg å gjennomføre transaksjonen.

Eg vil peike på at Arbeidslivslovutvalet arbeider med spørsmål om medverknad for dei tilsette på arbeidsplassen. Eg meiner difor at Arbeidslivslovutvalet også bør sjå på medverknaden til dei tilsette ved eigarskifte som skjer ved aksjekjøp i bedrifta. Det er allereie ein rekkje reglar i anna lovverk og i avtaleverket i arbeidslivet som gir dei tilsette rettar ved eigarskifte, og dette er tilstrekkeleg i tida fram til utvalet si utgreiing er klar. Ei ny førebels føresegn vil skape problem både med omsyn til avgrensingar og også lovtekniske spørsmål.

Vedlegg 2: Brev frå Nærings- og handelsdepartementet v/statsråden til næringskomiteen, dagsett 5. juni 2002.

Stortingets handsaming av Ot. prp. nr. 62 (2001-2002) om lov om oppheving av lov om erverv av næringsverksemd

Eg viser til Dykkar brev av 4. juni i år.

Med den tida eg har hatt til rådvelde har eg ikkje sett det som formålstenleg å ta kontakt med ESA. Eg har derimot hatt samtalar med Regjeringsadvokaten og UD si rettsavdeling om spørsmåla som er tekne opp i brevet.

Eg vil innleiingsvis presisere at ervervslova er foreslått oppheva på anna grunnlag enn forholdet til EØS-avtalen. Forslaget er derfor ikkje grunngjeve med at lova er i strid med dei pliktene Noreg har teke på seg etter EØS-avtalen.

Vurderingane frå advokatfirmaet BAHR, slik dei går fram av det oversendte notatet, er summariske og konkluderande, og inneheld lite drøftingar knytt til dei enkelte punkta. Eg har og merka med at notatet som er oversendt er eit samandrag av eit større notat.

Dei konkrete problemstillingane i høve dei tilsette har ikkje vore direkte tatt opp med ESA. Det diskusjonen med ESA gjekk om var om ervervslova i det heile og om ho var i strid med EØS-avtalen. At ESA konsentrerte seg om kjernepunkta tyder ikkje at dei andre punkta, til dømes rettane til dei tilsette, er "frikjend" i høve til EØS-avtala.

Generelt vil eg òg peika på at det ikkje er tvil om at omsynet til dei tilsette i det høve å bli informert vil vere eit omsyn det er lov å ta. Krav som kan knytast til dette vil likevel vere avgrensa av at dei ikkje kan gå lenger enn det som er nødvendig. Dette må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle. Generelt vil krav om at dei tilsette skal informerast og konsulterast etter mitt syn ikkje vere eit problem. Meir tvilsamt blir det om det òg er knytt ei meldeplikt til styresmaktene.

Arbeidstakarrettane er ein del av eit større kompleks som høyrer heime i og vil bli utgreidd grundig i arbeidslivslovutvalets arbeid.

Til pkt. 1. Eg er samd i at ei informasjons og konsultasjonsplikt nemnd her, ikkje vil vere i strid med EØS-avtalen.

Til pkt. 2. Det vert foreslått ei meldeplikt for å sikre at rettane til dei tilsette vert overheldt. Med ei vidareføring av føresegnene i ervervslova § 8 første ledd bokstav b, c, d, e samt andre ledd, er det tvilsamt om slik meldeplikt vil vere i samsvar med EØS-avtalen. Det kan og stillast spørsmål om ei meldeplikt i seg sjølv er i samsvar med EØS-avtala så lenge sjølve reguleringsbehovet (informasjons og konsultasjonsplikta) allereie er dekka i lova.

Til pkt. 3. Som til pkt. 2 vil det også her vere eit spørsmål om ei innføring av sanksjonar er nødvendig for sikre rettane til dei tilsette. Eg viser til at arbeidsmiljølova allereie har sanksjonsføresegner dersom føresegnene i lova ikkje vert følgde. Uansett er omgrepet "rettvirkningere av eventuelle negative konsekvenser" i beste fall uklart og lovteknisk uheldig.

Til pkt. 4. Ei vidareføring av innhaldet i ervervslova § 23 er ikkje i samsvar med EØS-avtalen. Dette vart særleg trekt fram av ESA når ervervslova var oppe til diskusjon.

Til pkt. 5. Vilkår om til dømes vidareføring av opparbeidde rettar vil allereie vere teke vare på andre stader i lovgjeving og avtaleverk. Følgjeleg vil det verte vanskeleg å grunngi trongen for slike vilkår sett i lys av EØS-avtala. Eg vil tru at dette vil vere i strid med proposjonalitetsprinsippet som ligge til grunn for kva som er tillete etter EU-retten.

Til pkt. 6. ESA har i diskusjonane hevda at ei eventuell meldeplikt, om den skulle kunne godtakast, berre kunne vere ei rein informasjonsplikt. Ei moglegheit til å nekte ervervet vil derfor vere i strid med EØS-avtala, i det minste slik ESA oppfattar ho.

Avslutningsvis vil eg nemne at det etter mi vurdering ikkje vil vere trong for å innføre meldeplikt som omtale i pkt. 2-6 i notatet frå BAHR. Rettane til informasjon og konsultasjon for dei tilsette vil vere ivaretatt gjennom pkt. 1.

Oslo, i næringskomiteen, den 6. juni 2002

Olav Akselsen Åsa Elvik Ivar Kristiansen
leiar ordførar sekretær