Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om … og ingen sto igjen. Tidlig innsats for livslang læring

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 164 (2006-2007)
  • Kjeldedokument: St.meld. nr. 16 (2006-2007)
  • Dato: 29.03.2007
  • Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forsknings­komiteen
  • Sidetal: 27

Til Stortinget

1. Samandrag

Departementet går i meldinga inn for å utvikle det norske utdanningssystemet vidare gjennom tidleg innsats for livslang læring. Bakgrunnen er at skolen har vist seg å vidareføre og for ein del forsterke allereie eksisterande sosiale skilnader, i staden for å utjamne ulikskap. Framlegga i meldinga er meint å motverke dette, til beste for den einskilde og for arbeids- og samfunnslivet. Med tidleg innsats meiner departementet innsats på eit tidleg tidspunkt i eit barn sitt liv. Tidleg innsats tyder òg at ein må setje inn tiltak så raskt som råd når problem vert avdekte. Dette gjeld anten utford­ringane kjem i førskolealder, under grunnopplæringa eller i vaksen alder.

Departementet meiner at det norske utdanningssystemet har mange kvalitetar som det er verd å byggje vidare på. OECD sin landrapport frå 2006 peikar på dette, men òg på at utbygging og ressursar i seg sjølv ikkje er nok til at utdanningssystemet verkar utjamnande sosialt. Meldinga går igjennom forsking og statistikk som syner behovet for å jamne ut sosial ulikskap, og om kva som fremjar og hemmar læring. Meldinga gir eksempel på god praksis og tiltak som har vist seg å verke godt.

Departementet sitt mål er eit opplæringssystem som gir alle elevar naudsynte grunnleggjande ferdigheitar, uavhengig av kva for bakgrunn dei har. Eit breitt syn på kunnskap skal liggje til grunn for opplæringa. Gode kunnskapar og grunnleggjande ferdigheitar i mellom anna lesing, skriving, rekning og IKT er avgjerande for å kunne delta i eit moderne arbeids- og samfunnsliv. I tillegg er det viktig at alle utviklar sosial, kulturell og etisk kompetanse, evne til samarbeid og kritisk tenking. Alle må utvikle kunnskap og innsikt som fremjar danning, deltaking i demokratiske prosessar og det å ta ansvar for eige liv. Å trekkje den einskilde inn i slike læringsfellesskap gir også ein ståstad for livslang læring. Departementet ser elles meldinga som eitt av fleire tiltak i ei heilskapleg satsing mot fattigdom og utstøyting.

Dei sentrale tiltaka i meldinga spenner frå tidleg språkstimulering av alle born i førskolealder, økt kompetanse og kvalitet i barnehagen, til tidleg innsats for systematisk vurdering, tilbakemelding og målretta oppfølging av læringsutviklinga til elevane i grunnopplæringa. Departementet gjer òg framlegg om tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring og om eit kunnskapsløft for vaksne. I tillegg skal mellom anna rådgjevingstenesta verte profesjonalisert og styrka. Departementet legg vekt på å ha ein god og omfattande dialog med alle involverte i gjennomføringa av tiltaka og vil sjå til at sentrale nettstader blir nytta aktivt for å spreie informasjon.

Når det gjeld småbarnsalderen, viser meldinga til at Regjeringa har lagt tilhøva til rette for at kommunane kan nå full barnehagedekning i 2007, og med denne føresetnaden siktar mot lovfesta rett til barnehageplass frå 2009. Meldinga inneheld framlegg om å greie ut om det er mogleg å innføre ein kommunal plikt til språkstimulering for born i førskolealder som har særskilt behov for dette. Dette gjeld også når barnet ikkje er i barnehage. Kostnadene med å avdekkje språkvanskar og med oppfølgingstiltak må vurderast nærmare og i samanheng med dei ressursane som i dag er knytte til retten til spesialpedagogisk hjelp før skolepliktig alder.

Departementet vil setje i gang eit arbeid med ein strategi for å lyfte kompetansen i barnehagesektoren, jf. omtala i St.prp. nr. 1 (2006-2007). Departementet vil vidare utarbeide ein tiltaksplan for rekruttering av førskolelærarar.

For grunnopplæringa viser Regjeringa til veksten i kommunane og fylkeskommunane sine frie inntekter i 2006 og 2007, og til framlegget om å utvide skole­dagen opp til 28 timar undervisning i veka på barnetrinnet. Auka timetal skal nyttast til å auke kvaliteten i opplæringa og gi rom for å styrkje elevane sine grunnleggjande ferdigheiter. Den utvida skoledagen skal leggje til rette for meir fysisk aktivitet og for leksehjelp. Den skal òg gi rom for meir merksemd omkring elevvurdering og for gode rammer omkring måltida. Ein lengre skoledag vil minske behovet for skolefritidsordninga.

Regjeringa vil innføre ei ordning med frukt og grønt for alle elevar i grunnskolen. Ei arbeidsgruppe har vurdert ulike alternativ for å innføre skolemat, og departementet vil komme attende med ei nærare vurdering av dette.

Departementet vil utvikle nye nasjonale prøver som grunnlag for kvalitetsutvikling i skolen. Ein vil gjennomføre kartleggingsprøver i lesing på 2. trinn og i rekning (talforståing) på 2. og 3. trinn. Systemet for individvurdering og praksis i dag skal utviklast vidare. Føremålet er at alle elevar skal få faglege, realistiske og naudsynte tilbakemeldingar, og slik få større læringsutbytte. Departementet vil vurdere ulike verkemiddel for ei betre oppfølging av resultata til den einskilde eleven ut frå kartleggingsprøvene og til skolen ut frå dei nasjonale prøvene.

Departementet gjer framlegg om å forenkle regelverket slik at skolane i nokre tilfelle sjølve kan gjere vedtak om spesialundervisning. Dette gjeld når skolane sjølve har kompetanse til å vurdere saka. Departementet vil vidare føreslå ein eigen regel i opplæringslova som regulerer retten til særskild språkopplæring i vidaregåande opplæring. Dette vil synleggjere dei rettane som alt finst. Samstundes vil ei slik endring ta bort kravet om sakkunnig vurdering knytt til retten.

Departementet vil vurdere om det kan vere føremåls­tenleg å innføre eit toårig praksisbasert løp i vidare­gåande opplæring. Eit slikt alternativ kan munne ut i praksisbrev. Framlegget inneber ikkje endringar i den einskilde sin rett til opplæring i tre år.

For å styrkje rådgjevinga i skolen vil departementet få utarbeidd ulike kompetansekriterium for sosialpedagogisk rådgjeving og for utdannings- og yrkesrettleiing. Regelverket for retten til rådgjeving må presisere kva for oppgåver som er knytte til dei to slaga rådgjeving. Departementet vil òg greie ut om ein bør opprette eit eige nasjonalt koordinerande organ for utdannings- og yrkesrådgjeving. Meldinga inneheld vidare framlegg om å utvide mandatet til Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) til òg å gjelde det første året i vidaregåande opplæring. Departementet varslar elles i meldinga at ein vil målrette og effektivisere det statlege tilsynet med opplæringslova og friskolelova.

Når det gjeld høgare utdanning, vil departementet vurdere organiseringa av lærarutdanninga, m.a. som ei oppfølging av NOKUT si evaluering. Departementet gjer vidare framlegg om at det skal vere høve til å binde renta på studielån i ti år.

Meldinga inneheld eit eige kapittel om eit kunnskapsløft for vaksne. Departementet ønskjer å endre opplæringslova slik at retten til opplæring for dei som er fødde før 1978, blir utvida til ein rett for vaksne over 25 år. Ein motivasjons- og informasjonskampanje retta mot vaksne skal setjast i gang. Moglege insentivordningar for at fleire lågt utdanna tek del i opplæringstiltak i verksemdene skal greiast ut. Departementet gjer vidare framlegg om å utvide målgruppa for Program for basiskompetanse i arbeidslivet.

Dei økonomiske og administrative konsekvensane av framlegga i meldinga vil departementet komme attende til i samband med dei årlege budsjettframlegga. Dette gjeld m.a. kompetanseheving og rekruttering av førskolelærarar, utvida timetal på barnetrinnet, frukt og grønt i skolen, effektivisering av statleg tilsyn og framlegget om å utvide målgruppa for Program for basiskompetanse. Departementet vil òg ta opp eventuelle konsekvensar av styrka rådgjeving i skolen i budsjettsamanheng.

Utgreiinga av framlegget om språkstimulering i småbarnsalder skal ta for seg ulike sider ved ein kommunal plikt, m.a. kva tid han kan innførast og kva for kostnader som følgjer med. I utgreiinga om nasjonalt koordinerande organ for rådgjevingstenesta vil òg kostnadene verte vurderte.

Departementet tek sikte på å dekkje kostnadene til å utvikle systemet for vurdering i grunnopplæringa innafor den ordinære budsjettramma. Framlegget om for­enkla regelverk med omsyn til vedtak om spesialundervisning vil kunne frigjere ressursar til å styrkje tidleg innsats i skolen. Departementet legg elles til grunn at ein rett til særskilt språkopplæring på vidaregåande nivå ikkje har budsjettkonsekvensar.

Departementet vil i si vidare vurdering av eit toårig løp med praksisbrev sjå på dei økonomiske følgjene av framlegget. Ei lovendring som gir rett for vaksne over 25 år, inneber auka kostnader for fylkeskommunane, rekna til 47 mill. kroner per år.

Administrative kostnader med lengre bindingstid på studielån og likeeins framlegget om ein kampanje retta mot vaksne, vert å dekkje innafor budsjettramma.

2. Merknader frå komiteen

2.1 Innleiing

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Freddy de Ruiter, Anniken Huitfeldt, Gerd Janne Kristoffersen, Anna Ljunggren og Torfinn Opheim, frå Framstegspartiet, Anders Anundsen, Jon Jæger Gåsvatn og Åse M. Schmidt, frå Høgre, Gunnar Gundersen og leiaren Ine Marie Eriksen Søreide, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Lena Jensen, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen, frå Senterpartiet, Inger S. Enger, og frå Venstre, Odd Einar Dørum, viser til meldinga.

Komiteen viser til at trass i formelt lik rett til å delta i utdanningssystemet, og trass i at det lenge har vore eit mål å bruke utdanningssystemet til å utjamne sosiale forskjellar, er det framleis store sosiale skeivheiter i det norske samfunnet, og dei blir reproduserte. Av dei som tar høgare utdanning, har 40 pst. høgt utdanna foreldre, medan 8 pst. har foreldre med grunnskoleutdanning. Forskjellane kjem også til uttrykk i utbyttet av utdanningane: Av avgangselevane i grunnskolen får dei med høgt utdanna foreldre gjennomsnittleg over ein heil karakter betre resultat i kvart fag enn elevar som har foreldre med grunnskoleutdanning.

Komiteen har merka seg at det varierer frå land til land i kor stor grad familiebakgrunn avgjer læringsutbyttet. Det er mogleg å lukkast betre med sosial utjamning enn det vi gjer i det norske utdanningssystemet i dag. Det er derfor vesentleg å ta utgangspunkt i at alle har eit potensial for læring sjølv om det alltid vil vere individuelle forskjellar i læringsutbytte. Spørsmålet er ikkje korfor ikkje alle lærer like mykje eller godt, men korfor systemet ikkje utliknar forskjellar i læringsutbytte mellom sosiale grupper. Komiteen meiner derfor det ikkje er vanskeleg å slutte seg til intensjonen om at alle individ skal ha sjansen til å utvikle sine evner og talent.

Komiteen viser til ein dansk studie frå 2004, "De gode eksemplene". Studien viser at skolar som lukkast i læringa for elevar som tradisjonelt ville få dårlegare karakterar, hadde ulik pedagogisk praksis, men likevel var det ein del fellestrekk mellom verksemda ved desse skolane. Av desse fellestrekka finn vi mellom anna tydeleg og synleg skoleleiing, strukturerte og planlagde aktivitetar, vektlegging av faglege ferdigheiter, tilpassa opplæring og verdsetting av ressursane til elevane. Dette samsvarer etter komiteen si meining også med norske funn, mellom anna evalueringa av Reform 97.

Komiteen viser til at det skjer eit stort reformarbeid i den norske skolen i dag gjennom Kunnskapsløftet. Denne reforma skal mellom anna styrkje opplæringa i grunnleggjande ferdigheiter, og vil kunne hjelpe til at fleire får eit betre læringsutbytte.

Komiteen har merka seg at Regjeringa ikkje legg fram omfattande nye reformer i meldinga.

Men fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, understrekar at det på ei rekke område blir føreslått endringar som skal styrkje utdanningssystemet si evne til å kompensere for sosiale skilnader.

Komiteen ser det slik at sjølv om vi lukkast for dårleg med utjamning av sosiale ulikskapar i læring i det norske utdanningssystemet i dag, så kan det ikkje skrivast ut ein fasit for kva som er korrekte læringssituasjonar. Tvert om er komiteen opptatt av at lærarane er profesjonsutøvarar som innanfor rammene av nasjonal og lokal styring skal ha fridom til å leggje opp undervisninga. Høge forventningar til profesjonelle pedagogar må svarast med gode rammevilkår og tilstrekkelege ressursar i vid meining frå fellesskapet si side.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, har merka seg at meldinga omhandlar utdanning og sosial utjamning, og særleg tar for seg problemstellingar knytte til reproduksjon av sosiale ulikskapar. Sjølv om det blir lagt vekt på sosioøkonomiske variablar, vil fleirtalet understreke at det er nødvendig med innsats på ei rekke område for å sikre inkludering og like sjansar for alle. Til dømes må det jobbast vidare med betre ivaretaking av funksjonshemma i barnehagar, skole og høgare utdanning. I samband med den varsla gjennomgangen av det spesialpedagogiske støtteapparatet vil eit føremål vere å sjå til at behova til denne gruppa blir betre ivaretatt. Utdanningssystemet må også styrkje arbeidet med å sikre at behova til minoritetsspråklege elevar blir ivaretatt.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, meiner tiltak som gratis kjernetid i barnehagen og lovfesta rett til særskild norskundervisning i vidaregåande opplæring er viktige.

Elles merkar dette fleirtalet seg at meldinga ikkje først og fremst omfattar enkeltgrupper ,og meiner dette er ei riktig tilnærming til spørsmålet om utjamning av sosiale ulikskapar. Dette fleirtalet viser til dømes til at ulikheita mellom majoritetsspråklege og minoritetsspråklege elevar i stor grad kjem av skilnader i sosioøkonomiske bakgrunnsvariablar, og ikkje språkleg eller kulturell tilknyting. Når systemet ikkje maktar å inkludere alle samfunnsgrupper, er det systemet si manglande evne til å møte behova til enkeltmenneske som bør stå i sentrum.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre mener at St.meld. nr. 16 (2006-2007) … og ingen sto igjen - retter seg inn mot en av hovedutford­ringene i norsk skole, men at navnet skaper forventninger og ambisjoner som meldingen ikke innfrir. Disse medlemmer mener at alle elever skal gis like muligheter til utvikling og til å realisere sitt potensial. Kunnskapsløftet kom som en konsekvens av at flere undersøkelser har vist at norsk skole har store utfordringer når det gjelder kvalitet og resultater. Analysene i meldingen er i stor grad kjent informasjon fra arbeidet med Kunnskapsløftet. Den sosiale dimensjonen er en del av dette, og disse medlemmer vil understreke de fem viktigste tiltakene i Kunnskapsløftet. Disse er:

  • 1. Fokus på kunnskap og læring

  • 2. Læreplaner med klare kompetansemål

  • 3. Sterk vekt på grunnleggende ferdigheter, bl.a. lesing, skriving og regning

  • 4. Metodefrihet

  • 5. Et historisk kompetanseløft for lærerne.

Disse medlemmer vil fremheve at sammen med individuell kartlegging av og åpenhet om resultatene, har man verktøyene og virkemidlene som trengs for å skape en skole med klart eierskap og klar ledelse. Dette er igjen viktige forutsetninger for om skolen skal kunne utjevne sosiale forskjeller. Disse medlemmer er derfor kritiske til at meldingen ikke legger vekt på å sikre viktige forutsetninger i Kunnskapsløftet.

Disse medlemmer vil understreke at det er kommunene og fylkeskommunene som er skoleeiere i Norge, men det er i departementet og på statlig nivå at mange av retningslinjene legges og skoleeiernes rammebetingelser fastlegges. Staten må sikre en informasjonsinnhenting som gjør at man får mer kunnskap om skolen for effektivt å analysere behov i skolen og i hvilken grad lovverk og forskrifter følges opp av skoleeiere, samt stimulere til at kommunepolitikerne også blir aktive skoleeiere. En god skole starter med et godt og aktivt eierskap. En skoleeier som kjenner sitt ansvar, vil være opptatt av at skolen skaper de resultater som læreplanene og opplæringsloven forutsetter og at elevene skal få like muligheter. Disse medlemmer mener at meldingen mangler denne dimensjonen. Det kommenteres eller diskuteres ikke hvordan man skaper gode og engasjerte lokale skoleeiere i Norge. Den enkelte lokalpolitiker må stimuleres til å ta sitt ansvar, og de enkelte kommunestyrer må settes i stand til å kunne vurdere om skolen i deres kommune skaper de ønskede resultater.

Disse medlemmer mener at målbarhet av, åpenhet om og enkel tilgang til resultatene i skolen er helt sentrale forutsetninger for aktivt lokalt eierskap. Godt, sterkt og bevisst lokalt eierskap vil sette krav til skoleledelse. I meldingen henvises det flere ganger til uklare læringsstrategier i norsk skole og hvor viktig det er å skape gode læringsmiljøer i skolen. Det beskrives hvor viktig ledelsesdimensjonen er for å gjøre skolen til en lærende organisasjon og hvor viktig dette er for de resultatene den enkelte skole skaper, men dette følges ikke opp med forslag til tiltak. Disse medlemmer mener at en systematisk satsing på og styrking av skoleledelse vil være et viktig tiltak for å sikre bedre resultater og sosial utjevning i skolen og ber departementet komme tilbake med forslag til tiltak.

