Kap. 1311 Tilskot til regionale flyplassar

Samandrag

AFIS-tilskot til Lista Lufthavn AS. Sak til orientering

Departementet har informert Lista lufthavn AS om at AFIS-tilskotet (tilskotet til flygeinformasjonstenesta) kan behaldast i ein overgangsperiode, men avgrensa til ut 2000. Frå 2001 vil det ikkje bli ytt AFIS-tilskot dersom det ikkje blir etablert rutetrafikk på lufthamna.

Tilskotet er løyvd over kap. 1311 Tilskot til regionale flyplassar post 60 Tilskot til ikkje-statlege flyplassar.

Merknader frå komiteen

Komiteen har merket seg departementets vurderinger og har for øvrig ingen merknader.

Kap. 1313 Luftfartstilsynet

Post 01 Driftsutgifter

Bemanningssituasjonen i Luftfartstilsynet. Sak til orientering

Samandrag

Det blir orientert om behovet for å auke bemanninga i Luftfartstilsynet.

Luftfartstilsynet blei oppretta som ordinært forvaltingsorgan 1. januar 2000. Luftfartstilsynet har sidan opprettinga arbeidd med å byggje opp sentrale administrative og økonomiske funksjonar. Ein del av desse funksjonane er førebels dekte med innleige og mellombels arbeidskraft. Behovet for arbeidskraft for å ta hand om administrative funksjonar er no klarlagt, og innleidde ressursar vil bli gjort om til faste stillingar.

Luftfartstilsynet meiner det vil vere behov for om lag 140 stillingar ved slutten av 2000. Departementet slutter seg til at Luftfartstilsynet kan auke bemanninga i 2000 ut over det opphavlege nivået på 120 årsverk. Føresetnaden er at auken skjer innafor vedteken løyving til Luftfartstilsynet i 2000.

Ein gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 1314 Havarikommisjonen for sivil luftfart post 01 Driftsutgifter, med 1 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon av kap. 1313 Luftfartstilsynet post 01 Driftsutgifter, sjå omtale under kap. 1314. Departementet legg til grunn at denne reduksjonen ikkje skal gå ut over kompetanseoppbygginga i Luftfartstilsynet eller andre føresetnader frå Stortinget og vilkår for Luftfartstilsynet.

Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2000.

Merknader frå komiteen

Komiteen viser til finanskomiteens innstilling i forbindelse med behandlingen av St.prp. nr. 61 (1999-2000) Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 2000, Innst. S. nr. 220 (1999-2000).

Kap. 1314 Havarikommisjonen for sivil luftfart

Post 01 Driftsutgifter

Samandrag

Ein gjer framlegg om å auke løyvinga til Havarikommisjonen for sivil luftfart med 1 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon i løyvinga til Luftfartstilsynet.

Det er tidlegare løyvd 8,5 mill. kroner på posten. Den daverande Luftfartsinspeksjonen i Luftfartsverket har tidlegare distribuert rapportar med undersøkingsresultat til nasjonale og internasjonale fagmiljø. Frå og med 1. januar 2000 skal Havarikommisjonen for sivil luftfart sjølv distribuere desse rapportane og dekkje kostnadene ved distribusjonen. Ein gjer derfor framlegg om å auke løyvinga på kap. 1314 Havarikommisjonen for sivil luftfart post 01 Driftsutgifter, med 1,0 mill. kroner til 9,5 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon på kap. 1313 Luftfartstilsynet post 01 Driftsutgifter.

Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2000.

Merknader frå komiteen

Komiteen viser til finanskomiteens innstilling i forbindelse med behandlingen av St.prp. nr. 61 (1999-2000) Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 2000, Innst. S. nr. 220 (1999-2000).

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil vise til Dokument nr. 8:59 (1999-2000) Forslag fra stortingsrepresentantene Thore Aksel Nistad, Christopher Stensaker, Lodve Solholm og Per Roar Bredvold om å opprette en felles ulykkeskommisjon for alle større ulykker innen transportsektoren.

