Rammevilkåra går fram av lov og instruks om Riksrevisjonens
verksemd (riksrevisjonslova av 7. mai 2004 nr. 21 og instruks om
Riksrevisjonens verksemd av 11. mars 2004). Riksrevisjonen skal
gjennom revisjon, kontroll og rettleiing bidra til at inntektene
til staten blir betalte som føresett, og at midlane og verdiane
til staten blir brukte og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte
og i samsvar med vedtaka og føresetnadene til Stortinget, jf. riksrevisjonslova
§ 1.
Revisjonen skal vere kompetent, uavhengig og objektiv.
Det er viktig med høgt fagleg nivå og tillit i samfunnet. Internt
blir det lagt vekt på lagånd, openheit og respekt for å oppnå gode
resultat.
Revisjonen skal planleggjast, gjennomførast
og rapporterast slik lov, instruks og god revisjonsskikk i Riksrevisjonen
krev. Revisjonsstandardane til Riksrevisjonen tek sikte på å gi
omgrepet "god revisjonsskikk i Riksrevisjonen" eit innhald. Revisjonsstandardane
er baserte på standardane til INTOSAI (International Organization of
Supreme Audit Institutions) for statleg revisjon i tillegg til andre
nasjonale og internasjonale revisjonsstandardar.
Krava til revisjonsarbeidet som er gitt i lov,
instruks og revisjonsstandardane, er konkretiserte i generelle retningslinjer
og retningslinjer for dei einskilde revisjonstypane. Retningslinjene
beskriv korleis revisjonsarbeidet skal gjennomførast.
Dei siste ti åra har det vore ein sterk auke
både i dekningsgrad og ressursbruk per brukar av dei offentleg finansierte
velferdsordningane. I Perspektivmeldinga for 2009, jf. St.meld.
nr. 9 (2008–2009), kjem det fram at etterspørselen etter utdanning,
helse og andre viktige tenester framleis kjem til å auke i åra framover.
Det kan skape utfordringar for offentleg finansiering. I Perspektivmeldinga
blir det understreka kor viktig det er at det framleis er høgt trykk
når det gjeld effektivitet i offentleg tenesteproduksjon. Sidan
2000 har det vore gjennomført ei rekkje store reformer i forvaltninga,
blant anna for å betre kostnadseffektiviteten. Gjennom revisjonane har
Riksrevisjonen følgt opp tiltak som er sette i gang, og dei vil
vere hovudfokus i det framtidige revisjonsarbeidet.
Arbeids- og velferdsetaten, som driv Nav, blei etablert
1. juli 2006. I 2006 opna dei første Nav-kontora, og innan 2010
skal det etablerast 460 kontor over heile landet slik at alle i
den norske befolkninga har tilgang til eit Nav-kontor. Erfaringar
med reforma så langt viser at ho er svært krevjande. Riksrevisjonen
vil derfor spesielt rette merksemda mot oppgåveløysing og måloppnåing
i Nav.
Prognosane til dei regionale helseføretaka synte eit
samla underskot på 900 mill. kroner hausten 2008, samanlikna med
resultatkrava til eigaren. Likviditeten til helseføretaka har gjennom
fleire år blitt svekka som følgje av underskot og høge pensjonspremieinnbetalingar.
Grunna den stramme likviditetssituasjonen og for å lette omstillingsutfordringane,
blei basistilskota auka med 500 mill. kroner i desember 2008, jf.
Innst. S. nr. 122 (2008–2009) og St.prp. nr. 13 (2008–2009). Økonomi
og økonomistyring i helseføretaka har lenge vore eit prioritert
område i Riksrevisjonens kontroll, og det kjem det også til å vere framover.
Forvaltningsreforma skal gjennomførast frå 1. januar
2010, jf. Ot.prp. nr. 10 (2008–2009). Reforma skal bidra til eit
forsterka folkestyre og demokrati på lokalt og regionalt nivå. Det
skal skje gjennom desentralisering av makt og myndigheit og ei klar
ansvarsdeling mellom forvaltningsnivåa. Det blir lagt opp til ei
meir samordna og effektiv offentleg forvaltning. Ein skal sjå fleire
sektorar i samanheng innanfor den einskilde regionen, og det blir
lagt opp til ei meir effektiv ivaretaking av nasjonale mål, som
for eksempel likeverdige tenestetilbod og rettstryggleik for den
einskilde. Reforma kjem truleg til å få noko å seie for revisjonsansvaret
til Riksrevisjonen, for eksempel ved endra oppgåvefordeling mellom
stat og kommune. Reforma understrekar kor viktig det er å halde
oppe ein offentleg revisjon for å sikre god offentleg forvaltning.
Det er vedteke fleire endringar i statsbudsjettet for
2009 for å dempe verknadene som den internasjonale finansuroa har
for norsk økonomi. Det er vedteke tiltak for 20 mrd. kroner. Av
dette er i underkant av 17 mrd. kroner tiltak på utgiftssida i statsbudsjettet,
og godt og vel 3 mrd. kroner er målretta skattelette for næringslivet.
Dei ulike tiltaka inneber at det blir sprøyta inn rikelege økonomiske
midlar til å setje i gang planlagde investeringar, særleg innanfor
bygg og anlegg og ekstraordinære vedlikehaldstiltak. Det er også gitt
økonomisk støtte til bankane.
