Konvensjonen etablerer Den søraustatlantiske
fiskeriorganisasjonen (South East Atlantic Fisheries Organisation,
SEAFO).
I tillegg til Noreg er konvensjonen underteikna
av dei fire kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegner
av St. Helena) og Sør-Afrika, samt EU, Island, Sør-Korea
og USA.
I og med at deltaking i konvensjonen inneber årlege økonomiske
utgifter, er Stortingets samtykke til ratifikasjon naudsynt i medhald
av Grunnloven § 26 andre leddet.
Den overordna målsetjinga til SEAFO-konvensjonen er
langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i det
søraustlege Atlanterhavet. Partane pliktar å innføre
tiltak som skal sikre ein langsiktig berekraftig bruk av fiskeressursane
i konvensjonsområdet. Konvensjonsområdet er avgrensa
til det opne havet, og omfattar såleis ikkje den økonomiske
sona til kyststatane i området.
FNs havrettskonvensjon av 1982 gjev kyststatane suverene
rettar til ressursutnytting i eiga økonomisk sone, men
slår samstundes fast ei plikt til samarbeid for forvaltinga
av bestandar som finst innanfor dei økonomiske sonene til
to eller fleire statar eller i den økonomiske sona og på det
opne havet. FN-avtala om fiske på det opne havet, som blei
underteikna 4. desember 1995, vart sett i verk i desember 2001 og
nedfeller også ei plikt for statane til regionalt samarbeid
om fiskeriforvaltinga. Slikt regionalt samarbeid føreset
etablering av ein organisasjon for regional fiskeriforvalting. Vidare
heiter det at berre statar som er medlemer av ein organisasjon eller
som samtykkjer i å bruke dei tiltaka for bevaring og forvalting
som er fastsette gjennom ein slik organisasjon, skal ha tilgang
til dei fiskeressursane som desse tiltaka gjeld for.
SEAFO-konvensjonen er den første regionale
avtala om fiskeriforvalting som er etablert etter FN-avtala om fiske
på det opne havet av 4. desember 1995. SEAFO representerer
eit eksempel på gjennomføring av det internasjonale
samarbeidet som FN-avtala legg opp til, og byggjer i stor grad på avtala
og prinsippa i denne. SEAFO-konvensjonen går likevel lenger
enn FN-avtala i og med at SEAFO både dekkjer stasjonære
og vandrande bestandar.
SEAFO-konvensjonen vil ta til å gjelde
60 dager etter at han er ratifisert av 3 statar, dersom minst éin
av desse er ein kyststat. Det er enno berre Namibia som har ratifisert
konvensjonen.
Kapittel 3 i proposisjonen omtalar nærare
dei einskilde artiklane i konvensjonen. Her vert nokre
av dei nemde.
Artikkel 3 listar opp dei generelle prinsippa
som skal leggjast til grunn av partane for å oppnå målsetjinga
til konvensjonen. Partane pliktar for det første å innføre tiltak
som skal sikre ein langsiktig berekraftig bruk av fiskeressursane
i området basert på bruk av føre-var-prinsippet.
Desse tiltaka skal vere baserte på dei beste tilgjengelege
vitskapelege data.
Artikkel 5 slår fast at partane er
einige om å etablere Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen,
heretter kalla "Organisasjonen". Organisasjonen vil bestå av sjølve
kommisjonen, ein vitskapskomité, ein komité for
kontroll- og handheving, samt eit sekretariat.
Artikkel 6 fastset kompetansen til kommisjonen. Kvart
medlem skal ha ein representant i kommisjonen. Kommisjonen skal
bl.a. kartleggje trong til bevaring og forvalting, utforme og vedta
slike tiltak, fastsetje total tillaten fangst og/eller
fiskeinnsatsnivå mv.
Artikkel 7 seier at Kommisjonen skal nytte eit
føre-var-prinsipp i høve til bevaring, forvalting
og utnytting av fiskeressursar i området for konvensjonen
for å verne desse ressursane og bevare det marine miljøet.
Artikkel 12 omhandlar finansiering av og budsjett
for organisasjonen. Partane sine tilskot skal reknast ut frå ein
kombinasjon mellom like delar og fangst i området. I dei
tre første åra skal likevel tilskotet delast likt
mellom partane utan omsyn til fangst i området.