Kap. 2450 Luftfartsverket (jf. kap. 5450)

Post 24 Driftsresultat

Samandrag

Det er budsjettert med eit driftsresultat på 104 mill. kroner. Som ein del av Regjeringa sitt finanspolitiske opplegg gjer ein framlegg om å auke driftsresultatet med 80 mill. kroner, frå 104 mill. kroner til 184 mill. kroner. Auka overskot vil bli teke ut ved å auke trekket på reguleringsfondet i Luftfartsverket.

Departementet legg til grunn at reduksjonen ikkje vil få verknader for Luftfartsverkets planlagde investeringar i 2000.

Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2000.

Merknader frå komiteen

Komiteen viser til finanskomiteens innstilling i forbindelse med behandlingen av St.prp. nr. 61 (1999-2000) Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 2000, Innst. S. nr. 220 (1999-2000).

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre går imot at reguleringsfondet til Luftfartsverket skal tappes for 80 mill. kroner. En slik økning i uttaket vil svekke Luftfartsverkets muligheter til å foreta nødvendige investeringer i landets flyplasser i årene som kommer. Det vil føre til et forringet flytilbud, med de negative konsekvenser det vil ha for næringslivet og distriktene.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til svar fra Samferdselsdepartementet hvor det heter at det økte trekket isolert sett vil "redusere rommet for framtidige investeringar tilsvarande". Det er ikke konkretisert hvor de reduserte investeringer vil komme, men i media har representanter for Luftfartsverket vist til at det bl.a. ikke blir rom for rullebaneforlengelser på de regionale flyplassene. Dette medlem vil advare mot å prioritere ned den teknisk-operative oppgraderingen av kortbanenettet som Stortinget tidligere har behandlet og gitt klarsignal for. Dette medlem vil komme tilbake til prioriteringen ved behandlingen av budsjett for 2001.

Post 92 Lån til Sandefjord Lufthavn AS

Samandrag

I samsvar med inngått låneavtale går ein inn for å løyve dei resterande 7,5 mill. kroner til Sandefjord Lufthavn AS til bygging av nytt kontrolltårn på Sandefjord Lufthamn, Torp.

Ved handsaminga av St.prp. nr. 67/Innst. S. nr. 236 (1998-1999) vedtok Stortinget å løyve 15,0 mill. kroner på kap. 2450 Luftfartsverket post 92 Lån til Sandefjord Lufthavn AS. Løyvinga blir dekka ved at trekket på Luftfartsverkets reguleringsfond blir auka tilsvarande. På grunn av sjølvfinansieringa av Luftfartsverkets verksemd blir dermed også underposten Til investeringsformål på kap. 2450 Luftfartsverket post 24, og inntektskapittelet 5450 Luftfartsverket post 35 Til investeringsformål, begge auka med 7,5 mill. kroner.

Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2000.

Merknader frå komiteen

Komiteen viser til finanskomiteens innstilling i forbindelse med behandlingen av St.prp. nr. 61 (1999-2000) Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 2000, Innst. S. nr. 220 (1999-2000).

Kap. 5450 Luftfartsverket (jf. 2450)

Post 35 Til investeringsformål

Samandrag

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 7,5 mill. kroner, frå 350,4 mill. kroner til 357,9 mill. kroner, som følgje av endringar på kap. 2450 post 92 jf. omtale under denne posten.

Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2000.

Merknader frå komiteen

Komiteen viser til finanskomiteens innstilling i forbindelse med behandlingen av St.prp. nr. 61 (1999-2000) Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 2000, Innst. S. nr. 220 (1999-2000).

Bestillingsfullmakt for rullande materiell i Luftfartsverket

Samandrag

Bestillingsfullmakta for rullande materiell til Luftfartsverket blir tilrådd auka frå 50 til 100 mill. kroner.

Bestillingsfullmakta for rullande materiell til Luftfartsverket er i 2000 som tidlegare år sett til 50 mill. kroner. I samband med Luftfartsverkets planar for oppgradering av det rullande materiellet ved lufthamnene er det nødvendig å auke fullmakta for 2000.

Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2000.

Merknader frå komiteen

Komiteen viser til finanskomiteens innstilling i forbindelse med behandlingen av St.prp. nr. 61 (1999-2000) Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 2000, Innst. S. nr. 220 (1999-2000).

Kapitalutviding i Oslo Lufthavn AS. Sak til orientering

Samandrag

Departementet orienterer om at Luftfartsverket har konvertert ansvarleg lånekapital i Oslo Lufthavn AS til eigenkapital i selskapet og om korleis dette er gjort i statsrekneskapen for 1999.