Det er også vedteke å etablere to nye fond (Statens
finansfond og Statens obligasjonsfond) med ein kapital på 50 mrd.
kroner kvar. Fonda skal gjere det lettare for bedrifter og hushald
å få tilgang til lån og dermed bidra til å stabilisere finansmarknaden.
Statens finansfond blir ein eigen institusjon og skal styrkje kjernekapitaldekninga
i bankane slik at dei kan møte svakare konjunkturar og styrkje konkurransekrafta.
Statens obligasjonsfond skal bidra til at bedriftene kan hente finansiering,
ikkje berre direkte frå bankane, men også i ein styrkt obligasjonsmarknad.
Statens obligasjonsfond skal forvaltast av Folketrygdfondet.
Som følgje av finanskrisa har overvakingsorganet
til EFTA (ESA) opna for utvida bruk av hasteprosedyren ved avgrensa
anbodskonkurransar. Det inneber at tida frå kunngjering av konkurranse
til signering av kontrakt kan reduserast frå 80 til 30 dagar.
Riksrevisjonen vil gjennom revisjonen følgje opp
dei ulike tiltakspakkane.
Forvaltningskapitalen i Statens pensjonsfond
– Utland (SPU) har auka frå om lag 170 mrd. kroner i 1998 til 2 275
mrd. kroner ved utgangen av 2008. Forvaltninga har etter kvart inkludert fleire
nye finansielle instrument, marknader og land. I 2007 auka aksjeandelen
frå 40 til 60 prosent, og aksjar i små selskap blei inkluderte. Ifølgje
St.meld. nr. 16 (2007–2008) vil eigedomsinvesteringar også bli inkluderte
med inntil 5 prosent av kapitalen i fondet.
Storleiken på og kompleksiteten knytt til fondet har
ført til ein auka revisjon av fondet. Dei forholda som er nemnde
og utviklinga i finansmarknaden den siste tida, understrekar endå
meir behovet for betre kontroll og heilskapleg revisjon av SPU.
I dag er klimaendringar, tap av naturmangfald
og spreiing av miljøgifter dei tre største globale trugsmåla mot
ei miljømessig berekraftig utvikling. I statsbudsjettet for 2009
er det vedteke ei kraftig satsing på klimarelaterte tiltak. Det gjeld
særleg jernbane og annan kollektivtrafikk, fangst og lagring av
CO2, forsking på fornybar energi, tiltak mot avskoging i fattige
land, klimainformasjon og overvaking.
Riksrevisjonen ser det som eit prioritert område å
bidra til ei betre global miljøforvaltning. Dette skal skje ved
å delta i oppbygginga av ei felles, fagleg plattform for miljørevisjon
gjennom internasjonalt samarbeid. Riksrevisjonen har også i revisjonen
retta blikket mot nasjonale miljøtiltak.
Brot på regelverket for offentlege innkjøp har lenge
vore eit gjennomgåande problem i staten, og gjennom fleire år er
det rapportert til Stortinget om dette i Dokument nr. 1. Direktoratet
for forvaltning og IKT (Difi), som blei oppretta 1. januar 2008,
har no som ei offentleg prioritert oppgåve å leggje til rette for
samfunnstenlege, kostnadseffektive og kvalitetsretta offentlege innkjøp.
Difi har blant anna fått ansvaret for å følgje opp Handlingsplanen
for samfunns- og miljøansvar i offentlege innkjøp. Det er også vedteke
eit nytt EU-direktiv som skal styrkje handhevinga av regelverket
om offentlege innkjøp. Det nye EU-direktivet vil blant anna gjere det
lettare for leverandørar som ikkje har nådd opp i konkurransen,
å sikre rettane sine før offentlege kontraktar blir inngått. Direktivet
tek særleg sikte på å kjempe mot ulovlege direkte innkjøp. Det er
sett ned eit utval som skal greie ut og tilrå korleis implementeringane
av EU-direktivet skal gjerast i Noreg.
Det at regelverket for offentlege innkjøp blir følgt,
er grunnleggjande for å sikre samfunnstenlege og kostnadseffektive
innkjøp og for å førebyggje misleghald. Riksrevisjonen gjennomfører
no ein forvaltningsrevisjon om innkjøpsprosessen i departement og
verksemder for å kartleggje og vurdere årsakene til at regelverket
i så mange tilfelle ikkje blir følgt. Riksrevisjonen kjem framleis
til å følgje opp dette området i den årlege revisjonen.
Revisjonsaktivitetane er inndelte i rekneskapsrevisjon,
forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Desse revisjonstypane
skal utfylle kvarandre slik at den samla revisjonen både blir heilskapleg
og mest mogleg målretta og effektiv. For å bidra til dette har Riksrevisjonen
etablert eit system for årleg utarbeiding av ei felles overordna
risikovurdering for kvart departement med underliggjande verksemder.
Risikovurderingane blir gjennomgått i møte med departementa. Systemet for
dei overordna risikovurderingane har blitt utvikla vidare i 2008.
Riksrevisjonen har hatt ein god dialog med departementa
og dei reviderte verksemdene om sakene som har blitt behandla.
