Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2002 under Barne- og familiedepartementet

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 55 (2002-2003)
  • Kjeldedokument: St.prp. nr. 19 (2002-2003)
  • Dato: 28.11.2002
  • Utgjevar: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetal: 3

Til Stortinget

1. Sammendrag

Barne- og familiedepartementet legg fram følgjande endringsforslag på statsbudsjettet for 2002.

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

Post 21 Særskilde driftsutgifter

På kap. 800 Barne- og familiedepartementet, post 21 Særskilde driftsutgifter er det eit meirbehov på 2 mill. kroner som kjem av at tiltak av førebels karakter i realiteten vert utført av departementet, men vert finansiert over ulike fagkapittel. Tiltaka vert såleis dekte innanfor den samla ramma til departementet.

Departementet gjer framlegg om å auke kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 21 Særskilde driftsutgifter med 2 mill. kroner mot ei innsparing på 0,920 mill. kroner frå kap. 841 Familievern og konfliktløysing post 22 Kompetanseutvikling og opplæring, meklingskorpset o.a., 0,650 mill. kroner frå kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 71 Utvikling og opplysningsarbeid o.a., kan nyttast under post 50 og 0,430 mill. kroner frå kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 73 Ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast.

Kap. 840 Tilskot til krisetiltak

Post 60 Tilskot til kommunar til krisetiltak, overslagsløyving

Statstilskotet er eit øyremerkt tilskot til kommunane til drift av krisetiltak (krisesenter, incestsenter o.a.). I samsvar med budsjettvedtaket i Stortinget skal staten yte 50 pst. av dei samla budsjetterte utgiftene til drifta, såframt budsjettet til krisetiltaket er i balanse og godkjent av vertskommunen (den kommunen der krisetiltaket ligg). Dei resterande 50 pst. av budsjetterte utgifter dekkjer lokale og regionale bidragsytarar. På bakgrunn av innkomne søknader frå kommunane har det vist seg at løyvinga ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje det faktiske behovet.

Departementet gjer framlegg om at kap. 840 post 60 vert auka med 5,6 mill. kroner for 2002.

Kap. 852 Adopsjonsstøtte

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Tilskotet skal vere med på å motverke ei skeiv sosial fordeling av adopsjon knytt til foreldra sin økonomi på grunn av dei høge kostnadene ved adopsjon frå utlandet. Stønaden til foreldre som adopterer barn frå utlandet var i 2002 på 22 500 kroner per barn. Tilskotsordninga vert forvalta av Barne-, ungdoms- og familie-forvaltninga (BUFA).

For 2002 indikerer BUFAs prognose eit meirbehov på 2,9 mill. kroner. Årsaka til at utbetalingane i år ligg høgare enn venta, er verknaden av tiltak hausten 2000 for å byggje ned restansar. Tiltaka inneber at mange fleire søkjarar enn tidlegare fekk førehandssamtykke til adopsjon av barn.

Departementet gjer framlegg om at kap. 852 post 70 vert auka med 2,9 mill. kroner for 2002.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 1 Driftsutgifter - Fylkesnemndene for sosiale saker

Utgiftene i samband med saksavviklinga utgjer ein stor del av kostnadene i fylkesnemndene. Saksvolumet vil derfor i stor grad styre kostnadene til fylkesnemndene. Talet på saker i fylkesnemndene auka med nesten 10 pst. frå 2000 til 2001, og første halvår 2002 viser ein samla saksauke på 7 pst. Basert på at saksmengda i år har vore langt større enn venta, er det eit meirbehov på 4 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om at kap. 854 post 1 vert auka med 4 mill. kroner for 2002.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 64 Tilskot for einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, overslagsløyving

Posten dekkjer det særskilde tilskotet til kommunane på 93 000 kroner per barn per år, dessutan refusjon av fylkeskommunen sine barnevernutgifter til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar. Ordninga er regelstyrt og posten er ei overslagsbevilling. Talet på einslege mindreårige som har kome til landet ser ut til å auke langt meir frå 2001 til 2002 enn tilfellet var frå 2000 til 2001.

Departementet gjer framlegg om at kap. 854 post 64 vert auka med 9,3 mill. kroner for 2002.

Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar

Post 70 Fødselspengar til yrkesaktive, overslagsløyving

Utgiftene til fødselspengar er rekna til 7 850 mill. kroner, 144 mill. kroner meir enn løyvinga i saldert budsjett. Meirutgiftene kjem hovudsakleg av 1,5 pst. høgare lønnsvekst frå 2001 til 2002 enn det som er lagt til grunn.

Departementet gjer framlegg om at kap. 2530 post 70 vert auka med 144 mill. kroner for 2002.

Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar

71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Ein reknar med at det vert utbetalt eingongsstønad til 12 140 personar i 2002, om lag 580 færre enn det som var lagt til grunn i saldert budsjett. Utgiftsoverslaget er på 392 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om at kap. 2530 post 71 vert redusert med 18 mill. kroner for 2002.

Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar

Post 72 Feriepengar av fødselspengar, overslagsløyving

Utgifter til feriepengar av fødselspengar er rekna til 227 mill. kroner, 4 mill. kroner meir enn løyvinga i saldert budsjett, som følgje av meirutgiftene under post 70 Fødselspengar.

Departementet gjer framlegg om at kap. 2530 post 72 vert auka med 4 mill. kroner for 2002.

Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar

Post 73 Adopsjonspengar o.a., overslagsløyving

Utgiftene til adopsjonspengar er rekna til 138 mill. kroner, 32 mill. kroner meir enn løyvinga i saldert budsjett. Meirbehovet kjem av både fleire adopsjonspengetilfelle og høgare utbetaling per tilfelle enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Departementet gjer framlegg om at kap. 2530 post 73 vert auka med 32 mill. kroner for 2002.

2. Komiteens merknader

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, fra Høyre, Afshan Rafiq, lederen Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Kristelig Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke og fra Senterpartiet, Ola T. Heggem, viser til at behovet for bevilgningsendringer skyldes påløpte merbehov og mindrebehov på de angitte kapitlene. Komiteen støtter forslagene i proposisjonen.

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

Post 21 Særskilte driftsutgifter

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, finner det uakseptabelt at Regjeringen finansierer post 21 Særskilte driftsutgifter med å trekke ut midler fra kap. 841 Familievern og konfliktløsning post 22 Kompetanseutvikling og opplæring, meklingskorpset med 920 000 kroner, kap. 854 Tiltak i barne og ungdomsvernet post 71 Utvikling og opplysningsarbeid med 650 000 kroner, kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 73 Ungdomstiltak i større bysamfunn med 430 000 kroner.

Disse medlemmer vil poengtere at alle disse kapitlene er underbudsjettert i forhold til behov og pålagte oppgaver. Disse kuttene rammer de mest utsatte, barn og unge og familier i krise. Disse medlemmer merker seg at Regjeringen ser at tallet på fylkesnemndsaker har økt med 10 pst. hvert år siden 2000. Disse medlemmer ser ikke sammenhengen mellom økt problematikk og mindre forbruk av midler på disse kapitlene.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener disse midlene bør taes fra kommunenes budsjett over barnevernkapitlet.

Disse medlemmer ser det som svært uheldig at enslige mindreårige flyktninger og asylanter blir plassert i egne tiltak, og til tider overlatt til seg selv. Disse medlemmer mener derfor at de kommunene som påtar seg ansvaret for disse barn og unge, også må ta ansvaret med å følge dem opp.

Disse medlemmer viser for øvrig til Fremskrittspartiets asyl- og flyktningepolitikk.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2002 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

800

Barne- og familiedepartementet

21

Særskilde driftsutgifter, vert auka med

2 000 000

frå kr 2 943 000 til 4 943 000

840

Tilskot til krisetiltak

60

Tilskot til kommunar til krisetiltak, overslagsløyving, vert auka med

5 600 000

frå kr 53 712 000 til 59 312 000

841

Familievern og konfliktløysing

22

Kompetanseutvikling og opplæring, meklingskorpset o.a., vert redusert med

920 000

frå kr 3 230 000 til 2 310 000

852

Adopsjonsstøtte

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsbevilling, vert auka med

2 900 000

frå kr 15 330 000 til 18 230 000

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

1

Driftsutgifter - fylkesnemndene for sosiale saker, vert auka med

4 000 000

frå kr 68 907 000 til 72 907 000

64

Tilskot for einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, overslagsløyving, vert auka med

9 300 000

frå kr 204 732 000 til 214 032

71

Utvikling og opplysningsarbeid o.a., kan nyttast under post 50, vert redusert med

650 000

frå kr 38 516 000 til 37 866 000

857

Barne- og ungdomstiltak

73

Ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast, vert redusert med

430 000

frå kr 18 539 000 til 18 109 000

2530

Fødselspengar og adopsjonspengar

70

Fødselspengar til yrkesaktive, overslagsløyving, vert auka med

144 000 000

frå kr 7 706 000 000 til 7 850 000 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving, vert redusert med

18 000 000

frå kr 410 000 000 til 392 000 000

72

Feriepengar av fødselspengar, overslagsløyving, vert auka med

4 000 000

frå kr 223 000 000 til 227 000 000

73

Adopsjonspengar o.a.., overslagsløyving, vert auka med

32 000 000

frå kr 106 000 000 til 138 000 000

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 28. november 2002

Sonja Irene Sjøli

leder

Ola T. Heggem

ordfører

Trond Giske

sekretær