6. Pantsetting og overdraging av krav på utbetaling etter petroleumsskattelova § 3 c femte ledd - stillinga til panthavar under ei konkursbehandling

6.1 Sammendrag

Med verknad frå og med inntektsåret 2007 blei det mogleg å pantsette og overdra krav på utbetalingar etter petroleumsskattelova § 3 c femte ledd.

Departementet er av aktørar på sokkelen og enkelte bankar blitt gjort merksam på at ordninga med pantsetting ikkje fullt ut har fungert som forventa. Dette er på grunn av at bankane har reist tvil om verdien av pantet dersom skattytaren blir tatt under konkursbehandling. Dei fryktar at konkursbuet i tilfelle kan sjå vekk frå avtala mellom banken og skattytaren om pantsetting og i staden overdra underskotet etter ordninga i petroleumskattelova § 3 tredje ledd, eller krevje utbetalt skatteverdien av underskotet etter ordninga som omhandla i petroleumsskattelova § 3 c fjerde ledd.

Departementet har kome til at det er behov for å presisere i petroleumsskattelova at det ikkje er meininga at eit konkursbu skal kunne overdra underskot som refererer seg til kostnader som omhandla i petroleumsskattelova § 3 c femte ledd etter regelen i tredje ledd eller krevje utbetaling etter fjerde ledd, når utbetalingar etter femte ledd er pantsett. Er krav på utbetaling som omhandla i § 3 c femte ledd pantsett eller overdratt, foreslår departementet at det går fram av lova at ei anna behandling av slike kostnader krev samtykke frå panthavar. Finansdepartementet legg med andre ord fram forslag om ei presisering av lova slik at panthavar si stilling er sikra også under ei konkursbehandling

Departementet viser til forslaget til nytt niande punktum i petroleumsskattelova § 3 c femte ledd.

Departementet legg til grunn at forslaget ikkje har nemneverde økonomiske eller administrative konsekvensar.

Departementet føreslår at lovendringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2007. Det vil seie at endringa får verknad for krav på utbetalingar som gjeld kostnader til undersøking pådratt frå og med inntektsåret 2007.

6.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til petroleumsskatteloven § 3 femte ledd nytt niende punktum.