Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 104/2004 av 9. juli 2004 om innlemming i EØS-avtala av euro­paparlaments- og rådsdirektiv 2002/87/EF av 16. desember 2002 om utvida tilsyn med kreditt­institusjonar, forsikringsføretak og investerings­føretak i eit finansielt konglomerat (konglomerat­direktivet) mv.

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Bakgrunn

EØS-komiteen vedtok 9. juli 2004 å endre vedlegg IX (Finansielle tenester) til EØS-avtala til å omfatte europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/87/EF av 16. desember 2002 om utvida tilsyn med kredittinstitusjonar, forsikringsføretak og investeringsføretak i eit finansielt konglomerat, og om endring av rådsdirektiv 73/239/EØF, 79/267/EØF, 92/49/EØF, 92/96/EØF, 93/6/EØF og 93/22/EØF samt europaparlaments- og rådsdirektiv 98/78/EF og 2000/12/EF (heretter kalla konglomeratdirektivet). Føremålet med direktivet er å sikre solide institusjonar, interessene til kundane og den finansielle stabiliteten på dei europeiske finansmarknadene.

Direktivet innfører ein minstestandard for tilsyn med grupperingar som driv med aktivitet av eit visst omfang innanfor bank- og investeringstenester og forsikringsverksemd, såkalla finansielle konglomerat. Direktivet skal sikre at kapitalkravet vert halde ved lag i grupper som driv tverrsektoriell verksemd, og tek sikte på å fjerne dobbeltregulering av kredittinstitusjonar, forsik­ringsselskap og verdipapirføretak. Ettersom skilja mellom bransjane i finansnæringa ikkje er like skarpe som før, vert det viktigare at soliditetsreglane mv. vert gjorde gjeldande òg overfor grupper av selskap som driv slik tverrsektoriell verksemd.

Ettersom gjennomføringa i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald for samtykke frå Stortinget i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova, jf. artikkel 103 i EØS-avtala.

Avgjerda i EØS-komiteen og ei uoffisiell norsk omsetjing av direktivet følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

1.2 Nærmare om direktivet

Med direktiv 2002/87/EF om utvida tilsyn med finansielle konglomerat har EU fastsett minstestandardar for tilsynet med finansielle konglomerat. Dette utvida tilsynet kjem i tillegg til det tilsynet som skjer overfor kvart einskilt regulert selskap som er gjeve konsesjon i det aktuelle landet.

Eit finansielt konglomerat er i direktivet definert som ei gruppering av selskap som er knytte saman gjennom eigardelar på minst 20 pst. eller gjennom ulike former for felles leiing, og som driv tverrsektoriell verksemd både innanfor forsikring og bank og/eller verdipapir. Felles leiing ligg føre når to eller fleire selskap har samla leiing på bakgrunn av ei avtale mellom selskapa eller som følgje av vedtektsføresegnene til selskapa, eller når administrasjons-, leiings- eller tilsynsorgana i selskapa i hovudsak er samansette av dei same personane. For å reknast som eit konglomerat, må gruppa drive tverrsektoriell verksemd. Tverrsektoriell verksemd tyder at kvar av sektorane forsikring og bank/verdipapir må ha eit monaleg omfang. Monaleg tyder at den minste sektoren må ha ein balansesum på minst ti prosent av den samla balansesummen i den finansielle sektoren, eller at den minste sektoren har ein balansesum på minst seks milliardar euro. Dersom gruppa ikkje vert leidd av ei regulert eining, må minst 40 prosent av verksemda drivast innanfor finanssektoren. Regulert eining tyder institusjon (kredittinstitusjon, forsikrings- eller investeringsføretak) som er underlagd kredittilsyn.

Direktivet inneheld føresegner der det er fastsett krav om utvida tilsyn med finansielle konglomerat for å betre oversikta over den finansielle situasjonen til gruppa. Direktivet inneheld minstekrav til regulering av kapitaldekning på konsolidert grunnlag, konserninterne transaksjonar og store engasjement. Føremålet er å skjerme eigenkapitalen til finansinstitusjonane frå den risikoen som kan oppstå dersom eigardelar og kapitalinnskot i finansinstitusjonar har nære band med kvarandre. Det er òg eit mål å hindre vesentleg risikokonsentrasjon i slike grupperingar.

Det krevst nasjonale reglar om at regulerte einingar i eit konglomerat sikrar at det alltid ligg føre ansvarleg kapital på konglomeratnivå som minst svarar til kapitaldekningskrava. Det vert skipa tre alternative metodar for å måle kapitaldekning på konglomeratnivå. Det vert òg opna for å nytte ein kombinasjon av dei tre metodane. For å oppfylle direktivet må det vidare stillast minstekrav til interne system for å overvake interne transaksjonar og risikokonsentrasjonar i gruppa. Alle regulerte einingar som leier eit finanskonsern, eller der hovudføretaket er eit blanda finansielt holdingselskap som har hovudkontoret sitt i EØS-området, eller som er tilknytt ei anna eining i finanssektoren, skal underleggjast utvida tilsyn. Blanda finansielt holdingselskap tyder eit føretak som ikkje er ei regulert eining, som saman med underføretaka sine, der minst eitt er ei regulert eining som har forretningskontoret sitt i Fellesskapet, og andre einingar, utgjer eit finanskonsern.

Dei selskapa som er omfatta, skal påleggjast ei plikt til å rapportere til ein utpeikt tilsynskoordinator, og dessutan informasjonsplikt og plikt til å rette seg etter føresegner som er fastsette av dei relevante tilsynsstyresmaktene.

Vidare er det fastsett prinsipp for å samordne tilsyn med finansielle konglomerat mellom ulike tilsynsstyresmakter i det same landet og over landegrensene. Det skal peikast ut ein tilsynskoordinator for kvar gruppering innanfor EØS-området som skal ha oversikt over tilsynet med grupperinga, og ha ansvar for m.a. informasjonsutveksling og samarbeid mellom dei tilsynsstyresmaktene som det gjeld, og m.a. å innhente rapportar om og gjennomføre kontroll av dei soliditets- og tryggleikskrava som er nemnde ovanfor. Denne tilsynsstyresmakta er i direktivet kalla "koordinatoren". Koordinatoren skal ha eit tverrsektorielt overblikk over ko­nglomeratet, og syte for at konglomeratet oppfyller dei krava som det er pålagt. Koordinatoren skal òg ha ansvaret for å planleggje og gjennomføre inspeksjonar og verifikasjonar. Arbeidet til koordinatoren påverkar ikkje sektortilsynet til dei einskilde tilsynsstyresmaktene. I dei fleste tilfella vil koordinatoren vere den rette tilsynsstyresmakta i landet der den institusjonen som vert rekna som konglomeratspiss, har setet sitt.

Vidare er det vedteke endringar i fleire sektordirektiv, der det er teke inn nye artiklar som føreset at ei tilsynsstyresmakt skal samrå seg med andre tilsynsstyresmakter som det kjem ved, før institusjonar som inngår i eit finansielt konglomerat, får løyve til å drive verksemd. Det er ein føresetnad at slikt samråd finn stad før det vert gjeve løyve.

Det er fastsett krav om særlege reglar for konglomerat med morselskap utanfor EU/EØS. Konglomerat som ikkje høyrer heime i EØS-området, men som driv verksemd i området, skal underleggjast eit tilsvarande og passande tilsyn frå dei aktuelle tilsynsstyresmaktene, dvs. tilsynsstyresmaktene til vertsstaten. Direktivet har reglar om skiping av ein eigen komité som m.a. skal kunne justere definisjonar og kapitaldekningskrav.

I medhald av direktivet skal naudsynte lover og administrative føresegner i dei einskilde medlemsstatane setjast i kraft seinast 11. august 2004, og nyttast i samband med tilsyn for det rekneskapsåret som byrjar 1. januar 2005.

1.3 Tilrådingar frå ei felles nordisk tilsynsgruppe

Ei uformell nordisk tilsynsgruppe som er samansett m.a. av representantar frå tilsynsstyresmaktene i Noreg, Sverige, Danmark og Finland, har i ein rapport som vart lagd fram hausten 2003, kome med ni tilrådingar til felles gjennomføring av konglomeratdirektivet i nordisk rett. Gruppa gjekk inn for harmoniserte føresegner i Norden for å unngå regelverkskonkurranse. Arbeidsgruppa har tilrådd at det i den nasjonale lovgjevinga i dei nordiske landa vert opna for at lovgjevinga i det landet der koordinatoren kjem frå, vert lagd til grunn for tilsynet på konglomeratnivå.

