Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om pensjonar frå statskassa

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 224 (2002-2003)
  • Kjeldedokument: St.prp. nr. 54 (2002-2003)
  • Dato: 26.05.2003
  • Utgjevar: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetal: 1

Til Stortinget

Sammendrag

I samsvar med § 75 bokstav i) i Grunnlova, legg departementet med dette fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.

Heile summen av pensjonar som blei utbetalt i 2002, var på kr. 15 872 000. Det er løyvd kr. 14 926 000 på kap. 1541 Pensjonar frå statskassa, post 01, på statsbudsjettet for 2003.

For enkjer/enkjemenn gjeld pensjonen så lenge dei er ugifte.

Departementet nemner ei sak særskilt: Arbeids- og administrasjonsdepartementet tilrår at Valerij Berkov blir gitt ein pensjon frå statskassa frå 1. januar 2003.

Komiteens tilråding

Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til at det vert gjeve pensjon frå statskassa i samsvar med framlagte forslag i St.prp. nr. 54 (2002-2003).

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 26. mai 2003

Sonja Irene Sjøli

leder

Ola T. Lånke

ordfører