Artikkel 13 inneheld eit sett av klare plikter
som vert knytte til det å vere medlem av SEAFO. For det
første blir det kravd at partane gjev opplysningar om fiskeri, mellom
anna om biologi, fangststatistikk og kva innsats som er bruka i
fisket. Partane skal også regelmessig informere om korleis
regelverket til Organisasjonen blir gjennomført i nasjonal
lovgjeving. For det andre har kyststatane visse plikter til å samle
inn informasjon om bestandar i sitt område, og til å opplyse
om reguleringstiltak innanfor dei nasjonale sonene. For det tredje er
det krav om at partane informerer om eventuelle sanksjonar overfor
fartøy som har brote regelverket i organisasjonen.
Artikkel 14 fastset pliktene til partane som
flaggstatar. Utgangspunktet er at ein flaggstat skal setje i verk tiltak
som sikrar at fartøya held regelverket i SEAFO, og at slike
fartøy ikkje driv noko form for aktivitet som reduserer
effekten av slike reglar.
Artikkel 15 omhandlar rettane og pliktene havnestatane
har til å fremje effektiviteten av tiltak om bevaring og
forvalting.
Artikkel 17 omhandlar vedtak og slår
fast at substansielle spørsmål skal vedtakast
av kommisjonen ved konsensus blant dei partane som er til stades.
Artikkel 19 slår fast at partane må sikre
ei einskapleg forvalting av bestandar som vandrar mellom konvensjonsområdet
og dei nasjonale sonene. Det blir gjeve retningsliner for å sikre
samsvar mellom dei tiltaka som blir sette i verk i regi av SEAFO,
og dei tiltaka som blir sette i verk av kyststatane.
Artikkel 20 fastset kriteria som Kommisjonen
skal kunne nytte ved fordeling av fiskerettar i konvensjonsområdet.
Ved fordelingar av fiskerettar blir det lagt til grunn ein ganske
klar kyststatprofil. For fjernfiskenasjonar vil "historisk fangst"
vere det sentrale grunnlaget for slike rettar.
Artikkel 21 inneheld ei anerkjenning av den
spesielle trongen utviklingslanda har til retningsliner for samarbeid
mellom desse landa.
Artikkel 23 omhandlar gjennomføring
av konvensjonen. Kommisjonsvedtak om bevaring og forvalting er bindande
for partane. Ein part har rett til å kome med innvendingar
mot eit vedtak. Parten skal opplyse om kva alternative tiltak han
vil gjennomføre for bevaring og forvalting.
Artikkel 24 inneheld dei sentrale reglane om
tvisteløysing. Ein tvist om tolking eller gjennomføring
av konvensjonen skal først og fremst løysast ved
semje mellom partane. Tvistar av substansiell karakter skal visast
til ei bindande tvisteløysningsordning anten gjennom reglar
i Havrettskonvensjonen eller i FN-avtala av 4. desember 1995 om
fiske på det opne havet når det gjeld vandrande
bestandar.
Bakgrunnen for at Noreg opprinneleg blei invitert
til å delta i tingingane om ein organisasjon for forvaltinga av
fisket i det søraustlege Atlanterhavet, var at norskflagga
fartøy hadde fiska i det området som ville kome inn
under SEAFOs forvaltingsansvar. Kyststatane i området såg
svært gjerne at Noreg var med i SEAFO. Noreg har også gjennom
ei rekkje bistandsprosjekt gjeve assistanse til fiskerisektoren,
gjennom forvalting, forsking og lovgjeving, både til Angola,
Namibia og Sør-Afrika. Noreg har såleis markert
seg sterkt i området gjennom fleire år. Noreg
blir i tillegg rekna for å kunne ha ei rolle som "brubyggjar"
mellom kyststatar og fjernfiskenasjonar.
Dei norske kommersielle interessene i det søraustlege
Atlanterhavet er relativt små, då bare eitt norsk fartøy
har drive fiske i området dei siste åra.