Det var semje i den nordiske gruppa om at det ikkje er naudsynt å harmonisere gjennomføringa av reglane om tilsyn med risikokonsentrasjonar, då dette fortsatt vil vere eit nasjonalt ansvar. Vedlegg II i direktivet opnar for krav om at fleire typar risiko kan rapporterast. For å ta høgde for dette har den nordiske gruppa tilrådd at òg andre typar risiko, som geografisk risiko, sektorrisiko og valutarisiko, skal rapporterast, men berre i den grad desse risikotypane vert rekna for å vere monalege.

Den nordiske gruppa har tilrådd at uregulerte holdingselskap ("mixed financial holding companies") - som ikkje er tillatne i Noreg - minst skal underleggjast krav til kontroll av kor eigna leiinga og eigarane er, krav til internkontroll på gruppenivå og krav til system for risikokontroll og rapportering i den grad aktivitetane til grupperinga er kontrollerte av holdingselskapet. Dette er eit noko vidare krav enn det som er fastsett i direktivet.

Ein tilleggsrapport som vart lagd fram våren 2004, gjev ein nærmare omtale av den gjeldande nordiske lovgjevinga om interne transaksjonar i konsernet. Den nordiske gruppa er vorten samd om å tilrå at interne transaksjonar i konsernet skal gjennomførast til ma­rknadspris. Der det ikkje finst nokon marknadspris, skal prisen fastsetjast ut frå eit prinsipp om kostnadsdekking.

1.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Gjennomføringa av direktivet i norsk rett legg til rette for fastsetjing av harmoniserte minstestandardar for tilsyn med finansielle konglomerat. Dette inneber for det første ei auka rapporteringsplikt for finansinstitusjonar og verdipapirføretak. Vidare vert rapporteringsplikta utvida til òg å omfatte lausare samansette grupper ettersom no konglomeratinterne transaksjonar og risikokonsentrasjonar òg skal rapporterast. Dette inneber litt større rapporteringsomfang for dei einingane som vert omfatta av føresegnene i direktivet.

For tilsynsstyresmakta inneber direktivet ei plikt til omfattande kontakt med andre tilsynsorgan i EØS-området. Det finst langt på veg slik kontakt alt i dag, særleg innanfor Norden. Dessutan fastset direktivet òg ei samråds-/framleggingsplikt på førehand av visse typar løyve til institusjonar som er del av eit finansielt konglomerat.

1.5 Konklusjon og tilråding

Regjeringa meiner at ei innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/87/EF om utvida tilsyn med kredittinstitusjonar, forsikringsføretak og investeringsføretak i eit finansielt konglomerat (konglomeratdirektivet) vil medverke til å styrkje tilsynssamarbeidet, både nasjonalt og internasjonalt, og tilrår derfor at avgjerd nr. 104/2004 i EØS-komiteen vert godkjend.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, fra Høyre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, lederen Siv Jensen og Per Erik Monsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, fra Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, fra Senterpartiet, Morten Lund, fra Venstre, May Britt Vihovde, og fra Kystpartiet, Steinar Bastesen, viser til at EØS-komiteens beslutning nr. 104/2004 av 9. juli 2004 om innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/87/EF av 16. desember 2002 om utvidet tilsyn med kredittinstitusjoner, forsikringsforetak og investeringsforetak i et finansielt konglomerat (konglomeratdirektivet ) i EØS-avtalen, krever samtykke fra Stortinget på grunnlag av Grunnloven § 26 annet ledd, jf. EØS-avtalen art. 103. Komiteen har forelagt innstillingsutkastet for utenrikskomiteen, som i brev av 1. desember 2004 opplyste at den ikke har merknader til utkast til innstilling.

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.

3. Komiteens tilråding

Komiteen viser til proposisjonen og merknadene, og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget gjev sitt samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 104/2004 av 9. juli 2004 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/87/EF av 16. desember 2002 om utvida tilsyn med kredittinstitusjonar, forsikringsføretak og investeringsføretak i eit finansielt konglomerat (konglomeratdirektivet), og om endring av rådsdirektiv 73/239/EØF, 79/267/EØF, 92/49/EØF, 92/96/EØF, 93/6/EØF og 93/22/EØF samt europaparlaments- og rådsdirektiv 98/78/EF og 2000/12/EF.

Oslo, i finanskomiteen, den 2. desember 2004

Siv Jensen

leder

Svein Flåtten

ordfører