Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 56/2002
av 31. mai 2002 vart EØS-avtala endra ved at det i vedlegg
XIII punkt 56 k (Transport) vart teke inn ei tilvising til europaparlaments-
og rådsdirektiv 2001/96/EF av 4. desember
2001 om fastsetjing av harmoniserte krav og framgangsmåtar
for sikker lasting og lossing av bulkskip.
Føremålet med direktivet er å styrkje
tryggleiken for bulkskip som legg til ved terminalar for å laste
eller losse faste bulklaster/tørrbulk, ved å redusere
risikoen for store påkjenningar og fysisk skade på konstruksjonen
til skipet under lasting eller lossing. Direktivet inneheld bindande
rettsreglar om lasting og lossing av tørrbulkskip.
Gjennomføringa av direktivet i norsk
rett krev ei endring av hamne- og farvasslova, og terminaloperatørane
skal setje i verk kvalitetssikringssystem som sikrar at mellom anna
leiing og drift av terminalane vert planlagt, utført og
jamnleg evaluert i medhald av spesifikke kvalitetskrav.
Fiskeridepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon
for Stortinget med framlegg om naudsynte lovendringar.
Den nye tilsynsfunksjonen vil kunne føre
med seg noko auka økonomiske ressursar, som ein tek sikte
på å dekkje innan dei gjeldande rammene til Kystverket.
Utanrikskomiteen har i brev av 20. november
2002 meddelt at komiteen har ingen merknader.
Komiteen har ingen
merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere
slikt
vedtak:
Stortinget samtykkjer i godkjenning av avgjerd
i EØS-komiteen nr. 56/2002 av 31. mai 2002 om
innlemming i EØS-avtala av direktiv 2001/96/EF
om fastsetjing av harmoniserte krav og framgangsmåtar for sikker
lasting og lossing av bulkskip.
Oslo, i samferdselskomiteen, den 21. november 2002
Petter Løvik
leiar |
Heidi Sørensen
ordførar |
Geir-Ketil Hansen
sekretær |