Meldingen er en sammenhengende beskrivelse av hvor viktig hjemmet er for læringsmotivasjon hos den enkelte elev. Disse medlemmer vil understreke denne dimensjonen. Det er avgjørende viktig at skolen forsøker å involvere flest mulige foreldre i læringsstrategiene og vil understreke arbeidet som gjøres ved Storhamar skoles "Foreldreskolen". Det er derfor oppsiktsvekkende at meldingen ikke er klar på at foreldre og elev må ha full tilgang på all informasjon om utviklingen i skolen. Disse medlemmer mener at foreldre og foresatte skal sikres reell innflytelse, det skal ikke være noe "liksom-demokrati", og da må informasjonen være åpen og lett tilgjengelig.

Disse medlemmer vil understreke at mange av forskjellene man ser i utdanningssystemet har sin rot i forhold i samfunnet for øvrig, for eksempel familiesituasjonen og andre samfunnsstrukturer. Skolen har likevel en viktig rolle med hensyn til sosial utjevning. Det er derfor av stor betydning at man igangsetter tiltak i skolen som kan bidra til større grad av sosial utjevning. Disse medlemmer vil understreke at nøkkelen til en god skole også ligger i å styrke læreren. En god lærer er profesjonell, trygg og en tydelig voksen.

Disse medlemmer mener meldingen er god på beskrivelser av utfordringer knyttet til sosial utjevning. Disse medlemmer mener imidlertid at på tross av at tiltakskapitlet har om lag 100 ulike forslag til tiltak, er disse tiltakene lite treffende og forpliktende. Meldingen mangler dessuten et gjennomgående fokus på funksjonshemmedes utfordringer og foreldres mulighet til å kunne være en ressurs for barnas læring. Disse medlemmer vil understreke at Regjeringen må følge opp sine gode intensjoner med mer konkrete tiltak og ikke minst ressurser for å nå dem.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil understreke at det har vært et sentralt mål for en rekke utdanningsreformer å utjevne sosiale forskjeller. Til tross for en rekke tiltak har det ikke skjedd noen utvikling/utjevning fra 1983 til 2004. Det vil altså si for årskull født i 1955-1976. Det er fortsatt slik at ulikhetene reproduseres. Årsaken er ifølge forskere at tiltakene er rettet mot skoleprestasjoner. Selv om karakterforskjellene utjevnes, vil en allikevel få vesentlig forskjell på den andelen som begynner på universitet. Elever med såkalt "høy bakgrunn" velger i langt større grad universitet enn de med "lav bakgrunn". De med "lav bakgrunn" går i større grad til høyskoler. Dette problemet med preferanseforskjeller tas i liten grad opp i meldingen. Det er kun ett tiltak rettet mot dette, nemlig rådgivning.

Disse medlemmers tilnærming til problemstillingen om sosial utjevning vil være at alle individer skal ha samme mulighet, og disse medlemmer vil motsette seg forsøk på å redusere avstanden mellom høyt utdannede og lavt utdannede ved å iverksette tiltak som begrenser den enkeltes mulighet til å utnytte sine evner eller sitt talent.

Disse medlemmer vil påpeke at utdanningsvalg er valg foretatt i usikkerhet. Når ungdom fra høyere sosiale lag velger høyere utdanning, har de større ressurser til å kunne gjennomføre. Det er også viktig å få høyere utdanning for å "opprettholde sin klasseposisjon". Forsøk med å få personer med gode karakterer fra "høy bakgrunn" til å velge yrkesfag har vært lite vellykket.

Disse medlemmer ser at de store forskjellene i norsk skole ikke går mellom skolene, men mellom klasserommene. Lærernes bruk av undervisningsverktøy er tilfeldig og lite målrettet. Det legges opp til høy elevaktivitet og det er høy toleranse for elevinnspill i norsk skole, men dette er i liten grad forankret i læringsmål. Det er større behov for kompetanse i forhold til læringstrykk. Det relasjonelle har i dag fått fortrinn fremfor læringsutbytte. Gode undervisningsmetoder er knyttet til variasjon og bruk av undervisningsverktøyene. Det er i dag stor avstand mellom forskningsfront og pedagogisk front. Lærerutdanningen har lite fokus på dette, og her må det etter disse medlemmers syn settes inn en innsats raskt, fordi det tar tid å få resultater av slike forandringer.

Disse medlemmer vil påpeke at undervisningsmetoder som gir læringsutbytte må forskningsfor­ankres, og det synes derfor feilslått at Regjeringen legger opp til å legge dette ansvaret lokalt når det er et nasjonalt problem.

Disse medlemmer vil hevde at dagens skole er preget av at en har svekket de faglige kravene i skolen for å "få flere med", noe som har ført til at skolen ikke har blitt så tydelig. Vi ser store skjevheter i læringsutbyttet, og dette brer seg oppover i systemet. Det legges stadig mindre vekt på lærernes faglige kompetanse. Språkutvikling i ungdomstiden er viktig i forhold til videre utdanning.

Disse medlemmer har merket seg at det fra lærerhold hevdes at skolen i dag stiller lavere forventninger til elever som kommer fra hjem med svakere stilte foreldre.

Disse medlemmer har merket seg at meldingen legger opp til å drøfte hva som hindrer gode læringsprosesser og konsekvenser for deltakelse og læringsutbytte. Meldingen er etter disse medlemmers vurdering ikke god nok til å følge opp dette og trekker i liten grad opp virkemidler for at skolen skal være et sted å lære og ikke bare et sted å være.

2.2 Styringssystem

Komiteen vil understreke at det er kommunane og fylkeskommunane som er skoleeigarar i Noreg, medan staten avgjer retningsliner og rammevilkår. Ein god skole er avhengig av godt eigarskap. Staten må syte for at skoleeigarane har eit kunnskapsgrunnlag til å analysere behova i skolen.

Komiteen understrekar at staten skal ha det overordna ansvaret for systematisk kontroll og informasjonsinnhenting i norsk skole, og at det er eit viktig verkemiddel for å sikre at opplæringslova og føresegnene blir oppfylt. Staten har eit ansvar etter opplæringslova for å syte for at lovverket blir fulgt opp av skoleeigarane. I denne samanhengen viser komiteen til Riksrevisjonen si undersøking av grunnopplæringa (Dokument nr. 3:10 (2005-2006)). Undersøkinga viste at det ofte er manglar ved oppfølginga av opplæringslova og føresegnene i mange kommunar. Mellom anna er det eit problem at det i ei rekke tilfelle ikkje blir tatt stilling til om alle elevar får tilfredsstillande utbytte av opplæringa ut frå evnene og føresetnadene sine. Komiteen er vidare kjend med at det nasjonale tilsynet som fylkesmennene gjennomførte i 2006, viste at mange kommunar ikkje har eit forsvarleg internkontrollsystem for vurdering av om krava i opplæringslova og føresegnene blir oppfylte.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre merker seg at meldingen sier at kommuner og fylkeskommuner må ha "ansvar for å etablere systemer for kvalitetsvurdering som gir informasjon om både skolens ressurssituasjon, kvaliteten på opplæringen og elevenes utbytte av opplæringen" (s. 71). Disse medlemmer vil minne om tittelen på meldingen, "… og ingen sto igjen", og at det er en utfordring for skolen at egenkontroll fram til nå ikke har sikret skolen mot at mange faller utenfor. Meldingen legger i stor grad opp til at skoleeier skal kontrollere seg selv. Skoleeiere og skoleledelse har med Kunnskapsløftet fått stor frihet i forhold til hvordan de når målene. Disse medlemmer vil understreke at den "ytre" kontroll av om målene nås av alle, må være sterk. I tillegg vil det for svært mange små kommuner være for ressurskrevende og uhensiktsmessig å bygge opp egne kontrollsystemer. Disse medlemmer understreker at staten bør ha det overordnede ansvar for systematisk kontroll og informasjonsinnhenting i norsk skole. Det vil være opp til hver enkelt skoleeier om en ønsker kontroll- og informasjonssystemer utover det staten etablerer.

Disse medlemmer merker seg også at det er viktig å lette overgangen mellom de forskjellige trinnene i opplæringsløpet. Dette er spesielt utfordrende mellom ungdomstrinnet og videregående opplæring.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre vil derfor foreslå at det iverksettes utvidede forsøk med kommunal overtakelse av videregående skole. Dette kan enten gjelde enkeltkommuner eller kommuner i interkommunalt samarbeid.

Disse medlemmer foreslår:

"Stortinget ber Regjeringen iverksette utvidede forsøk med kommunal overtakelse av videregående skole."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre legger vekt på at selv om kvantitative tiltak i opplæringen er viktige, vil de ha liten effekt dersom kvaliteten på tiltakene er for dårlig. For å kunne mene noe om kvaliteten på opplæringen, er det viktig at det er stor åpenhet om hva som skjer i skolen og om skolens resultater. Siden det er elevenes læringsutbytte som er det avgjørende suksesskriteriet for hvor god skolen er, må man utvise vilje til å vurdere hvor god elevenes opplæring er.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre mener at for å lykkes med å forbedre kvaliteten på elevenes skolegang, er det viktig at det er åpenhet om skolenes resultater og ut­fordringer, og at dette forankres i befolkningen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre forutsetter at den omtalte styrkingen av Skoleporten.no vil innebære at den blir lett tilgjengelig for publikum. Det forutsettes også at informasjon legges raskt ut slik at den blir et godt hjelpemiddel for skoleeiere og skoleledelse. Disse medlemmer forutsetter også at Regjeringen, ikke minst på bakgrunn av Kunnskapsløftets definisjon av IKT som en grunnleggende ferdighet, nå definerer PC som et nødvendig læremiddel. Manglende tilgang til PC for enkelte elevgrupper vil bidra til å forsterke de sosiale forskjellene meldingen hevder den vil motvirke. Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen definere PC som et nødvendig digitalt læremiddel."

Skoleleiing og pedagogisk leiing

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke med­lemene frå Framstegspartiet, har merka seg at studium viser at skoleleiinga er sentral i pedagogisk utviklingsarbeid, og at skolar som lukkast ut frå kriteriet om utjamning av sosiale forskjellar, mellom anna har det til felles at dei har ei tydeleg og fagleg sterk pedagogisk leiing. Program for skoleutvikling som blir gjennomført saman med Kunnskapsløftet, er eit sentralt verkemiddel for å styrke den pedagogiske leiinga. Fleirtalet støttar ei kartlegging av korleis skoleleiinga blir ivaretatt ved ulike skolar og ei vurdering av om skoleleiing er godt nok ivaretatt i lovverket i dag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre vil påpeke viktigheten av at skoleledelsen får den nødvendige styringsinformasjon, og understreker det oppfølgingsansvaret skoleledelsen har. Disse medlemmer vil vise til at en rekke kommuner har innført en flatere organisasjon, noe som har ført til at store oppgaver som økonomistyring, innkjøp og personalhåndtering er lagt ut til den enkelte skole. Dette innebærer større krav til lederkompetanse. Disse medlemmer vil på denne bakgrunn fremme følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen legge til rette for forsøk med at skoleledelse og pedagogisk ledelse kan ivaretas av ulike personer, slik at skoleeier står fritt til å organisere skolene i kommunen/fylket."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen klargjøre at det ikke er forbud mot å ha samme rektor for flere skoler/enheter, og sikre enhetlig praktisering i alle kommuner/fylker."

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Venstre mener at skolen skal ledes av en rektor med pedagogisk utdannelse og bakgrunn.

Disse medlemmer vil understreke at rektor må få bedre mulighet til å utøve sin rolle som pedagogisk leder. Rektor er noe annet enn en byråkrat og funksjonær. En mer selvstyrt skole betinger at skolene må styrkes med egne administrative funksjoner. I dag opplever skolene en hverdag med mange direktiv fra staten, og mye kontroll og detaljstyring fra fylkene. Den statlige skoleadministrasjonen må fungere som ressursorgan, heller enn kontrollorgan, og fylkene må gi skolene stabile betingelser, slik at de ansatte kan konsentrere seg om å skape en best mulig skole for elevene.

Komiteen er positiv til dei nye utdanningsprogrammane i skoleleleiing og -administrasjon som ulike universitet tilbyr, og ser at dette kan føre til ei ytterlegare profesjonalisering hos skoleleiarar. Ein sjølvstyrt skole føreset profesjonalitet hos skoleleiaren, og at det blir lagt til rette for skoleleiarane sine høve til kompetanseheving.

Nasjonale prøver

Komiteen har merka seg at føremålet med nasjonale prøver er å gi informasjon om i kor stor grad den enkelte skole lukkast med å utvikle dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane. Denne informasjonen skal brukast som grunnlag for vidare utvikling til det beste for elevane. Dei nasjonale prøvene og resultatet av dei vil derfor bli ein viktig del av det nasjonale vurderingssystemet.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke med­lemene frå Framstegspartiet, vil understreke at prøvene skal gjennomførast slik at det ikkje blir lagt til rette for rangering mellom skolar.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre vil presisere at heller ikke forrige regjerings praktisering av åpenhet omkring resultatene av nasjonale prøver la opp til en rangering av skoler. Disse medlemmer merker seg at Regjeringen bruker de samme formuleringer om nasjonale prøver som forrige regjering brukte.

Etter komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstres mening er åpenhet omkring skolenes innhold og resultater en forutsetning for at arbeidet med å videreutvikle både det norske skolesystemets og de forskjellige skolenes kvalitative innhold er godt forankret i befolkningen, ikke bare hos skoleeiere, skoleledelse og lærere. Fraværet av en slik tenkning har bl.a. ført til den situasjonen at norsk skole i en årrekke ikke har vært i stand til å utjevne sosiale forskjeller, til tross for sterke formuleringer om at dette var en av skolens viktigste formål. Utdanningsinstitusjonenes kvalitet og innhold er av svært stor viktighet for utviklingen av vårt samfunn, og er dermed etter disse medlemmers mening et anliggende for hele befolkningen.

2.3 Minoritetsspråklege

Komiteen vil minne om at gode kunnskapar i norsk, herunder også gode leseferdigheiter, er ein grunnleggjande føresetnad for å ta del i norsk samfunns- og arbeidsliv. Dei mange rapportane som ligg føre bl.a. frå Oslo viser at det på dette området stadig er store variasjonar. På den eine sida er studietilbøyelegheita sterkt veksande blant enkelte minoritetsspråklege grupper. På den andre sida møter skolen ei rekke born av andre generasjon innvandrarar som ikkje beherskar norsk frå første skoledag. Ei forseinka språkutvikling må sjåast som ein av dei viktigaste årsakene til fråfall i vidaregåande skole.

Komiteen vil peike på at ein skole der mange kulturar møtest, også har utfordringar i forhold til å bekjempe rasisme og intoleranse. Det er i den samanhengen også interessant å sjå det omfattande programmet som Oslo har implementert også i skolen under overskrifta "Oxlo - Oslo Extra Large". Det er god grunn til å tru at dette er bakgrunnen for at hovudstaden har ein skole der born frå så mange ulike kulturar i det store og heile arbeider saman på ein god og konstruktiv måte.

Komiteen viser til at mange born kjem til Noreg blant anna gjennom familiegjenforeining. Desse borna møter spesielle utfordringar fordi dei blir plasserte i høgare klassetrinn ut frå alder. Komiteen vil understreke behovet for å sette inn målretta tiltak mot desse elevane slik at dei raskast mogleg kan få best mogleg nytte av undervisninga i skolen.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til at det er mye forsking om minoritetsspråklegheit og skoleprestasjonar. Forskinga tyder på at born med begrensa ferdigheitar i majoritetsspråket ofte oppnår best resultat dersom dei også får moglegheit til å utvikle morsmålet (NOVA-rapport 15/03). Den pedagogiske grunngjevinga er at born har lettast for å utvikle begrep og forståing på eit språk de beherskar godt. Fleirtalet ber om at det blir utvikla godt samarbeid med forskingsmiljøa som jobbar med utfordringane rundt minoritetsspråklegheit før ein lagar universelle ordningar.

Fleirtalet vil understreke at forsking viser at det ikkje er minoritetsstatusen i seg sjølv som fører til at minoritetselevar får gjennomsnittleg lågare karakterar enn majoritetselevar. Når ein tar omsyn til at minoritetselevar gjennomsnittleg har foreldre med lågare utdanning og inntekt, er ulikskapen i prestasjonar svært små. Derfor er det også i forhold til denne elevgruppa viktig å styrke utdanningssystemet si evne til å kompensere for sosial ulikskap, i tillegg til meir målretta innsats som norskopplæring, morsmålsopplæring og inkluderande læringsmiljø.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til Kunnskapsdepartementet sin strategiplan "Likeverdig opplæring i praksis! Strategi for betre læring og større deltaking av språklege minoritetar i barnehage, skole og utdanning 2007-2009". Målsettingane med planen er blant anna å styrke norskopplæringa, betre skoleprestasjonane til minoritetsspråklege elevar i grunnopplæringa, få fleire til å gjennomføre vidaregåande og høgare utdanning. Dette fleirtalet har merka seg at planen lanserer ei rekke tiltak som skal ivareta desse målsettingane.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre vil påpeke at meldingen i for liten grad berører de utfordringene som er knyttet til en voksende andel minoritetsspråklige elever i norsk skole. Dette er først og fremst en utfordring for mange av byene, men de fleste kommuner har elever med et annet morsmål enn norsk.

