Innstilling frå næringskomiteen om samtykke til ratifikasjon av avtale av 19. mai 2004 mellom Norge og Sverige om endring av protokoll av 25. mars 1981 om opprettelse av et fond for svensk-norsk industrielt samarbeid

Til Stortinget

Samandrag

Avtale mellom Noreg og Sverige om økonomisk samarbeid, med særleg vekt på energi- og industriområda, vart underteikna 25. mars 1981. Til avtalen vart det underteikna ein protokoll om opprettelse av Svensk-Norsk Industrifond (SNI). Den svenske staten skaut inn 200 mill. SEK i fondet, mens den norske skaut inn 50 mill. SEK.

Konsulentselskapet KPMG utarbeidde etter oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet og Näringsdepartementet i Sverige ein evalueringsrapport om SNI i 2001, der det blei konkludert med at fondet måtte få tilført minst 200-300 mill. SEK for å kunne vidareføre si eksisterande finansieringsverksemd. Det var ikkje politisk ønskjeleg verken frå norsk eller svensk side å løyve slike summar. Saman med næringsminister Leif Pagrotzky sette nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen difor ned ei arbeidsgruppe som skulle vurdere det framtidige arbeidsområdet til SNI.

Arbeidsgruppa kom fram til at SNI bør avviklast, og at dei resterande midlane i stiftinga på om lag 50 mill. NOK bør overførast til eit felles program forvalta av Innovasjon Noreg og NUTEK.

På denne bakgrunnen vart det forhandla fram ein avtale om endring av protokoll om opprettelse av et fond for svensk-norsk industrielt samarbeid. Avtalen inneber ei avvikling av SNI og oppretting av eit nytt program for vidare næringslivssamarbeid mellom Noreg og Sverige. Den vart underteikna i Stockholm 19. mai 2004.

Avtalen følger som vedlegg til proposisjonen.

Økonomiske og administrative konsekvensar

For å gjennomføre endringsavtalen og styrevedtaket i SNI, vert det gjort framlegg om budsjettvedtak knytta til kap. 2421 Innovasjon Norge post 53 (ny) Program for næringslivssamarbeid, fond og kap. 3900 Nærings- og handelsdepartementet post 72 (ny) Tilbakeføring av grunnkapital frå Svensk-Norsk Industrifond.

Nærings- og handelsdepartementet tilrår at avtalen vert ratifisert. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Uttale frå utanrikskomiteen

Komiteen sitt utkast til innstilling vart sendt til utanrikskomiteen for uttale 23. november 2004. Utanrikskomiteen gjer følgjande svar i brev av 24. november 2004:

"Utenrikskomiteen har ikke merknader til over­nevnte utkast til instilling."

Tilråding frå komiteen

Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

I

Stortinget samtykkjer i at Noreg ratifiserer avtale av 19. mai 2004 mellom Norge og Sverige om endring av protokoll av 25. mars 1981 om opprettelse av et fond for svensk-norsk industrielt samarbeid.

II

I statsbudsjettet for 2004 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

Utgifter:

2421

Innovasjon Norge

53 (ny)

Program for næringslivsamarbeid, fond, vert forhøyd med

10 000 000

Inntekter:

3900

Nærings- og handelsdepartementet

72 (ny)

Tilbakeføring av grunnkapital frå Svensk-Norsk Industrifond, vert forhøyd med

10 000 000

III

Stortinget samtykkjer i at aktivert kapital i statens kapitalrekneskap, ved avvikling av Svensk-Norsk Industrifond, vert sett ned frå 52,7 mill. kroner til 0 ved korrigering mot konto for forskyving i balansen.

Oslo, i næringskomiteen, den 30. november 2004

Olav Akselsen

leiar og ordførar