Dokument nr. 1 er den årlege rapporten frå Riksrevisjonen
til Stortinget, og i 2008 omfatta rapporten både resultata av rekneskapsrevisjonen og
selskapskontrollen. Planåret til Riksrevisjonen går frå 1. mai til
30. april. Verksemdene får avsluttande revisjonsbrev innan 31. mai
året etter rekneskapsåret. Dokument nr. 1 blir lagt fram for Stortinget
når Stortinget kjem saman i byrjinga av oktober.
Forvaltningsrevisjonar blir sende fortløpande
til Stortinget som saker i Dokument nr. 3-serien. Alle forvaltningsrevisjonar
som er behandla i Stortinget, blir følgde opp, og resultata av denne oppfølginga
blir presenterte for Stortinget i Dokument nr. 3:1.
Ved behandlinga av Riksrevisjonens årlege melding
om verksemda har Stortinget dei siste par åra signalisert eit ønskje
om at Riksrevisjonen skal "medverka til auka reell språkleg jamstelling".
Riksrevisjonen har merkt seg dette. I 2008 var tre av rapportane
som blei sende til Stortinget, på nynorsk.
For rekneskapsåret 2007 omfatta rekneskapsrevisjonen
til Riksrevisjonen 230 statlege verksemder, inkludert einskilde
særlovselskap. Riksrevisjonen har sendt 208 avsluttande revisjonsbrev
utan merknader og 22 avsluttande revisjonsbrev med merknader. Merknadene
var knytte til rekneskapen som var lagt fram og/eller gjennomføringa
av dispensasjonane som låg til grunn for rekneskapen. Til samanlikning
blei det gitt 19 revisjonsbrev med merknader for rekneskapsåret
2006.
Vidare blei det gitt revisjonsberetning til
sju nordiske verksemder og FN-sambandet. Etter avtale reviderer
Riksrevisjonen bruk av fylkesvegsmidlar som blir rekneskapsførte
av Statens vegvesen, og det er sendt oppsummeringsbrev til 18 fylkesrevisjonar
om resultatet av kontrollen. Riksrevisjonen reviderer også dei kommunevise skatterekneskapane,
som er delrekneskapar til den samla rekneskapen til Skatteetaten.
Resultatet av kontrollen blei rapportert til
Stortinget i Dokument nr. 1 (2008–2009).
Selskapskontrollen omfatta 42 heilåtte og 41 delåtte
aksjeselskap, 4 regionale helseføretak, 6 statsføretak, 4 verksemder
organiserte ved særskild lov og 26 studentsamskipnader.
Resultatet av kontrollen blei rapportert til
Stortinget i Dokument nr. 1 (2008–2009). Ved behandlinga i Stortinget
viste kontroll- og konstitusjonskomiteen til at Riksrevisjonen har opplyst
at den vurderer å fremme resultatet av selskapskontrollen som ei
eiga sak til Stortinget. Komiteen uttalte at dei såg positivt på
dette. Riksrevisjonen har derfor sett i verk arbeidet for å kunne
rapportere resultatet av selskapskontrollen som ei eiga sak hausten
2009.
I 2008 blei 17 forvaltningsrevisjonar og ein
rapport om oppfølginga av tidlegare rapporterte forvaltningsrevisjonar
sende over til Stortinget.
Av forvaltningsrevisjonar som har komme i gang,
blir 26 førte vidare i 2009.
I 2008 blei revisjonen Departementenes styring av
statlige selskaper i et komparativt perspektiv avslutta etter foranalyse.
Funna i foranalysen kjem til å bli følgde opp i selskapskontrollen
under dei aktuelle departementa.
Oppfølginga av ti forvaltningsrevisjonar som
tidlegare er behandla av Stortinget, er omtala i Dokument nr. 3:1
(2008–2009).
Overordna vurderingar av risiko og kva som er vesentleg
for kvart departementsområde skal liggje til grunn for korleis ressursane
i revisjonen blir prioriterte. Føremålet med vurderingane er å kunne
styre revisjonsinnsatsen dit risikoen er størst. Arbeidet med å
gjennomføre risikoanalysar er under utvikling. For 2008 er det lagt
vekt på at planleggingsprosessane også fangar opp risikofaktorar
som går på tvers av departementsområda, som f.eks. IKT i forvaltninga,
innkjøp og miljø.
Som støtte i revisjonsarbeidet er det utvikla
kurs og rettleiingar i blant anna
revisjon av styring,
måloppnåing og resultat
risikoanalyse for forvaltningsrevisjon
og selskapskontroll
rapportskriving i forvaltningsrevisjon
revisjonskriterium og dokumentanalyse
intervjuteknikk.
Riksrevisjonen har starta arbeidet med å revidere retningslinjene
for selskapskontrollen.
Ein må elles sjå metodeutviklingsarbeidet i
samanheng med utviklinga i relevante nasjonale og internasjonale
fagmiljø. Riksrevisjonen har blant anna bidrege med å utarbeide
nye internasjonale retningslinjer for rekneskapsrevisjon i offentleg
sektor. I regi av INTOSAI går det føre seg eit arbeid med felles
rammeverk for standardar for rekneskapsrevisjon og forvaltningsrevisjon
som skal vere avslutta innan 2010. Riksrevisjonen har byrja arbeidet
med å implementere dei nye standardane og greie ut kva konsekvensar
det vil få for metodikken og revisjonsverktøyet til Riksrevisjonen.