Disse medlemmer vil i denne forbindelse peke på den betydelige erfaring som Oslo har opparbeidet på dette området. I grunnskolen i Oslo er det i inneværende år over 18 000 minoritetsspråklige elever som representerer 125 ulike språk og utgjør omkring 35 pst. av elevmassen. Erfaringene fra Oslo knyttet til integrering viser mange og positive resultater, selv om det også er mange store utfordringer. Disse medlemmer mener derfor at departementet i det videre arbeidet med å forberede til en stadig mer flerkulturell norsk skole - også utenfor byene - i større grad bør dra nytte av de erfaringene som er gjort i Oslo.

Disse medlemmer finner det interessant å se den bredden av tiltak som Oslo kommune setter inn i opplæringen, basert på at hver enkelt elev i skolen har rett til tilpasset opplæring.

Disse medlemmer mener at viktige elementer er tospråklig fagopplæring, strategier for bedre lesing og leksehjelp. I tillegg er det også slik at denne elevgruppen synes å ha et økende behov for ulike former for spesialundervisning. For Oslo har det vært viktig å gjennomføre systematiske tester for å sikre at den enkelte skole har tilstrekkelig grunnlag for å kunne sette inn spesielle tiltak, for eksempel for å øke leseferdighetene.

Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen om å komme tilbake til Stortinget med en egen sak om hvordan skolen kan styrkes som integreringsarena i forhold til ulike språklige minoritetsgrupper."

2.4 Tiltak

Tidleg innsats

Komiteen vil gi uttrykk for at tidleg innsats må bli eit gjennomgåande prinsipp i læringssamanheng, ikkje berre i småbarnsalderen. Systemet må omstille seg frå ei vente-og-sjå-haldning til at innsats blir sett inn så tidleg som mogleg. Komiteen viser i denne samanhengen til vektlegginga av grunnleggjande ferdigheit i Kunnskapsløftet: å kunne uttrykke seg munnleg, å kunne uttrykke seg skriftleg, å kunne lese, å kunne rekne og å kunne bruke digitale verktøy.

Komiteen vil understreke at tidleg innsats handlar om innsats på eit tidleg tidspunkt i born sitt liv, tidleg inngrep når problem oppstår eller blir avdekka enten det er i førskolealder, i løpet av grunnopplæringa eller i vaksen alder. Resultata finske elevar oppnår i PISA og TIMSS viser klart at tidleg innsats nyttar. Sjølv om det vil føre til høge kostnader i ein oppstarts- og omstellingsfase, vil det på sikt vere god samfunnsøkonomi.

Komiteen viser til at eit hovudpoeng i meldinga er tidleg innsats for livslang læring. Studium viser at det språklege fundamentet som blir lagt i småbarnsalderen, er vesentleg for sosial meistring og for seinare læring i skolen. Komiteen viser til at i førskolealderen medverkar manglande systematikk i arbeidet med språkvurdering ved helsestasjonane, manglande heilskapleg tilnærming i oppfølginga av born som har behov for språkstimulering, mangel på barnehageplassar og varierande kvalitet og kompetanse i barnehagane, til at born møter skolen med svært ulike utgangspunkt. Desse forskjellane er ofte knytte til sosial bakgrunn. 10-15 pst. av ungane i førskolealder har språkforseinking.

Komiteen merkar seg at gode pedagogiske tiltak i denne samanhengen er kjenneteikna av at dei verkar best jo tidlegare dei blir sette inn. Språkstimulering før skolealder førebyggjer sosiale forskjellar i læringsutbytte seinare i livet og reduserer behovet for og kostnadene til spesialpedagogiske tiltak i skolen. Det er samfunnsøkonomisk lønsamt å tilby gode tiltak til born som har behov for ekstra stimulering i småbarnsalderen.

I denne samanhengen viser komiteen til at prøveordningane med språkkartlegging av fireåringar på helsestasjonane ("SPRÅK 4") no blir følgt opp med midlar til oppfølging av born som viser seg å ha forseinka eller avvikande språkutvikling.

Vidare viser komiteen til at minoritetsspråklege har behov for erfaring med undervisningsspråket for å kunne få like stort læringsutbytte som majoriteten. Komiteen viser til at det er stor forskjell i deltaking i barnehage mellom majoritetsspråklege og minoritetsspråklege; medan 76 pst. av alle born går i barnehage, er talet for minoritetsspråklege 54 pst.

Forsøket med gratis kjernetid i barnehagar i område med høg del innvandrarbefolkning er etter fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, si meining eit viktig tiltak i denne samanhengen.

Komiteen meiner særskild språkstimulering i førskolealder vil vere til gagn for alle born som av ulike grunnar har forseinka språkutvikling og for minoritetsspråklege born som har behov for å lære norsk. På denne bakgrunnen støttar komiteen forslaget om å setje i gang ei utgreiing av kommunal plikt til å gi språkstimulering til alle barn i førskolealder som har behov for det, uavhengig av om dei går i barnehage eller ikkje. Komiteen er også samd i at det skal setjast i verk eit prosjekt for å følgje opp born med forseinka eller avvikande språkutvikling.

Spesialpedagogiske tiltak før skolealder

Komiteen er opptatt av at tiltaka retta mot born med særskilde behov må betrast, slik at dei blir rusta til å starte grunnskoleopplæringa. Det må sikrast eit likeverdig tilbod same kor i landet ein bur. Foreldre som har born med spesielle behov, må sleppe å kjempe for borna sine rettar. Komiteen er samd i at ein skal gjere ein heilskapleg gjennomgang av § 5-7 i opplæringslova, som gir born under opplæringspliktig alder rett til spesialpedagogisk hjelp når det er behov for det.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til betydningen av at barn i førskolealder med særlige språkvansker og minoritetsspråklige gis tilbud om tiltak som kan forebygge mot lærevansker knyttet til manglende språkferdigheter. I dag foreligger sprikende forskning på effekten av opphold i barnehage versus hjemmeomsorg når det gjelder språklig utvikling. Det er ikke dokumentert at opphold i barnehage er det beste tiltaket i forhold til de yngste barna med forsinket språkutvikling eller med annet morsmål. Disse medlemmer vil derfor understreke at det må foreligge tiltak også utenfor barnehagen for dem som ikke velger dette som omsorgsform. Mangfold og kvalitet må sikres. Retten til å få hjelp til barn med særskilte språkutfordringer må ikke begrenses av at man velger andre omsorgsformer enn barnehage.

Det er ikke alltid riktig å sette i gang med pedagogiske tiltak på et svært tidlig tidspunkt i barns liv. Det er viktig at det tas høyde for den naturlige variasjon når det gjelder tempo og ferdighetsnivå hos barn i førskole­alder. Det er viktig at man ikke prøver å forsere barnets naturlige utvikling. Disse medlemmer viser derfor til forslag om at det innen 2009 innføres kartlegging av språkferdigheter på helsestasjonens fireårskontroll som et grunnlag for videre henvisning og vurdering av iverksettelse av tilpassede tiltak (jf. Innst. S. nr. 69 (2006-2007) fra familie- og kulturkomiteen om Dokument nr. 8:103 (2005-2006)). Det er i dag igangsatt forsøksvis kartlegging med SPRÅK4 ved utvalgte helsestasjoner. Dette verktøyet bør evalueres av uavhengig forskning før man konkluderer med valg av verktøy.

Disse medlemmer viser til at det i meldingen anslås at rundt 15 pst. av alle fireåringer i Norge har behov for ekstra hjelp til språkutviklingen før skolestart. Disse medlemmer ser at det her er behov for en grundig gjennomgang av forskning på området som kan bekrefte omfanget av barn med særskilte utfordringer, dokumentere årsakene til at det er et behov for språkstimulering, definere hva som er normal variasjon og om barn som er forsinket, vil ta igjen denne forsinkelsen uten at tiltak iverksettes eller om barnet mister muligheten til annen læring på grunn av forsinkelsen.

Disse medlemmer merker seg at Regjeringen vil igangsette et eget prosjekt som skal vurdere det spesialpedagogiske støttesystemet og "belyse problemområder knyttet til støttesystemets rolle, funksjon og organisering", og at Regjeringen "på egnet måte" vil komme tilbake til Stortinget om dette. Disse medlemmer mener at "på egnet måte" er en for svak formulering, all den tid det er av avgjørende betydning at Regjeringen følger opp dette saksområdet på en grundig og forpliktende måte. På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen om å komme tilbake til Stortinget, snarest mulig og senest innen utgangen av 2008, med en sak vedrørende det spesialpedagogiske støttesystemet i skolen både lokalt og nasjonalt."

Disse medlemmer vil styrke det spesialpedagogiske arbeidet i skolen, og ikke bare før barna når skolealder. Disse medlemmer vil påpeke at det ikke bare er et spørsmål om økte ressurser til spesialpedagogiske tiltak, men også om organisering og kompetanseøkning. Det er et selvstendig poeng at den spesialpedagogiske kompetansen bør plasseres så nær elevene som mulig. Disse medlemmer er åpne for en omorganisering av den spesialpedagogiske kompetansen i skolen, slik at denne oppfyller et slikt nærhetsprinsipp. Samtidig er det viktig at det kan bygges opp kompetansesentra som kan ivareta elever som har behov for mer tilrettelegging utover det som kan finne sted i en ordinær skole. Videre bør det offentlige legge til rette for rekruttering av slik kompetanse, blant annet ved å tilby gode arbeidsforhold og utdanne flere personer med spesialpedagogisk kompetanse.

Barnehagen

Komiteen viser til at barnehagen er ein sosialiseringsarena utanfor heimen. Komiteen er opptatt av at samtidig som at det blir arbeidd for full barnehagedekning og lågare foreldrebetaling, er det viktig å ha fokus på kvalitet i sektoren.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, er samd i at når ein har nådd fram til målet om full barnehagedekning, skal det innførast ein rett til barnehageplass.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstrevil understreke at det er en forutsetning at arbeidet med å skaffe full barnehagedekning ikke skal gå på bekostning av barnehagens kvalitet, og påpeker at arbeidet med å styrke barnehagens kvalitative innhold må trappes opp.

Disse medlemmer mener kommunen har plikt til å dekke etterspørselen etter barnehageplasser. Spørsmålet om en eventuell rett på foreldrenes hånd må vurderes i overgangen til full barnehagedekning.

Komiteen viser til at det ifølgje studium er mogleg å på eit tidleg stadium oppdage teikn på at born og familiane deira treng ekstra støtte og slik unngå at born får problem seinare i livet. Komiteen vil understreke at barnehagen i kontakten med heim og skole kan medverke til at slike observasjonar blir formidla og moglege hjelpetiltak drøfta for at hjelp skal kunne bli gitt så tidleg som mogleg. På denne måten kan seinare inngrep frå barnevern og politi bli unødvendige. Barnehagen kan med ein slik type førebyggjande aktivitet medverke til at born får betre liv og samfunnet unngår store tap. Komiteen meiner òg helsestasjonar og helsepersonell i aukande grad må ta eit ansvar når det gjeld dette.

Komiteen viser til at rammeplanen er eit viktig styringsinstrument for barnehagane og for den pedagogiske verksemda der. Komiteen har merka seg at det skal setjast i gang ei evaluering av implementeringa av rammeplanen om innhaldet og oppgåvene til barnehagane. Komiteen viser vidare til at departementet vil vidareføre praksisretta forsking i regi av Noregs forskingsråd, og er nøgd med at forsking med vekt på innhaldet og kvaliteten i barnehagane vil bli prioritert.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, er opptatt av at kompetent pedagogisk personale i barnehagane er avgjerande for å kunne gi alle born eit godt barnehagetilbod i tråd med retningslinene i rammeplanen. I Noreg er det 33 pst. førskolelærarar i barnehagane mot 50 pst. i Sverige og 60 pst. i Danmark.

Fleirtalet har merka seg arbeidet til Regjeringa med å skaffe dokumentasjon som skal gi eit kunnskapsgrunnlag om kvaliteten i barnehagesektoren.

Komiteen meiner ein av fleire viktige kvalitets­indikatorar i barnehagesektoren er talet på førskole­lærarar, og støttar at Regjeringa vil utarbeide ein tiltaksplan for å rekruttere førskolelærarar.

Komiteen merkar seg at fleire kommunar og blant anna KANVAS har valt å tilsette fleire førskolelærarar på kvar avdeling. Komiteen meiner det ville ha vore svært nyttig å få til ei kartlegging av kva for verknad dette har på blant anna kvalitet, stabilitet blant dei tilsette, implementering av rammeplanen, og om tiltaket har hatt effekt på sjukefråveret som elles i sektoren er høgt.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke med­lemene frå Framstegspartiet, meiner det er eit mål å auke talet på førskolelærarar og viser til at det i Kunnskapsdepartementet sin budsjettproposisjon for 2007 vart varsla ein tiltaksplan for rekruttering av førskolelærarar til barnehagane. Denne planen vil også omfatte problemstellingar som utdanningskapasitet blant førskolelærarar, yrkesstabilitet og fråfall frå yrket, samt arbeidsmiljø og vilkår. Fleirtalet viser vidare til at departementet arbeider med ein strategi for kompetanseheving i barnehagesektoren. I 2006 vart det sett av 60 mill. kroner til kompetansesatsing i barnehagesektoren.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre støtter Regjeringens arbeid med en tiltaksplan for å skaffe nok førskolelærere til en fullt utbygd sektor og på sikt øke andelen førskolelærere i barnehagene. Kvalifisert personale er en forutsetning for at barnehagen skal bidra til å utjevne sosiale forskjeller. Disse medlemmer er derfor bekymret for at antallet dispensasjoner fra kravet om førskolelærerutdanning øker, og at arbeidet med tiltaksplanen drar ut i tid. Disse medlemmer viser til at vi allerede i dag mangler 2 244 førskole­lærere. Størst mangel har Oslo og Akershus, der henholdsvis 18 og 17 prosent av styrere og pedagogiske ledere mangler godkjent utdanning. Disse medlemmer vil understreke at uten strakstiltak for rekruttering av førskolelærere til barnehagesektoren, vil vi risikere at pedagogtettheten synker i takt med barne­hageutbyggingen. Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen sette i verk strakstiltak for å øke antall førskolelærere til barnehagesektoren, og komme tilbake til Stortinget med en redegjørelse om dette senest i forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett for 2007."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil påpeke at personalets kompetanse er en viktig kvalitetsfaktor blant flere, og at denne kompetansen er en nøkkelfaktor for barn som av ulike årsaker står i fare for å falle utenfor. Disse medlemmer ønsker å likestille alle former for barnepass og mener at personalets realkompetanse kan være et like godt grunnlag som formell kompetanse. Disse medlemmer mener et ensidig fokus på førskolelærere blir feil, og viser til at også andre høgskoleutdanninger som gir barnefaglig og pedagogisk kompetanse, kvalifiserer til styrerstilling. Disse medlemmer vil påpeke at det må være barnehageeier som må stille kompetansekrav til lederstillinger. Disse medlemmer mener videre det må være opp til foreldrene å mene noe om kvaliteten på tilbudet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre mener det er viktig at kvaliteten i barnehagene følges nøye i en periode med en sterk satsing på utbygging av nye barnehageplasser. Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en melding om kvaliteten i barnehagene."

Disse medlemmer vil særlig understreke verdien av et mangfoldig tilbud til barn under skolepliktig alder. Disse medlemmer ser at en rekke private aktører prøver ut nye pedagogiske konsepter og prinsipper. Når foreldre, pedagoger eller andre med særskilte tanker om god omsorg for de minste ønsker å sette ut i livet sitt eget barnehageprosjekt, er det viktig at disse gis mulighet til det. Disse medlemmer understreker derfor sterkt behovet for konkrete tiltak for å sikre likebehandling mellom offentlige og private barnehager. Mister vi det gode private initiativ, mister vi verdifull utvikling innen barneomsorgen.

Disse medlemmer ser at rammeplanen for barnehagen er et omfattende styringsdokument på linje med læreplanen i skolen. Det er derfor grunn til å ta høyde for at rammeplanen kan gi føringer som begrenser barnehagens handlingsrom og frihet i det pedagogiske arbeidet. Det bør åpnes for at private barnehager gis anledning til å søke om å få godkjent eget rammeplanverk eller avvik fra offentlig rammeplan, hvis denne setter begrensninger på den pedagogiske frihet eller ikke er i overensstemmelse med religiøs, filosofisk eller ideologisk overbevisning hos eier eller foreldre. Det er i dag mange ulike syn på barndom, barneoppdragelse, omsorg og læring, og det bør tilstrebes et rikt mangfold i barnehagetilbudet.

Disse medlemmer er opptatt av kvalitet i barnehagetilbudet, og det fordrer at man er tydelig på hva kvalitetskriteriene skal være. Ett kvalitetskriterium er førskolelærertettheten, andre er barnehagens innhold, foreldresamarbeid, mat, beliggenhet og tilgang til gode utearealer, kvaliteten på bygningen osv. I arbeidet med å definere kvalitetskriterier er det derfor viktig å se på resultater av langsiktig forskning på barnehagens ulike effekter i forhold til barns oppvekst. Det er i dag lite slik forskning, og behovet for ny og oppdatert kunnskap er sterkt til stede. Disse medlemmer vil derfor fremme følgende forslag:

"Regjeringen bes igangsette et forskningsprosjekt der man følger en representativ barnegruppe over lang tid. Forskningen bør søke å avdekke ulikheter i utvikling knyttet opp mot valg av omsorgsløsning, sosial bakgrunn og etnisk opprinnelse."

