Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 41/2006 av 10. mars 2006 om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet IDABC

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 158 (2005-2006)
  • Kjeldedokument: St.prp. nr. 54 (2005-2006)
  • Dato: 16.05.2006
  • Utgjevar: Kommunal- og forvaltningskomiteen
  • Sidetal: 2

Til Stortinget

Sammendrag

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 41/2006 av 10. mars 2006 vart protokoll 31 i EØS-avtala om samarbeid på særskilde område utanfor dei fire fridommane endra til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2004/387 om samverkande yting av felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester til offentlege forvaltingar, føretak og borgarar (IDABC-programmet, Interoperable Delivery of pan-European eGovernment Services to Public Administrations, Businesses and Citizens).

IDABC-programmet er det tredje i rekkja av EUs IDA-program. Noreg har òg teke del i dei to føregåande programma. Tidlegare IDA-program er vortne evaluerte og framheva som nokre av EUs mest vellukka program. Det er ønskjeleg at dei gode resultata vert vidareførde og nytta om att på nye område med IDABC. Målet for programmet er å identifisere, støtte og fremje utvikling og etablering av felleseuropeiske offentlege tenester (e forvaltingstenester) og underliggjande infrastruktur som kan verke på tvers av landegrensene i Europa.

I IDABC-programmet vert det lagt opp til å fjerne hindringar for elektronisk kommunikasjon mellom offentlege styresmakter på alle nivå, i tillegg til mellom verksemder og borgarar. Det er venta at dette skal medverke til å betre vilkåra for næringslivet i Europa og dermed redusere dei administrative byrdene og avgrense byråkratiet. I programmet vert det lagt til grunn at betra yting av e forvaltingstenester gjer det mogleg for verksemder og borgarar å kommunisere aktivt med offentlege styresmakter utan å ha IT-dugleik eller kunnskap om korleis offentlege styresmakter er organiserte på førehand.

Norsk deltaking i programmet opnar for at norske sektorstyresmakter kan utnytte felles telematikkløysingar på lik linje med EUs eigne medlemmer, utan tilleggskostnader eller meiradministrasjon.

Kommisjonen utarbeidar eit rullerande arbeidsprogram for prosjekta i programmet.

Representantar frå medlemsstatane hjelper Kommisjonen med styringa av programmet gjennom ein forvaltingskomité (Pan-European eGovernment Services). EØS-EFTA-statane vil få ta del som observatørar i denne komiteen.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil ha koordineringsrollen for IDABC.

Den totale kostnadsramma for IDABC i perioden 2005-2009 er 148,7 mill. euro, dvs. gjennomsnittleg 29,74 mill. euro per år. Noregs del vil vere om lag 19,6 mill. kroner, dvs. vel 5 mill. kroner per år. I tillegg kjem utgifter til administrative kostnader og nasjonale oppfølgingsaktivitetar. Dei samla årlege kostnadene vert dermed rekna til å vere om lag 6 mill. kroner.

Deltaking i programmet vil ikkje føre til krav om endringar i norsk regelverk.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet viser til at EU-programmet IDABC vil vere eit sentralt verkemiddel for realisering av handlingsplanen i 2010 og andre informasjonssamfunnsspørsmål. Noreg tek del i EUs målsettingar for IT-politiske aktivitetar og difor er det Fornyings- og administrasjonsdepartementet si oppfatning at Noreg vil kunne ha stor nytte av å ta del i programmet. Noreg vil difor ha mykje å vinne gjennom eit tettare europeisk samarbeid.

Merknader og tilråding

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Dag Terje Andersen, Tore Hagebakken, Saera Khan, Inger Løite og Arild Stokkan-Grande, fra Fremskrittspartiet, Per-Willy Amundsen, Åge Starheim og Ib Thomsen, fra Høyre, Kari Lise Holmberg og Bent Høie, fra Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen, fra Kristelig Folkeparti, Bjørg Tørresdal, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og fra Venstre, Vera Lysklætt, har ingen merknader til forslaget i proposisjonen.

Komiteens utkast til innstilling ble 9. mai 2006 forelagt utenrikskomiteen til uttalelse. Utenrikskomiteen meddelte 10. mai 2006 at den ikke har merknader.

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykker til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 41/2006 av 10. mars 2006 om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet IDABC.

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 16. mai 2006

Dag Terje Andersen

leder

Inger Løite

ordfører