Internt i organisasjonen er det sett i gang
eit prosjekt som skal ta stilling til behovet for eit nytt revisjonsverktøy
og utarbeide ein kravspesifikasjon for dette verktøyet. I tillegg
er det sett i gang eit arbeid for å utdjupe, konkretisere og vidareutvikle
innhaldet i kontroll av disposisjonane.
Det har blitt gjennomført ei intern evaluering knytt
til prosess, utforming og innhald i Dokument nr. 1. I utgreiingane
har Riksrevisjonen i større grad enn tidlegare gjort ei tydeleg
vurdering av substansen i svaret frå departementa, og det er gjennomgåande
lagt vekt på konsekvensar av feil og manglar.
Riksrevisjonen vil framleis arbeide med å forbetre
Dokument nr. 1 gjennom å styrkje dei interne revisjonsfaglege prosessane
og den risikobaserte mål- og resultatstyringa.
Det er utvikla retningslinjer for kvalitetskontroll av
forvaltningsrevisjon, selskapskontroll og rekneskapsrevisjon. Desse
kontrollane blir gjennomførte årleg og skal sikre at revisjonane
har følgt metodikken og den nødvendige kvaliteten til Riksrevisjonen.
Resultatet av kvalitetskontrollen blir rapportert til leiinga i
Riksrevisjonen.
I 2008 blei åtte rekneskapsrevisjonsoppdrag kontrollerte.
Det var ei betring i kvaliteten samanlikna med den førre kontrollen,
men i nokre revisjonar burde det ha vore gjennomført fleire revisjonshandlingar,
og i einskilde tilfelle burde revisjonsprosessen ha vore betre dokumentert. Rapporten
frå kvalitetskontrollen er følgd opp med konkrete tiltak.
Gjennom revisjonen skal Riksrevisjonen bidra til
å førebyggje og avdekkje misleghald og feil, jf. lov om Riksrevisjonen
§ 9. På departementsområda er det utarbeidd eigne retningslinjer
om førebygging og avdekking av misleghald. Riksrevisjonen kontrollerer
også og gir råd knytt til det ansvaret kvar einskild verksemd har
for å førebyggje og avdekkje misleghald.
Riksrevisjonen har etablert ei intern kompetansegruppe
for misleghald, der representantar for alle revisjonstypane deltek.
Kompetansegruppa har ansvar for å drive langsiktig kompetanseoppbygging
og samtidig hjelpe til i revisjonen. Ved å utveksle erfaringar etter
gjennomførte revisjonar skal gruppa også bidra til å utvikle metodikk
og nye verktøy på dette området.
Hausten 2008 blei det oppretta ein elektronisk tipskanal
på nettstaden til Riksrevisjonen, der Riksrevisjonen tek imot informasjon
om moglege misleghald i statsforvaltninga. Så langt har det komme
inn få tips om konkrete forhold som indikerer mistankar om misleghald
i forvaltninga.
Riksrevisjonen legg vekt på at kommunikasjonen
med reviderte verksemder skal vere god gjennom heile revisjonsprosessen.
Det blir gjennomført kontaktmøte mellom Riksrevisjonen og departementa/verksemdene,
der blant anna revisjonsfunn, risikovurderingar og planar for det kommande
revisjonsåret blir gjennomgått. Dette gir leiinga i dei ulike verksemdene
betre forståing av revisorarbeidet. Ansvaret til leiinga for styring
og kontroll blir understreka. Møta gir også Riksrevisjonen nyttige
innspel til revisjonsarbeidet, og revisorane får betre kunnskap
om oppgåvene til verksemdene og korleis dei kan løysast.
Riksrevisjonen rettleier reviderte verksemder både
i den løpande revisjonen og ved å delta som observatør i aktuelle
utviklingsprosjekt i forvaltninga.
Tilsette i Riksrevisjonen har delteke i oppdrag knytte
til undervisning (internt og eksternt) og føredragsverksemd (blant
anna for forvaltninga, organisasjonar og andre revisormiljø og på
førespurnader frå eksterne kursarrangørar).
I 2008 har det blitt laga ei handbok som skal
bidra til å sikre at utviklingsamarbeidet i Riksrevisjonen held
høg kvalitet, er føreseieleg og etterretteleg. Prosjektporteføljen
er utvida, og arbeidet med å integrere utviklingssamarbeidet i Riksrevisjonen
har halde fram.
To intensjonsavtalar (MoU) blei underskrivne med
riksrevisjonane i Serbia og Nepal. Avtalane har ei brei institusjonell
tilnærming med eit fem års perspektiv. Riksrevisjonen har dermed
institusjonelt samarbeid med riksrevisjonane i Malawi, Zambia, Mongolia,
Serbia og Nepal.
Sidan august 2008 har Riksrevisjonen stasjonert ein
norsk langtidsrådgivar i Malawi som skal støtte den institusjonelle
utviklinga av den malawiske riksrevisjonen. Sidan januar 2009 har ein
norsk langtidsrådgivar vore på plass i Zambia for å støtte den zambiske
riksrevisjonen med utvikling av forvaltningsrevisjon.
I 2008 har det blitt gjennomført aktivitetar
i samarbeidsinstitusjonane knytte til
institusjonsutvikling
utvikling av rekneskapsrevisjon og forvaltningsrevisjon
utvikling av administrative funksjonar
som IKT og arkiv
leiaropplæring
rolla til parlamenta i samband med oppfølging av
revisjonsrapportar.
