Meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna
folketrygda med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap,
som syner staten sine eigedelar, gjeld og eigenkapital, rekneskapen
for Svalbard, staten sitt garantiansvar, tilsegns- og tingingsfullmakter
og oppgåve over aksjar.
Dei samla inntektene i statsrekneskapen for
2004 er 746,4 mrd. kroner utan lånetransaksjonar, medan
utgiftene er 622,2 mrd. kroner. Statsbudsjettet sine netto inntekter
frå petroleumsverksemda var 203,4 mrd. kroner fordelt med
222,1 mrd. kroner i inntekter og 18,7 mrd. kroner i utgifter. Nettoinntektene
vart overførte til Statens petroleumsfond. Dei samla inntektene
utanom petroleumsverksemda og lånetransaksjonar var på 524,3
mrd. kroner, medan utgiftene var på 603,6 mrd. kroner.
Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 79,2
mrd. kroner.
Ved nysalderinga av statsbudsjettet for 2004
vart det lagt til grunn eit oljekorrigert underskot på 80,7
mrd. kroner. Dette vart overført frå Statens petroleumsfond. Statsrekneskapen
for 2004 vert dermed gjort opp med eit overskot på 1,5
mrd. kroner. Overskotet på 1,5 mrd. kroner kjem av reduserte
utgifter på 0,5 mrd. kroner og auka inntekter på 0,9
mrd. kroner i samanlikna med nysaldert budsjett 2004.
I denne meldinga vert det òg gjort
greie for inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond. Forutan overføringa
frå statsrekneskapen, syner rekneskapen for Petroleumsfondet
33,3 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte. Det samla overskotet
i Statens petroleumsfond vart dermed 155,9 mrd. kroner i 2004. Samla
sett vert statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjort opp med
eit overskot på 157,4 mrd. kroner i 2004. Ved utgangen
av 2004 var den bokførte verdien av Statens petroleumsfond
1 011,5 mrd. kroner.
I statsbudsjettet for 2004, som vart vedteke
av Stortinget hausten 2003, var det strukturelle, oljekorrigerte underskotet
rekna til 50,7 mrd. kroner. Det oljekorrigerte underskotet var knapt
67,8 mrd. kroner.
Endringane i statsbudsjettet som det vart gjort
framlegg om i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2004, innebar
at overslaget for det oljekorrigerte underskotet vart auka med 0,3
mrd. kroner, til 68 mrd. kroner. Samstundes vart tala for dei strukturelle
nivåa på skattar, avgifter, dagpengar og renter
samla sett justerte ned med om lag 4 mrd. kroner. Det strukturelle, oljekorrigerte
underskotet vart etter dette rekna til 55,2 mrd. kroner.
I nysaldert budsjett for 2004, som vart lagt
fram 26. november 2004, vart det oljekorrigerte budsjettunderskotet
rekna til 80,7 mrd. kroner. Samanlikna med revidert budsjett, vart
utgiftene utanom oljeverksemda auka med 2,2 mrd. kroner, medan inntektene
vart sette ned med 10,4 mrd. kroner. Tala for skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg
vart reduserte med 9,5 mrd. kroner, mykje som følgje av
uventa låge etterskotsskattar.
Rekneskapstala for 2004 syner at det oljekorrigerte underskotet
vart 79,2 mrd. kroner, dvs. om lag 1,5 mrd. kroner lågare
enn overslaget i nysaldert budsjett. Nye utrekningar basert på rekneskapstala
for 2004 syner nå eit strukturelt underskot i 2004 på om
lag 58,8 mrd. kroner, jf. tabell 1.1 i meldinga. Forventa avkastning
av Statens petroleumsfond for 2004 er rekna til 33,9 mrd. kroner.
Samanlikna med Revidert nasjonalbudsjett 2004
er det strukturelle underskotet auka med om lag 4 mrd. kroner, i
stor grad som følgje av at inntektene frå skattar
og avgifter vart lågare enn tidlegare lagt til grunn. I
Gul bok 2004 var overslaget for den underliggjande, reelle veksten
i utgiftene på statsbudsjettet 2 pst., medan overslaget
i Revidert nasjonalbudsjett 2004 var 2 1/4 pst. og 2 3/4
pst. i nysalderingsproposisjonen.
Den underliggjande, reelle veksten i utgiftene
på statsbudsjettet frå 2003 til 2004 er i rekneskapen
rekna til 2 pst. Den nominelle, underliggjande utgiftsveksten var
5,2 pst.
Tabell 1.2 og 1.3 i meldinga syner hovudtala
i dei formelle rekneskapa for 2003 og 2004.