Riksrevisjonen orienterte i Dokument nr. 3:2 (1999-2000) om kapitalsituasjonen i Oslo Lufthavn AS i forhold til krav i aksjeloven om forsvarleg eigenkapital og handleplikt for styret i samband med dette. Årsrekneskapen for 1998 viste at aksjekapitalen på 210 mill. kroner var tapt, og at selskapet hadde ein negativ eigenkapital på 354 mill. kroner.

På ekstraordinær generalforsamling i Oslo Lufthavn AS 8. desember 1999 blei det vedteke å auke aksjekapitalen i selskapet med 40 mill. kroner til 250 mill. kroner, ved at Luftfartsverket som eineaksjonær teikna seg for 40000 nye aksjar à kr 1000,-. Dette skjedde til kurs kr 17 500,- pr. aksje, til saman 700 mill. kroner. Differansen mellom dette beløpet og auken i aksjekapitalen på 660 mill. kroner er tilført overkursfondet, som er ein del av den bundne eigenkapitalen i selskapet. Auken i eigenkapital har skjedd ved konvertering av 700 mill. kroner av den ansvarlege lånekapitalen som Luftfartsverket har skote inn i Oslo Lufthavn AS.

Departementet vil presisere at den negative eigenkapitalen som oppstod i 1998 heng saman med at Oslo Lufthavn AS dette året hadde vesentlege driftsinntekter først etter at hovudflyplassen blei teken i bruk 8. oktober 1998, medan det var store utgifter heile året til utbygging og drift. Den spesielle situasjonen for 1998 gir ikkje grunn til uro over økonomien i Oslo Lufthavn AS eller endringar i føresetnadene for finansieringa av hovudflyplassen.

Merknader frå komiteen

Komiteen tar departementets orientering til etterretning og har ingen merknader.

Helikoptertryggleiken på norsk kontinentalsokkel. Sak til orientering

Samandrag

I samband med handsaminga av Dokument nr. 8:88 (1997-1998), jf. Innst. S. nr. 207 (1997-1998), bad Stortinget Regjeringa vurdere flytryggleiken og moglege tiltak på norsk kontinentalsokkel og leggje dette fram for Stortinget på eigna måte.

Luftfartsverket har laga ei konsekvensutgreiing om etablering av kontrollert luftrom for undervegsflygingar mellom fastlandet og oljeinstallasjonar. Luftfartsverket vil sende si vurdering til departementet i mai 2000.

Departementet vil setje ned eit offentleg utval som skal vurdere organiseringa av ansvar og roller for styremaktene når det gjeld helikopterverksemda på norsk kontinentalsokkel, og utarbeide konkrete mål/tiltak for å fremje flytryggleiken. Dette arbeidet er rekna å ta om lag to år.

Departementet legg opp til å kome tilbake med framlegg for Stortinget i 2002.

Merknader frå komiteen

Komiteen har merket seg at departementet vil sette ned et offentlig utvalg som skal vurdere organiseringen av ansvar og roller for myndighetene når det gjelder helikoptervirksomheten på norsk kontinentalsokkel, og videre at det skal utarbeides konkrete mål og tiltak for å fremme flysikkerheten. Komiteen legger til grunn at dette arbeidet har høy prioritet og at det legges frem konkrete forslag for Stortinget så raskt som mulig.

Nytt økonomisystem i Luftfartsverket. Sak til orientering

Samandrag

Riksrevisjonen tok i Dokument nr. 1 (1999-2000) opp innføringa av nytt økonomisystem i Luftfartsverket. Saka blei satt "Til observasjon". Luftfartsverket har orientert Samferdselsdepartementet om ytterlegare forseiningar og kostnadsauke i samband med dette tiltaket. Departementet vil kome tilbake til saka i samband med framlegg til statsbudsjett for 2001.

Merknader frå komiteen

Komiteen har merket seg de betydelige kostnadene i samband med omlegging til nye økonomisystem i flere av statsbedriftene. Komiteen stiller spørsmål ved om det ikke er/har vært mulig å opparbeide en statlig kompetanse som kan bistå statsetatene i dette arbeidet.