Hausten 2008 arrangerte Riksrevisjonen Internasjonal
uke i Oslo med representantar frå riksrevisjonane i samarbeidslanda.
Føremålet med arrangementet var å diskutere felles problemstillingar,
ha faglege fordjupingar i aktuelle tema og spreie informasjon om
utviklingssamarbeidet til andre medarbeidarar i Riksrevisjonen.
Som ein del av arbeidet med å integrere utviklingssamarbeidet
internt i Riksrevisjonen er Pool av Internasjonalt Aktive (PIA)
blitt etablert. Målet med PIA er å få oversikt over ressurspersonar
i Riksrevisjonen som kan ta på seg både korttids- og langtidsoppdrag
i utviklingsprosjekta til Riksrevisjonen og å gi denne gruppa av
medarbeidarar meir motivasjon til og kompetanse og kunnskap om utviklingsarbeid.
I 2008 blei det utvikla og starta eit kompetanseutviklingsprogram
som skal bidra til at fleire av dei tilsette i Riksrevisjonen skal
få den nødvendige kompetansen for å engasjere seg i utviklingsprosjekta. Ved
utgangen av 2008 hadde nettverket 84 medlemmer.
I tråd med intensjonsavtalen som er inngått
mellom Riksrevisjonen og Utanriksdepartementet, blei det halde to
samarbeidsmøte i 2008. Målet med møta var å utveksle informasjon
om aktivitetar innanfor utviklingssamarbeidet til Riksrevisjonen.
Utviklingssamarbeidet til Riksrevisjonen skal vere
tett kopla til arbeidet som IDI (INTOSAI Development Initiative,
som er samlokalisert med Riksrevisjonen) gjer når det gjeld å byggje kapasitet
i riksrevisjonane på regional basis. Det har blitt utvikla gode
samarbeidsrelasjonar med IDI i 2008, og dette samarbeidet skal framleis styrkjast
framover.
Kostnadene som er knytte til Riksrevisjonens
utviklingsarbeid, blir rapporterte inn som bistandsmidlar (DAC-midlar)
til OECD via NORAD. I 2008 blei det rapportert inn 6 536 600 kroner
som DAC-midlar.
Riksrevisjonen var i 2008 involvert i revisjonen av
sju internasjonale organisasjonar. Riksrevisjonen hadde desse revisjonsoppdraga
i 2008:
International Organization
for Migration (IOM)
European Space Agency (ESA)
EUMETSAT
EFTA, EFTA Surveillance Authority (ESA), EFTA
Court
Interparlamentarisk union (IPU)
Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid
i Europa (OSSE)
European Molecular Biology Laboratory (EMBL),
European Molecular Biology Conference (EMBC) og European Molecular
Biology Organization (EMBO).
I 2007 starta Riksrevisjonen som ein del av
to internasjonale team ei fagfellevurdering av Den europeiske revisjonsrett
(ECA) i Luxembourg og den sveitsiske riksrevisjonen. Fagfellevurderinga
av Den europeiske revisjonsretten blei sluttført hausten 2008 og
presentert for verksemda i desember 2008. Fagfellevurderinga av
den sveitsiske riksrevisjonen er sluttført ved årsskiftet 2008/2009
og overlevert til verksemda i januar 2009.
Riksrevisjonen er medlem av INTOSAI (International
Organization of Supreme Audit Institutions) og den regionale organisasjonen
for Europa, EUROSAI (European Organisation of Supreme Audit Institutions).
INTOSAI er etablert for å vere ein møteplass for utveksling av idear
og erfaringar mellom riksrevisjonar for å bidra til å fremme den
faglege utviklinga av revisjonsfaget i offentleg revisjon. Riksrevisjonen er
medlem av INTOSAI Governing Board og INTOSAI Finance and Administration
Committee og møter som observatør til EUROSAI Governing Board.
Riksrevisjonen arbeider i komiteane og gruppene
nedanfor:
Standardkomiteen
Komiteen for IT-revisjon
Arbeidsgruppa for miljørevisjon
Arbeidsgruppa for privatisering, økonomiske reguleringar
og offentleg privat partnarskap
Arbeidsgruppa for kapasitetsbygging av
riksrevisjonar
Arbeidsgruppa for revisjon av katastrofehjelp
Sekretariatet: Sidan 2007 har ein ekspedisjonssjef
i Riksrevisjonen tenestegjort som Director of Strategic Planning
i INTOSAI-sekretariatet i Wien.
I 2008 har Riksrevisjonen hatt delegasjonsbesøk av
riksrevisjonar, nasjonalforsamlingar og organisasjonar frå mange
land. Fleire medarbeidarar i Riksrevisjonen har delteke på konferansar
og møte i regi av blant anna riksrevisjonane i andre land, EUROSAI
og INTOSAI og vore på studiebesøk i utlandet.
Det nordiske samarbeidet består av riksrevisjonane
i Danmark, Finland, Færøyane, Island, Noreg og Sverige. Det er etablert
fem konkrete former for samarbeid: årlege riksrevisormøte, årlege
kontaktpersonmøte, nordiske arbeidsgrupper, nordiske seminar og
hospitering. Representantar frå Riksrevisjonen har også delteke på
det årlege nordisk-baltiske møtet. Riksrevisjonen deltek også i
eit nettverk for informasjonseiningane i dei nordiske riksrevisjonane.