Samla overskot i statsbudsjettet og Statens
petroleumsfond auka med 24,1 mrd. kroner frå 133,3 mrd. kroner
i 2003 til 157,4 mrd. kroner i 2004.
Lånebehovet auka med 22,7 mrd. kroner,
frå 16,3 mrd. kroner i 2003 til 39,1 mrd. kroner i 2004.
Auka i lånebehovet har samanheng med at gjeldsavdraga frå 2003
til 2004 auka med 42,7 mrd. kroner. Endringa i gjeldsavdrag er knytt
til forfallsstrukturen på innanlandske statslån.
Tabell 1.4 i meldinga gjev eit samla oversyn
over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet, statsrekneskapen
og Statens petroleumsfond gjennom 2004, medan tabell 1.5 i meldinga
syner utviklinga i finansieringsbehovet til statskassa.
I 2004 er inntektsløyvingane utanom
lånetransaksjonar auka med 54,0 mrd. kroner, frå 698,1
mrd. kroner i saldert budsjett til 752,1 mrd. kroner i nysaldert
budsjett. Utgiftsløyvingane utanom lånetransaksjonar
auka med 2,2 mrd. kroner, frå 622,4 mrd. kroner i saldert budsjett
til 624,6 mrd. kroner ved nysalderinga av budsjettet.
Nysaldert budsjett synte eit oljekorrigert underskot på 80,7
mrd. kroner, som var 13,0 mrd. kroner høgare enn i saldert
budsjett. Inntektene, utan inntekter frå petroleumsverksemda
og lånetransaksjonar, vart samla sett 523,3 mrd. kroner,
som er 10,2 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett.
Dette kan forklarast med at skatte- og avgiftsinntektene vart redusert
med 8,8 mrd. kroner, og renteinntektene vart redusert med 2,6 mrd. kroner.
Andre inntekter auka med 1,1 mrd. kroner netto. Utgiftene, utan
utgifter til petroleumsverksemda og lånetransaksjonar,
vart samla sett 604,1 mrd. kroner i nysaldert budsjett, som er ein
auke på 2,8 mrd. kroner frå saldert budsjett.
Bak dette talet ligg mange auka utgiftsløyvingar og reduserte
utgiftsløyvingar av ulik storleik. Mellom anna auka rammetilskotet
til kommunane og fylkeskommunane med 2,2 mrd. kroner frå saldert
til nysaldert budsjett.
Frå saldert budsjett til nysaldert
budsjett auka inntektene frå petroleumsverksemda med 64,2
mrd. kroner, medan utgiftene til petroleumsverksemda vart redusert med
0,6 mrd. kroner. Netto inntekter frå petroleumsverksemda
auka dermed med 64,8 mrd. kroner, frå 143,5 mrd. kroner
til 208,3 mrd. kroner. Overskotet i Statens petroleumsfond vart
isolert sett redusert med 13,0 mrd. kroner sidan overføringa
frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet auka med
13,0 mrd. kroner, frå 67,8 mrd. kroner i saldert budsjett
til 80,7 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Anslaget for renteinntekter
og utbyte i Statens petroleumsfond auka med 4,5 mrd. kroner. Samla
sett innebar dette ei betring av balansen for Petroleumsfondet på 56,3
mrd. kroner.
Eit samla oversyn over dei endra løyvingane
gjennom 2004 er gjeve i St.prp. nr. 31 (2004-2005) Ny saldering
av statsbudsjettet medregnet folketrygden 2004 og Innst. S. nr.
75 (2004-2005) fra finanskomiteen om ny saldering av statsbudsjettet
medregnet folketrygden 2004.
Det er under punkt 1.4 i meldinga gitt eit oversyn over
hovudtala i statsrekneskapen for 2004 samanlikna med anslag på rekneskap
ved nysalderinga av budsjettet.
I kapittel 2 i meldinga er det eit oversyn over
inntektene og utgiftene. I kapittel 3 er det gjeve nærare
omtale av områda til dei einskilde departementa, samt utgiftene
under folketrygda. I kapittel 4 er finanspostar og kapitalrekneskapen
omtala, medan det i kapittel 5 vert gjort greie for rekneskapen
til Statens petroleumsfond.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein
Rudihagen og Hill-Marta Solberg, fra Høyre, Svein Flåtten,
Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, fra
Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, lederen Siv Jensen
og Per Erik Monsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal,
Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, fra
Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg
Tørresdal, fra Senterpartiet, Morten Lund, fra Venstre,
May Britt Vihovde, og fra Kystpartiet, Steinar Bastesen,
viser til at meldingen gjelder statsregnskapet medregnet folketrygden for
2004, og at det i meldingen dessuten er gitt en orientering av resultatregnskapet
for Petroleumsfondet for 2004. Komiteen tar meldingen
til orientering. Komiteen viser til at dokument fra
Riksrevisjonen vil behandle konstitusjonelle antegnelser fra Riksrevisjonen
med svar og forslag til desisjon av statsregnskapet for 2004.