Komiteen vil framheve Åpen Barnehage som eit godt og fleksibelt tilbod kor born som ikkje har ordinær barnehageplass, likevel får moglegheit til å delta i ein barnehage saman med mor eller far. Tilbodet er spesielt tilrettelagt for foreldre og born, samtidig som det gir rik anledning til leik og aktivitet for borna. I stor grad spelar Åpen Barnehage innhaldet i ein vanleg barne­hagedag, og sjølv om foreldra er med borna sine, er Åpen Barnehage bemanna med førskolelærarar og assistentar slik andre barnehageavdelingar er. Dette tilbodet varierer ein del frå kommune til kommune, men vil med fordel kunne utviklast til også å jobbe med språkstimulering.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre fremmer derfor følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen igangsette tiltak for å stimulere flere kommuner til å bygge ut sitt tilbud om Åpen Barnehage, både når det gjelder omfang og innhold."

Overgang barnehage - skole

Komiteen meiner at for at skolen skal kunne tilretteleggje opplæringa for elevane frå starten av, er det viktig med god kommunikasjon i overgangen mellom barnehage og skole. Når det blir gitt informasjon om enkeltborn, skal det innhentast samtykke frå foreldra. Tillit frå og samarbeid med dei føresette i overgangen mellom barnehage og skole vil vere ein viktig premiss for ein god start på skolegangen for eleven. Eit godt samarbeid er avhengig av gode rutinar og tydelege gjensidige forventningar. Komiteen er derfor opptatt av at kommunane må planleggje og leggje til rette for gode overgangar mellom skole og barnehage og for tverretatleg samarbeid.

Kontantstøtte

Komiteen viser til at det i perioden 1999-2004 var ein nedgang i talet på born som mottok kontantstøtte i alle fylke. Nedgangen har komme parallelt med auka innsats i barnehageutbygginga. Vidare viser komiteen til at Statistisk sentralbyrå har gjennomført ein analyse av omfanget av kontantstøttebruk blant born med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn. I denne gruppa finn det ikkje stad nokon nedgang i bruken av kontantstøtte, og talet på kontantstøttemottakarar er stabilt. Denne gruppa ser altså ut til i mindre grad å vere påverka av at tilbodet av barnehageplassar har auka i perioden.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til Soria Moria-erklæringa der det står:

"Når full barnehagedekning er oppnådd, og tidligst i 2008, skal kontantstøtten legges om. Ut perioden vil vi beholde en begrenset kontantstøtteordning for ett- og to-åringer."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til at kontantstøtte er et viktig tiltak for å sikre at foreldre gis mulighet til å velge ulike omsorgsløsninger for de minste. Disse medlemmer viser til at Regjeringen vil legge om kontantstøtten når full barnehagedekning er oppnådd. Ved å fjerne kontantstøtteordningen mister de med dårligst økonomi sin valgfrihet. Forskning viser at de første tre årene er særlig viktige år hva gjelder barns utvikling. Det er viktig at alle foreldre, ikke bare de med best økonomi, gis anledning til å være til stede i større grad i egne barns liv. Disse medlemmer ønsker derfor å videreføre kontantstøtten.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti vil understreke at trygghet og tid er viktig for barns oppvekstvilkår. Derfor ønsker disse medlemmer å styrke familien som barnas viktigste fellesskap. Disse medlemmer vil også gi foreldre en reell mulighet til å velge arbeid i eller utenfor hjemmet mens barna er små.

Disse medlemmer viser til prosjektet om kontantstøtteordningens virkning på foreldrenes yrkesdeltakelse som er omtalt i St.prp. nr. 1 (2006-2007). Prosjektet beregnet virkningen av kontantstøtten til å gi et redusert arbeidstilbud på vel 14 000 årsverk per år sammenlignet med 1998 og 2002. Mødrene står for 11 000 av disse årsverkene, mens fedrene står for 3 000. Den reduserte yrkesdeltakelsen som følge av kontantstøtten er større enn anslått ved innføring av kontantstøtten. Disse medlemmer har merket seg at småbarnsforeldre jobber mer nå enn på begynnelsen av 1990-tallet, men dette prosjektet viser at foreldre til 1- og 2-åringer ville ha jobbet enda mer hvis det ikke hadde vært for kontantstøtten. Tusenvis av både mødre og fedre har valgt å jobbe mindre eller ta et midlertidig avbrekk fra yrkeslivet for å være hjemme med egne barn.

Utviding av skoledagen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at skoledagen for elevane på barnetrinnet i Noreg er kort samanlikna med andre land. Fleirtalet er samd i at det skal gjennomførast ei gradvis utviding av skoledagen frå 21 til 28 timar per uke på dei lågaste trinna. Utvidinga skal brukast til utviding av undervisningstida, styrking av norsk, matematikk og engelsk, leksehjelp og læringsstøtte til alle elevar og til variert fysisk aktivitet. Det er viktig at erfaringane med ulike former for leksehjelp no blir undersøkte, og fleirtalet er opptatt av at også andre former for læringsstøtte må ha ein plass i ein utvida skoledag. Fleirtalet er opptatt av at ei slik utviding av skoledagen vil kunne medverke til betre læring for alle elevar, men spesielt for dei som får for liten støtte utanom skoletida, vil tiltaket kunne ha stor effekt.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, meiner at samtidig som utvida timetal krev både nye ressursar og betre samordning av eksisterande ressursar, skal kvaliteten utviklast ved hjelp av kompetanseutvikling for lærarar og andre tilsette. Dette fleirtalet vil understreke at det er viktig å setje inn målretta utviklingstiltak for personalet også etter at perioden for Strategi for kompetanseutvikling er over i 2008. Dette fleirtalet meiner klasseleiing, vurdering, tilpassa opplæring og kompetanse i fag er viktige innsatsområde vidare.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til at stortingsflertallet etter forslag fra regjeringen Bondevik II utvidet skoledagen med 12 timer på barnetrinnene fra 1.-5. Dette kom som en reaksjon på stillstand i timetallsutviklingen gjennom hele 1990-tallet. Kommunenes Sentralforbund (KS) har imidlertid anslått at en utvidelse fra 21 til 28 timer vil kreve 4 000-5 000 lærerårsverk. Det er en dyr reform, og det er påfallende at meldingen heller ikke her diskuterer kostnad eller antyder en innfasingsplan for tiltaket. Det er dokumentert at norsk skole sliter med at kvaliteten på undervisningen innenfor de timene skolen allerede råder over, er lav. Det synes derfor ikke åpenbart at en så omfattende utvidelse av antall undervisningstimer er løsningen på utfordringene i skolen.

Flere timer uten at en får mer kvalitet inn i timene vil kunne gi den motsatte effekt av det som er ønsket. De elevene som er i en risikogruppe for å miste motivasjonen for skolegang, kan bli enda mer utsatt. Disse medlemmer viser til at det ikke er dokumentert en nødvendig sammenheng mellom flere timer og bedre læring. Disse medlemmer mener det er viktigere at ressursene brukes på å sikre at allerede eksisterende timer gir bedre læring og på å øke lærertettheten i skolen. Disse medlemmer forutsetter at departementet kommer med mer dokumentasjon i løpet av inneværende stortingsperiode.

Disse medlemmer mener at det i utgangspunktet er viktig å sette inn ressurser der det er størst behov for dette. Disse medlemmer vil påpeke at den kanskje viktigste faktor for å skape en kvalitativt god skole er læreren. Det bør derfor satses betydelig på lærernes kompetanseheving.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre har merket seg at departementet foreslår en generell utvidelse av skoledagen fra 21 til 28 timer på de laveste trinnene. Disse medlemmer er åpne for å starte en diskusjon om heldagsskole og få utredet mulig innhold og organisering av et slikt tiltak. Dette må imidlertid ikke bli en diskusjon som går på bekostning av det faktum at skolen må få mer kvalitet inn i den tiden den allerede har til undervisning. Inntil man ser flere og bedre resultater av dette, vil disse medlemmer understreke at en utvidelse av skoledagen ikke må gå på bekostning av andre tiltak, men finansieres med friske midler. Samtidig merker disse medlemmer seg den omfattende økonomiske kostnaden knyttet til en slik reform.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til tidligere forslag om å innføre 9-årig grunnskole med utvidet skoledag og fleksibel skolestartalder med seneste skolestart ved 7 år. Ressursene som spares ved å avskaffe det 10. året, vil kunne bli et vesentlig bidrag til å dekke kostnadene med utvidet skoledag og til å gi en kvalitetsheving av det 9-årige grunnskoletilbudet.

Komiteen viser til at det er ein klar samanheng mellom læring og ernæring og er samd i at ein i første omgang skal innføre ei ordning med gratis frukt og grønt. Komiteen er opptatt av at erfaringane frå ulike forsøk med skolemåltid som Sosial- og helse­direktoratet har medverka til, no blir systematiserte.

Komiteen vil understreke at hovedansvaret for barns ernæring fortsatt ligger hos foreldra.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til Fremskrittspartiets alternative statsbudsjett for 2007 der partiet foreslo 40 mill. kroner for å sette i gang med en ordning med skolemat i grunnskolen. Disse medlemmer vil videre påpeke at regjeringspartienes valgløfter og løftene fra Soria Moria-erklæringen ikke er fulgt opp.

Skolefritidsordninga (SFO)

Komiteen er opptatt av at ingen foreldre skal måtte ta borna ut av skolefritidsordninga (SFO) av økonomiske grunnar.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til at ei eventuell utviding av skoledagen vil bety redusert tid i SFO. Dei aller fleste borna tar del i SFO, spesielt dei første åra i skolen.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, meiner det er viktig å styrkje kvaliteten og innhaldet i skolefritidsordninga, og ønskjer eit sterkare samarbeid mellom skolen og SFO. Eit tettare samarbeid vil etter dette fleirtalet si meining kunne medverke til sterkare innsats for å utjamne sosiale forskjellar. Dette fleirtalet er opptatt av at gode eksempel på skolar og SFO som samarbeider godt, blir spreidde. Det samme gjeld døme på systematisk arbeid for å styrke kvaliteten i SFO. Dette fleirtalet ber departementet jobbe vidare med dette. Dette fleirtalet meiner ei utviding av skoledagen må medføre lågare foreldrebetaling i SFO og vil følgje utviklinga nøye.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre vil presisere at skolen skal lykkes bedre med å utjevne sosiale forskjeller enn i dag. Innsatsen må settes inn slik at det ikke er foreldrenes utdannelsesnivå og deres holdning til skolegang, elevenes kjønn eller deres etniske tilhørighet som avgjør elevens læringsutbytte. Utgangspunktet er skolens evne til å formidle kunnskaper og ferdigheter til alle uansett bakgrunn. Disse medlemmer vil understreke at det er på skolen og i hjemmet, og ikke på skolefritidsordningen, at innsatsen mot sosial utjevning må settes inn. Skolens arbeid med sosial utjevning er krevende og altfor viktig til at økonomiske ressurser eller utdanningssystemets oppmerksomhet skal overføres til andre arenaer.

Disse medlemmer vil understreke at SFO må være et trygt og kvalitetsmessig godt tilbud og fortsatt være en frivillig ordning.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil peke på at redusert oppholdstid i SFO trolig vil føre til redusert foreldrebetaling. Disse medlemmer vil understreke at de ikke ser på SFO som en naturlig oppgave for skolen, men er av den oppfatning at der det opprettes en slik ordning i tilknytning til skolen, bør foreldrene betale kostnadene ved ordningen. Foreldreorganiserte ordninger eller opplegg i regi av lag og foreninger i samarbeid med foreldrene kan gi rimelige tilbud dimensjonert etter foreldrenes egne ønsker.

Vurdering

Komiteen viser til at det blir skissert fire hovudutfordringar i forhold til vurdering i meldinga: at regelverket ikkje blir oppfatta å vere klart nok, at lærarutdanninga og skolen ikkje har tilstrekkeleg kompetanse, at vurderingskulturen og vurderingspraksisen i skolen er svak, og at det har blitt forska lite på området i Noreg.

Komiteen viser til at det er godt dokumentert at vurdering av elevar er eit område som er forsømt i norsk skole. Komiteenvil understreke at ein føresetnad for betre læring for alle elevar er eit høgt ambisjonsnivå på elevane sine vegner og eit godt system for vurdering av kvar enkelt elev. Karakterar åleine gir ikkje tilstrekkeleg informasjon om kor elevane står i forhold til faglege mål, og karakterane gir ikkje god nok innsikt i kva som er elevane sine sterke og svake sider.

Komiteen har merka seg at mange elevar ikkje får god nok informasjon om kor dei står i forhold til måla for opplæringa. Ei fagleg relevant vurdering frå lærarar er ein viktig del av læringsprosessen som kan vere med på å utvikle den faglege kompetansen og motivasjonen til vidare innsats for elevane. Elevar og føresette har krav på slike tilbakemeldingar. Det er derfor viktig å prøve ut og vurdere ulike verkemiddel som gir lærarar, elevar og føresette felles referansar og fellesforståing av kva som er forventa. Føremålet må vere å sikre dokumentert og forskingsbasert kunnskap som grunnlag for avgjerder på nasjonalt nivå.

Komiteenhar merka seg at meldinga tar opp behovet for ei mest mogleg rettferdig og likeverdig vurdering, gjennom styrka regelverk. Regelverket må vere klart og eintydig og støtte opp under dei nye læreplanane og målet om auka læringsutbytte for alle elevar. Komiteen har merka seg at ein skal gå igjennom regelverket med sikte på dette.

Komiteen er einig i at vurderinga skal medverke til motivasjon og læring. Komiteen merkar seg at departementet skal arbeide med å forbetre reglane for individvurdering slik at nokre av endringane kan gjelde alt frå skoleåret 2007-2008. Komiteen er samd i at nye verkemiddel for vurdering må prøvast ut, vurderingskompetansen må styrkjast, og det må bli forska meir på dette.

Komiteen vil understreke at vurderingssystemet må ivareta hensynet til kvalitativ tilbakemelding underveis i læringsprosessen. Samtidig må sluttvurderingen gi et mest mulig riktig bilde av elevenes kompetanse. Dagens vurderingsform med for ensidig fokus på skoleprøver i slutten av skoleåret må suppleres, slik at det omfatter andre former for dokumentasjon av læringsresultater ved siden av tradisjonell skoleeksamen. Komiteen ønsker å fortsette forsøk med mappevurdering som alternativ til tradisjonell vurdering, både ved fastsettelse av standpunkt- og eksamenskarakter. Alternative vurderingsformer må utvikles i tråd med erfaringer på de ulike fagområdene, og det må legges vekt på at bruken av nye metoder ikke bidrar til å byråkratisere lærernes hverdag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre vil understreke viktigheten av å få vurderingssystemer som blir mer fagbasert. Dette kan fremmes ved hjelp av ekstern vurdering - eksterne sensorer. Det er etter disse medlemmers syn viktig at lærernes kompetanse i vurdering blir styrket og at regelverket for individvurdering forbedres.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Venstre foreslår at elever fra første trinn må få systematiske skriftlige tilbakemeldinger basert på faglig utvikling. Dette er et viktig verktøy for å bedre foreld­res oppfølging av barna, og det vil bidra til å skape en god vurderingskultur i skolen. Disse medlemmer foreslår:

"Stortinget ber Regjeringen iverksette en ordning der elever og deres foresatte får skriftlige tilbakemeldinger basert på faglig utvikling fra første klassetrinn."

Kompetanse

Komiteen vil understreke at tilsette med høg kompetanse er den viktigaste føresetnaden for god kvalitet, både fagleg og sosialt, i heile utdanningssystemet. Kompetanseutviklinga må i størst mogleg grad byggje på kunnskap om kva som gir god læring og utvikling. Opplæringspraksis som ikkje er kunnskapsbasert, vil særleg ramme dei som har manglande læringsstøtte i heimen og lokalmiljøet, for dei er særleg avhengige av kvaliteten i det offentlege utdanningssystemet.

Etter- og vidareutdanning

Komiteen vil peike på viktigheita av at lærarane får ei systematisk etter- og vidareutdanning i yrket sitt. Lærarane si faglege utvikling er ikkje noko som blir fullendt gjennom lærarutdanninga, som i dei fleste andre yrkesgrupper trengst det påfyll og oppdatering undervegs. Dette er ikkje minst viktig for lærarane, fordi dei i yrket sitt stort sett er åleine som yrkesutøvarar i undervisningssituasjonen.

Komiteen viser til at ansvaret for å utvikle kompetansen til lærarane ligg hos skoleeigar, men at nasjonale styresmakter likevel vil ha eit medansvar for kompetanseutvikling i samband med reformer i skolen, slik som det skjer i samband med gjennomføringa av Kunnskapsløftet. Strategien "Kompetanse for utvikling - Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringen 2005-2008" skal medverke til å gjere lærarar, instruktørar og leiarar i grunnopplæringa i stand til å setje Kunnskapsløftet ut i livet. Ein føresetnad for at kompetanseutviklinga skal få gjennomslag i skolen, er at den er forankra på lokalt nivå. Strategien er av den grunn utvikla av lærarorganisasjonane, Kommunenes Sentralforbund og sentrale utdanningsstyresmakter. Dei statlege tilskotta, 300 mill. kroner for 2005 og 375 mill. kroner årleg for 2006 og 2007, blir forvalta av den enkelte skoleeigar for å dekke lokale kompetansebehov.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil understreke viktigheten av at det utarbeides en forpliktende, individuell etterutdanningsplan for den enkelte lærer. En slik plan bør ta utgangspunkt i de områder hvor læreren har et utviklingspotensial i forhold til bruk og variasjon av undervisningsverktøy, og der det legges vekt på å styrke læreren i oppgaven som rollemodell, som tydelig voksen og tydelig leder. Disse medlemmer vil understreke at dette er et nasjonalt problem og vil påpeke at bruk av undervisningsverktøy og variasjon skal ha læringsutbytte som mål, og det må være forskningsforankret.

