Det blir orientert om nytt fordelingsprinsipp
for avgiftskompensasjon for rutebilar, samt gjort framlegg om at
kap. 1330 post 60, får føydd til stikkordet "kan overførast".
Fritaket for autodieselavgift for bussar blei
oppheva frå 1999. I den samanhengen blei det innført
ei kompensasjonsordning for rutebilar. Løyvinga for 2000
er på 464 mill. kroner.
Kompensasjonen for 1999 blei fordelt ut frå historisk drivstofforbruk.
Ved handsaminga av samferdselsbudsjettet for
2000 uttalte samferdselskomiteen i Budsjett-innst. S. nr. 13 (1999-2000):
«Komiteen legger til grunn Stortingets forutsetninger om
kompensasjon etter antall kilometer det er gitt løyve for,
blir gjennomført. Komiteen ber Regjeringen redegjøre
for oppfølgingen i Revidert nasjonalbudsjett.»
Kompensasjon basert på faktisk køyrde
km i budsjettåret i staden for historisk drivstofforbruk
synest å vere ei naturleg tolking av intensjonane til samferdselskomiteen.
Ei nøyaktig avstemming basert på produksjon i
budsjettåret gjer det nødvendig å halde
av ein del av løyvinga til etter årsslutt for
ei nøyaktig avrekning. Samferdselsdepartementet vil halde
av 90 mill. kroner av løyvinga for 2000 til ei slik avstemming. À konto utbetalingane
i 2000 blei av praktiske årsaker baserte på literforbruk,
men ved avstemming etter årsslutt vil det bli teke utgangspunkt
i utkøyrde km. Frå 2001 vil også konto
utbetalingane i året byggje på utkøyrde
km.
Endring av fordelingsprinsipp frå 1999
til 2000 gjer det nødvendig å føye stikkordet
"kan overførast" til posten.
På grunnlag av ei utgreiing om rapportert
drivstofforbruk pr. km i fylka for perioden 1997-1999 har departementet
gruppert fylkeskommunane i tre grupper. Ei tredeling tek omsyn til
ufrivillige skilnader i kostnadene mellom fylka, samstundes som
det gir ei praktikabel kompensasjonsordning.
Ei kompensasjonsordning som både byggjer
på ufrivillige skilnader i kostnadene og på utkøyrde
km, vil verke rettferdig og samstundes stimulere til å spare drivstoff.
Når det gjeld forslag til vedtak vedr. å føye
til stikkordet kan overførast på posten, viser
departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med Revidert
nasjonalbudsjett for 2000.
Departementet legg opp til at det ikkje blir
gitt kompensasjon for autodieselavgift for ekspressbussruta frå Finnmark
til Oslo.
Med bakgrunn i Budsjett-innst. S. nr. 13 (1999-2000) har
Samferdselsdepartementet vurdert kompensasjon for heile ruta i lys
av internasjonale reglar på konkurranseområdet.
Det må konkluderast med at det ikkje
kan bli gitt kompensasjon for autodieselavgift til ekspressbussruta mellom
Finnmark og Oslo via Finland og Sverige ut frå internasjonale
reglar på konkurranseområdet. Ruta kan heller
ikkje få kompensasjon for autodieselavgift for køyring
på norsk område, da ho ikkje har lokale rettar
på norsk område.
Komiteen viser til
finanskomiteens innstilling i forbindelse med behandlingen av St.prp.
nr. 61 (1999-2000) Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet
2000, Innst. S. nr. 220 (1999-2000) når det gjelder fordelingsprinsipp
for avgiftskompensasjon for rutebiler.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader.