1. Samandrag

Departementet går i meldinga inn for å utvikle det norske utdanningssystemet vidare gjennom tidleg innsats for livslang læring. Bakgrunnen er at skolen har vist seg å vidareføre og for ein del forsterke allereie eksisterande sosiale skilnader, i staden for å utjamne ulikskap. Framlegga i meldinga er meint å motverke dette, til beste for den einskilde og for arbeids- og samfunnslivet. Med tidleg innsats meiner departementet innsats på eit tidleg tidspunkt i eit barn sitt liv. Tidleg innsats tyder òg at ein må setje inn tiltak så raskt som råd når problem vert avdekte. Dette gjeld anten utford­ringane kjem i førskolealder, under grunnopplæringa eller i vaksen alder.

Departementet meiner at det norske utdanningssystemet har mange kvalitetar som det er verd å byggje vidare på. OECD sin landrapport frå 2006 peikar på dette, men òg på at utbygging og ressursar i seg sjølv ikkje er nok til at utdanningssystemet verkar utjamnande sosialt. Meldinga går igjennom forsking og statistikk som syner behovet for å jamne ut sosial ulikskap, og om kva som fremjar og hemmar læring. Meldinga gir eksempel på god praksis og tiltak som har vist seg å verke godt.

Departementet sitt mål er eit opplæringssystem som gir alle elevar naudsynte grunnleggjande ferdigheitar, uavhengig av kva for bakgrunn dei har. Eit breitt syn på kunnskap skal liggje til grunn for opplæringa. Gode kunnskapar og grunnleggjande ferdigheitar i mellom anna lesing, skriving, rekning og IKT er avgjerande for å kunne delta i eit moderne arbeids- og samfunnsliv. I tillegg er det viktig at alle utviklar sosial, kulturell og etisk kompetanse, evne til samarbeid og kritisk tenking. Alle må utvikle kunnskap og innsikt som fremjar danning, deltaking i demokratiske prosessar og det å ta ansvar for eige liv. Å trekkje den einskilde inn i slike læringsfellesskap gir også ein ståstad for livslang læring. Departementet ser elles meldinga som eitt av fleire tiltak i ei heilskapleg satsing mot fattigdom og utstøyting.

Dei sentrale tiltaka i meldinga spenner frå tidleg språkstimulering av alle born i førskolealder, økt kompetanse og kvalitet i barnehagen, til tidleg innsats for systematisk vurdering, tilbakemelding og målretta oppfølging av læringsutviklinga til elevane i grunnopplæringa. Departementet gjer òg framlegg om tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring og om eit kunnskapsløft for vaksne. I tillegg skal mellom anna rådgjevingstenesta verte profesjonalisert og styrka. Departementet legg vekt på å ha ein god og omfattande dialog med alle involverte i gjennomføringa av tiltaka og vil sjå til at sentrale nettstader blir nytta aktivt for å spreie informasjon.

Når det gjeld småbarnsalderen, viser meldinga til at Regjeringa har lagt tilhøva til rette for at kommunane kan nå full barnehagedekning i 2007, og med denne føresetnaden siktar mot lovfesta rett til barnehageplass frå 2009. Meldinga inneheld framlegg om å greie ut om det er mogleg å innføre ein kommunal plikt til språkstimulering for born i førskolealder som har særskilt behov for dette. Dette gjeld også når barnet ikkje er i barnehage. Kostnadene med å avdekkje språkvanskar og med oppfølgingstiltak må vurderast nærmare og i samanheng med dei ressursane som i dag er knytte til retten til spesialpedagogisk hjelp før skolepliktig alder.

Departementet vil setje i gang eit arbeid med ein strategi for å lyfte kompetansen i barnehagesektoren, jf. omtala i St.prp. nr. 1 (2006-2007). Departementet vil vidare utarbeide ein tiltaksplan for rekruttering av førskolelærarar.

For grunnopplæringa viser Regjeringa til veksten i kommunane og fylkeskommunane sine frie inntekter i 2006 og 2007, og til framlegget om å utvide skole­dagen opp til 28 timar undervisning i veka på barnetrinnet. Auka timetal skal nyttast til å auke kvaliteten i opplæringa og gi rom for å styrkje elevane sine grunnleggjande ferdigheiter. Den utvida skoledagen skal leggje til rette for meir fysisk aktivitet og for leksehjelp. Den skal òg gi rom for meir merksemd omkring elevvurdering og for gode rammer omkring måltida. Ein lengre skoledag vil minske behovet for skolefritidsordninga.

Regjeringa vil innføre ei ordning med frukt og grønt for alle elevar i grunnskolen. Ei arbeidsgruppe har vurdert ulike alternativ for å innføre skolemat, og departementet vil komme attende med ei nærare vurdering av dette.