Det er gjennomført ein felles nordisk forvaltningsrevisjon.
Målet med denne var å kaste lys over beredskapssamarbeidet i Norden
ved eit eventuelt samanbrot i kraftsystemet som råkar mange menneske
i to eller fleire land, jf. Dokument nr. 3:16 (2007–2008).
Det er etablert ei felles nordisk nettverksgruppe for
revisjon av helsesektoren. Målet med gruppa er erfaringsutveksling,
planlegging og design og eventuelt å samarbeide om revisjon av problemstillingar
av same slag.
I 2007 sluttførte den norske og russiske riksrevisjonen
ein parallell revisjon av forvaltninga av fiskeressursane i Barentshavet
og Norskehavet, jf. Dokument nr. 3:2 (2007–2008) Riksrevisjonens
undersøkelse av forvaltningen av fiskeressursene i Barentshavet
og Norskehavet – en parallell revisjon mellom norsk og russisk riksrevisjon. Samarbeidet
har blitt følgt opp ved at det er inngått ein strategisk plan for
treårsperioden 2008–2010, konkretisert i operative planar for kvart
einskilt år. Avtalane føreset felles revisjonshandlingar i dei to
landa. I 2008 blei blant andre den norske riksadvokaten, Kystvakta, Fiskeridirektoratet,
Havforskingsinstituttet, den russiske riksadvokaten, Fiskerikomiteen,
lokaladministrasjonen i Murmansk og relevante russiske forskingsinstitutt
intervjua.
Dette er eit samarbeid mellom riksrevisjonane
i ei rekkje givarland om rapportering og revisjon av støtte til
bistandsprosjekt. HOAP har som mål å finne ei felles tilnærming
til revisjon av bistandsmidlar. Riksrevisjonen leidde i 2008 ein felles
skandinavisk revisjon av den generelle budsjettstøtta til Mosambik.
Rapporten skal bli distribuert til riksrevisjonane i alle landa
som deltek i budsjettstøtteprogrammet til Mosambik, Den europeiske
revisjonsretten, Verdsbanken og Den afrikanske utviklingsbanken.
Hausten 2006 overtok Riksrevisjonen formannskapet
for to år i det internasjonale revisjonssamarbeidet om utvikling
og innkjøp av Joint Strike Fighter (JSF). I samband med det blei
den fjerde JSF-konferansen halden i Oslo i september 2008.
Den øvste leiinga i Riksrevisjonen er eit kollegium
som består av fem riksrevisorar. Dei er valde av Stortinget for
ein periode på fire år frå 1. januar 2006 til 31. desember 2009.
Kollegiet er sett saman slik:
Leiar: | Jørgen Kosmo |
Varamedlem: | Brit Hoel |
Nestleiar: | Jan L. Stub |
Varamedlem: | Arve Lønnum |
Medlem: | Annelise Høegh |
Varamedlem: | Finn Kristian Marthinsen |
Medlem: | Geir-Ketil Hansen |
Varamedlem: | Morten Lund |
Medlem: | Ranveig Frøiland |
Varamedlem: | Nils Totland. |
Det blei halde 11 kollegiemøte i 2008.
Riksrevisjonen er organisert med ei administrasjonsavdeling,
fire rekneskapsrevisjonsavdelingar og to forvaltningsrevisjonsavdelingar.
Selskapskontrollen er organisert saman med forvaltningsrevisjonen.
To revisjonsstøtteeiningar arbeider med metodeutvikling og kvalitetskontroll
for høvesvis rekneskapsrevisjon og forvaltningsrevisjon/selskapskontroll.
I 2008 blei det vedteke at Riksrevisjonen framleis
skal vere organisert med regionkontor i Kristiansand, Stavanger,
Bergen, Trondheim, Bodø, Tromsø og Hamar. Regionkontora skal vere
bemanna slik at medarbeidarane har eit godt fagleg miljø som legg
til rette for fagleg utvikling og teamarbeid. Medarbeidarane skal
dermed få høve til å delta i prosjekt for både rekneskapsrevisjonen
og forvaltningsrevisjonen.
Dei andre kontora utanfor Oslo blir avvikla
ved naturleg avgang.
63,7 prosent av ressursane i 2008 blei brukt
på revisjonsfaglege aktivitetar (64,5 prosent i 2007), 5,7 prosent
på kompetanseutvikling (6 prosent i 2007) og 4,6 prosent på internasjonale aktivitetar
(3,5 prosent i 2007). 26 prosent av ressursane (same som i 2007)
blei brukt til administrasjon og andre støttefunksjonar.
Ressursfordelinga er relativt stabil frå år
til år. På grunnlag av den auka satsinga på internasjonalt utviklingssamarbeid
har det gått med nokre større ressursar til internasjonale aktivitetar.
For 2009 er det planlagt å auke ressursane til selskapskontrollen.
I 2008 hadde Riksrevisjonen tilsette tilsvarande 499
årsverk. Per 31. desember 2008 var 514 personar tilsette i verksemda.
Av desse var 88 personar lokaliserte utanfor Oslo.
I 2008 var kravet om 40 prosent representasjon av
begge kjønn innfridd i toppleiargruppa og saksbehandlargruppa. I
mellomleiargruppa er det 38,7 prosent kvinner, og det er framleis
berre kvinner i gruppa førstesekretær/konsulent, 86 prosent kvinner
blant reinhaldspersonalet og berre menn blant driftsteknikarane.
