Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om organiseringa av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 124 (1995-1996)
  • Kjeldedokument: St.meld. nr. 24 (1995-96)
  • Dato: 12.02.1996
  • Utgjevar: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen

1. Samandrag

      Departementet gjev i meldinga ei orientering om korleis Stortinget sitt vedtak om å etablere Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) vert fylgt opp, jf. Innst.O.nr.40 (1994-1995) og B.innst.S.nr.12 (1995-1996). Meldinga byggjer på Underdal-utvalet si innstilling frå 18. oktober 1995 ( NOU 1995:28 ), som tek utgangspunkt i Stortinget si handsaming av saka. Departementet peikar på at arbeidsformen til Underdal-utvalet førte med seg brei medverknad frå ei rekkje miljø ved Universitetet i Trondheim, og frå representantar for næringsliv og organisasjonar. Departementet meiner at den nye organisasjonen difor bør ha gode føresetnader for å lukkast.

       Departementet gjer i meldinga greie for hovudpunkta i Underdal-utvalet si innstilling og høyringsfråsegnene. Departementet konstaterer brei oppslutnad om NTNU sine oppgåver og om universitetet sin fagprofil.

       Når det gjeld leiing, må NTNU utvikla ein strategisk leiingsfunksjon og oppretta få faste utval. Kollegierådet har i samsvar med lov om universitet og høgskular vedteke at NTNU sitt styre skal ha 13 medlemer, og at 2 av desse skal vere eksterne. Vedtaket er i samsvar med normalordninga for styresamansetjing og kan etter departementet si vurdering ikkje overprøvast. Dei to eksterne representantane vert oppnemnde på grunnlag av framlegg frå NTNU sjølv og frå fylkeskommunen. Departementet vil be om at desse m.a. gjer framlegg om personar med næringslivsbakgrunn til styret.

       Når det gjeld studieorganisering, har Underdal-utvalet lagt opp til deltaking frå ulike faglege einingar, slik at ein får fleksibilitet og ikkje byggjer opp parallell kompetanse. Departementet meiner at framlegget om ei matriseorganisering for multifakultære studieprogram opnar for nye faglege krysskoplingar, men at dette òg stiller store krav. Opplegget for denne organisasjonsformen er førebels mest ei skisse og må videreutviklast av NTNU sjølv. Vekttallsordning og karaktersystem er elles spørsmål NTNU sjølv kan avgjera.

       Departementet drøftar i meldinga moglege fakultetsstrukturar og kjem til at ein bør fylgja Underdal-utvalet og Kollegiet si tilråding om å organisera NTNU i 11 fakultet. Og på andre punkt er departementet innstilt på fylgja tilrådinga frå Kollegiet. Departementet legg vekt på at handsaminga til no har gjeve stor grad av semje, og at dette er det beste grunnlaget å byggje det nye universitetet på. Det skal då sterke grunnar til for å avvika frå fleirtalet sitt framlegg, og departementet kan ikkje sjå at slike grunnar ligg føre.

       Både utvalet og Kollegiet er delte i synet på korleis realfaga skal organiserast. Departementet støttar her fleirtalet i Kollegiet sitt syn om at det bør opprettast to og ikkje eitt stort fakultet for realfaga. Departementet er elles samd med utvalet og Kollegiet i at det ikkje er ynskjeleg med eit eige fakultet for kunstfag eller ei løysing med grunneiningar direkte under styret. Kunstakademiet i Trondheim går inn i Fakultet for arkitektur- og biletkunst, medan det tidlegare musikkonservatoriet blir eit eige institutt i Fakultet for historisk-filosofiske fag. Vitskapsmuseet vert ført vidare som eining etter lova § 12 nr. 6. Heile Fakultet for økonomi og arbeidslivsvitskap går saman med Fakultet for samfunnsvitskaplege fag.

       Dersom Norsk voksenpedagogisk forskingsinstitutt (NVI) skal få endra tilknyting, må det fremjast ein eigen proposisjon, ettersom NVI no er eit statleg forvaltingsorgan. Dette vil departementet kome tilbake til om kort tid.