Komiteens medlemmer fra Høyre vil peke på en ordning hvor lærerne hvert tiende år får en halvårlig videreutdanning på et relevant lærested, som ønskelig. Den halvårlige videreutdanningsenheten finansieres av staten, med full lønn for lærerne og ekstra lønnsmidler til skoleeierne for den merkostnaden disse vil få for vikarer. Denne ordningen skal ikke overta skoleeiers ansvar for å drive etterutdanning av sine lærere, men komme i tillegg. Disse medlemmer vil i denne sammenheng understreke at det er viktig at også skoleeier driver en metodisk etterutdanning av lærere, der det tilbudet som gis, er faglig relevant for hva den enkelte lærer underviser i, og av tilstrekkelig omfang. Tilbakemeldinger fra fagmiljø viser at mini­sabbater til etterutdanning på 4-6 uker har vært svært effektive for å øke lærernes kompetanse.

Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti mener elevene i skolen har krav på engasjerte, oppdaterte og kunnskapsrike lærere. Dette medlem mener derfor at vi må sikre lærere det beste utgangspunktet for å oppnå en skole som er bedre tilpasset den enkelte elev. Med forventninger om individuell tilrettelegging og til ny oppdatert kunnskap i undervisningen ser dette medlem det som helt nødvendig å kunne tilby lærerne tid til kompetanseheving.

Dette medlem mener det på denne bakgrunn bør innføres et prøveprosjekt med kompetansetid for lærere. Dette medlem vil påpeke at en fornyelsestid og kompetanseheving vil kunne gi inspirasjon, ny og oppdatert kunnskap, nye undervisningsmetoder og dermed gi eleven et bedre utdanningstilbud.

Dette medlem viser for øvrig til Kristelig Folkepartis forslag i Innst. S. nr. 15 (2006-2007).

Komiteens medlem fra Venstre vil ytterligere understreke betydningen av god og systematisk etter- og videreutdanning for lærere, og vil i denne sammenheng vise til Venstres forslag om å innføre et kompetanseår for lærere i grunn- og videregående skole slik dette er beskrevet i Dokument nr. 8:81 (2005-2006) og i Innst. S. nr. 15 (2006-2007).

Lærarutdanninga

Komiteen viser til evalueringa av allmennlærarutdanninga i regi av NOKUT, og har merka seg at departementet har sett i gang eit arbeid for å følgje opp denne, der mellom anna organiseringa av allmennlærarutdanninga vil bli vurdert. I eit sosialt utjamningsperspektiv vil komiteen peike på at pedagogane sin kompetanse er heilt avgjerande for å kunne oppfylle intensjonane i læreplanane og nasjonale målsetjingar. Komiteen er derfor glad for at departementet vil styrkje rettleiinga for nyutdanna lærarar, styrkje praksisopplæringa og prøve ut nye regionale samarbeidsmodellar mellom lærarutdanninga og grunnopp­læringa.

Komiteen imøteser departementet si oppfølging av NOKUT si evaluering av allmennlærarutdanninga, og føreset at tilrådingane frå evalueringa blir nøye vurderte i det vidare arbeidet med å sikre god kvalitet på norsk allmennlærarutdanning.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til at mange nyutdannede lærere føler seg utrygge i klasseromssituasjonen. Å få tilbakemeldinger og innspill vil kunne gjøre det enklere og raskere for den nyutdannede å bli trygg på seg selv. Disse medlemmer mener derfor det bør innføres en mentorordning for nyutdannede lærere. Konkret vil dette gå ut på at nyutdannede lærere kan knyttes opp mot en erfaren lærer det første arbeidsåret. Disse medlemmer mener vi på denne måten vil sikre at vi tar vare på og viderefører all den gode kunnskapen som erfarne lærere sitter inne med, samtidig som vi gjør overgangen fra å være student til å være i klasserommet enklere for den nyutdannede læreren.

Disse medlemmer vil understreke behovet for en omlegging av allmennlærerutdanningen. Utdanningen bør gjøres mer fagrettet, og det bør stilles høye fagkrav til den enkelte lærer for at han eller hun skal kunne undervise i det enkelte fag og trinn. Samtidig bør utdanningen utvides med flere spesialiseringsløp, bl.a. innen rådgivning og spesialpedagogikk. I tillegg bør man strukturere utdanningen slik at den er praksisnær, med tanke på å forberede studentene enda bedre til hverdagen som lærer. Disse medlemmer ønsker også å utvide praksisperioden og å stramme inn på kriteriene for å få godkjent praksisperioden.

Komiteens medlem fra Venstre viser til at Venstre som en konsekvens av dette vil gjøre allmennlærerutdanningen femårig.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre har også merket seg at departementet i denne sammenheng vil gjennomgå dagens kompetansebestemmelser i forskrift til opplæringsloven, for å se om disse er "tilpasset skolens behov". Det er blant annet et problem med dagens forskrift at kompetansen er knyttet til ansettelse snarere enn undervisning. Disse medlemmer er på denne bakgrunn av den oppfatning at det er nødvendig å endre kompetansebestemmelsene i gjeldende forskrift, slik at man sikrer at lærere har en faglig bakgrunn i fagene de reelt sett underviser i. Disse medlemmer mener at en slik forskriftsendring vil sette en ambisjon for norsk skole som er naturlig med tanke på å få større systematikk inn i etter- og videreutdanningen for lærere, samt for måten allmennlærerutdanningen organiseres på. På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen fremme nødvendige endringer i forskriftene til opplæringsloven, slik at kompetansekrav knyttes til undervisning og ikke bare til ansettelse."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil påpeke at god lærerutdanning med systematisk etter- og videreutdanning gjennom hele yrkeskarrieren er en forutsetning for høy kvalitet i skolen. Evalueringsrapporten om allmennlærerutdanningen som NOKUT fikk utarbeidet høsten 2006, viser med all tydelighet flere systematiske svakheter ved dagens allmennlærerutdanning. Disse medlemmer vil understreke viktigheten av at det stilles skjerpede krav til undervisningen av allmennlærere og at det stilles langt større krav til studentene når det gjelder kunnskaper, arbeidsinnsats og resultater. Disse medlemmer mener det er viktig at utdanningen gjøres 5-årig og avsluttes med en mastergrad, og vil på denne bakgrunn fremme følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag for å sikre at allmennlærerutdanningen i Norge legges inn i ordinær gradsstruktur og endres slik at 3-årig bachelor gir mulighet til undervisning i 1.-4. klassetrinn, og at mastergrad gir anledning til å undervise på øvrige trinn. Det må stilles krav til tilstrekkelig fordypning i enkelte fag."

Andre typar kompetanse

Komiteen viser til at mange elevar har problem av ulike slag som verkar på evnene deira til å delta aktivt i og få nytte av undervisninga. Nokre tal viser til dømes at om lag 15 pst. av elevane har åtferdsvanskar, 3 pst. av dei alvorlege vanskar. Komiteen er opptatt av at skolehelsetenesta må styrkjast og er samd i at det bør utarbeidast ein rettleiar for fleirfagleg og fleirsektorielt samarbeid om tilbodet til born og unge.

Komiteen viser i denne samanhengen til St.meld. nr. 20 (2006-2007) om Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjellar, som er til behandling i Stortinget. Der går det fram at Regjeringa vil vidareutvikle og styrke skolehelsetenesta, og at det skal gjerast ei vurdering av situasjonen i dag og kva som skal vere kapasitet og innhald i tenesta framover.

Komiteen meiner det er ein fordel og ein viktig verdi ved det norske utdanningssystemet at vi har ein fellesskole med plass til alle. Omfanget av elevar med samansette problem stiller store krav til kompetansen i skolen. Spørsmålet om det er rimeleg å krevje at lærarane skal ha kompetanse til å takle alle utfordringane i skolen, er blitt meir og meir aktuelt. Komiteen viser i denne samanhengen til at departementet no gjennomgår kompetanseføresegna. Komiteen meiner det er behov for ei større drøfting av om andre yrkesgrupper kan medverke med annan type kompetanse i skolen i langt større grad enn det som skjer i dag. Føremålet må verken vere ressurssparing eller å fortrenge pedagogane. Tvert om skal føremålet vere å finne ut om det å bruke andre yrkesgrupper i skolen i større grad, kan gi lærarane betre høve til å vere pedagogar, til det beste for elevane.

Tilpassa opplæring

Komiteen viser til at tilpassa opplæring er eit gjennomgåande prinsipp i heile grunnopplæringa. Det har det vore lenge. Prinsippet er kjenneteikna ved variasjon i bruk av arbeidsoppgåver, lærestoff, arbeidsmåtar, læremiddel og variasjon i intensiteten i og organiseringa av opplæringa. Føresetnaden til den enkelte eleven, samansetjinga av elevgruppa og heile læringsmiljøet er innanfor denne tankegangen å forstå som ressursar i læringa. Tilpassa opplæring er ein av føresetnadene for å få til ein inkluderande skole. Omgrepet omfattar både lokal tilpassing av lærestoffet og individuell tilpassing. Føremålet er at elevane skal møte ein skole som tar utgangspunkt i evnene, interessene og bakgrunnen deira - innanfor fellesskapet. Tilpassa opplæring handlar med andre ord om pedagogisk differensiering.

Evalueringa av Reform 97 viste at prinsippet om tilpassa opplæring har sterk støtte i skolen. Den same evalueringa viste at "eit hovudmønster for opplæringa er kollektiv undervisning av klassar ut frå læreboka". Det blir òg ymta om at gjennomføringa av tilpassa opplæring i praksis verken samsvarer med lærarane sine ideal slik dei sjølve formulerer dei, eller med det dei seier at dei gjer i praksis. Observasjonane som vart gjorde i samband med evalueringa av R97, tyda på at tilpassinga var prega av variasjon i individuell hjelp, meir enn i variasjon av oppgåver og vanskegrad i lærestoffet.

Komiteen er samd i departementet si vurdering av at det ikkje finst nokon fasit på korleis ein kan fremme kvalitet i den enkelte konkrete opplæringssituasjonen. Tvert om er heile poenget at organiseringa av undervisninga skal varierast i tråd med heilskapen i den aktuelle læringssituasjonen.

Komiteen viser til at meldinga ikkje tek til orde for ei utdanningsreform, at organiseringa av det norske utdanningssystemet skal liggje fast, og viser til omtalen av styringssystem, leiing og ressursar i meldinga.

Komiteen er samd i at departementet gjennomgår lovforankringa av prinsippet om tilpassa opplæring. Komiteen meiner vi må komme dit at tilpassa opplæring i større grad blir ein realitet som hovudprinsipp i den norske grunnopplæringa, og det krev forbetringar i heile systemet. Grunnleggjande sett er det dette mange av tiltaka i meldinga er retta inn mot; frå lærarutdanning og skoleleiing til vurderingsmetodar og ernæring, for å peike på nokre døme.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre er enige i at tilpasset opplæring lenge har vært et viktig prinsipp i grunnopplæringen, og en forutsetning for å skape en inkluderende skole. Disse medlemmer deler også synet på at skolen ikke har lyktes godt nok med å tilrettelegge opplæringen for den enkelte elev, og vil i den sammenheng peke på viktigheten av åpenhet om skolenes resultater, slik at eventuelle svakheter som gir elevene et dårligere tilbud, kan avdekkes og avhjelpes.

Disse medlemmer vil videre understreke at pedagogisk differensiering betyr at elevene får oppgaver på ulike nivå, og at hver enkelt elev dermed får oppgaver med et vanskelighetsnivå som er den utford­ringen vedkommende trenger. Disse medlemmer vil peke på at i denne forbindelse er digitale læremidler, både programvare og PC-er, svært gode hjelpemidler. Ved å tilpasse oppgavene på PC-en til hver elev kan elever sitte side om side i samme klasserom og løse oppgaver med forskjellig vanskelighetsgrad.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil peke på at god undervisning i et klasserom med godt læringsmiljø kan være den beste formen for tilpasset undervisning. Disse medlemmer vil understreke viktigheten av at lærerens rolle som pedagogisk veileder blir styrket, og vil på denne bakgrunn fremme følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen legge frem forslag om en forpliktende etterutdanningsplan for lærere, som inkluderer forsterket opplæring i moderne ledelse/klasseledelse."

Inkludering

Komiteen er opptatt av at skolen skal inkludere alle, uavhengig av sosial bakgrunn, kjønn, etnisk bakgrunn og seksuell orientering. Målretta og kunnskapsbasert innsats mot mobbing er dessverre enno nødvendig.

Komiteen viser til at eit læringsmiljø som er tilrettelagt for alle, er avgjerande for læring. Komiteen vil understreke at skoleeigarane har ansvar for tilrettelegging av læringsmiljøet for alle, og at dei også har ansvar for å legge til rette slik at funksjonshemma opplever eit reelt inkluderande læringsmiljø både fagleg og sosialt.

Komiteen har over noen år sett at antall elever som er involvert i mobbing og trakassering, har gått ned, takket være målrettet innsats gjennom blant annet OLWEUS og Respekt-programmene.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke med­lemene frå Framstegspartiet, viser elles til Innst. S. nr. 150 (2006-2007) der Regjeringa blir beden om å "komme tilbake til Stortinget med forslag til løsninger for hvordan et tilfredsstillende skolefritidstilbud for barn med funksjonshemninger kan sikres i hele utdanningsforløpet".

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, viser til at i Sverige seier fleirtalet av jentene i ungdomsskolen at dei har vore utsette for seksuell trakassering. Dette har vore lite undersøkt i Noreg, og dette fleirtalet er samd i at det bør setjast i gang undersøkingar av i kor stor grad det skjer seksuell trakassering i den norske skolen. På bakgrunn av ei slik undersøking bør det utviklast tiltak mot dette.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Venstre vil understreke kravene som stilles i opplæringsloven § 9 til elevenes læringsmiljø. Disse medlemmer vil også påpeke at skoleveien - elevenes arbeidsreise - må betraktes som en del av elevenes læringsmiljø. Mange elever opplever mobbing og trakassering på vei til og fra skole. Disse medlemmer vil vise til forslag om å sørge for sikker og forsvarlig skolebusstransport (Dokument nr. 8:84 (2005-2006) og Innst. S. nr. 16 (2006-2007)). I tillegg til det sikkerhetsmessige er det nødvendig å sørge for sitteplass til alle på skolebussen. Ved knapphet på sitteplasser er det ofte de minste elevene som blir presset til å stå. Disse medlemmer forventer at Regjeringen kommer tilbake med egnede forslag til å løse denne problemstillingen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil også vise til Fremskrittspartiets forslag til statsbudsjett for 2007 der partiet foreslo en utvidet totalramme for rentekompensasjonsordningen med 39 mill. kroner, noe som ville gitt rom for merinvesteringer i nybygg og rehabilitering av bygg utover Regjeringens forslag på over 2 mrd. kroner.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre har merket seg at meldingen mangler et gjennomgående fokus på barn med funksjonshemninger og deres særskilte opplæringsbehov. Behovet for sosial utjevning for funksjonshemmede er også stor, selv om deres bakgrunn ikke nødvendigvis er relatert til foreldre med lavt kompetansenivå.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre mener det handler om å skape og sikre en inkluderende skole som har plass til alle elever, også funksjonshemmede.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til høringen der det kommer frem at utbyttet av opplæringen blir for tilfeldig for mange av elevene med funksjonshemning. Dette er en klar utfordring for kommuner og fylkeskommuner, og et enda større problem for de elevene det gjelder.

Disse medlemmer er enige med departementet i at prinsippet om tilpasset opplæring bør tydeliggjøres. Disse medlemmer vil likevel understreke at dette ikke må skje på bekostning av spesialundervisningen. Disse medlemmer har merket seg at Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) får tilbakemeldinger om at en del skoler tyr til tilpasset opplæring for å spare penger. Dette kan få alvorlige konsekvenser i forhold til læringsutbytte og dermed sosial utjevning. Disse medlemmer mener spesialundervisning er viktig for de elever som skolene ikke har tilstrekkelig kompetanse til å gi et tilfredsstillende utbytte av det ordinære undervisningstilbudet.

Disse medlemmer viser til at Kvalitetsreformen i høyere utdanning setter større krav til å gjennomføre studier på normert tid. Dette gir spesielle utfordringer for funksjonshemmede studenter. Disse medlemmer har merket seg at det i høringen kommer frem at studiefinansieringsordningen dessverre fungerer slik at studenter med funksjonshemning taper i forhold til ikke-funksjonshemmede ved forsinkelse. Disse medlemmer viser til Innst. O. nr. 75 (2004-2005) der en samlet komité gikk inn for at funksjonshemmedes mulighet til en likeverdig utdanning skulle tas inn som et av utdanningsstøttens formål. Disse medlemmer mener derfor departementet på en bedre måte må sikre at studiefinansieringsordningen ikke påfører studenter med funksjonshemning ekstra utgifter som følge av funksjonshemningen.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre er opptatt av at eldre barn med funksjonshemning/psykisk utviklingshemning har et skolefritidstilbud for å sikre disse barna mulighet til sosiale fellesskap og en aktiv fritid. Tilbud om SFO eller annet skolefritidstilbud for funksjonshemmede barn/ungdom er svært ulikt fra kommune til kommune, og det foreligger ingen lovregulert rett til skolefritidstilbud for barn som er ferdig på barneskolen. Disse medlemmer viser imidlertid til at behovet for mange funksjonshemmede for et skolefritidstilbud fortsatt er like stort og like viktig når de går på ungdomsskolen eller videregående skole, som når de er på barnetrinnet.

Disse medlemmer viser til Innst. S. nr. 150 (2006-2007) der Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre foreslår at Regjeringen kommer tilbake til Stortinget med forslag til et skolefritidstilbud for større barn med funksjonshemning, for å sikre barna en aktiv fritid og gi foreldrene mulighet til å kombinere arbeid og familieliv.

