Føremålet med konvensjonen
mot grenseoverskridande organisert kriminalitet er å fremje
internasjonalt samarbeid for å førebyggje og nedkjempe
denne typen av kriminalitet meir effektivt. Konvensjonen byggjer til
ein viss grad på element frå FN-konvensjonen av
20. desember 1988 om ulovleg handtering av og handel med narkotika
og psykotrope stoff, og det har vore viktig å halde ved
lag standardane på samarbeidspliktene frå sistnemnde.
Konvensjonen forpliktar statane til i nasjonal lovgjeving å kriminalisere
deltaking i ei organisert kriminell gruppe, kvitvasking av pengar,
korrupsjon og motarbeiding av rettsstellet. Partane forpliktar seg òg
til å utlevere til straffeforfølging personar som
har utført handlingar som er omfatta av konvensjonen, og
til å yte rettsleg og anna hjelp ved straffeforfølging.
Konvensjonen er per 11. mars 2003 underteikna
av 147 statar og ratifisert av 32. Konvensjonen tek til å gjelde
90 dagar etter at han er ratifisert av 40 statar. Førebels
er det uklart når dette vil hende. Eit av siktemåla
med norsk ratifikasjon er å medverke til at konvensjonen
tek til å gjelde så tidleg som råd.
Protokollen om menneskehandel utdjupar hovudkonvensjonen
ved å gje nærare reglar for nedkjemping av grenseoverskridande
organisert kriminalitet i form av menneskehandel. Føremålet
med protokollen er å nedkjempe menneskehandel, særleg
handel med kvinner og born, og å verne og hjelpe offera.
Partane vert forplikta til å kriminalisere menneskehandel
i nasjonal lovgjeving. Protokollen inneheld fleire føresegner
om internasjonalt samarbeid, m.a. når det gjeld utveksling av
informasjon, tilbakeføring av offer til heimstaten og grensekontroll.
Protokollen mot menneskesmugling skal medverke til å forhindre
og nedkjempe menneskesmugling ved felles føresegner om
kriminalisering av slik smugling og å leggje til rette
for samarbeid mellom partane om førebygging, etterforsking
og straffeforfølging av menneskesmugling. Menneskesmugling
etter protokollen omfattar handlingar der det forsettleg og med
tanke på vinning vert drive grenseoverskridande organisert verksemd
med sikte på å hjelpe andre til å reise
ulovleg inn i ein stat som den innreisande korkje er borgar av eller
har gyldig opphaldsløyve i.
Skytevåpenprotokollen utdjupar konvensjonen
ved å gje nærare reglar for nedkjemping av ulovleg
handel og tilverking av skytevåpen. Men protokollen er
gjeve ytterlegare rekkevidd ved at han forpliktar statane til å opprette
eit administrativt kontrollregime for import, eksport og transitt
av skytevåpen, som skal gjere det lettare å avdekkje
ulovleg handel med skytevåpen over landegrensene. Vidare
forpliktar statane seg til å føre register og å sørgje
for gjennomføring av individuell merking, for å gjere
det mogleg å spore skytevåpen. Protokollen har òg
føresegner om internasjonalt samarbeid og informasjonsutveksling.
Kapittel 3 omtalar nærare dei einskilde
artiklane i konvensjonen og protokollane, og ein syner til denne om
tala.
Kapittel 4 i proposisjonen gjeld tilhøvet
til norsk rett. Hovudføresegna i konvensjonen er artikkel
5 om å kriminalisere grenseoverskridande organisert kriminalitet.
I Ot.prp. nr. 62 (2002-2003) Om lov om endringer
i straffeloven og straffeprosessloven mv. (lovtiltak mot organisert
kriminalitet og menneskehandel, gjengangarstraff mv.) vert det fremja
framlegg til eit nytt straffebod som vil ramme det å inngå forbund
(avtale) om å utføre alvorlege straffbare handlingar
som ledd i verksemda til ei organisert kriminell gruppe. Artikkel 18
nr. 10 om overføring av fengsla personar opnar for overføring
i fleire tilfelle enn det som følgjer av utleveringslova § 25
nr. 1. Det vert difor òg gjort framlegg om endring av utleveringslova.
Plikta til å kriminalisere medverknad
til korrupsjon etter artikkel 8 nr. 3 er følgd opp gjennom
ein særskild proposisjon om ei ny alminneleg fråsegn
om straff mot korrupsjon. Elles oppfyller norsk rett dei pliktene
som følgjer av konvensjonen.
Når det gjeld protokollen for å førebyggje,
nedkjempe og straffe handel med menneske, særleg kvinner
og born, finst det i dag ikkje noko eige straffebod i norsk rett
som rettar seg uttrykkjeleg mot handel med menneske. Sjølv
om fleire føresegner i straffelova og i andre lover kan
brukast på handlingar som vert utførte i samband
med menneskehandel, kan det vere tvil om kravet i protokollen til å kriminalisere
menneskehandel er oppfylt fullt ut i norsk rett. Mellom anna på grunn
av dette er det føreslege eit eige straffebod mot menneskehandel.
