3.1 Sammendrag

Innleiing

Departementet legg fram forslag om endringar i reglane om offentleggjering av skattelister. Målet med endringane er å styrkje ivaretakinga av dei omsyna som ligg bak offentleggjeringa av skattelistene.

Departementet føreslår at det opnast for at pressa igjen kan få tilgang til fullstendige skattelister. Dette vil styrkje den kritiske debatten om skattesystemet, for eksempel om samanhengen mellom økonomisk evne og skattleggjing.

Departementet føreslår òg at postnummer blir teken inn i skattelistene. Vidare føreslår departementet at skattelista ikkje skal innehalde opplysningar om personar i tilfelle der opplysningane kan røpe eit klientforhold og opplysningar om personar utan fast bustad.

Masseutlevering av skattelister

Ordninga med masseutlevering av skattelister blei avvikla ved lovendringa i 2004. Ingen kan no få fullstendige skattelister utlevert i medhald av likningslova § 8-8. Ein kan berre gjere enkeltsøk i skattelistene på skatteetatens heimesider på Internett. Det er heller ikkje tillate å kopiere, fotografere eller bruke elektroniske hjelpemiddel for å lese papirskattelistene som er lagt ut på likningskontora.

Etter departementet si oppfatning er det særleg uheldig at pressa ikkje kan få utlevert fullstendige skattelister. Skal omsyna bak ordninga med offentleggjering av skattelister kunne realiserast fullt ut, er det viktig at pressa enkelt kan få tilgang til skattelisteopplysningane. Det er først og fremst pressa som kan bidra til kritisk debatt om skilnader mellom verkelege verdiar og dei verdiar som skal nyttast ved skattlegginga. Departementet føreslår derfor at pressa igjen skal få tilgang til fullstendige skattelister.

Datatilsynet har allereie uttalt seg om enkelte problemstillingar knytt til kva som skal sjåast på som journalistisk verksemd som nemnt i personopplysningslova § 7 for så vidt gjeld skattelisteopplysningar. Departementet viser til omtala i avsnitt 2.3.4.4 i proposisjonen. Den vidare oppfølginga av pressa si bruk av skattelistene vil vere Datatilsynets ansvar.

Etter reglane om utlevering av skattelister slik dei lydde før lovendringa våren 2004, fekk også frivillige organisasjonar, marknadsføringsverksemder, bankar og kredittopplysningsverksemder mm. utlevert fullstendige skattelister.

Frivillige organisasjonar brukte skattelistene først og fremst til trykking og sal av skatteaviser. Datatilsynet har uttalt at trykking og sal av skattelister ikkje er tillate. Masseutlevering av skattelisteopplysningar til frivillige organisasjonar er derfor ikkje aktuelt.

Bankar, kredittopplysningsverksemder mm. får no opplysningar i medhald av likningslova § 3-13 nr. 6, og har derfor ikkje behov for masseutlevering av skattelister.

Marknadsføringsverksemder kan berre bruke opplysningar om namn, adresse, telefonnummer og liknande og fødselsår for marknadsføringsføremål. Bruk av andre opplysningar enn dette krev samtykke frå den registrerte. Se nærmare om Datatilsynets utsegner om dette under avsnitt 2.3.4.3 i proposisjonen. Marknadsføringsverksemder kan dermed ikkje bruke opplysningane om skattepliktig inntekt, formue eller skatt til målretta marknadsføring overfor for eksempel høginntektsgrupper. Departementet ser derfor ingen grunn til at det skal opnast for masseutlevering av skattelister til marknadsføringsbedrifter.

Tidligare var det i prinsippet inkje atterhald med tanke på kven som kunne få utlevert fullstendige skattelister på papir. Utover dei gruppene som tidligare fekk masseutlevert skattelister og som er nemnt ovanfor, er det vanskeleg å peike på enkeltgrupper som det er av avgjerande verknad at får masseutlevert skattelister. For eksempel er det vanskeleg å sjå at privatpersonar skal ha behov for få utlevert fullstendige skattelister på papir. Etter departementets oppfatning er det ikkje grunn til å gjeninnføre ei slik ordning.