Samarbeid skole - heim

Komiteen peikar på at samarbeidet mellom skole og heim er eit gjensidig ansvar, og at skolen har plikt til å leggje forholda til rette for at dette skal kunne gjennomførast. Det er nedfelt i skolen sin føremålsparagraf at skolen skal samarbeide med heimen. Komiteen understrekar at føremålet med samarbeid mellom skole og heim også er å etablere eit så trygt, stabilt og utvik­lande lærings- og skolemiljø som mogleg. Det er ein klar styrke for skolen, lærarane og elevane at dei får støtte frå dei føresette i det daglege skolearbeidet.

Komiteen er uroa over at samarbeidet ser ut til å fungere dårlegare for foreldre utan høgare utdanning. Dette kan medverke til reproduksjon av sosial ulikskap mellom elevane.

Komiteen meiner at eit godt samarbeid mellom skole og heim vil kunne føre til større grad av sosial utjamning. Alle foreldre kan vere ein ressurs for skolegangen til ungane, uavhengig av om dei har lang utdanning eller ikkje. Komiteen viser til at interesse, støtte og oppmuntring frå foreldra er ein viktig faktor for elevane sin motivasjon for læring, og at foreldreengasjement derfor kan ha innverknad på læringsutbyttet til elevane uavhengig av sosioøkonomiske bakgrunnsvariablar.

Komiteen meiner foreldreskole og leksehjelp med foreldreinvolvering er døme på tiltak som gir auka foreldreengasjement. Dette kan vere med på å etablere arenaer for samarbeid mellom skole og heim. Slike felles arenaer er viktig for å gjensidig avklare forventningar til kvarandre.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene i Framstegspartiet, er positivt til at det blir utarbeidd rettleiande malar for foreldrekontraktar og understrekar samtidig at det er viktig at alle foreldre/føresette får kjennskap til korleis opplæringa er lagt opp og kva arbeidsmetodar som blir nytta.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre vil understreke at alle foreldre kan være en ressurs for sine barns skolegang, uansett om de har lang utdannelse og om de er etnisk norske eller ikke. Disse medlemmer vil understreke viktigheten av å ha et positivt utgangspunkt i forhold til foreldrenes store betydning for sine barns læring, og heller utvikle tiltak som bidrar til aktiv foreldremedvirkning i skolen. Foreldreskole og leksehjelp som også involverer foreld­rene er eksempler på gode tiltak for økt foreldreengasjement. Disse medlemmer foreslår:

"Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en konkret og forskningsbasert tiltaksplan for økt foreldremedvirkning i grunnskolen."

Disse medlemmer viser til at en av hovedintensjonene med meldingen er å peke på tiltak for å få ­mindre sosiale forskjeller. Samarbeid mellom skole og hjem vil etter disse medlemmers syn være av vesentlig betydning for å motvirke reproduksjon av sosiale ulikheter. Disse medlemmer mener meldingen i altfor liten grad legger vekt på dette aspektet. Disse medlemmer vil understreke viktigheten av å få en forventningsavklaring mellom hjem og skole, og at skolevesenets kompetanse på denne samhandlingen må bedres.

Disse medlemmer viser til at det i meldingen påpekes at foreldrenes utdanningsnivå i stor grad avgjør barnas læringsutbytte. Ifølge meldingen blir spørsmålet ut fra dette hvorfor systemet ikke utligner forskjeller i læringsutbytte mellom sosiale grupper.

Disse medlemmer har merket seg forskning som viser at alle foreldre, uansett bakgrunn og utdanning, kan bidra positivt til barnas motivasjon og læringsutbytte. Foreldrenes interesse for barnets opplæring har mye større betydning enn at foreldrene forstår hva barnet lærer. Disse medlemmer mener utgangspunktet mer bør være at et godt hjem-skole-samarbeid kan kompensere for ulikhetene i elevenes hjemmebakgrunn. Disse medlemmer mener meldingen i altfor stor grad kategoriserer enkelte foreldregrupper som ressurssvake, for så å gi dem opp og fokusere på hvordan skolen kan utjevne forskjellene. Dersom all styrking av de svakeste elevene legges til skoletiden, skolen og dennes ansvar, garanterer ikke dette sosial utjevning - kanskje tvert imot. De foreldre som er bevisste på barnas utdanning, vil fortsatt stimulere sine barn, mens de som selv har liten utdannelse og ikke ser verdien av skolegang, lettere vil overlate lekser og skolearbeid til skolen og dens arena, og dermed bidra til å bremse barnets læring. Disse medlemmer mener meldingen mangler et fokus på hvordan vi kan klare å utvikle et godt hjem-skole-samarbeid for å kompensere for ulikhetene som er der i utgangspunktet. Disse medlemmer mener alle foreldre kan ha en sentral og aktiv rolle i barnas læring og mener vi må satse enda mer på utvikling av et godt hjem-skole-samarbeid og dyktiggjøring av alle foreldre til å støtte, motivere og oppmuntre sine barn. Disse medlemmer mener videre at en gjennom en bevisstgjøring av hjemmets rolle, både hos ansatte i skolen og hos foreld­rene, myndiggjøring av alle foreldre og kunnskap om gevinsten ved et godt samarbeid mellom hjem og skole, vil kunne føre til en større grad av sosial utjevning.

Disse medlemmer viser til meldingen der det heter at:

"Forskningen viser at lærere systematisk har lavere forventninger til enkelte elevgrupper, blant annet minoritetsspråklige elever og elever med lavt utdannede foreldre, basert på forutinntatte oppfatninger av foreldrene. Dette kan bidra til et unødig lavt ambisjonsnivå, og dermed til sosial reproduksjon."

Disse medlemmer mener på denne bakgrunn at kompetanse om hjem-skole-samarbeid må styrkes i lærerutdanningen. Lærernes holdning, evne til å gi elevene tilpasset opplæring og kompetanse til å møte foreldre med ulik bakgrunn, er avgjørende for utjevning av sosiale forskjeller. Skoler som ikke lykkes med tiltak for å løfte elever med lavt utdannede foreldre, har ofte en holdning om at det er begrenset hva man kan få til og at skylden for elevens manglende læring ligger hos foreldrene.

Disse medlemmer ser det som avgjørende at lærere møter foreldre på en måte som gjør at de får tro på sine egne muligheter og forutsetninger for å støtte barna i deres skolegang. Gjennom tydelige forventninger til samarbeid og vektlegging av at alle foreldre er ressurser for sine barn, vil det være bedre grunnlag for en god dialog og et konstruktivt samarbeid.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet merker seg at Regjeringen vil innføre foreld­rekontrakter. Begrepet kontrakt kan i denne sammenheng oppfattes som noe ensidig og ovenfra og ned.

Disse medlemmer vil heller gå inn for at det utarbeides samarbeidsavtaler som kan klargjøre ansvarsdelingen mellom hjem og skole, samtidig som det klargjøres for foreldre eller andre med foreldreansvar/omsorgsansvar hvordan opplæringen legges opp og hvilke arbeidsmetoder som benyttes. Etter disse medlemmers oppfatning vil en samarbeidsavtale lettere kunne oppfattes som et fremforhandlet produkt mellom likeverdige parter enn en kontrakt. Disse medlemmer vil også understreke at det er viktig å trekke barnet med i denne dialogen og utformingen av avtalen. Etter hvert som barnet utvikles og modnes, vil det være naturlig å legge økende vekt på barnets synspunkter. Når barnet er fylt 12 år, skal det få lov å si sin mening ved utarbeidelse av en slik samarbeidsavtale. Disse medlemmer vil derfor fremme følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen endre betegnelse og innhold i den foreslåtte foreldrekontrakten og legge til grunn en individuell samarbeidsavtale mellom likeverdige parter, der også barnets medvirkning vektlegges."

Disse medlemmer mener brukerne og deres foresatte må trekkes inn i drift og organisering av skolene i betydelig større grad. Disse medlemmer ønsker etablert driftsstyrer på de enkelte skolene hvor de foresatte bør ha flertall. Disse medlemmer vil peke på muligheten kommuner og fylkeskommuner har til å iverksette en ordning med samarbeidsutvalg (SU) på den enkelte skole med utvidet myndighet. Slike tiltak kan gjennomføres innenfor eksisterende lovverk og gi foreldrene vesentlig økt innflytelse enn tilfellet er i de fleste grunn- og videregående skoler i dag.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at Høyre i sitt alternative budsjett foreslo å bruke 2 mill. kroner til styrking av hjem/skole-samarbeidet. Midlene avsettes til en pott hvor individuelle skoler kan søke for å utvikle nye metoder for å styrke hjem/skole-samarbeidet. "Foreldreskolen" ved Storhamar er et godt eksempel på et slik prosjekt.

Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti viser for øvrig til Budsjett-innst. S. nr. 12 (2006-2007):

"Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti ønsker derfor et prøveprosjekt i hvert fylke der det på en utvalgt skole opprettes en stilling som skal styrke samarbeidet mellom hjem og skole. Prøveprosjektet administreres av Foreldreutvalget for grunnskolen. Dette medlem viser til Kristelig Folkepartis alternative budsjett der det foreslås å bevilge 10 mill. kroner til dette."

Saksbehandlingskrava for vedtak om ­spesialundervisning

Komiteen viser til at departementet vil gjennomgå erfaringane med det statlege spesialpedagogiske støttesystemet og eventuelt komme tilbake med forslag til endringar. Komiteen er opptatt av at elevar med særskilte behov må ivaretakast på ein tilfredsstillande måte.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke med­lemene frå Kristeleg Folkeparti, er samd i at det bør vurderast om ein kan forenkle saksbehandlingsreglane i forhold til spesialundervisning. Dette kan vere med på å flytte ressursar frå utredningsarbeid og enkeltsaks­behandling til tidleg innsats og meir fagleg rettleiing. Fleirtalet er opptatt av at ei slik omlegging ikkje må føre til press på ressursane eller retten til spesialundervisning, og er samd i at eleven/foreldra skal ha rett til å krevje sakkyndig vurdering.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre har merket seg at departementet vil vurdere å endre opplæringsloven § 5-3, slik at en skole i visse tilfeller kan tilby spesialundervisning etter enkeltvedtak uten at det foreligger sakkyndig vurdering. Disse medlemmer viser til at det i dag ikke er noe som hind­rer skolen i å sette inn egne tiltak. Disse medlemmer mener det vil være viktigere å sikre at barn og unge tidligst mulig utredes av fagpersonale. Med målrettet og kvantitativ god innsats tidlig vil behovet kunne bli mindre senere. Disse medlemmer viser videre til at foreldre i enkelte tilfeller møtes med økonomiske argumenter for redusert opplæringstilbud, og er redd dette problemet vil kunne øke gjennom en endring av loven.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Venstre viser til at Regjeringen legger til grunn at en slik omorganisering kan frigjøre saksbehandlingsressurser, som kan overføres til tidlig innsats for den enkelte elev. Disse medlemmer mener imidlertid at målet ikke trenger være å spare ressurser, men å forkorte saksbehandlingstiden vesentlig og forbedre klagebehandlingen, slik at en unngår situasjoner hvor hele skoleåret går med til klagebehandling og håndtering.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet legger til grunn at en slik forenkling i saks­behandlingen ikke skal medføre frislipp når det gjelder innvilgelse av spesialundervisning i den hensikt å utløse mer midler til den enkelte skole, og forutsetter at kravet til faglig forsvarlig vurdering ikke svekkes i forhold til den enkelte elev. Det forutsettes videre at slike vedtak evalueres og gjennomgås hvert halvår. Målet for spesialundervisningen skal være å få eleven tilbake i ordinært tilpasset skoleløp så snart som mulig.

Disse medlemmer legger videre til grunn at vedtak om spesialundervisning fortsatt skal være enkeltvedtak, og at de generelle bestemmelsene om forsvarlig saksbehandling fortsatt skal gjelde. Dersom det gis avslag på søknad om spesialundervisning fra skolens side, skal foreldrene ha rett til å kreve en selvstendig faglig vurdering fra PPT, for deretter å inngå i en ordinær klageprosess.

Komiteens medlem fra Venstre vil i denne sammenheng påpeke at omfattende dokumentasjon så langt som mulig bør forbeholdes elevene med de ­tyngste behovene, og ivaretas av lærere med spesial­pedagogisk tilleggsutdanning, spesialpedagoger eller psykologer på den enkelte skole, jf. nærhetsprinsippet slik dette medlem har skissert det ovenfor.

Tiltak for betre gjennomføring i vidaregåande opplæring

Bakgrunn

Komiteen er bekymra over at fråfallsprosenten i vidaregåande opplæring er svært høg. Komiteen vil understreke at når ein av tre ikkje fullfører vidaregåande opplæring i yrkesfag, er dette langt meir enn tørre tal. Desse tala representerer enkeltmenneske og ikkje minst enkeltskjebner. Det er viktig å raskt sette i gang tiltak for å bidra til at fleire fullfører vidaregåande. Komiteen meiner eit viktig tiltak er å sikre ei endå meir kvalitativt god rådgjevingsteneste. Denne tenesta varierer dessverre frå skole til skole.

Komiteen viser til at om lag 60 pst. av elevane som byrjar i vidaregåande opplæring, fullfører på normert tid, medan heile 25 pst. av elevane ikkje har fullført etter 5 år. Gjennomføringa er klart lågare blant elevar i yrkesførebuande program enn blant elevar på studieførebuande program. Det er dessutan sterk samanheng mellom sosial bakgrunn og gjennom­føringsgrad.

Komiteen vil peike på at det er grunnlag for å rette eit særskilt søkelys på det høge fråfallet i vidaregåande opplæring. Ei rekke forhold gjennom heile utdanningsløpet bidrar til at elevar vel å gi opp skolegangen når dei kjem på vidaregåande. Manglande ferdigheiter inna­for lesing, skriving og rekning frå grunnskolen er openbart ein grunn til fråfall.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre er opptatt av tiltak som gir bedre tilrettelegging av opplæringen. Leksehjelp er et slikt tiltak. Det er også grunn til å trekke frem behovet for å rendyrke yrkesfag mer, introdusere elevene for yrket tidligere og gi mulighet for fleksible løsninger.

Komiteens medlemmer fra Høyre minner om at Høyre i sitt forslag til statsbudsjett for 2007 foreslo en bevilgning til leksehjelp på 25 mill. kroner.

Styrking av rådgjevingstenesta

Komiteen viser til at reguleringa av rådgjevingsressursen i avtaleverket i dag inneheld ein tidsressurs som blir utløyst av talet på elevar på skolen, samt ein regel om lønsgodtgjersle. I meldinga står det:

"Det kan være lite hensiktsmessig med en slik felles ressursbestemmelse for sosialpedagogisk rådgivning og utdannings- og yrkesrådgivning, og departementet vil derfor vurdere om det skal tas initiativ overfor partene for å endre eller fjerne denne."

Komiteen understrekar at alternativet til ressursregelen i dag må vere at ressursane til rådgjeving blir regulerte i føresegner, og at kommunane må kompenserast om det blir innført regulering av rådgjevingsressursen i lov eller føresegner som krev ressursar utover det som blir brukt til rådgjeving i dag.

Komiteen understrekar behovet for styrka kvalitet og kompetanse i rådgjevingstenesta. Komiteen har merka seg at departementet vil utvide omtalen av føremålet til og innhaldet i rådgjevinga i føresegna, og utarbeide rettleiande kriterium for kompetansen til rådgjevarar.

Komiteen viser til at fleire fylke er i ferd med å utarbeide krav til kompetanse for rådgjevarar, og meiner desse fylka kan ha viktige erfaringar å komme med i utarbeidinga av kompetansekriterium.

Komiteen har merka seg at det i Nordland, Akershus og Telemark fylke er prøvd ut regionale "partnerskap for karriereveiledning". Tiltaket inneber samarbeid mellom kommune, fylkeskommune, NAV, universitet/høgskolar og partane i arbeidslivet lokalt. Komiteen har merka seg mange gode tilbakemeldingar på desse forsøka, og er samd i at departementet evaluerer desse og ser på sjansane for landsdekkjande implementering. Komiteen er også samd i at dei ­etablerte nettstadene for utdannings- og yrkesrettleiing er viktige tiltak og må styrkjast.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke Venstre, er samd i at Regjeringa skal leggje til rette for ei deling av rådgjevingstenesta. Nye ressursreglar må gjere det tydeleg at rådgjevingstenesta skal ha ein sosialpedagogisk del og ein del for yrkes- og utdanningsvegleiing. Rådgjevingsfunksjonen i skolen bør delast ved at det blir utarbeidd ulike kompetansekriterium for sosialpedagogisk rådgjeving og yrkes- og utdanningsrådgjeving, og ved at regelverket om retten til nødvendig rådgjeving blir klargjort. Det må presiserast kva oppgåver som er knytte til dei to rådgjevingsfunksjonane. Fleirtalet understrekar at ei deling reiser nokre utfordringar, særleg på små skolar, og ber departementet komme tilbake til dette i samband med forslag om deling av rådgjevingstenesta.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre mener at dagens rådgivningstjeneste er overmoden for forandringer, og støtter forslaget om å dele tjenesten i to deler.

