2. Reorganisering av skatteetaten - lovendringar

2.1 Sammendrag

Regjeringa slutta seg i St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Finansdepartementet til hovudtrekka i Skattedirektoratet sitt forslag om å reorganisere skatteetaten.

Skatteetaten skal organiserast i to nivå: Skattedirektoratet og eit regionalt nivå. Det regionale nivået skal organiserast slik at kvar region omfattar fleire fylke. Kvar region får eit organ, skattekontoret, som erstattar noverande likningskontor, fylkesskattekontor, skattefutkontor og folkeregister i regionen. Skattekontoret i kvar region skal utgjere ei formell forvaltningseining, men vil bestå av mange kontorstader innan regionen. Kvar slik kontorstad skal ha ei førstelinjeteneste som skal kunne behandle alle typar førespurnader, klager, søknadar med meir på alle skatteetaten sine område, noko som inneber at publikum skal kunne venda seg til eitkvart skattekontor. Skattekontoret skal primært behandle saker frå eigen region, men Skattedirektoratet skal ha myndigheit til å fordele oppgåver mellom skattekontora. Den nye organiseringa av skatteetaten er nærare forklart i St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Finansdepartementet kapittel 2.5 og Ot.prp. nr. 1 (2006-2007) kapittel 3.

Reorganiseringa av skatteetaten krev ei rekkje lovendringar. Alle føresegner der det blir vist til "likningskontor", "fylkesskattekontor" og "skattefogdkontor" må endrast. Myndigheit som blir gitt i dei aktuelle forvaltningslovane skal leggjast til "skattekontoret" som formell eining. Føresegner som gir myndigheit som er stadbunden må endrast som følje av at Skattedirektoratet skal fordele myndigheit til skattekontora.

Samtidig med lovendringane som følgje av reorganiseringa av skatteetaten er det gjort endringar i folkeregisterlova av meir teknisk og omgrepsmessig karakter. Tilsvarande endringar må gjerast i andre lover som har føresegner som bruker "folkeregister" som nemning på folkeregistermyndigheita.

Første del av lovendringane blei fremma i Ot.prp. nr. 1 (2006-2007) og vedteke av Stortinget hausten 2006. Det blei da gjort endringar i arveavgiftslova, folkeregisterlova, likningslova, lov om meirverdiavgift og den nye skattebetalingslova. Her blei det også varsla at reorganiseringa gjer det nødvendig med enkelte endringar i folketrygdlova, skattelova og ei rekkje andre lover og at departementet vil fremje desse endringsforslaga seinare. Det er desse endringane som no blir foreslått. Det blir også foreslått endringar i den nogjeldande skattebetalingslova.

Departementet foreslår at Kongen får fullmakt til å bestemme når lovendringane skal tre i kraft, og at endringane kan tre i kraft på ulike tidspunkt. Ein foreslår at departementet får heimel til å gi overgangsføresegner.

Ein syner til kapittel 1 i proposisjonen for ein nærmare omtale.

2.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til lov om endringer i skattebetalingsloven 1952 romertall I, lov om endringer i skattebetalingsloven 2005 romertall I, lov om endringer i lov om endringer i skattebetalingsloven 2005, lov om endringer i skatteloven romertall I, lov om endringer i folketrygdloven, lov om endringer i eiendomsskatteloven, lov om endringer i lov om endringer i artistskatteloven romertall II, lov om endringer i petroleumsskatteloven romertall II, lov om endringer i lov om endringer i arveavgiftsloven, lov om endringer i særavgiftsloven, lov om endringer i kompensasjonsloven romertall I, lov om endringer i konkursloven, lov om endringer i bokføringsloven, lov om endringer i lov om offentlige anskaffelser, lov om endringer i bidragsinnkrevingsloven, lov om endringer i navneloven, lov om endringer i ekteskapsloven, lov om endringer i barneloven, lov om endringer i utlendingsloven og lov om endringer i helsepersonelloven.