For best mogleg å realisere dei føremål som ligg bak offentleggjeringa av skattelistene føreslår departementet at det i likningslova § 8-8 nr. 3 opnast for at pressa kan få utlevert fullstendige skattelister. Med pressa meiner ein her massemedia som aviser, magasiner og vekepresse uavhengig av om dei blir gitt ut på papir eller Internett, samt fjernsyn og radio.

Departementet viser til forslag til likningslova § 8-8 nr. 3 nytt fjerde ledd.

Kva for opplysningar bør vere offentlege

For at hovudsiktemålet med openheit rundt likningsfastsetjingane skal kunne realiserast, må i alle fall skattytarens namn, nettoformue, nettoinntekt samt skattar og avgifter gå fram av listene.

Ved lovendringa våren 2004 blei det vedteke at opplysningar om skattytaranes fulle adresse, fødselsdag og -månad, samt skatteklasse ikkje lenger skal gå fram av skattelistene. Dette blei blant anna grunngitt med at dette er opplysningar som ikkje er strengt nødvendige for å realisere dei kontrollføremåla som grunngir openheitsprinsippet.

Opplysningar om gateadresse, fødselsdag og -månad, samt skatteklasse, er opplysningar som kan misbrukast når dei blir samanstilte med økonomisk informasjon om skattytaren. Denne typen informasjon er og særleg egna til å lette utarbeidinga av personprofilar og karakteriserande utval av befolkninga. Departementet gjer derfor ikkje framlegg om å gjeninnføre masseutlevering av desse opplysningane. Når slike opplysningar ikkje skal vere med i skattelistene, er det også vanskelegare å bruke skattelistene til kriminelle føremål.

Forslaget om å utvide tilgangen til masseutlevering av skattelister gir likevel grunn til ei ny vurdering av om omsynet til kontroll og identifikasjon blir godt nok realisert ved at ein berre gir opplysningar om skattytaranes namn, fødselsår og poststad. Mange stader er det ein stor grad av oppdeling i poststader slik at forvekslingsfaren er liten og det vil vere mog­leg å trekke slutningar av inntektsforholda på ein bestemt poststad. Andre stader vil forvekslingsfaren vere større slik at å seie noko om for eksempel inntektsfordeling vil vere vanskelegare dersom ein berre kjenner poststaden. Dette gjelder mellom anna Oslo. For å sikre ein betre identifikasjon av skattytarane, føreslår departementet at skattelistene skal innehelde opplysningar om postnummer i tillegg til poststad. Dette vil òg styrkje moglegheitene for kritisk debatt om for eksempel inntekt og bustad.

Etter Skattedirektoratets retningsliner for offentleggjering av skattelister på Internett av 4. oktober 2004 § 6 skal skattelista på Internett ikkje innehalde opplysningar om personar som bur på institusjon og personar utan fast bustad, i tillegg til personar med sperra adresse som er unntatt etter likningslova § 8-8 nr. 2 første ledd siste punktum. Bakgrunnen for denne utvidinga av gruppene som ikkje skal med i skattelistene, er at opplysningar om desse personane kan røpe eit klientforhold. I tillegg til personar utan fast bustad vil dette mellom anna omfatte personar som bur på psykiatriske institusjonar eller som er i fengsel. Departementet føreslår at denne praksisen går fram av lova og gjerast generell. Det vil seie at det ikkje skal vere med nokre opplysningar om desse gruppene i skattelistene, uavhengig av korleis opplysningane blir presentert. Eit utgangspunkt for vurderinga av kva for opplysningar som kan røpe eit klientforhold, vil vere praksisen knytt til folkeregistreringslova § 13, som bruker det same uttrykket.

Departementet viser til forslag til endring av likningslova § 8-8 nr. 2 første ledd.

Utlegging på likningskontora og publiseringa på skatteetatens heimesider på Internett

Forslaget om masseutlevering av skattelister til pressa reiser òg spørsmål om ein bør gjere endringar i utlegginga av skattelistene på likningskontora og publiseringa på skatteetatens heimesider på Internett.