Ein viktig grunn til at Noreg bør ratifisere
SEAFO-konvensjonen er at Noreg prinsipielt er ein sterk tilhengar
av regionalt samarbeid om forvalting av felles fiskeriressurser,
og Noreg deltek aktivt i andre fiskeriorganisasjonar som Den nordvestatlantiske
fiskeri-organisasjon (NAFO) og Den nordaustatlantiske
fiskerikommisjonen (NEAFC). Det er naudsynt med eit sterkt norsk
engasjement i prosessane der det blir sett internasjonale rammer
for forvaltinga av havområde og der naturressursar blir
fastlagde. Det er ei overordna norsk målsetjing å støtte
at regionale ordningar knytte til fiske på det opne havet
i størst mogleg grad er i samsvar med prinsippa i FN-avtala
av 4. desember 1995 om fiske på det opne havet. Norsk deltaking
i SEAFO kan både gje innsyn i og høve til å påverke
i forhold til statspraksis på området. Indirekte
kan dette derfor også leggje tilhøva til rette
for å auke påverknaden på den generelle
rettsutviklinga, særleg i samband med saker som kan påverke
tolkinga av FN-avtala.
Vidare vil Noregs bi- og multilaterale bistandsengasjement
i regionen kunne styrkjast gjennom deltaking i SEAFO. Ved eit medlemskap
vil Noreg både finansielt og gjennom bidrag til oppbygging
av kapasitet og kompetanse medverke til å realisere grunnleggjande
rettar for kyststatar som er fattige utviklingsland. Dette er eit eige
argument for oppslutnad om reglane i Havrettskonvensjonen og 1995-avtala.
Dei økonomiske tilskota frå medlemene
til organisasjonen skal reknast ut frå ein kombinasjon
av like delar og fangst i området. I de tre første åra
skal likevel tilskotet delast likt på medlemene. Noregs
kontingent for 2003 er rekna til om lag 390 000 kroner.
I tillegg til det årlege tilskotet
kjem organisasjonskostnader i samband med deltaking i organisasjonen,
slik som reiser og opphald i samband med møte. Organisasjonsutgiftene
skal dekkjast innanfor dei ordinære budsjetta til Fiskeridepartementet
og Fiskeridirektoratet.
Medlemskap i organisasjonen vil ikkje vil ha
nemnande administrative konsekvensar.
Komiteens utkast til innstilling har vært
forelagt næringskomiteen som uttaler i brev av 3. desember 2002:
"Komiteen sine medlemer frå Sosialistisk
Venstreparti viser til FN-avtala om fiske på det opne havet, underteikna
4. desember 1995 (heretter omtalt som "FN-avtala"). Her heiter det
mellom anna at berre statar som er medlemer av ein organisasjon
for regional fiskeriforvaltning eller som samtykkjer i å bruke
dei tiltaka for bevaring og forvaltning som er fastsette gjennom
ein slik organisasjon, skal ha tilgang til dei fiskerressursane
som desse tiltaka gjeld for.
Desse medlemene viser
til at FN-avtala stiller krav til gjennomsiktigheit, og slike organ
skal mellom anna tillate private organisasjonar som har interesse
for vandrande bestandar å delta som observatørar
på møte og få tilgang til referat og
rapportar. Desse medlemene viser til ordningane for deltaking og
innsyn i Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen, NAFO. Desse medlemene ønskjer å presisere
at det er nødvendig at norske styresmakter aktivt bidrar
til å oppfylle intensjonane i FN-avtala om openheit og
høve for deltaking i etableringa av Den søraustatlantiske
fiskeriorganisasjonane, SEAFO."
Næringskomiteen viser ellers til de øvrige
fraksjoners merknader i utenrikskomiteens utkast til innstilling
til St.prp. nr. 10 (2002-2003) og har for øvrig ingen merknader.
Komiteen har ingen
merknader, viser til proposisjonen og ber Stortinget gjøre
følgende
vedtak:
Stortinget gir samtykke til ratifikasjon av
konvensjon av 20. april 2001 om bevaring og forvalting av fiskeressursar
i det søraustlege Atlanterhavet.
Oslo, i utenrikskomiteen, den 4. desember 2002
Thorbjørn Jagland
leder |
Finn Martin Vallersnes
ordfører |
Åslaug Haga
sekretær |