Etter artistskattelova (lov 13. desember 1996 nr. 87)
og Stortinget sitt skattevedtak blir utanlandske artistar skattlagde
med 15 prosent av bruttoinntekt.
Artistskattelova § 1 andre ledd bestemmer at
artistskatt som er trekt i det året artisten blir rekna
for busett i Noreg, blir gjort om til forskot på skatt
etter skattebetalingslova. I motsetnad til dette blir artistskatt
i år då artisten berre har ei avgrensa skatteplikt til
Noreg, rekna som endeleg skatt utan likning.
Formålet med artistskattelova er å få skattlagt
artistar som er med i arrangement med avgrensa tidslengd i Noreg
utan å busetje seg her. Likevel vil lova i nokre tilfelle
gjelde for artistar som etter kvart buset seg i Noreg. Dette kjem
av at artistskatt i det året artisten berre har avgrensa
skatteplikt til Noreg, i utgangspunktet blir rekna for endeleg.
Ein person vil ha avgrensa skatteplikt til Noreg fram til det
inntektsåret då han har vore her meir enn 270
dagar i eit tidsrom på 36 månader eller 183 dagar i
eit tidsrom på 12 månader, jf. skattelova § 2-1
andre ledd. Ein person som flytter til Noreg etter 1. juli
eit år og ikkje har vore her tidlegare, vil derfor ha avgrensa
skatteplikt heile det året då han flytta hit.
Han blir skattemessig busett i Noreg først året
etter.
Ei skattlegging etter artistskattelova av ei brutto inntekt etter
ein flat og etter måten låg sats kan etter høva
gi ei mildare skattlegging enn skattlegging av nettoinntekta etter
progressive reglar. Dette gjeld særleg i tilfelle der artisten
i røynda er ein vanleg lønsmottakar og ikkje sjølv
ber vesentlege kostnader ved verksemda. Departementet ser det som
uheldig at somme skattytarar ved flytting til Noreg skal ha høve til å bli
skattlagde mildare enn andre som blir skattemessig busett i Noreg.
Ved at utanlandske artistar frå andre EØS-statar fekk
høve til å krevje etterskotsvis likning etter
dei alminnelege reglane om skattlegging av avgrensa skattepliktige,
blei det opna for at artistskatten kan bli omgjort til forskot på skatt
etter skattebetalingslova i høve til avgrensa skattepliktige.
Då er det ingen tunge likningstekniske grunnar for at artistar
som blir skattemessig busett i Noreg, ikkje skal bli skattlagde etter
dei alminnelege reglane om skattlegging av avgrensa skattepliktige
fram til dei blir skattemessig busett i Noreg, på same
måte som andre innflyttarar.
Departementet foreslår etter dette at artistskattelova § 1
andre ledd første punktum blir endra slik at artist som
blir skattemessig busett i Noreg, blir skattlagd etter dei alminnelege
reglane om skattlegging av avgrensa skattepliktige for inntektsåret
før det året vedkommande blei skattemessig busett
i Noreg.
Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks
og får verknad frå og med inntektsåret
2007. Det vil seie at artistar som blir skattemessig busett i Noreg
i 2008 og seinare, vil bli likna etter dei alminnelege skattereglane
for avgrensa skattepliktige for inntektsåret før.
Forslaget vil ha ein svært avgrensa provenyverknad.
Gjeldande ordning for arbeidsgivaravgift og trygdeavgift vil
mellombels bli ført vidare.
Komiteen slutter seg til Regjeringens
forslag til endringer i artistskatteloven § 1
annet ledd.