       Departementet har forlenga funksjonstida for det noverande styret til 1. mai 1996 og føreset at nye styringsorgan skal vere på plass frå dette tidspunktet.

2. Komiteen sine merknader

    Komiteen konstaterer at Regjeringa i meldinga har lagt til grunn fleirtalet i Stortinget sine intensjonar ved handsaminga av Innst.O.nr.40 (1994-1995), B.innst.S.nr.12 (1995-1996).

       Komiteen er nøgd med at Underdal-utvalet fekk ei brei samansetting, noko som etter komiteen si vurdering både har sikra god utgreiingskompetanse og brei forankring for det framlagde forslag.

       Komiteen sluttar seg til Regjeringa sine vurderingar og konklusjonar i meldinga. Konklusjonane er i hovudsak i tråd med Underdal-utvalet sine fleirtalstilrådingar og med fleirtalstilrådingar i Kollegierådet ved Universitetet i Trondheim. Tilrådingane er i hovudsak samrøystes, og uttalene frå Det norske universitetsråd og NTNU til den framlagde meldinga syner støtte til Regjeringa sitt forslag.

       Komiteen har merka seg forslag til styresamansetting.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, ser ikkje at det ligg føre serlege tilfelle som skulle tilseia at departementet skulle fastsetja anna styringsordning, jf. lov om universitet og høgskular § 6, pkt. 7.

       Komiteen sluttar seg til forslag om inndeling i fakultet. Med 11 fakultet har NTNU framleis vesentleg fleire fakultet enn andre norske universitet, og komiteen føreset at fakultetsinndelinga vert vurdert løpande etter kvart som ein får erfaring, men tykkjer at det framlagde forslaget balanserer ulike omsyn på ein tilfredsstillande måte.

       Komiteen støttar at Vitskapsmuseet vert ført vidare som eining etter § 12 nr. 6 Lov om universitet og høgskular, og ser positivt på at departementet er innstilt på at den praktiske oppfølginga av dette skjer innanfor dei rammer Det kgl. Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse set. Komiteen vil understreka at den vitskaplege aktiviteten framleis må verta knytta til samlings- og formidlingsverksemda ved Vitskapsmuseet.

       Komiteen har merka seg at spørsmålet om kva tilknyting Norsk Voksenpedagogisk forskingsinstitutt skal ha, vert fremja som eiga sak. Komiteen ber om at det i den saka vert teke omsyn til at universiteta bør spela ei sentral rolle i framtidig satsing på etter- og vidareutdanning.

       Komiteen har vidare merka seg at departementet ikkje har vurdert Underdal-utvalet sitt forslag om eit felles innføringsemne ved NTNU på 5 vekttal, men at ein syner til at spørsmål om omfang av Ex.phil. er under utgreiing. Komiteen ser på forslaget som interessant for alt i byrjinga av dei ulike studium å få eit felles, tverrfagleg fundament. Komiteen imøteser nærare utgreiing om dette, og at departementet kjem tilbake med nærare orientering i statsbudsjettet.

       Komiteen ser positivt på forslaget om å innføra European Credit Transfer System (ECTS) ved universitetet, og ser det som verdefullt at det vert vunne erfaringar med eit to-karaktersystem.

       Komiteen vil streka under at NTNU på same måte som dei andre universiteta har ansvar for å gje tilbod om studieplassar til studentar frå u-land og Aust-Europa. Komiteen ser internasjonalt utval som eit aktuelt tiltak for å koordinera internasjonal innsats m.a. på dette feltet.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, vil peika på at organisering og programmering av studium må tilretteleggjast slik at dei frie studia framleis skal ha ein sentral plass ved universitetet.

       Fleirtalet har merka seg at meldinga peikar på NTNU sitt serlege ansvar i høve til likestilling både kva gjeld studierekruttering og vitskapleg stab. Fleirtalet vil framheva Underdal-utvalet sitt grunnpremiss nr. 8, der det heiter: « Universitetet vil ha et særlig ansvar for at kvinner og deres perspektiver kommer aktivt med på de teknisk- naturvitenskapelige områder », og ser det som serleg viktig at dette vert følgt opp i høve til administrative leiarstillingar og vitskapelege stillingar på alle nivå.

