1. Innledning

Den nye vallova vart vedteken i 2002. Kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2003 var såleis første gong eit val vart halde etter den nye lova. Den nye vallova er mindre detaljert når det gjeld praktiske forhold enn det den gamle var.

Departementet har evaluert gjennomføringa av valet, med særleg vekt på den praktiske gjennomføringa. Det har vore viktig for departementet å få fram årsakene til eventuelle manglar eller feil ved gjennomføringa av valet. Spørsmålet er om det er regelverket som ikkje er godt nok, eller om det først og fremst er spørsmål om å hauste erfaringar og lære av eventuelle feil.

Proposisjonen inneheld forslag til endringar i vallova, der departementet meiner evalueringa og den etterfølgjande høyringsrunden har vist at det er behov for presiseringar og tillegg. Proposisjonen inneheld også ei drøfting av problemstillingar i samband med innføring av lokale bindande folkerøystingar.

Departementet gjer også nærmare greie for nokre evalueringar og utgreiingar i samband med oppmodingsvedtak som berre vart kort nemnde i høyringsnotatet.