Statstilskotet er eit øyremerket tilskot
til kommunane til drift av krisetiltak (krisesenter, incestsenter
o.a.). I samsvar med Stortinget sitt budsjettvedtak skal staten yte
50 pst. av dei samla budsjetterte utgiftene til drifta, såframt
budsjettet til krisetiltaket er i balanse og godkjend av vertskommunen
(den kommunen der krisetiltaket ligg). Dei resterande 50 pst. av
budsjetterte utgifter dekkjer lokale og regionale bidragsytarar.
På bakgrunn av innkomne søknader
frå kommunene har det vist seg at løyvinga ikkje
er tilstrekkeleg til å dekkje det faktiske behovet. Departementet
gjer framlegg om å auke løyvinga med 3,8 mill.
kroner.
Lovpålagt mekling (jf. barnelova og
ekteskapslova) ved samlivsbrot blir utført både
av eksternt oppnemnde meklarar og ved familievernkontora. Familievernkontora
får middel over kap. 841 post 60, medan post 21 dekkjer
godtgjering til meklingsinstansar utanfor familievernet og utgifter
til tolketeneste i samband med mekling. I tillegg omfattar posten
opplæring av meklingskorps i fylka. Fylkesmannen har ved
forskrift ansvar for at det finst eit kvalifisert meklingskorps
i fylka. Godtgjering til meklarar utanom familievernet blir dekt
etter tilsvarande satsar som salærforskrifta, fastsett
av Justisdepartementet.
Salærsatsane har i 2001 auka to gonger,
og er no på 715 kroner per time. I tillegg har talet på separasjonar og
skilsmisser stege dei seinare åra, og andelen meklingar
utført av andre enn familiekontora er aukande. Dei årlege
endringane i utgiftene knytta til den lovpålagte ordninga
skuldast forhold som departementet i liten grad kan føresjå.
Løyvinga for 2001 er ikkje tilstrekkeleg
til å dekkje behovet for godtgjering. Tilbakemeldingar
frå fylkesmannsembeta syner at det er eit meirbehov på 1,8
mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei tilleggsløyving
på 1,8 mill. kroner.
Utbetalingane til kontantstøtte er
regelbundne og følgjer av gjeldande kontantstøttesatsar,
utviklinga i talet på barn i alderen 1-3 år og
tilbodet av barnehageplassar til denne aldersgruppa.
Utgiftene i 2001 blir etter dei overslaga Rikstrygdeverket
har gjort 170 mill. kroner høgare enn løyvinga. Tal
ved utgangen av tredje kvartal tyder på at det gjennomsnittlege
talet på barn med kontantstøtte i 2001 vil være
om lag 90 600. Dette er 5 900 fleire enn føresett. Dette
kjem mellom anna av færre nye plassar for småbarn
i barnehagane enn det ein tidlegare rekna med.
Løyvinga til barnehagar skal sjåast
i samanheng med løyvinga til kontantstøtte under
kap. 844 post 70. 70 mill. kroner av meirbehovet under løyvinga
til kontantstøtte kan såleis dekkjast av løyvinga
under kap. 856 post 60. På bakgrunn av dette blir det gjort
framlegg om å auke løyvinga under kap. 844 Kontantstøtte
post 70 Tilskot med 100 mill. kroner.
Utgiftene til barnetrygd blir etter overslag
frå Rikstrygdeverket 81 mill. kroner lågare enn
tidlegare føresett. Mindrebehovet kjem mellom anna av lågare
utbetalingar av barnetrygd som følgje av endring i barnetrygdlova
om tilsette knytt til verksemda på Sokkelen. Meirutgiftene
medrekna etterbetalingar frå 1994 til dette formålet
er reduserte frå 45 til 5 mill. kroner. Med bakgrunn i
dette gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga
med 81 mill. kroner på post 70 Tilskot.
Post 61 dekkjer eit særskilt tilskot
til nye barnehageplassar som blei etablerte i 2000. Løyvinga
på 12 mill. kroner blei gitt i samband med Revidert nasjonalbudsjett
2001 for å dekkje etterslepet av utbetalingar frå 2000.
Etter utbetaling av etterslepet er det på posten 1,55 mill.
kroner i unytta midlar. Departementet gjer derfor framlegg om å redusere
løyvinga med 1,55 mill. kroner.
Stiftelsen miljømerking ventar ein
nedgang i lisensinntektene i 2001. Nedgangen skuldast for ein stor
del at 2-3 store papirprodusentar har valt å ikkje lenger nytte
miljømerket. Av Stiftelsen sin totale omsetnad på 12,3
mill. kroner i 2000, var 8,6 mill. kroner lisensinntekter frå næringsdrivande
som nytta miljømerket på sine produkt, og 3,7
mill. kroner tilskot frå staten.
For at det skal vere mogleg å halde
oppe det høge ambisjonsnivået i arbeidet med miljømerkinga,
og for at merket skal vinne utbreiing innanfor nye produktområde,
er det nødvendig å tilføre Stiftelsen
1,2 mill. kroner i 2001.
Departementet gjer derfor framlegg om ei tilleggsløyving
på 1,2 mill. kroner for 2001 under post 70.
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet,
Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, frå Høgre,
Afshan Rafiq, leiaren Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen,
frå Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth,
frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May
Hansen, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola
T. Lånke, og frå Senterpartiet, Ola T. Heggem,
viser til at dei ulike budsjettjusteringane skuldast meir- og mindreforbruk
innanfor dei ulike kapitla. Komiteen har ingen merknader
og sluttar seg til framlegget frå departementet.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2001 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. |
Post |
Formål: |
Kroner |
840 |
|
Tilskot til krisetiltak |
|
|
60 |
Tilskot til kommunar til krisetiltak, overslagsløyving,aukast med |
3 800 000 |
|
|
frå kr 50 571 000 til kr 54 371 000 |
|
841 |
|
Familievern og konfliktløysing |
|
|
21 |
Særskilde driftsutgifter, aukast med |
1 800 000 |
|
|
frå kr 8 615 000 til kr 10 415 000 |
|
844 |
|
Kontantstøtte |
|
|
70 |
Tilskot, overslagsløyving, kan nyttast under kap. 856 post 60,aukast med |
100 000 000 |
|
|
frå kr 2 820 914 000 til kr 2 920 914 000 |
|
845 |
|
Barnetrygd |
|
|
70 |
Tilskot, reduserast med |
81 000 000 |
|
|
frå kr 14 914 000 000 til kr 14 833 000 000 |
|
856 |
|
Barnehagar |
|
|
61 |
Stimuleringstilskot, reduserast med |
1 550 000 |
|
|
frå kr 12 000 000 til kr 10 450 000 |
|
862 |
|
Positiv miljømerking |
|
|
70 |
Driftstilskot, aukast med |
1 200 000 |
|
|
frå kr 2 386 000 til kr 3 586 000 |
|
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 4. desember 2001
Sonja Irene Sjøli
leiar |
Ola T. Heggem
ordførar |
Trond Giske
sekretær |