Disse medlemmer vil poengtere at en oppgradering av veiledningstjenesten er et svært sentralt virkemiddel for å redusere risikoen for feilvalg og frafall. Dette betyr at det må etableres kompetansekrav for rådgivningstjenesten, og en må forsøke flere mulige organisasjonsmåter. En OECD-undersøkelse fra 2000 påpekte at rådgivningstjenesten er fragmentert, mangelfull og har svak profesjonalitet. Den verden råd­giverne skal veilede inn i, blir samtidig mer kompleks, og rådgivningstjenesten må også kunne nå ut til nye grupper. Disse medlemmer vil derfor se det som interessant om flere alternative organiseringsformer ble utprøvd. Det er særdeles viktig at en får til et aktivt samspill mot det potensielle lokale og regionale nettverket. Disse medlemmer vil derfor foreslå at det gjennomføres forsøk med regionale veiledningssentra som er fristilt fra enkeltskoler eller enkeltoppdrags­givere, men som har som oppgave å utnytte foreliggende infrastruktur, ressurser og kompetanse på en optimal måte i forhold til den enkeltes behov.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen gjennomføre et forsøk med regionale veiledningssentra, fristilt fra enkeltskoler, som har til oppgave å utnytte infrastruktur, ressurser og kompetanse på en optimal måte til elevenes beste."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre vil peke på at elever i overgangen mellom ungdomsskolen og videregående skole ofte faller mellom to stoler, fordi de rådgiverne som kan videregående opplæring best, allerede befinner seg i den videregående skolen, mens elevene tar sine valg mens de går på ungdomsskolen. Derfor foreslår disse medlemmer at det igangsettes et forsøk i flere fylker der rådgivere fra videregående nivå utplasseres på ungdomsskoler for å gi elevene der yrkes- og utdanningsrådgivning.

Det er etter disse medlemmers mening av avgjørende betydning at man har en velfungerende og god rådgivningstjeneste i skolen. Disse medlemmer ønsker en omstrukturering og økt satsing på rådgivningstjenesten. Både den sosiale rådgivningen og yrkesveiledningen må styrkes. Skolene må kvalitets­sikre rådgivningstjenesten, og dette arbeidet må ha høy prioritet både lokalt og nasjonalt. I denne sammenheng er det viktig at forholdene legges til rette for at skolene kan prioritere en slik satsing.

Disse medlemmer mener videre at man innenfor lærerutdanningen bør legge større vekt på å utdanne skolerådgivere, og mener at det bør legges til rette for en "rådgiver-spesialisering" som et eget utdanningsløp. En slik omlegging er naturlig å se i sammenheng med eventuelle forestående endringer og utvidelse av allmennlærerutdanningen.

I tillegg til spesialkompetanse innenfor sosial- og yrkesveiledning bør disse rådgiverne kunne veilede elevene i studieteknikk og lignende, samt inneha kompetanse med hensyn til kollegaveiledning. Hver skole bør ha tilgang på tilstrekkelig antall rådgivere med dedikert utdanning til disse formålene, og man bør prioritere å få opp rådgivertettheten i de kommende årene.

Disse medlemmer viser til at departementet vil utarbeide veiledende kriterier for rådgivningskompetanse. Disse medlemmer mener det bør legges opp til en langt høyere grad av forpliktelse og stilles klare krav. Disse medlemmer mener det bør innføres en videreutdanning for å kunne bli rådgiver. Disse medlemmer mener dette kan være et av tiltakene for å sikre en bedre rådgivningstjeneste og for å senke frafallsprosenten.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen innføre en videreutdanning for å kunne bli rådgiver for å sikre en best mulig rådgivningstjeneste i skolen."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil understreke viktigheten av å trekke arbeidslivet inn i karriereveiledningen. Det er god samfunnsøkonomi og viktig for den enkelte med god og profesjonell rådgivning på dette området for å motvirke feilvalg.

Disse medlemmer vil for øvrig vise til sitt representantforslag om en bedre rådgivningstjeneste (Dokument nr. 8:44 (2006-2007)).

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at Høyre i sitt alternative statsbudsjett foreslo å bruke 8 mill. kroner til et prøveprosjekt i tre fylker innenfor rådgivning. Prosjektet administreres av fylkene, men innsatsen skal være lokal og innrettet mot yrkesrådgivning overfor ungdomsskoleelever for å gjøre det lettere å velge riktig studieprogram i videregående opplæring.

Det følger av ovenstående at komiteens medlem fra Venstre primært ønsker en integrert ­rådgivningstjeneste. Dersom man skal dele rådgivningsfunksjonen i en yrkesveiledningsdel og en sosialpedagogisk del, forutsetter dette en betydelig ressursheving og tydelige kompetansekrav.

Overgang ungdomsskole - videregående skole

Komiteen har merka seg at ein vellukka overgang frå ungdomsskole til vidaregåande opplæring er viktig for å hindre fråfall i vidaregåande opplæring. Komiteen vil peike på at Kunnskapsløftet føreset at ungdomsskoleelevar kan få ein forsmak på fag frå vidaregåande opplæring gjennom programfag til val. Andre forhold som vil lette overgangane, er endringa i føresegnene som vart gjennomførd i 2006. Denne endringa opnar for at Oppfølgingstenesta kan samarbeide med rådgjevingstenesta i ungdomsskolen for å hindre fråfall. Forslaget i meldinga om ei styrking av rådgjevingstenesta er også viktig i denne samanhengen.

Komiteen viser til SINTEF si evaluering av ­satsinga mot fråfall. Denne evalueringa viser at fleire prosjekt søker å utvikle samarbeidsrutinar mellom skoleslagane. Komiteen føreset at utdanningsstyresmaktene sprer erfaringar frå vellukka prosjekt og følgjer opp resultata i det vidare arbeidet for å hindre fråfall.

Reglane om teieplikt i lova skal, slik komiteen ser det, ikkje leggje hindringar i vegen for eit godt samarbeid mellom skoleslaga. Komiteen har merka seg at teieplikta kan løysast opp ved at den som teieplikta er gitt til fordel for, sjølv gir samtykke til at opplysningane blir overførte frå eitt trinn til eit anna. Men komiteen er opptatt av at kunnskapen om teiepliktreglane kan vere mangelfull, og meiner derfor at informasjonen om regelverket må styrkast heller enn å endre regelverket.

Minoritetsspråklege

Komiteen meiner det er eit mål at minoritetsspråk­lege så snart som råd skal bli i stand til å følgje den ordinære læreplanen i norsk.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, er opptatt av morsmålsopplæringa sin funksjon i norskopplæringa, men også som ein sjølvstendig ressurs for den enkelte og for fellesskapet i ei globalisert verd.

Fleirtalet er samd i at det må komme ein eigen regel i opplæringslova for å synleggjere retten til språk­opplæring i vidaregåande opplæring. Dette vil saman med den nye, nivåbaserte læreplanen i grunnleggjande norsk, vere gode verkemiddel for at minoritetsspråk­lege skal kunne fullføre vidaregåande opplæring.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre merker seg at læreplaner i norsk som andrespråk praktiseres annerledes enn lovens intensjon. Det må være et mål at språkopplæring som rettes mot minoritetsspråklige, skal legges opp slik at de snarest mulig kan integreres inn i den ordinære norskundervisningen. Meldingen tyder snarere på det motsatte. Minoritetsspråklige som får undervisning etter læreplan for norsk som andrespråk, ender ofte med å bli holdt utenfor den ordinære norskundervisningen, noe som betyr at disse elevene får en norskundervisning med et lavere ambisjonsnivå. Disse medlemmer anser dette uheldig og vil understreke at alle elever, uansett bakgrunn, skal ha en felles læreplan i norsk.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil gi sin tilslutning til at de aldersbaserte læreplanene erstattes med nivåbaserte læreplaner. En forutsetning for en vellykket integrering i det norske samfunnet er at de som kommer til landet, tilegner seg tilfredsstillende kunnskaper i norsk språk og samfunnsforståelse. Dette er også viktige forutsetninger for å kunne lykkes i utdanning og arbeidsliv. Disse medlemmer kan ikke støtte Regjeringens forslag om egen lovformulering i forhold til minoritetsspråklige elevers rett til særskilt norskopplæring. Disse medlemmer er av den oppfatning at det vil bli vanskelig å definere hva som legges i begrepet minoritetsspråklig. Disse medlemmer mener at behovet til den enkelte vil bli bedre ivaretatt gjennom tilpasset opplæring/spesialundervisning og nivåbaserte opplæringsplaner.

Disse medlemmer mener opplæring i foreldrenes morsmål ikke skal være et offentlig ansvar og har merket seg at morsmålsopplæringen i mindre grad fungerer som sekundære hjelpemidler i norskopplæringen slik intensjonen var. Disse medlemmer har også merket seg at en del minoritetselever får opplæring i norsk som andrespråk gjennom hele skoleløpet, selv om de kunne mestret opplæringen i den ordinære læreplanen i norsk. Disse medlemmer er av den oppfatning at skoleledelse/skoleeier i disse tilfellene gjør seg skyldig i brudd på lovens intensjon og gjennom dette påfører elevene et problem i forhold til å mestre videre utdanning og arbeidsliv.

Komiteens medlem fra Venstre vil i denne sammenheng vise til sine merknader under kapittel 2.3.

FUG

Komiteen meiner at skole-/heim-samarbeidet er viktig og må vidareutviklast, jf. omtala av dette ovanfor. Komiteen viser til at Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) mellom anna jobbar for kvalitet i skoletilbodet, og for at foreldra skal engasjere seg i skolen. Komiteen er samd i at mandatet for FUG skal utvidast til også å gjelde for 1. trinn i vidaregåande opp­læring.

Yrkesfag

Komiteen viser til at sjølv om 2 + 2-modellen er ein hovudmodell innanfor yrkesførebuande studieprogram, er det opningar i regelverket i dag for å velje andre og meir praksisorienterte studieløp. Desse ordningane er relativt lite brukt i dag, og ei formalisering av ei praksisbrevordning vil kunne bidra til at fleire vel slike løp.

Majoriteten av elevane vil likevel følgje den ordinære organiseringa. Komiteen er opptatt av at det skal stillast høge krav til læring og kunnskap i heile utdanningsløpet, og at høge krav samtidig skal følgjast av varierte arbeidsformer og tilpassa opplæring. Komiteen meiner at yrkesfaga er bærare av tradisjonar og kunnskap som vanskeleg lar seg formidle gjennom ei einsidig teoretisk framstelling. Praktisk meistring og læring er viktige element i den yrkesfaglege opplæringa, og desse bør styrkjast. Komiteen vil understreke kor viktige yrkesfaga er i utdanningssystemet, og vil arbeide for å auke statusen til denne type utdanningar.

Fråfallet i vidaregåande opplæring er størst i dei yrkesfaglege studieretningane. Komiteen har merka seg at det blir peika på at ei årsak kan vere at teoritrøytte elevar frå ungdomsskolen, som søker yrkesfaglege studieretningar for å få ei praktisk utdanning, møter ei teoritung og lite elevtilpassa opplæring i starten av studieløpet. Komiteen er opptatt av at skolen treng meir varierte arbeidsmåtar, og at opplæringa i fellesfaga i yrkesopplæringa treng å bli meir yrkesretta. Hospitering, etablering av praksisplassar og utveksling mellom skole og arbeidsliv kan vere viktige tiltak for å styrke lærarane sin kompetanse i fellesfaga.

I denne samanhengen viser fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Venstre og Senterpartiet, til at kunnskapsministeren har uttalt at han vil setje ned ei arbeidsgruppe som raskt skal komme med forslag til korleis opplæringa i yrkesfaga kan bli best mogleg.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre mener at en viktig årsak til frafallet er at teoritrøtte elever fra ungdomsskolen, som søker yrkesfaglige studieretninger for å få en praktisk utdanning, møter en teoritung og lite elevtilpasset opplæring de første årene i yrkesfag-studieløpet. Disse medlemmer vil arbeide for at elevene på yrkesfag møter en mer praktisk rettet utdanning, særlig det første året, og at de mer teoritunge fagene i større grad fases inn når elevenes modenhet og motivasjon er til stede.

Praksisbrev

Komiteen viser til forslaget om å utvikle eit praksisbasert toårig løp som etter fullført opplæring gir ei sluttvurdering i form av eit praksisbrev. Dette skal vere ei vidareutvikling og formalisering av lærekandidatordninga som er lite brukt på landsbasis i dag. Praksisbrevordninga vil innebere at elevar som har svake føresetnader for å gjennomføre vidaregåande opplæring, får høve til å skaffe seg kompetanse på eit lågare nivå. Komiteen er innforstått med at fleire sider ved forslaget må vurderast, og er samd i at departementet tar initiativ til å saman med partane i arbeidslivet og fylkeskommunane drøfte korleis eit konkret opplegg for praksisbrevet kan utformast.

Komiteen føreset at det i tida som kjem blir ut­vikla eit nært samarbeid mellom NAV, skolen og øvrige berørte partar, blant anna med dette som eitt av satsingsområda.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre vil vise til at enkelte fylker lykkes godt med lærekandidatordningen. Vestfold fylkeskommune ­ligger relativt langt fremme i å benytte mulighetene ordningen gir. Disse medlemmer vil vise til at Vestfold de siste årene har hatt drøyt hundre lærekandidater. Fylkeskommunen fanger disse opp når de begynner på videregående, og lager et løp for dem som velger det sammen med foreldre/foresatte. Det settes opp individuelle opplæringsplaner med utgangspunkt i læreplanene. I fellesskap plukkes ut de mål som kandidatene skal nå.

Disse medlemmer registrerer at det oftest er elever som velger yrkesfaglig studieretning, som blir omfattet av lærekandidatordningen. Disse medlemmer viser videre til at en av suksessfaktorene er løpende oppfølging underveis og avsluttende samtale i forkant av eventuell videre opplæring i bedrift, eventuelt VK2 i skole.

Oppfølgingstenesta

Komiteen er uroa over at 1/4 av elevane fell frå undervegs i vidaregåande opplæring. Oppfølgingstenesta spelar ei viktig rolle i forhold til å følgje opp elevane i vidaregåande opplæring, og komiteen er samd i at det bør vurderast om oppfølgingstenesta skal bli meir førebyggjande.

Lærlingplassar

Komiteen vil understreke kor viktig det er for elevar som har valt yrkesfag, å få lærlingplass. Mang­lande lærlingplass fører altfor ofte til fråfall i vidare­gåande opplæring. Innsats for fleire læreplassar er derfor eit viktig tiltak for betre gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Komiteen meiner at jamnleg dialog mellom partane i arbeidslivet og utdanningsstyresmaktene er viktig. Fokus på å skaffe fleire læreplassar både i offentleg og privat sektor må holdast oppe. Komiteen meiner utdanningsstyresmaktene og partane i arbeidslivet må halde fram med å ha fokus på denne viktige jobben. Dessverre er verken stat, fylke eller kommunar flinke nok til å opprette lærlingplassar innanfor sine verksemder. Komiteen vil spesielt legge vekt på det ansvaret KS og kommunesektoren har i forhold til det nye helsearbeidarfaget. Mangel på arbeidskraft innan helse- og omsorgssektoren gjer det ekstra viktig å etablere fleire læreplassar her.

Komiteen er også opptatt av at lærlingane skal møte pedagogisk tilrettelagt rettleiing ute i bedriftene.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre mener at bransjer som ønsker å ta et utvidet ansvar for å utdanne innenfor sitt fagfelt ved å opprette en friskole med påfølgende lærlingplass, bør oppmunt­res til det. Videre mener disse medlemmer at mangelen på lærlingplasser er et tegn på at det enten er barrierer eller mangel på sterk nok stimulans til at arbeidsgiver oppretter plasser.

Disse medlemmer mener det er viktig at muligheten for elever med spesielle behov for å få lærlingeplass, gjøres tilgjengelig for flere. Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen endre regelverket slik at flere ungdommer med spesielle behov kommer inn under ordningen med tilskudd til bedrifter som tar inn lærlinger med spesielle behov."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet støtter de foreslåtte tiltakene og vil understreke viktigheten av å øke antall læreplasser i offentlig sektor slik at det offentlige går foran som et godt eksempel. Disse medlemmer vil understreke viktigheten ved at de både i offentlig og privat sektor legger til rette for et faglig opplæringstilbud for den enkelte lærling. Disse medlemmer mener det må ytes et lærlingtilskudd som sikrer både den praktiske og den teoretiske delen av yrkesutdanningen. Disse medlemmer vil også stille spørsmål om hvorvidt fylkeskommunene er flinke nok til å lage planer som trekker næringslivet aktivt med i prosessen. På en slik måte kan en få synliggjort behovet for og mulighetene til å kunne opprette flere lærlingplasser.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til tidligere forslag om å innføre en ordning med halv arbeidsgiveravgift for nye lærlinger og ber departementet vurdere ytterligere tiltak for å få mobilisert flere lærlingplasser.

Rett til vidaregåande opplæring

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, er nøgd med at departementet vil føreslå å oppheve regelen i opplæringslova om at berre vaksne fødde før 1978 har rett til vidaregåande opplæring.

Fleirtalet har vidare merka seg at det blir føreslått å innføre ei aldersgrense på 25 år, og at bakgrunnen for å oppretthalde eit aldersskille er at vaksenretten skal ta omsyn til at vaksne er i ein annan situasjon.

Fleirtalet har merka seg at Regjeringa vil komme tilbake med eit forslag om endring av opplæringslova som gjeld dette. Fleirtalet vil be Regjeringa om å vurdere kva for utforming lovforslaget bør ha for å leggje til rette for at det skal bli lettare for vaksne å ta vidaregåande opplæring, samtidig som ein tar omsyn til den vaksne sin realkompetanse. Fleirtalet er også opptatt av at opplæringa skal tilpassast i forhold til den vaksne sin situasjon, blant anna når det gjeld tidsperspektiv og organisering av utdanninga.

Fleirtalet har merka seg at mellom andre Actis, rusfeltets samarbeidsorgan, har uttrykt bekymring for at rusavhengige og tidlegare rusavhengige ikkje får eit utdanningstilbod som er nødvendig for å etablere seg i arbeidslivet. Fleirtalet ber Regjeringa om å vurdere korleis denne gruppa av vaksne kan bli ivaretatt i samanheng med forslaget om utvida vaksenrett til vidaregåande opplæring, og samtidig vurdere om det er mogleg å etablere overgangsordningar inntil dei nye reglane tar til å gjelde.

