Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS- statane i ei fellesskapsramme for samarbeid om akutt havureining

Til Stortinget

Samandrag

Utanriksdepartementet viser i proposisjonen til at fellesskapsramma for samarbeid om akutt havureining formelt vart vedteken i EU 20. desember 2000 gjennom europaparlaments- og rådsvedtak 2850/2000/EF. Fellesskapsramma skal gjelde for tidsrommet frå 1. januar 2000 til 31. desember 2006, og er meint å skulle støtte opp om dei verkemidla som alt finst på området. Budsjettet for ordninga er sett til 1 mill. euro pr. år, som tilsvarar om lag 8,56 mill. kroner.

Det er opna for at EFTA/EØS-statane kan ta del i fellesskapsramma. Slik deltaking har som føresetnad at protokoll 31 artikkel 3 i EØS-avtala vert endra. Ettersom ordninga går over fleire år, vil norsk deltaking gjere det naudsynt med løyvingsvedtak, og det er difor naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i fellesskapsramma så snøgt som råd, legg Utanriksdepartementet opp til at det vert innhenta samtykke frå Stortinget før det er teke avgjerd i EØS-komiteen. Avgjerda i EØS-komiteen er venta i komitémøtet 11. mai 2001, men datoen kan verte endra.

Det er i proposisjonen gjort greie for fellesskapsramma for samarbeid, konstitusjonelle tilhøve og avgjerda i EØS-komiteen.

Departementet viser til at norsk deltaking i den framlagde fellesskapsramma for samarbeid krev ingen lov- eller forskriftsendringar. Fellesskapsramma har eit samla budsjett på 1 mill. euro (ca. 8,56 mill. kroner). Ved deltaking vil den norske løyvinga vere på om lag 160 000 kroner pr. år. Utgiftene vil verte dekte over budsjettet til Miljøverndepartementet, kap. 1443 post 1.

Det vises til at Miljøverndepartementet tilrår at Stortinget gjev samtykke til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om å innlemme fellesskapsramma for samarbeid om akutt havureining i EØS-avtala.

Europaparlaments- og rådsvedtaket og utkast til avgjerd i EØS-komiteen i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Utkast til innstilling har vært forelagt utenrikskomiteen til uttalelse, som ikke har merknader til innstillingen.

Tilråding frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Aud Blattmann, Gunn Karin Gjul, Bent Hegna, Anders Hornslien, lederen Tore Nordtun og Torny Pedersen, frå Kristeleg Folkeparti, Hilde Frafjord Johnson og Bror Yngve Rahm, frå Høgre, Bent Høie og Jan Tore Sanner, frå Framstegspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, frå Senterpartiet, John Dale, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, og frå Venstre, Gunnar Kvassheim, har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i ei fellesskapsramme for samarbeid om akutt havureining.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 6. april 2001

Tore Nordtun

leiar og ordførar

Aud Blattmann

sekretær