Etter departementet si oppfatning er det viktig at alle har enkel tilgang til skattelisteopplysningane når skattelistene blir lagt ut. Departementet føreslår derfor at utlegginga av skattelistene på likningskontora og skatteetatens heimesider på Internett skal halde fram som i dag. Som ei følgje av forslaget om at pressa skal få skattelister masseutlevert, er det etter departementet sitt syn ikkje nødvendig med like strenge reglar når det gjeld elektronisk avlesing av skattelistene på likningskontora og søk på skatteetatens heimesider på Internett. Departementet føreslår derfor å oppheve forbodet mot å kopiere, fotografere eller å bruke elektroniske hjelpemiddel for å lese av opplysningane i dei skattelistene som er lagt ut på likningskontora. Departementet føreslår òg å oppheve føresegna om at søk i lista på Internett berre kan gjennomførast når ein gir opplysningar om skattyters namn og poststad. Ei viss avgrensing av søka på Internett er likevel nødvendig, mellom anna av kapasitetsmessige omsyn. Skattedirektoratet må derfor framleis kunne fastsette retningsliner for søk i lista som er lagt ut på skatteetatens heimesider på Internett.

Departementet viser til forslag til endringar i likningslova § 8-8 nr. 3.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei føreslåtte endringane i reglane om offentliggjering av skattelistene vil ikkje ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for skatteetaten. Skattedirektoratet kan sjølv stå for masseutleveringa til pressa, eller dei kan gjere avtale om slik distribusjon med ein privat aktør. Før lovendringa i 2004 blei kostnadene ved masseutlevering dekt av den som mottok skattelista. Departementet legg til grunn at dette framleis vil gjelde når ein frå 2007 igjen gir pressa tilgang til skattelistene gjennom masseutlevering.

Når endringane tek til å gjelde

Departementet føreslår at endringane tek til å gjelde straks. Dette inneber at endringane får verknad for skattelistene for inntektsåret 2006, som blir lagt ut hausten 2007.

3.2 Komiteens merknader

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti, slutter seg til Regjeringens forslag til lov om endringer i ligningsloven.

Flertallet ønsker imidlertid å presisere Datatilsynets ansvar rundt pressens bruk av skattelistene.

Flertallet viser til Stortingets behandling av Ot.prp. nr. 92 (1998-1999) om lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven), jf. Innst. O. nr. 51 (1999-2000) der justiskomiteen uttaler:

"Komiteen ser klart at kombinasjonen av dagens muligheter til å behandle personopplysninger og flere lovregler på feltet gjør det nødvendig å se på forholdet til ytrings- og informasjonsfriheten.

I forhold til ytringsfriheten er vi bundet opp av Grunnloven § 100 og de folkerettslige forpliktelser vi har påtatt oss. Ellers følger komiteen departementets linje i at unntak fra reglene i personopplysningsloven som gjøres ut fra hensynet til ytringsfriheten, bør presiseres klart i loven. Komiteen er ellers enig i at Datatilsynet bør vise tilbakeholdenhet med å bruke sin kontrollkompetanse ved bruk av personopplysninger i forhold til forhold til journalistisk, kunstnerisk og litterær virksomhet."

Flertallet viser til § 7 Forholdet til ytringsfriheten i personopplysningsloven:

"For behandling av personopplysninger utelukkende for kunstneriske, litterære eller journalistiske, herunder opinionsdannende, formål gjelder bare bestemmelsene i §§ 13-15, § 26, §§ 36-41, jf. kapittel VIII."

I spesialmerknadene til denne bestemmelsen skriver Justisdepartementet:

"Begrunnelsen for at departementet har kommet til at bare noen få av lovens bestemmelser bør gjelde for slik virksomhet [journalistisk, kunstnerisk og litterær virksomhet], er redegjort for i kapittel 11. Som det der fremgår, bør tilsyn med medienes bruk av personopplysninger så langt det er forsvarlig av hensyn til personvernet begrenses til et etterfølgende ansvar for det ferdige og publiserte produkt."

Flertallet slutter seg til disse vurderingene og mener at Datatilsynets ansvar for oppfølging av pressens bruk av skattelistene, bare gjelder de konkrete bestemmelsene som er listet opp i § 7 i personopplysningsloven når skattelistene behandles for journalistiske formål, altså §§ 13-15, 26, 36-41, jf. kapittel VIII­.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, er tilfreds med at Regjeringen legger opp til at fullstendige skattelister igjen blir tilgjengelig for pressen. Flertallet mener dette vil styrke den kritiske debatten om skattesystemet og sammenhengen mellom økonomisk evne og skattlegging.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre er sterkt uenig i forslaget om utvidelse i reglene om offentliggjøring av skattelister. Disse medlemmer viser til at prinsippet om alminnelig innsyn i skattelistene opprinnelig var ment å skulle bidra til å sikre mulighet til å kontrollere at skattyterne ble behandlet likt.