Departementet vil utvikle nye nasjonale prøver som grunnlag for kvalitetsutvikling i skolen. Ein vil gjennomføre kartleggingsprøver i lesing på 2. trinn og i rekning (talforståing) på 2. og 3. trinn. Systemet for individvurdering og praksis i dag skal utviklast vidare. Føremålet er at alle elevar skal få faglege, realistiske og naudsynte tilbakemeldingar, og slik få større læringsutbytte. Departementet vil vurdere ulike verkemiddel for ei betre oppfølging av resultata til den einskilde eleven ut frå kartleggingsprøvene og til skolen ut frå dei nasjonale prøvene.

Departementet gjer framlegg om å forenkle regelverket slik at skolane i nokre tilfelle sjølve kan gjere vedtak om spesialundervisning. Dette gjeld når skolane sjølve har kompetanse til å vurdere saka. Departementet vil vidare føreslå ein eigen regel i opplæringslova som regulerer retten til særskild språkopplæring i vidaregåande opplæring. Dette vil synleggjere dei rettane som alt finst. Samstundes vil ei slik endring ta bort kravet om sakkunnig vurdering knytt til retten.

Departementet vil vurdere om det kan vere føremåls­tenleg å innføre eit toårig praksisbasert løp i vidare­gåande opplæring. Eit slikt alternativ kan munne ut i praksisbrev. Framlegget inneber ikkje endringar i den einskilde sin rett til opplæring i tre år.

For å styrkje rådgjevinga i skolen vil departementet få utarbeidd ulike kompetansekriterium for sosialpedagogisk rådgjeving og for utdannings- og yrkesrettleiing. Regelverket for retten til rådgjeving må presisere kva for oppgåver som er knytte til dei to slaga rådgjeving. Departementet vil òg greie ut om ein bør opprette eit eige nasjonalt koordinerande organ for utdannings- og yrkesrådgjeving. Meldinga inneheld vidare framlegg om å utvide mandatet til Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) til òg å gjelde det første året i vidaregåande opplæring. Departementet varslar elles i meldinga at ein vil målrette og effektivisere det statlege tilsynet med opplæringslova og friskolelova.

Når det gjeld høgare utdanning, vil departementet vurdere organiseringa av lærarutdanninga, m.a. som ei oppfølging av NOKUT si evaluering. Departementet gjer vidare framlegg om at det skal vere høve til å binde renta på studielån i ti år.

Meldinga inneheld eit eige kapittel om eit kunnskapsløft for vaksne. Departementet ønskjer å endre opplæringslova slik at retten til opplæring for dei som er fødde før 1978, blir utvida til ein rett for vaksne over 25 år. Ein motivasjons- og informasjonskampanje retta mot vaksne skal setjast i gang. Moglege insentivordningar for at fleire lågt utdanna tek del i opplæringstiltak i verksemdene skal greiast ut. Departementet gjer vidare framlegg om å utvide målgruppa for Program for basiskompetanse i arbeidslivet.

Dei økonomiske og administrative konsekvensane av framlegga i meldinga vil departementet komme attende til i samband med dei årlege budsjettframlegga. Dette gjeld m.a. kompetanseheving og rekruttering av førskolelærarar, utvida timetal på barnetrinnet, frukt og grønt i skolen, effektivisering av statleg tilsyn og framlegget om å utvide målgruppa for Program for basiskompetanse. Departementet vil òg ta opp eventuelle konsekvensar av styrka rådgjeving i skolen i budsjettsamanheng.

Utgreiinga av framlegget om språkstimulering i småbarnsalder skal ta for seg ulike sider ved ein kommunal plikt, m.a. kva tid han kan innførast og kva for kostnader som følgjer med. I utgreiinga om nasjonalt koordinerande organ for rådgjevingstenesta vil òg kostnadene verte vurderte.

Departementet tek sikte på å dekkje kostnadene til å utvikle systemet for vurdering i grunnopplæringa innafor den ordinære budsjettramma. Framlegget om for­enkla regelverk med omsyn til vedtak om spesialundervisning vil kunne frigjere ressursar til å styrkje tidleg innsats i skolen. Departementet legg elles til grunn at ein rett til særskilt språkopplæring på vidaregåande nivå ikkje har budsjettkonsekvensar.

Departementet vil i si vidare vurdering av eit toårig løp med praksisbrev sjå på dei økonomiske følgjene av framlegget. Ei lovendring som gir rett for vaksne over 25 år, inneber auka kostnader for fylkeskommunane, rekna til 47 mill. kroner per år.

Administrative kostnader med lengre bindingstid på studielån og likeeins framlegget om ein kampanje retta mot vaksne, vert å dekkje innafor budsjettramma.