I Ot.prp. nr. 62 (2002-2003) er det gjeve ei nærare vurdering
av trongen for lovendringar og fremja framlegg til nytt straffebod
mot menneskehandel.
Elles oppfyller norsk rett dei pliktene som
protokollen om menneskehandel pålegg statane. Det krevst difor
ikkje andre lovendringar for å kunne ratifisere protokollen.
Noko anna er at protokollen pålegg statane å leggje
til rette for, sikre og vurdere lovtiltak eller andre tiltak på nærare
fastsette område. Dette gjeld til dømes artikkel
6 om hjelp til og vern av offer for handel med menneske, artikkel
7 om status for offera i mottakande statar og artikkel 8 om heimsending
av offer for menneskehandel. Ved å ratifisere protokollen vil
norske styresmakter vere forplikta til støtt å vurdere om
desse føresegnene er oppfylte.
Gjennomføring av protokollen om menneskesmugling
krev ikkje lov- eller forskriftsendringar. I høve til protokollen
kapittel II om menneskesmugling sjøvegen, kan det nemnast
at den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO), har
vedteke mellombelse retningsliner for å motverke tryggingsrisikoar
i samband med menneskesmugling til sjøs. Menneskesmuglingsprotokollen
inneheld ei rekkje føresegner som er henta frå desse
retningslinene, og byggjer elles i stor grad på føresegner
henta frå Havrettskonvensjonen og i FN-konvensjonen av
20. desember 1988 om ulovleg handtering av og handel med narkotika
og psykotrope stoff.
Det har vore naturleg for Noreg som skipsfartsnasjon å delta
i arbeidet med ein avtale som tek sikte på å effektivisere
nedkjemping av den stadig aukande menneskesmuglinga til sjøs.
Men Noreg har òg viktige skipsfartsinteresser å verne
om og la under tingingane vekt på å få inn
føresegner i avtala som varetek desse interessene.
I Ot.prp. nr. 62 (2002-2003) Om lov om endringer
i straffeloven og straffeprosessloven mv. (Lovtiltak mot organisert
kriminalitet og menneskehandel, gjengangerstraff mv.) vert det gjort
framlegg om lovendringar som vil kunne føre til skjerpa
straff for menneskesmugling.
Gjennomføring av skytevåpenprotokollen
krev ingen lovendringar. Men det krevst einskilde endringar i våpenforskriftene.
Framveksten av organisert kriminalitet er eit
utviklingstrekk som krev mottiltak frå samfunnet
si side. Denne forma for kriminalitet utgjer ein større
trussel mot samfunnet og den einskilde enn annan kriminalitet, og
den kan vere vanskelegare å kjempe mot. Kriminelle organisasjonar
har ein hard indre justis, som gjer at miljøa blir svært
lukka og dermed vanskelege å trenge inn i. Organiserte
kriminelle grupper opptrer dessutan i mange tilfelle på tvers
av landegrensene.
Utviklinga i dei siste tiåra med opnare
grenser, internasjonalisering og teknologisk utvikling har medført ein
auke i den grenseoverskridande organiserte kriminaliteten. I fleire
fora, hovudsakleg på regionalt plan, har nedkjempinga av
slik kriminalitet stått sentralt. Det vil vere av stor
verdi å slutte seg til slike globale instrument som konvensjonen
mot grenseoverskridande organisert kriminalitet for å få eit
meir effektivt internasjonalt samarbeid om nedkjempinga av slik
kriminalitet.
Protokollen om menneskehandel må sjåast
som eit viktig tilskot for å styrkje arbeidet med å nedkjempe menneskehandel
internasjonalt. Regjeringa prioriterer dette arbeidet høgt;
det går òg fram av "Regjeringens handlingsplan
mot handel med kvinner og barn (2003-2005)".
Organisert menneskesmugling er òg eit
aukande og globalt problem. Ein føresetnad for nedkjemping
av slik grenseoverskridande kriminalitet er forpliktande grenseoverskridande
samarbeid. Menneskesmugling har på få år
vorte ei svært utbyterik form for organisert kriminalitet.
Menneskesmugling er eit omfattande problem i Noreg òg.
Kriminalpolitisentralen meiner at ca. 80 prosent av dei som søkjer
asyl i Noreg, har fått hjelp av menneskesmuglarar på heile
eller delar av reisa til Noreg.
Gjennomføring av protokollen mot menneskesmugling
vil vere ein vesentleg føresetnad for effektivisering av
kampen mot denne forma for kriminalitet. Særpreget til
protokollen er den globale rekkevidda. Ein ventar at han vil forplikte
langt fleire statar enn andre internasjonale prosessar mot menneskesmugling som
går føre seg.
Ulovleg handel med skytevåpen representerer
ei anna alvorleg side ved internasjonal organisert kriminalitet,
der skytevåpen ofte inngår som hjelpemiddel til å gjennomføre
alvorleg kriminalitet eller til å utføre terrorhandlingar.