       Komiteen syner til B.innst.S.nr.12 (1995-1996), der det vart løyvd 40 mill. kroner til oppstart av realfagsbygget.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, syner vidare til fleirtalsmerknader i Innst.O.nr.40 (1994-1995) kva gjeld organisering av NTNU, og til B.innst.S.nr.12 (1995-1996) der det vart løyvd 10 mill. kroner til omstillingstiltak.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Høyre og representanten Christiansen ser mange argumenter for at NTNUs styre burde ha mer enn 2 eksterne representanter, men vil slutte seg til departementets vurderinger i denne omgang. Disse medlemmer mener imidlertid at antallet eksterne representanter i styret bør vurderes på nytt om noen år når NTNU har funnet sin endelige form.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Høyre viser til sine respektive partiers merknader og forslag i Innst.O.nr.40 (1994-1995) når det gjelder organisering av virksomheten ved Universitetet i Trondheim. Disse medlemmer tar til etterretning at dette ikke oppnådde flertall ved Odelstingets og Lagtingets behandling av Ot.prp. nr. 85 (1993-1994) , og at virksomheten på bakgrunn av flertallets vedtak skal organiseres i ett samlet universitet, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU). Disse medlemmer finner det lite formålstjenlig å ta spørsmålet om organisering opp til ny prinsipiell behandling nå og vil legge flertallets vedtak fra Odelstinget og Lagtinget til grunn for sine merknader slik også denne meldingen er basert på.

       Komiteens medlem representanten Christiansen vil først for ordens skyld vise til sine prinsipielle synspunkter vedrørende opprettelse av NTNU som gjengitt i Innst.O.nr.40 (1994-1995), og hvordan dette medlem primært mener et teknisk-naturvitenskapelig universitet burde organiseres. Når det er sagt, vil dette medlem få understreke at det arbeidet som Underdal-utvalget har gjort med grunnlag i Stortingets flertallsvedtak fortjener anerkjennelse.

       Dette medlem vil spesielt si seg glad for Underdal-utvalgets forslag om å innføre et felles innføringsemne ved NTNU og vil vise til at dette er et langt skritt i retning at det dette medlem i forbindelse med Innst.O.nr.40 (1994-1995) tok til orde for - nemlig at alle studenter ved et nytt universitet burde gis en generell teknisk-naturvitenskapelig grunnkompetanse. Dette medlem har merket seg at kollegiet er skeptisk til å innføre obligatoriske teknologiemner som arbeidsverktøy for ikke-teknologistudenter, men håper at dette etterhvert vinner innpass og blir en realitet.

       Dette medlem ser at en slik ordning vil kunne påvirke de frie studiene, men mener dette kan være positivt for disse studienes utvikling ved universitetet. Dette medlem ser i tråd med sine merknader i Innst.O.nr.40 (1995-1996) ingen grunn til at ikke disse studiene kan ha ulik profil ved de ulike universitetene. En slik utvikling betyr imidlertid ikke at de frie studiene kan ha en sentral plass ved NTNU.

       Når det gjelder forhold til likestilling, vil dette medlem nøye seg med å vise til sine merknader i Innst.O.nr.40 (1994-1995) og andre innstillinger hvor temaet er berørt.

       Komiteen meiner at det med meldinga er lagt eit godt grunnlag for at NTNU skal kunna realiserast.

3. Komiteen si tilråding

     Komiteen syner til det som er sagt ovanfor og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       St.meld. nr. 24 (1995-1996) - Om organiseringa av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) - vert lagd ved møteboka.

Oslo, i kyrkje- utdannings- og forskingskomiteen, den 12. februar 1996.

Jon Lilletun, Oddbjørg Ausdal Starrfelt, Siri Frost Sterri,
leiar. ordførar. sekretær.