Komiteen viser til brev fra Stortingets
presidentskap av 19. mai 2005 hvor komiteen ble anmodet om å avgi
uttalelse til en utredning om endret behandlingsmåte for
statsregnskapet. Utredningen er foretatt av en arbeidsgruppe oppnevnt
av Stortingets presidentskap 13. april 2005. Arbeidsgruppen konkluderer
med at gode grunner taler for å videreføre dagens
ordning for Stortingets behandling av St.meld. nr. 3 (2004-2005). Komiteen er
enig i dette.
Komiteen viser til at det på en
rekke områder, både på inntekts- og utgiftssiden,
normalt er til dels betydelige avvik mellom statsbudsjettet og statsregnskapet,
men registrerer at det samlede avviket for 2004 er svært
lite.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kystpartiet fastholder
likevel at budsjettpolitikken ikke er godt egnet til å jevne
ut svingninger i økonomien, eller detalj- eller finstyre den.
Regjeringens frykt for mindre justeringer i statsbudsjettets utgifts-
og inntektsside er betydelig overdrevet, den økonomiske
handlefriheten er betydelig større enn det Regjeringen
hevder under budsjettbehandlingen. Dette kommer særlig
til syne ved Statens petroleumsfond, som fikk tilført betydelig
større beløp enn forutsatt i statsbudsjettet.
Disse medlemmer konstaterer også at
man siden handlingsregelen ble innført i 2001, har lagt
seg til en ny tolkning av den, nemlig at riktig bruk av oljepenger
i norsk økonomi, er den regjeringen til enhver tid finner
forsvarlig. Siden 2001 har det vært brukt 65 mrd. kroner
mer enn handlingsregelen skulle tilsi.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Kystpartiet er enig at det er mer enn forsvarlig å bruke
mer penger enn handlingsregelen tilsier, men mener at man bør
avvikle handlingsregelen, siden den likevel ikke blir fulgt.
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser
til at statsregnskapet viser rekordhøyt forbruk av oljepenger
i 2004. Det oljekorrigerte underskuddet er på hele 79,2
mrd. kroner. Etter aktivitetskorrigeringer ble det strukturelle,
oljekorrigerte underskuddet redusert til 58,8 mrd. kroner. Ifølge handlingsregelen
skulle dette underskuddet tilsvare forventet realavkastning av oljefondet
i 2004, 33,9 mrd. kroner. I stedet for å bruke 4 pst. av
oljefondets kapital, har Norge i 2004 brukt 7 pst. av oljefondets kapital. Disse
medlemmer synes det er fornuftig å tilpasse bruken
av oljepenger til landets økonomiske situasjon, og støtter
en fleksibel tolkning av handlingsregelen.
Disse medlemmer har merket seg
at det sentrale målet for den økonomiske politikken
- nivået på det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskuddet
- i nasjonalbudsjettet for 2004 ble anslått til 50,7 mrd. kroner.
I revidert budsjett ble dette oppjustert til 55,2 mrd. kroner. Endelig
statsregnskap for 2004 viser et underskudd på 58,8 mrd.
kroner - 8,1 mrd. kroner høyere enn opprinnelig vedtatt.
Lærdommen av dette bør etter disse medlemmers oppfatning
være at styring av finanspolitikken etter en bokstavtro
tolkning av den såkalte handlingsregelen, er lite meningsfylt.
I stedet bør fokus være på en aktivitetskorrigering
i tråd med temperaturen i økonomien, med handlingsregelen som
en veiledning i forhold til den langsiktige innfasingen av oljepenger
i norsk økonomi.
Disse medlemmer har registrert
at Regjeringen har lagt om sin tolkning av handlingsregelen i denne retning.
Komiteens medlem fra Senterpartiet vil videre
vise til Senterpartiets merknad i Budsjett-innst. S. II (2004-2005)
kapittel 5.2 om gjennomføring av budsjettpolitikken.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget
til å gjøre slikt
vedtak:
St.meld. nr. 3 (2004-2005) - om statsrekneskapen medrekna
folketrygda for 2004 - legges ved protokollen.
Oslo, i finanskomiteen, den 10. juni 2005
Siv Jensen
leder og ordfører |