Innstilling fra utenrikskomiteen om samtykke til ratifikasjon av valfri protokoll av 25. mai 2000 om barn i væpna konflikt til FNs konvensjon av 20. november 1989 om rettane til barnet

Til Stortinget

Sammendrag

Protokollen vart vedteken av FNs generalforsamling 25. mai 2000 etter å ha vorte framtinga av ei arbeidsgruppe oppnemnd av FNs menneskerettskommisjon i 1994. Noreg skreiv under protokollen om barn i væpna konflikt den 13. juni 2000. Per april 2003 har 111 statar skrive under protokollen, og 51 statar har ratifisert. Protokollen tok til å gjelde 12. februar 2002.

Barnekonvensjonen artikkel 38 set ei nedre aldersgrense på 15 år for rekruttering og deltaking i væpna konflikt. Denne aldersgrensa følgjer òg av andre internasjonale instrument, til dømes av dei to tilleggsprotokollane av 8. juni 1977 til Genèvekonvensjonane av 12. august 1949.

Gjennom ILO-konvensjon nr. 182 av 17. juni 1999 om forbod mot og omgåande tiltak for å avskaffe dei verste formene for barnearbeid er Norge folkerettsleg bunde til ikkje tvangsmessig å rekruttere personar under 18 år til dei væpna styrkane til bruk i væpna konflikt.

Då barnekonvensjonen vart vedteken, meinte mange statar, mellom andre Noreg, at aldersgrensa på 15 år var for låg. Den valfrie protokollen hevar aldersgrensene for rekruttering og deltaking i væpna konflikt og andre kamphandlingar, slik at aldersgrensene no skal vere 18 år både for deltaking og for tvungen rekruttering til dei væpna styrkane til ein stat. Når det gjeld frivillig rekruttering til dei væpna styrkane til ein stat, opnar protokollen for at statane kan binde seg til ei aldersgrense på 16, 17 eller 18 år. Denne kompromiss­løysinga var naudsynt for å få protokollen vedteken og opnar for at statane i det minste må heve den nasjonale aldersgrensa for rekruttering til dei væpna styrkane til 16 år. Regjeringa gjer i proposisjonen her framlegg om at Noreg bind seg til ei aldersgrense på 18 år for slik rekruttering.

Fordi frigjerings- og opprørsrørsler eller andre såkalla ikkje-statlege aktørar i stor grad rekrutterer og brukar personar under 18 år som soldatar, fastset protokollen ein skyldnad for statane til å forby og kriminalisere slik verksemd. Partane skal samarbeide om gjennomføringa av protokollen. Han opprettar òg eit frivillig fond for eventuell stønad til gjennomføringa. Partane skal rapportere til FNs barnekomité om den nasjonale gjennomføringa av skyldnadene i protokollen.

Regjeringa har ved Ot.prp. nr. 45 (2002-2003) gjort framlegg om at FNs barnekonvensjon med protokollar skal inkorporerast i norsk lov ved ei endring i menneskerettslova av 21. mai 1999. Dersom lovforslaget vert vedteke av Stortinget, vil ratifikasjon av den valfrie protokollen om barn i væpna konflikt innebere at protokollen gjeld som norsk lov og skal ved motstrid gå føre anna lovgjeving, jf. menneskerettslova § 3.

Kapittel 2 i proposisjonen omtalar nærare hovudinnhaldet i protokollen. Her nemnast særskilt artikkel 3 som regulerer frivillig rekruttering til dei væpna styrkane til partane. Etter nr. 1 skal partane heve aldersgrensa for frivillig rekruttering i heile år frå den aldersgrensa som er fastsett i barnekonvensjonen artikkel 38 nr. 3, det vil seie 15 år. Etter nr. 2 skal statane gje ei bindande erklæring ved ratifikasjonen eller tiltredinga til protokollen som fastset den nedre aldersgrensa for når rekruttering til dei væpna styrkane til partane er tillate. Regjeringa gjer framlegg om at Noreg gjer slik bindande erklæring ved ratifikasjon av protokollen:

"Kongeriket Noregs regjering erklærer etter protokollen artikkel 3 nr. 2 at den nedre aldersgrensa for rekruttering til frivillig teneste i dei væpna styrkane er 18 år."

Den valfrie protokollen om barn i væpna konflikt må sjåast som eit viktig tiltak for å styrkje barn sine menneskerettar. Barn sine rettar blir prioriterte høgt i Noreg og i det norske arbeidet for internasjonalt vern av menneskerettane. Det er viktig at Noreg gjev støtte til arbeidet for å hindre bruk av barn i væpna konflikt, og ratifikasjon av protokollen vil vere eit ledd i den norske innsatsen på dette området.

På tidspunktet for underteikning av protokollen meinte ein at det var naudsynt med endringar i heimevernslova, vernepliktslova og straffelova før protokollen kunne ratifiserast. Desse endringane er no gjennomført og medfører at Noreg oppfyller dei aldersgrensekrava som gjeld for deltaking i stridshandlingar (artikkel 1), tvungen rekruttering til dei væpna styrkane (artikkel 2) og rekruttering og bruk av soldatar av ikkje-statlege aktørar (artikkel 4).

