Innstilling fra samferdselskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 33/2003 av 14. mars 2003 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 1360/2002 om bruk av fartsskrivar innan vegtransport

Til Stortinget

Sammendrag

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 33/2003 av 14. mars 2003 vart vedlegg XIII (Transport) til EØS-avtala endra slik at kommisjonsforordning (EF) nr. 1360/2002 av 13. juni 2002 om sjuande tilpassing til den tekniske utviklinga av rådsforordnig (EØF) nr. 3821/85 om bruk av fartsskrivar innan vegtransport vart innlemma i EØS-avtala. Stortinget vert gjennom proposisjonen oppmoda om å gje samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen.

Innføring av ein ny digital fartsskrivar er meint å skulle gjere kontrollen av køyre- og kviletider enklare og mindre tidkrevjande. Det at regelverket vert enklare å kontrollere, vil truleg gjere det mindre attraktivt å bryte reglane. Ein reknar at auka etterleving av køyre- og kviletidsreglane vil gje samfunnsmessige vinstar i form av betre trafikktryggleik og auka konkurranselikskap mellom transportføretak.

Den digitale fartsskrivaren vart introdusert ved forordning (EF) nr. 2135/98. Fartsskrivaren skal vere samansett av ei datamaskin som gjer det mogleg å lagre ulike typar opplysningar, så som farten til køyretøyet, tilbakelagd avstand, tidsopplysningar og overvaking av føraraktivitetar. Han vil òg gje høve til manuell innlesing frå føraren, og til varsling når det oppstår feil. Opplysningar om ein føraraktivitet kan lagrast både i fartsskrivaren og sjåførkortet.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala.

Samferdselsdepartementet vil i haustsesjonen 2003 fremje ein eigen odelstingsproposisjon med framlegg til lovendring.

Administrative og økonomiske konsekvensar

Utferdinga av fartsskrivarkort vil føre til kostnader for det offentlege. Kostnadene for korta vil truleg verte høgare enn for førarkort, og kan kome opp mot 1 000 kroner pr. kort. Det framlegget til lovendring som skal gjerast, vil gje heimel for å krevje gebyr for utferding av alle korta, bortsett frå kontrollkort.

Det vil kome på driftsutgifter m.a. i samband med utferding av kort, og det må òg utviklast eit dataforvaltningssystem for utferda kort. Utgiftene til kontrollkort vil vere ei kontinuerleg utgift for staten. Det ligg førebels til rette for at desse utgiftene skal dekkjast innanfor det ordinære budsjettet til Samferdselsdepartementet.

For eigarar av køyretøy som vert registrerte første gongen 24 månader etter kunngjeringa, og av køyretøy som byter fartsskrivar etter datoen då forordninga tek til å gjelde, og som er omfatta av reglane, vil kostnadene ha samanheng med prisen på fartsskrivaren og på montasje.

For verkstadene som skal arbeide med den nye digitale fartsskrivaren, vil det kome på kostnader ved nyskaffing av utstyr som er kompatibelt med denne fartsskrivaren.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, fra Høyre, Anne Berit Andersen, Sverre J. Hoddevik, Hans Gjeisar Kjæstad og lederen Petter Løvik, fra Fremskrittspartiet, Thore A. Nistad og Kenneth Svendsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, fra Kristelig Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl, og fra Senterpartiet, Jorunn Ringstad, viser til behovet for at kontrollen med fartsskriverne skjer på en enkel og rasjonell måte.

Komiteen vil derfor be Regjeringen arbeide for at kontrollen med fartsskriverne (kontrollkortene) kan utføres på alle godkjente kontrollsteder i hele EØS-området, ikke bare i det landet kjøretøyet er registrert.

Uttalelse fra utenrikskomiteen

Utenrikskomiteen meddeler i brev av 11. juni 2003 ingen merknader.

Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 33/2003 av 14. mars 2003 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 1360/2002 om bruk av fartsskrivar innan vegtransport.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 12. juni 2003

Petter Løvik

leder

Thore A. Nistad

ordfører