Ved rekruttering er Riksrevisjonen merksam på kjønnsfordelinga i
desse gruppene.
Det viktigaste fundamentet for verksemda til Riksrevisjonen
er godt kvalifiserte medarbeidarar som har variert utdanningsbakgrunn.
Riksrevisjonen satsar derfor bevisst på å rekruttere medarbeidarar
med god kompetanse, og det blir satsa mykje på å leggje til rette
for opplæring og utvikling slik at oppgåvene kan løysast på ein god
måte. Den faglege bakgrunnen og kompetansen varierer, blant anna
mellom revisjon, økonomi, jus og ulike samfunnsvitskapar.
I 2008 har alle medarbeidarane fått tilbod om
å delta i eit opplegg for individuell karriereplanlegging, og mange
har teke del i tilbodet. Hovudmålet med ordninga er å få til ei
best mogleg tilpassing mellom måla og behov for oppgåveløysing som
Riksrevisjonen har, og ønska, måla og behova for eiga utvikling
som medarbeidarane har. I tillegg har det stått sentralt å stimulere
til aktivt medarbeidarskap, der kvar einskild viser initiativ og
tek ansvar for eiga utvikling. Ordninga blei evaluert i februar
2009.
Riksrevisjonen har ein fireårig strategisk planperiode.
Den gjeldande strategiske planen går frå 2006 til 2010. Den årlege
verksemdsstyringa skjer gjennom årlege verksemdsplanar, som i tillegg
blir operasjonaliserte gjennom avdelingsvise planar. Risikovurdering
og -styring skal vere ein integrert del av planprosessane på alle nivå.
For å ytterlegare sikre at risikostyring bidreg til ei riktig prioritering
av oppgåvene, har det gjeldande styringssystemet blitt gjennomgått,
og det har blitt etablert nye retningslinjer for intern risikostyring.
Arbeidet med etableringa av ein ny strategisk plan
for perioden 2010–2014 byrja i 2008 og held fram i 2009.
Det definerte sikkerheitsmålet til Riksrevisjonen er
at all informasjonsbehandling skal utførast i tråd med lovpålagde
krav og på ein slik måte at tilliten til Riksrevisjonen ikkje blir
svekt. Det er etablert eit internt sikkerheitsforum som skal bidra
til at sikkerheitsmåla til Riksrevisjonen for behandling av informasjon,
blir nådd. Riksrevisjonen har også etablert eit eige sikkerheitsregelverk
som alle tilsette skal vere kjende med og følgje. Det er utarbeidd
eit nytt nettbasert oppdateringskurs i sikkerheit som alle dei tilsette har
gjennomført.
I Riksrevisjonen blir omfattande mengder informasjon
behandla, både manuelt og elektronisk, i ulike støttesystem. For
å sikre at gjeldande sikkerheitskrav blir følgde, blir alle dei
aktuelle systema løpande vurderte. Det blir også gjennomført risikovurderingar
av alle nye IKT-system som blir sette i drift og ved endringar som kan
påverke informasjonssikkerheita. Mal og rettleiing for gjennomføring
av slike risikovurderingar blei oppdaterte våren 2008.
I 2008 blei det godkjent eit eige elektronisk
system for behandling av gradert informasjon i Riksrevisjonen. Systemet
er godkjent av Nasjonalt tryggingsorgan. Alle tilsette det gjeld,
har fått opplæring i systemet.
I 2008 kom det inn 349 krav om innsyn til Riksrevisjonen
(187 i 2007). 157 av desse gjeld dokument som er omfatta av føresegnene
om utsett offentlegheit (riksrevisjonslova § 18 (2)).
Av dei 192 krava om innsyn som har vore behandla
etter avgjerdene om dokumentoffentlegheit i Riksrevisjonen (141
i 2007), er det gitt innsyn i 160 dokument (117 i 2007). Det har
vore gitt heilt eller delvis avslag om innsyn i fire tilfelle (24
i 2007). Fire klager på avslag har vore behandla av Kollegiet. Klagene
blei ikkje tekne til følgje i tre av sakene, mens éi klage blei
delvis teken til følgje.
I tillegg har arkivet ekspedert 225 krav om
innsyn i forhandlingsresultatet frå dei lokale forhandlingane i
2008, både 2.3.3- og 2.3.4-forhandlingar etter hovudtariffavtalen.
Rekneskapen til Riksrevisjonen er revidert av statsautorisert
revisor Ole Kjelstrup, som presidentskapet i Stortinget har utnemnd
om revisor. Rekneskapen for 2008 med notar og revisjonsmelding er
sendt til Presidentskapet i Stortinget.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Berit Brørby, Svein Roald Hansen og Ivar Skulstad, fra Fremskrittspartiet,
Carl I. Hagen og lederen Lodve Solholm, fra Høyre, Per-Kristian
Foss, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, fra Kristelig Folkeparti,
Ola T. Lånke, og fra Senterpartiet, Rune J. Skjælaaen, ser
positivt på den måten Riksrevisjonen har presentert sine aktiviteter
på for arbeidsåret 2008, med faglige innspill hvor helheten kommer
frem på en balansert måte. Komiteen er fornøyd med
det høye faglige nivået på Riksrevisjonens arbeid og viser til at
Riksrevisjonen over år har bygget opp stor tillit i samfunnet.