Under framtinginga av protokollen gjekk Noreg inn for at det skulle innførast ei nedre aldersgrense på 18 år for frivillig rekruttering til dei væpna styrkane til staten (artikkel 3). Det vart vedteke eit fleksibelt system der statane ved erklæring kan velje om dei vil binde seg til ei aldersgrense på 16, 17 eller 18 år. Eit særskilt spørsmål i denne samanheng er om ordninga med heimevernsungdom (HV-ungdom) er til hinder for at Noreg kan binde seg til ei aldersgrense på 18 år for frivillig rekruttering til Forsvaret. Spørsmålet er aktuelt då heimevernslova opnar for, òg etter endringane av november 2000, at personar frå fylde 16 år, kan takast inn som frivillige i heimevernet.

HV-ungdom har eit formalisert tilhøve til Forsvaret. Det er likevel tilhøve i denne ordninga som gjer at ein ikkje kan sjå på HV-ungdomen som rekruttert til Forsvaret i protokollen si meining, fordi det må leggjast til grunn at ein person ikkje er rekruttert før vedkomande formelt eller de facto har vorte medlem av dei væpna styrkane med dei rettane og pliktene som dette medfører. HV-ungdomen skal ikkje få noka praktisk opplæring eller på annan måte delta i stridsrelatert verksemd og dei skal fritakast frå teneste der det kan tenkjast at Forsvaret må delta i kamphandlingar. Dei skal heller ikkje innrullerast som vernepliktige. Vidare er HV-ungdom ikkje underlagde militær disiplinærmakt, og dei vert heller ikkje omfatta av militær straffelov. Deltakinga i HV-ungdomen skjer berre på frivillig grunnlag i fritida til ungdomane, og det kan ikkje setjast i verk noka form for tvangsreaksjon dersom nokon ynskjer å slutte eller ikkje vil møte opp til samlingane. I korte trekk dreier HV-ungdomen seg om frilufts- og fritidsaktivitetar av idrettsleg art med militære innslag. Ein viser elles til Ot.prp. nr. 61 (1999-2000) om endringar i heimevernslova og vernepliktslova.

Denne proposisjonen føreset at ingen personar under 18 år skal reknast som medlemmer av dei væpna styrkane i landet etter lovendringane. Stortinget stilte seg bak denne føresetnaden, jf. Innst. O. nr. 6 (2000-2001).

Det vert lagt til grunn at gjennomføring av protokollen, med erklæring om at den nedre aldersgrensa for rekruttering til frivillig teneste i dei væpna styrkane er 18 år, ikkje krev lovendringar og heller ikkje medfører større økonomiske eller administrative konsekvensar.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Haakon Blankenborg, lederen Thorbjørn Jagland, Jens Stoltenberg og Gunhild Øyangen, fra Høyre, Julie Christiansen, Inge Lønning, Oddvard Nilsen og Finn Martin Vallersnes, fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund og Christopher Stensaker, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Bjørn Jacobsen, fra Kristelig Folkeparti, Jon Lilletun og Lars Rise, og fra Senterpartiet, Åslaug Haga, mener tvangsmessig bruk av barn i væpnede konflikter er en av de verste former for misbruk av barn, og at dette skal forbys. Komiteen er bekymret over tallene fra UNICEF som anslår at minst 300 000 barn misbrukes som soldater i 70 av verdens væpnede konflikter. Komiteen mener derfor det er behov for å styrke og beskytte barnets rettigheter med internasjonalt samarbeid, og ser gjennomføring av denne valgfrie protokoll som et tiltak for å bedre beskytte barn og deres rettigheter. Målet ved alle handlinger som vedrører barn skal først og fremst ta hensyn til hva om gagner barnet best. Komiteen er av den oppfatning at å heve aldersgrensen fra 15 til 18 år, vil bidra til at færre barn blir brukt og rekruttert til væpnede konflikter.

Komiteen understreker at væpnede konflikter har skadelige og omfattende følger for barn, og for de langsiktige utsiktene til fred. Komiteen presiserer derfor nødvendigheten av å også endre de underliggende politiske, sosiale og økonomiske årsakene til at barn trekkes inn i væpnede konflikter. I dette arbeidet vil komiteen understreke viktigheten av utdanningstilbud for barn. Uten læring får ikke barna fremmet sine rettigheter eller bedret sin sosiale situasjon. Komiteen mener også det er viktig å styrke arbeidet med fysisk og psykososial rehabilitering og sosial reintegrering av barn som har vært offer for væpnede konflikter, slik at disse kan støttes og hjelpes tilbake til et verdig liv.

Uttalelse fra justiskomiteen

Justiskomiteen meddeler i brev av 4. juni 2003 at den ikke har merknader til innstillingen.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding er enstemmig.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Stortinget gir samtykke til ratifikasjon av valfri protokoll av 25. mai 2000 om barn i væpna konflikt til FNs konvensjon av 20. november 1989 om rettane til barnet.

Oslo, i utenrikskomiteen, den 11. juni 2003

Thorbjørn Jagland

leder

Lars Rise

ordfører