9. Innstramming i reglene for skattefri dekning av kost, losji og reise ved arbeidspendling mellom utlandet og Norge

Sammendrag

Når ein skattytar pendlar mellom den eigentlege bustaden og ein bustad ved arbeidsstaden, gjeld det nærare reglar om frådrag for meirutgifter til kost, losji og reiser som skattytaren dekkjer sjølv, og om skattefritak for ytingar frå arbeidsgivaren i samband med pendlinga, til dømes fritt losji og fri reise. Ved arbeidspendling frå utlandet har reglane for arbeidsgivardekning blitt praktiserte meir liberalt enn ved ordinær vekependling mv. innanlands. Departementet foreslår å stramme inn dette, slik at skattereglane for pendling frå utlandet blir meir lik dei tilsvarande reglane for innanlands arbeidspendling.

Når arbeidsgivaren dekkjer meirutgifter til arbeidspendling, er det rimeleg at dekninga blir skattefri for arbeidstakaren så langt som frådragsretten gjeld. Av praktiske grunnar let ein også bruttoskattane (medlemsavgift og toppskatt) av dekningsbeløpet gå inn under skattefritaket, sjølv om frådragsretten ved eigendekning berre gjeld nettoskattane. Dette kallast nettometoden. Denne løysinga er for lengst etablert ved innanlands arbeidspendling, til dømes ved vekependling mellom ein distriktskommune og ein større by. Dei frådragssatsane som gjeld for eigendekning, gjeld òg som skattefrie satsar ved kontant godtgjersle frå arbeidsgivaren. Held arbeidsgivaren gratis ytingar (fri kost, fritt losji mv.), blir det heller ikkje noko inntektstillegg hos arbeidstakaren for desse naturalytingane, med unnatak for kostsparing i heimen. Men dekning av utgifter som det ikkje er frådragsrett for, skattleggjast som løn. Det same gjeld dekning av dagleg arbeidsreise mellom bustaden ved arbeidsstaden og sjølve arbeidsstaden. Denne løysinga ved innanlands arbeidspendling vil departementet føre vidare.

Ved arbeidspendling frå utlandet har det utvikla seg ein praksis om at arbeidsgivardekninga kan bli skattefri sjølv om ho går lengre enn det frådragsretten rekk. Bruken av nettometoden går og lengre enn i dei typiske innanlandske pendlerhøva. Vidare har mange utlendingar med midlertidig arbeidsopphald her i riket eit standardfrådrag som skal avskjere frådrag for pendlarutgifter. I praksis får dei utanlandske arbeidstakarane likevel skattefritak for dekning frå arbeidsgivaren for slike pendlarutgifter.

Departementet foreslår at dette blir stramma inn, til føremon for meir likebehandling av innanlands og utanlands arbeidspendling.

Av di (verdien av) standardfrådrag ved utanlands arbeidspendling kan vere lågare enn dei faktiske pendlarutgiftene som arbeidsgivaren dekkjer, foreslår departementet og at det skal bli mogleg å velje frådragsrett for vanlege pendlarutgifter i staden for standardfrådraget. Skattefritaket for dekning frå arbeidsgivaren av slike pendlarutgifter vil då rekkje like langt som denne frådragsretten, også ved arbeidspendling frå utlandet.

Forslaga til justeringar i reglane har vore på høyring. Det er ikkje kome sterke innvendingar mot forslaga. Forslaga er likevel noe endra på grunnlag av dei innspela som har kome.

Gjeldande rett, departementet sine vurderingar og forslag og økonomiske og administrative konsekvenser er omtalt nærmere i kap. 9 i proposisjonen.

Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til forslaget til endring av skatteloven § 5-11 tredje ledd, § 5-12 fjerde ledd siste punktum og § 6-70 første ledd bokstav b og ny bokstav c.