Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om kostnadsauke på rv 283 Øvre Sund bru i Drammen i Buskerud – vidare utbygging

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 176 (2008–2009)
  • Kjeldedokument: St.prp. nr. 45 (2008–2009)
  • Dato: 17.03.2009
  • Utgjevar: transport- og kommunikasjonskomiteen
  • Sidetal: 2

Til Stortinget

Samandrag

Som omtalt i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Samferdselsdepartementet hadde Statens vegvesen tilbodsopning på hovudentreprisen for rv 283 Øvre Sund bru i Drammen i januar 2008. Det kom inn eitt tilbod som ville ha ført til ytterlegare kostnadsauke på prosjektet. Konkurransen blei derfor avslutta, og det blei vedteke å dele opp hovudentreprisen i fire mindre delar med sikte på fleire tilbod og reduserte kostnader.

Etter nye konkurransar er prognosen for sluttkostnaden på 504 mill. 2009-kroner. Dette inneber ein kostnadsauke på 65 mill. kroner eller 15 pst. i forhold til St.prp. nr. 1 (2007–2008). Nytt kostnadsoverslag må derfor leggjast fram for Stortinget.

Framdrifta er kritisk ved at omlegging av høgspentkabel og nødvendige mudringsarbeid må gjennomførast før vårflaumen set inn.

Vegdirektoratet vurderer det ikkje som sannsynleg at ein vil oppnå auka konkurranse og redusert kostnad gjennom ein ny tilbodsrunde.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at ei eventuell avbryting av tilbodskonkurransen vil medføre at prosjektet blir eitt år forseinka.

Samferdselsdepartementet tilrår at prosjektet blir gjennomført basert på revidert kostnadsoverslag. Det er venta at bruarbeida kjem i gong i månadsskiftet mars/april 2009 og at prosjektet kan opnast for trafikk hausten 2011.

Eventuelle auka utgifter i 2009 av kostnadsauken for prosjektet blir dekt innanfor gjeldande budsjettrammer for kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Investeringar.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Karita Bekkemellem, Eirin Faldet, Irene Johansen, Torstein Rudihagen, Tor-Arne Strøm og Truls Wickholm, frå Framstegspartiet, Bård Hoksrud, leiaren Per Sandberg og Arne Sortevik, frå Høgre, Øyvind Halleraker og Trond Helleland, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, frå Kristeleg Folkeparti, Jan Sahl, frå Senterpartiet, Jenny Klinge, og frå Venstre, Borghild Tenden, viser til at rv 283 Øvre Sund bru er siste del av sentrumsringen i Drammen, og ein viktig del av vegpakke Drammen. Komiteen registrerer at prosjektet blir noko dyrare enn først antatt, men er samd i vurderinga av at ein no må godta tilbodet og kome i gang. Ei ytterlegare utsetting vil også ha store samfunnsøkonomiske kostnader.

Komiteen sluttar seg til Regjeringas forslag, og meiner at det er svært viktig at utbygginga startar opp så raskt som mogleg.

Komiteen har merka seg at kostnadsauken i sin heilskap blir dekt over kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Investeringar.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i at prosjektet rv 283 Øvre Sund bru i Drammen i Buskerud – vidare utbygging – blir gjennomført basert på revidert kostnadsoverslag.

Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 17. mars 2009

Per Sandberg

Trond Helleland

leiar

ordførar