Innstilling frå næringskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd nr. 66/2000 av 31. juli 2000 i EØS-komiteen om endring av vedlegg XI til EØS-avtala (telekommunikasjonstenester)

Til Stortinget

Samandrag

EØS-komiteen tok 31. juli 2000 avgjerd om å innlemme europaparlaments- og rådsdirektiv 1999/93/EF av 13. desember 1999 om en fellesskapsramme for elektroniske signaturer i vedlegg XI til EØS-avtala (telekommunikasjonstenester).

Bakgrunnen for direktivet er at utviklinga av elektronisk handel over opne globale nett gjer det naudsynt med eit harmonisert rammeverk for bruk av elektroniske signaturar.

Avgjerda i EØS-komiteen vart frå norsk side teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. Grunnloven § 26 andre leddet. Nærings- og handelsdepartementet vil fremje ein eigen odeltingsproposisjon med framlegg til ei ny lov som vil gjennomføre direktivet i norsk rett.

Etter direktivet er ein elektronisk signatur ein kommunisert elektronisk signatur som identifiserer kven som sender ei elektronisk melding, på same måte som ein handskriven signatur identifiserer avsendaren ved papirbasert kommunikasjon. Signaturen vert utferda samen med eit sertifikat som knyter underteiknaren sin identitet til signaturen. Utferdaren av sertifikata går god for koplinga mellom signaturen og ein fastsett identitet. Direktivet regulerer i første rekkje verksemda til slike utferdarar av sertifikattenester. Statane må ikkje førehandsgodkjenne slike tilbydarar, men skal skipe eit system som gjer det mogleg å føre tilsyn med verksemda deira.

Det er i dag inga eiga regulering av bruken av elektroniske signaturar og tilhøyrande tenester i norsk rett. I fleire samanhengar har det likevel vore etterlyst lovregulering som skal leggje til rette for at elektronisk kommunikasjon og bruk av nett som infrastruktur for samhandling skal verte like akseptert, tillitvekkjande og ha same juridiske truverd som tradisjonell skriftleg kommunikasjon og dokumentasjon.

Direktivet vil medverke til at tilliten til marknaden og tilliten til bruk av elektroniske signaturar i samfunnet aukar. Dette kan igjen medverke til at signaturteknologi vert teken i bruk på brei basis.

Nærings- og handelsdepartementet rår til at avgjerda i EØS-komiteen om å ta direktivet om elektroniske signaturar inn i EØS-avtala vert godkjend. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Erling Brandsnes, Gunnar Breimo, Mimmi Bæivi, Karin Kjølmoen, Kjell Opseth og Rita Tveiten, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Knudsen, frå Kristeleg Folkeparti, Randi Karlstrøm og Jon Lilletun, frå Høgre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, frå Senterpartiet, leiaren Morten Lund, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, meiner det er naudsynt å få eit harmonisert rammeverk for bruk av elektroniske signaturar og har elles ikkje merknader.

Utkastet til innstilling frå komiteen vart 3. november 2000 sendt utanrikskomiteen til uttale. Utanrikskomiteen svara i brev dagsett 15. november 2000 at den ikkje hadde merknader til utkastet til innstilling.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i godkjenning av avgjerd nr. 66/2000 av 31. juli 2000 i EØS-komiteen om endring av vedlegg XI til EØS-avtala (telekommunikasjonstenester), i samsvar med eit framlagt forslag i St.prp. nr. 86 (1999-2000).

Oslo, i næringskomiteen, den 21. november 2000

Morten Lund

leiar

Erling Brandsnes

ordførar

Kjell Opseth

sekretær