Det vert òg drive ulovleg handel ut frå reine
profittmotiv, til dømes ved at skytevåpen vert selde
til ulike paramilitære organisasjonar i konfliktområde.
Ein ventar at protokollen vil vere viktig for høvet til å førebyggje
og å avdekkje den organiserte, ulovlege handelen over grensene,
samtidig som eit einsarta registrerings- og merkesystem vil kunne
gjere det lettare å spore skytevåpen som har vore
føremål for alvorleg kriminalitet.
Lovendringane som er føreslegne ved
gjennomføringa av konvensjonen og protokollen om menneskehandel
vil gje politi og påtalemakt betre høve til å straffeforfølgje
organisert kriminalitet og menneskehandel. Det vil føre
til meirarbeid for strafferettsapparatet og til at fleire fengselsplassar
vert bundne opp. Meirutgiftene vil kunne dekkjast innanfor gjeldande rammer.
Samtidig vil lovendringane kunne minske omfanget av organisert kriminalitet
og menneskehandel. Såleis vil både einskildpersonar
og samfunnet kunne verte sparte for alvorleg kriminalitet.
Gjennomføring av protokollen om menneskesmugling
vil truleg ikkje medføre store økonomiske eller
administrative konsekvensar.
Gjennomføring av skytevåpenprotokollen
vil truleg medføre litt større utgifter for importørar
og norske produsentar av skytevåpen i samband med dei nye krava
til merking. Elles vil skytevåpenprotokollen truleg ikkje
medføre store økonomiske eller administrative
konsekvensar for det offentlege.
Grenseoverskridande organisert kriminalitet
er ei av dei viktigaste utfordringane det internasjonale samfunnet
står overfor i dag. Om ein skal ha noko von om å demme
opp for utviklinga av den internasjonale organiserte kriminaliteten,
må kampen førast på brei front, der mange
ulike verkemiddel kan vere aktuelle. Kampen må førast
både internasjonalt - til dømes gjennom FN og
regionale organisasjonar og ved utstrekt politisamarbeid - og i
dei einskilde statane.
Ratifikasjon av konvensjonen og protokollane
vil medverke til ei meir effektiv norsk nedkjemping av internasjonal
organisert kriminalitet.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Haakon Blankenborg, lederen Thorbjørn Jagland, Jens Stoltenberg
og Gunhild Øyangen, fra Høyre, Julie Christiansen,
Inge Lønning, Oddvard Nilsen og Finn Martin Vallersnes,
fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund og Christopher Stensaker,
fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Bjørn Jacobsen,
fra Kristelig Folkeparti, Jon Lilletun og Lars Rise, og fra Senterpartiet, Åslaug
Haga, vil peke på det alvorlige problem som internasjonal
organisert kriminalitet utgjør, og den realitet at verdenssamfunnet
i liten grad klarer å møte grenseoverskridende
kriminalitet med felles virkemidler. Komiteen mener
at mangel på internasjonalt regelverk for å bekjempe
slik kriminalitet utgjør en trussel for både landenes
og det enkelte menneskes sikkerhet. De store taperne i en verden
som ikke evner å hindre fremveksten av organisert kriminalitet,
vil særlig være svake grupper som innbyggerne
i den tredje verden, og da spesielt kvinner og barn.
Komiteen mener den globale organiserte
kriminaliteten kun kan bekjempes effektivt gjennom internasjonalt
samarbeid og er derfor positiv til alle relevante verktøy
som kommer på plass for å styrke denne kampen.
FN-konvensjonen mot grenseoverskridende organisert kriminalitet
og de utfyllende protokoller 1) for å forebygge, nedkjempe
og straffe handel med mennesker, særlig kvinner og barn,
2) mot smugling av mennesker over land, sjøvegen og luftvegen
og 3) mot ulovlig produksjon av og handel med skytevåpen
og deler, komponenter og ammunisjon til disse er viktige brikker
i det virkemiddelapparat som nå er i ferd med å etableres
for at verdenssamfunnet kan komme på offensiven i kampen
mot internasjonal kriminalitet.
Komiteen er opptatt av at Norge
er i fremste rekke med å få på plass
et slikt fungerende internasjonalt regelverk i kampen mot internasjonal
kriminalitet, og ber Regjeringen derfor arbeide for at ratifiseringsprosessen
ikke blir unødig lang.
Komiteens tilråding er enstemmig.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget
til å gjøre følgende
vedtak:
Stortinget samtykkjer til ratifikasjon av
1. FN-konvensjonen mot
grenseoverskridande organisert kriminalitet,
2. utfyllande protokoll for å førebyggje,
nedkjempe og straffe handel med menneske, særleg kvinner
og born, utfyllande protokoll mot smugling av menneske over land,
sjøvegen og luftvegen, alle av 15. november 2000, og
3. utfyllande protokoll mot ulovleg produksjon
av og handel med skytevåpen og delar, komponentar og ammunisjon
til desse av 31. mai 2001.
Oslo, i utenrikskomiteen, den 11. juni 2003
Thorbjørn Jagland
leder |
Morten Høglund
ordfører |