Disse medlemmer vil understreke at opplysningene i ligningsbøkene som legges ut, ikke er endelige og behøver derfor på ingen måte være riktige. Pressen lager sine oppslag før klagefristen er gått ut, og tar ikke hensyn til at ligninger kan bli påklaget og endret på vesentlige punkter. Disse medlemmer er videre sterkt i tvil om de skattetallene som offentliggjøres, på noen måte kan gi den enkelte mulighet til å kontrollere om man er lignet riktig i forhold til andre. Skattesystemet er i dag såvidt komplisert at opplysningene om den enkeltes nettoformue, nettoinntekt og samlet innbetalt skatt, på ingen måte er tilstrekkelig til å fastslå om dette er riktig i forhold til andre skattytere med samme tall. De ulike fradragsordningene vil gi store individuelle forskjeller som ikke kan forklares av de offentlige tallene. Det er dermed ikke mulig for den enkelte å fastslå om han eller hun er lignet riktig i forhold til andre med samme nettoinntekt og nettoformue.

Disse medlemmer går derfor imot Regjeringens forslag til lovendring.

Disse medlemmer mener at det er meget viktig for arbeidsliv, verdiskaping og i siste instans vårt velferdsnivå at vi har en offentlig, fortløpende debatt om vårt skattesystem, våre skatteregler, fordelingsmekanismene og ikke minst skattenivået.

Disse medlemmer vil imidlertid understreke at den enkelte borgers skatteforhold ikke har noe med dette å gjøre og at det i størst mulig utstrekning skal være en sak mellom vedkommende selv og skattemyndighetene. Disse medlemmer mener at en uregulert tilgang fra medias side til elektroniske skattelister, vil føre til at listene vil befinne seg på nettet nærmest kontinuerlig, noe som kan føre til en bruk som ikke vil være tilsiktet og som kan få uheldige følger for enkeltskattytere. Disse medlemmer mener også at det er gode muligheter for å drive seriøs journalistikk om skatte- og fordelingsspørsmål selv om data fra Skatteetaten er mer generelle og anonymiserte.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener at bruken av listene har utviklet seg til å bli noe helt annet. Både i lokal- og riksmedia lages det presentasjoner som neppe kan sies å tilfredsstille andre behov enn en "kikkermentalitet" i deler av befolkningen. I tillegg til lister over personer med høy inntekt og/eller formue, er det vanlig at det lages lister over kjendiser, advokater, skuespillere, meglere osv. Offentliggjøring av skattelistene har etter disse medlemmers oppfatning fått karakter av å være ren underholdning. Det må være grunn til å stille spørsmål ved om dette kan regnes som journalistisk virksomhet i det hele tatt. Disse medlemmer viser til at Regjeringen foreslår å utvide offentliggjøringen ytterligere ved at pressen skal få tilgang til fullstendige elektroniske skattelister og at postnummer blir tatt inn i skattelistene. Disse medlemmer frykter at denne utvidelsen vil medføre at vi igjen får oppslag av typen "Den fattigste gaten i Fredrikstad" og lignende oppslag som kan være sterkt belastende for den enkelte.

Disse medlemmer mener at offentliggjøringen av skattelistene istedenfor burde blitt strammet inn, og er derfor sterkt uenig i forslaget om å utvide reglene om offentliggjøring av skattelistene ytterligere.

Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti er enig i behovet for en kritisk debatt om skattesystemet, både når det gjelder hensyn til fordelingseffekter og hensyn til effekter på konkurranseevne og innovasjon. Men dette medlem kan ikke se at disse hensynene tilsier at endringene i regelverket om offentliggjøring av skattelistene som ble gjennomført i 2004 trenger å reverseres. Det har vært en levende offentlig debatt om disse forholdene både før og etter 2004, og dette medlem kan ikke se at noen offentlig debatt har tørket inn etter regelendringene. Gjeldende regelverk er etter dette medlems oppfatning en rimelig avveining mellom personvernhensyn og hensynet til offentlighetens innsyn i hvilke utslag utformingen av skattesystemet gir, både på makro- og mikronivå.

Dette medlem vil derfor gå imot Regjeringens forslag.