Fleirtalet presiserer at vaksne i dag har rett til å få vurdert sin realkompetanse i tråd med opplæringslova § 4A-3 etter tilvising frå kommune eller NAV. Fylkeskommunane har også innanfor regelverket plikt til å tilby utdanning og opplæring for å betre situasjonen til personar med svak tilknyting til arbeidslivet. Fleirtalet ber Regjeringa bidra til styrking av samarbeidet mellom utdanningsstyresmaktene, NAV og helse- og omsorgsapparatet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre har merket seg at departementet foreslår å oppheve regelen om at bare voksne som er født før 1978 har rett til videregående opplæring og i stedet innføre en 25-årsregel. Dette er et skritt i riktig retning, men departementet går ikke langt nok. Disse medlemmer ser utdanning som viktig for det enkelte menneske og for samfunnet generelt. Disse medlemmer mener derfor at begrensningen bør fjernes helt slik at de som ønsker det, får mulighet til å fullføre videregående opplæring, uavhengig av alder.

Disse medlemmer mener at en begrensning på 25 år vil hemme mange voksnes mulighet til å få utdannelse og en ny start etter ungdomsår med rusmisbruk. Et eksempel er Loland Behandlingssenter og Øvrebø videregående skole i Vennesla som eies av Blå Kors og tilbyr plasser på videregående nivå til dem som har fullført 9-12 mnd. rusbehandling. Dette er ett viktig tilbud i ettervernet og avgjørende for at elevene skal komme ut i et ordinært arbeidsliv. Mange av disse er under 25 år, og vil derfor etter Regjeringens forslag miste muligheten til en ny start. Disse medlemmer viser til at LO under komiteens høring om meldingen gav uttrykk for at en 25-årsregel var et riktig skritt, men hvis grensen ble tatt helt vekk, ville det absolutt få LOs støtte.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen endre opplæringsloven slik at de som ønsker å fullføre videregående opplæring, får en rett til slik utdanning uavhengig av alder."

Disse medlemmer har merket seg at mange rusavhengige og tidligere rusavhengige har mangelfull grunnskole eller videregående skole, jf. Innst. O. nr. 51 (2005-2006), der komiteen hadde følgende merknad:

"Komiteen vil videre vise til et element som ikke tas eksplisitt opp i den gjeldende proposisjonen. Flere rusavhengige i institusjoner omtalt i proposisjonen har formelt sett gjennomført grunnskoleopplæringen, jf. opplæringslova § 2-1, men besitter likevel ikke de nødvendige kvalifikasjonene som skal til for å komme seg videre. Tilsvarende gjelder for rusavhengige som formelt sett har gjennomført videregående opplæring, jf. opplæringslova § 3-3. Komiteen vil be departementet fremme initiativ for å sikre disse en rett til undervisning på henholdsvis grunnskolenivå og videregående nivå, uavhengig av om de formelt sett har fått oppfylt sin rett til opplæring etter opplæringslova. Samtidig ber komiteen departementet vurdere hvordan en på best mulig måte kan sikre rusavhengige en rett til videregående opplæring under og etter fullført behandling i institusjoner omtalt i proposisjonen, selv om disse brukerne ikke har brukt sin rett til å søke om utsetting før fylte 24 år, jf. opplæringslova § 3-1."

Etter disse medlemmers mening bør det settes inn økte ressurser på å informere rusavhengige i behandling, samt tidligere rusavhengige, om retten til å få forbedret grunnskoleopplæringen og retten til videregående opplæring, jf. formuleringen i meldingens kapittel 6.5.1 om at departementet vil "iverksette moti­vasjons- og informasjonsarbeid om voksnes rettigheter til opplæring og verdien av å delta i opplæring". Det bør tilrettelegges for individuelt tilpasset undervisning for dem som er i behandling. Disse medlemmer vil understreke at det er viktig at alle rusavhengige og tidligere rusavhengige som er motiverte, får en mulighet til å få utdannelse. Dersom de har mistet ungdomsretten på grunn av rusproblemer, bør de gis en ny sjanse.

Vaksne og livslang læring

Komiteen er bekymra for det store talet på vaksne som manglar grunnleggjande basisferdigheiter. Samtidig er det positivt at merksemda rundt desse problemstillingane er aukande. Komiteen er nøgd med at det blir satsa på dette området, og viser i denne samanhengen til mellom anna "Program for basiskompetanse i arbeidslivet".

Komiteen er einig i målsettinga om at fleire vaksne som treng det, skal få opplæring på grunnskolenivå, og vil peike på verdien av å bruke eigna verkemiddel for å få til dette. Å møte vaksne på deira eigne premiss er avgjerande.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke med­lemene frå Framstegspartiet, meiner at studieforbunda kan gi eit fleksibelt og tilpassingsdyktig utdanningstilbod. I denne samanhengen viser fleirtalet til det såkalla "Tron-utvalget" som skal vurdere studieforbunda sine oppgåver og roller i eit breitt perspektiv.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre er positive til at det offentlige tilbudet om grunnskoleopplæring og grunnleggende ferdigheter hos voksne styrkes. Disse medlemmer vil understreke viktigheten av å kvalitetssikre den voksenopp­læringen som mottar offentlig tilskudd, slik at læringsutbyttet måles og kan vurderes i forhold til ressursinnsatsen. Disse medlemmer har også merket seg at samarbeidet mellom de offentlige forvaltningsnivåene er for svakt, og at dette fører til dårligere tilbud og mindre tilpasset opplæring for dem som har svake grunnleggende ferdigheter.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre vil påpeke at det som står i meldingen om at "Program for basiskompetanse i arbeidslivet" er en oppfinnelse av denne regjeringen, ikke er riktig. Programmet er en fortsettelse av regjeringen Bondevik IIs "Ny Sjanse". Disse medlemmer vil samtidig understreke at dette er et område der det er viktig at arbeidsgiver- og arbeidstakerorganisasjonene blir motivert for å kartlegge og tilrettelegge for ansatte. De færreste kan ta seg fri fra jobb for å gå på grunnskoleutdanning, og et tilbud basert på tradisjonell skoleundervisning vil ikke fange inn behovet.

Disse medlemmer viser til forslag om spesifiserte rettigheter til grunnskoleopplæring for voksne - kompetansekortet (Dokument nr. 8:10 (2005-2006) og Innst. S. nr. 99 (2005-2006)). Det er beregnet at 400 000 voksne ikke har tilfredsstillende lese og skriveferdigheter. Kan en effektivt nå disse med tiltak som gir dem nødvendige kunnskaper, vil den samfunnsmessige avkastningen være høy. Disse medlemmer understreker at behovsdekningen innenfor "Program for basiskompetanse i arbeidslivet" ikke er mer enn ca. 50 pst. ut fra de søknader som innvilges. Denne satsingen må fortsatt prioriteres.

Høgare utdanning

Komiteen viser til at i Noreg er høgare utdanning eit godt utbygd tilbod med ein låg kostnad. Det er likevel ein vesentleg samanheng mellom foreldra sin utdanningsbakgrunn og ungdom sine val i forhold til om dei tar høgare utdanning og korleis dei vel innanfor høgare utdanning. Komiteen er samd i at samanhengen mellom prestasjonsulikskap frå grunnutdanninga, foreldra sin utdanningsbakgrunn og ungdom sine utdanningsval må undersøkjast nærmare, og meiner dette er essensielt i forhold til utjamning av sosiale ulikskapar.

Komiteen er samd i at gratisprinsippet i høgare utdanning skal vidareførast, sjølv om OECD og EU-kommisjonen har argumentert for innføring av studieavgifter i forhold til bl.a. likhet i europeiske utdanningssystemer.

Komiteen meiner dette gratisprinsippet er ein føresetnad for prinsippet om lik rett til utdanning.

Komiteen meiner alle skal ha lik rett til utdanning uavhengig av økonomisk og sosial situasjon. Kvar enkelt student må ha høve til å studere på heiltid. Derfor må studiefinansieringa vere god, og det må vere tilgang til studentboligar.

Komiteen er vidare nøgd med at det vil bli føreslått å innføre høve til å binde renta på utdanningslån i ti år.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre vil fremme følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen legge frem en egen sak om studiefinansiering som sikrer at alle, uavhengig av egen eller familiens økonomi, kan få finansieringshjelp til høyere utdanning. Summen av lån/stipend må sikre kjøpekraft nok til at studenten kan studere på heltid."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet har merket seg at Statens lånekasse for utdanning ikke fungerer utjevnende. Lån tas opp av dem med best økonomi. Det eneste tiltaket Regjeringen kommer med her, er å innføre mulighet for å binde renten på utdanningslån i ti år. Etter disse medlemmers syn vil et slikt tiltak i liten grad bedre situasjonen, men kunne være en valgmulighet. Disse medlemmer vil også peke på viktigheten av å åpne for økt stipendandel.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Venstre vil understreke at kostnadsnormen skal være slik at det er mulig å leve på støtten fra Statens lånekasse for utdanning.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre merker seg at Regjeringen følger opp den såkalte Y-veien inn i høyere utdanning som ble vedtatt av stortingsflertallet etter forslag fra regjeringen Bondevik II. Disse medlemmer er positive til denne muligheten, det bør være flere veier til målet, men det må ikke gå på bekostning av krav til kompetanse og kunnskap når utdanningen er ferdig. Det må derfor være et krav, ikke bare et mål slik meldingen omtaler det, at kandidatene har samme kompetanse og kunnskap uavhengig av opptaksgrunnlag.

Disse medlemmer er positive til at Y-veien også utvikles som mulighet innen andre utdanninger der dette kan forenes med krav til at kompetanse og kunnskap ikke svekkes.

Forsking

Komiteen konstaterer at meldinga i stor grad støttar seg på eksisterande forsking og meiner det er ein fordel at ein tar utgangspunkt i eksisterande kunnskap. Likevel er hovudinntrykket at det finst lite utdanningsforsking, og forsking om læring i stort og smått. Dette gjeld ikkje berre i Noreg. Tal frå OECD viser at landa brukar i snitt mindre enn ein prosent av utdanningsbudsjetta til forsking om og for sektoren. På denne bakgrunnen støttar komiteen tiltaka i meldinga om å vidareutvikle kunnskapsbasen for heile utdanningssektoren og mellom anna etablere eit større forskingsprogram for læring og undervisning. Komiteen støttar også forslaget om å utvikle forskingsbaserte kartleggingsverkty for pedagogisk bruk.

Komiteen merkar seg at det er store, systematiske forskjellar mellom gutar og jenter i norsk skole. Gutar får i gjennomsnitt 0,4 karakterpoeng lavere enn jenter.

Komiteen meiner det er grunn til å forske meir på læring av grunnleggjande ferdigheiter og lærings­vansker, både for å belyse kvifor gutar synest å ha eit dårligare utgangspunkt for skolegangen enn jenter, men også for å sjå på andre problemstellingar innanfor fagfeltet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre mener meldingen ikke sier noe om i hvilken grad forskjellene gjenspeiler seg i frafallsproblematikk og valg av studieretning senere. Den gir heller ikke svar på hvorfor noen skoler er flinkere til å lære gutter å lese enn andre.

Disse medlemmer deler oppfatningen om at det er viktig å utvikle kunnskapsbasen i forhold til læring og undervisning for hele utdanningssektoren gjennom forskningsrettet innsats. Gjennom slik kunnskap kan ressursene som legges inn i sektoren, mer målrettet kanaliseres i retning av tiltak som gir læringsprogresjon.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre er enige i at forsk­ningsinnsatsen er lav. Skolen bør bli mer forsknings­basert. Det er derfor underlig at man stopper forskning om friskoler når forskningen kom ut med positive resultater for friskolene. Disse medlemmer vil understreke at den midlertidige stansen for nye friskoler har hindret viktige næringslivsinitiativ rettet mot opplæring innen viktige yrkesopplæringer i Norge. Det er synd at noe som kunne ha blitt viktige supplement i opplæringen og dermed bidrag til å finne løsninger på frafallsproblemet i videregående opplæring, ikke kommer i gang. Disse medlemmer er sterkt for at forsk­ningsinnsatsen i skolen skal styrkes, men resultatene av forskningen må da faktisk brukes til å rette politikken inn på de riktige tiltakene.

Disse medlemmer foreslår derfor:

"Stortinget ber Regjeringen opprette et senter for læring, og ferdighetsutvikling ved NTNU for å drive forskning slik at man får bedre kunnskap om læring og ferdighetsutvikling."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at lærernes bruk av undervisningsverktøy synes i dag å være tilfeldig og lite målrettet. Disse medlemmer har merket seg at kun 20 pst. av lærerne gir uttrykk for at de har forstått læringsmålene. En slik metodefrihet nærmest uten mål og mening gir ikke grunnlag for en god skole. Det er viktig at undervisning og læring kobles sammen, og forskning kan bidra til å forbedre dette, men enda viktigere blir det å implementere forståelsen for forskningsresultatene ut i skolene og til den enkelte lærer.

3. Forslag frå mindretal

Forslag frå Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre:

Forslag 1

Stortinget ber Regjeringen definere PC som et nødvendig digitalt læremiddel.

Forslag 2

Stortinget ber Regjeringen om å komme tilbake til Stortinget med en egen sak om hvordan skolen kan styrkes som integreringsarena i forhold til ulike språklige minoritetsgrupper.

Forslag 3

Stortinget ber Regjeringen om å komme tilbake til Stortinget, snarest mulig og senest innen utgangen av 2008, med en sak vedrørende det spesialpedagogiske støttesystemet i skolen både lokalt og nasjonalt.

Forslag 4

Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en melding om kvaliteten i barnehagene.

Forslag 5

Stortinget ber Regjeringen igangsette tiltak for å stimulere flere kommuner til å bygge ut sitt tilbud om Åpen Barnehage, både når det gjelder omfang og innhold.

Forslag 6

Regjeringen bes igangsette et forskningsprosjekt der man følger en representativ barnegruppe over lang tid. Forskningen bør søke å avdekke ulikheter i utvikling knyttet opp mot valg av omsorgsløsning, sosial bakgrunn og etnisk opprinnelse.

Forslag 7

Stortinget ber Regjeringen fremme nødvendige endringer i forskriftene til opplæringsloven, slik at kompetansekrav knyttes til undervisning og ikke bare til ansettelse.

Forslag 8

Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en konkret og forskningsbasert tiltaksplan for økt foreldremedvirkning i grunnskolen.

Forslag 9

Stortinget ber Regjeringen innføre en videreutdanning for å kunne bli rådgiver for å sikre en best mulig rådgivningstjeneste i skolen.

Forslag 10

Stortinget ber Regjeringen endre regelverket slik at flere ungdommer med spesielle behov kommer inn under ordningen med tilskudd til bedrifter som tar inn lærlinger med spesielle behov.

Forslag 11

Stortinget ber Regjeringen endre opplæringsloven slik at de som ønsker å fullføre videregående opplæring, får en rett til slik utdanning uavhengig av alder.

Forslag frå Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre:

Forslag 12

Stortinget ber Regjeringen legge frem en egen sak om studiefinansiering som sikrer at alle, uavhengig av egen eller familiens økonomi, kan få finansieringshjelp til høyere utdanning. Summen av lån/stipend må sikre kjøpekraft nok til at studenten kan studere på heltid.

Forslag frå Framstegspartiet, Høgre og Venstre:

Forslag 13

Stortinget ber Regjeringen opprette et senter for læring og ferdighetsutvikling ved NTNU for å drive forskning, slik at man får bedre kunnskap om læring og ferdighetsutvikling.

Forslag frå Framstegspartiet og Høgre:

Forslag 14

Stortinget ber Regjeringen iverksette utvidede forsøk med kommunal overtakelse av videregående skole.

Forslag 15

Stortinget ber Regjeringen legge til rette for forsøk med at skoleledelse og pedagogisk ledelse kan ivaretas av ulike personer, slik at skoleeier står fritt til å organisere skolene i kommunen/fylket.

Forslag 16

Stortinget ber Regjeringen gjennomføre et forsøk med regionale veiledningssentra, fristilt fra enkeltskoler, som har til oppgave å utnytte infrastruktur, ressurser og kompetanse på en optimal måte til elevenes beste.

Forslag frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre:

Forslag 17

Stortinget ber Regjeringen sette i verk strakstiltak for å øke antall førskolelærere til barnehagesektoren, og komme tilbake til Stortinget med en redegjørelse om dette senest i forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett for 2007.

Forslag frå Framstegspartiet:

Forslag 18

Stortinget ber Regjeringen klargjøre at det ikke er forbud mot å ha samme rektor for flere skoler/enheter, og sikre enhetlig praktisering i alle kommuner/fylker.

Forslag 19

Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag for å sikre at allmennlærerutdanningen i Norge legges inn i ordinær gradsstruktur og endres slik at 3-årig bachelor gir mulighet til undervisning i 1.-4. klassetrinn, og at mastergrad gir anledning til å undervise på øvrige trinn. Det må stilles krav til tilstrekkelig fordypning i enkelte fag.

Forslag 20

Stortinget ber Regjeringen legge frem forslag om en forpliktende etterutdanningsplan for lærere, som inkluderer forsterket opplæring i moderne ledelse/klasseledelse.

Forslag 21

Stortinget ber Regjeringen endre betegnelse og innhold i den foreslåtte foreldrekontrakten og legge til grunn en individuell samarbeidsavtale mellom likeverdige parter, der også barnets medvirkning vektlegges.

Forslag frå Høgre og Venstre:

Forslag 22

Stortinget ber Regjeringen iverksette en ordning der elever og deres foresatte får skriftlige tilbakemeldinger basert på faglig utvikling fra første klassetrinn.

4. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

St.meld. nr. 16 (2006-2007) - … og ingen sto igjen. Tidlig innsats for livslang læring - vert å leggje ved møteboka.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 29. mars 2007

Ine Marie Eriksen Søreide

leiar

Åsa Elvik

ordførar