Samandrag

Justisdepartementet legg fram forslag til endringar i straffeprosessloven og tvisteloven og einskilde andre lover. Forslaga i proposisjonen tek i hovudsak sikte på å rette opp språklege feil og galne eller ufullstendige tilvisingar til andre lover frå tvisteloven eller den andre vegen. I tillegg vert det gjort framlegg om å endre regelen i straffeprosessloven § 395 andre ledd første punktum om funksjonstida til leiaren av kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker. Departementet føreslår at kommisjonsleiaren skal utnemnast for sju år om gongen utan høve til gjenoppnemning. Samtidig er det gjort framlegg om ein overgangsregel som vil gjere funksjonstida på sju år gjeldande for den noverande kommisjonsleiaren.

Forslaga som gjeld oppretting av språklege feil og galne tilvisningar og liknande, har det ikkje vore naudsynt å sende på høyring. Forslaget om å forlengje funksjonstida for leiaren for gjenopptakingskommisjonen for straffesaker, har vore på ordinær høyring.

Departementet legg til grunn at lovforslaget ikkje har økonomiske eller administrative konsekvensar. Men let ein vere å rette opp slike urette eller misvisande føresegner i tvisteloven, kan det føre til administrativ eller rettsleg uvisse som jamvel kan verke fordyrande. Forslaget om å forlengje funksjonstida til leiaren av kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker vil truleg kunne medverke til å hindre ei negativ utvikling i kommisjonen sine restansar.