De rammevilkår Riksrevisjonen arbeider under er
slik komiteen vurderer det, tilpasset dagens samfunn.
Det er videre komiteens oppfatning at Riksrevisjonen
er i stand til å tilpasse seg de nye utfordringer som samfunnsutviklingen
gir.
Komiteen har merket seg gjennomgangen
av utviklingstrekk i forvaltningen som har betydning for Riksrevisjonens
arbeid – særlig de ressurskrevende statlige velferdsreformene, som NAV-reformen
og helseforetakene.
Komiteen viser til at gjennomføringen
av forvaltningsreformen vil innebære at noen statlige oppgaver som
i dag er underlagt revisjon fra Riksrevisjonen, overflyttes fylkeskommunen. Komiteen vil
understreke betydningen av å opprettholde en offentlig revisjon
for å sikre en god offentlig forvaltning, når oppgaver flyttes fra
staten til andre forvaltningsnivåer.
Komiteen merker seg også at Riksrevisjonen vil
følge opp de ulike tiltakspakker som er iverksatt i forbindelse
med finanskrisen – store finansielle ressurser som staten har satt
inn som mottiltak for å dempe de store forventede skadevirkninger
på norsk økonomi.
Komiteens flertall,
alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser til Riksrevisjonens
understrekning av at finanskrisen har økt behovet for en helhetlig
revisjon av Statens pensjonsfond – Utland. Flertallet viser
til de analyser og den rapportering Finansdepartementet i dag foretar
av risiko og avkastning i Pensjonsfondet og at dette rapporteres
i et separat dokument til Stortinget. Riksrevisjonen skal påse at
Finansdepartementets forvaltning av fondet er i henhold til de vedtak
og retningslinjer Stortinget har lagt til grunn. Riksrevisjonen
skal videre påse at den rapportering som finner sted er korrekt,
utfyllende og relevant – slik det gjøres i dag. Flertallet mener
denne rolle- og ansvarsfordelingen ivaretar dette behovet.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet ser
viktigheten av at Riksrevisjonen har fokusert på behovet for bedre
kontroll og helhetlig revisjon av Statens pensjonsfond – Utland (SPU)
– spesielt slik verdens finansmarkeder har utviklet seg den senere
tid. Med SPUs størrelse på hele 2 275 mrd. kroner ved utgangen av
2008, og en omlegging av investeringsmønstret på det internasjonale
finansmarked, mener disse medlemmer at behovet for
løpende bedre kontroll og helhetlig revisjon av SPU er hevet over enhver
tvil.
Komiteen merker seg
også at Riksrevisjonen prioriterer fagfeltet global miljøforvaltning
med blikk på de nasjonale miljøtiltak, samt oppbygging av en felles
faglig plattform for miljørevisjon på det internasjonale plan.
Brudd på regelverket for offentlige anskaffelser har
vært en gjenganger i Riksrevisjonens arbeider. Komiteen har
derfor forventninger til at Direktoratet for forvaltning og IKT
(Difi) som ble etablert i 2008, vil kunne legge til rette for samfunnsnyttige,
kostnadseffektive og kvalitetsrettede offentlige innkjøp. Komiteen ser
det positive i at Riksrevisjonen nå gjennomfører en forvaltningsrevisjon
om innkjøpsprosessen i det offentlige for å finne ut hvorfor reglementet
ikke blir fulgt opp i større grad.
Komiteen er vel kjent med Riksrevisjonens
revisjonsaktiviteter innenfor regnskaps-, forvaltnings- og selskapsrevisjon
med det mål å kontrollere at verdiene i fellesskapet blir brukt og
forvaltet slik Stortinget har vedtatt.
Komiteen merker seg også at Riksrevisjonen som
en del av sin metodeutvikling har satt fokus på utvikling av risikoanalyser
og planleggingsprosesser på tvers av departementenes fagområder
for å kunne fange opp felles risikofaktorer innenfor områder som
IKT, innkjøp og miljø.
Komiteen ser også positivt på
intensjonene og arbeidet med å videreutvikle Dokument nr. 1 gjennom
å styrke de interne revisjonsfaglige prosesser, samt styrking av
den interne kvalitetskontroll av revisjonene.
Komiteen har med interesse merket
seg at Riksrevisjonen har etablert en intern kompetansegruppe for
mislighold og feil med det mål å utveksle erfaringer og bidra til
å utvikle nye metoder og verktøy for en effektiv revisjon.
Videre finner komiteen det positivt
at Riksrevisjonen også bidrar med sine kunnskaper til eksterne seminarer,
undervisnings- og foredragsvirksomhet for å øke kompetansenivået
generelt, samt gjøre sin virksomhet kjent innenfor viktige kompetansemiljøer.
Riksrevisjonen fortsetter også sitt arbeid med vesentlige
bidrag til utviklingssamarbeid med riksrevisjoner i andre land og
i 2008 er nye intensjonsavtaler underskrevet med riksrevisjonene
i Serbia og Nepal. Komiteen ser positivt på den internasjonale
aktiviteten – spesielt med henblikk på mottagerlandenes egen mulighet
for kontroll av de store norske økonomiske bidrag i form av utviklingshjelp.
Komiteen har videre registrert
Riksrevisjonens revisjonsoppdrag for syv internasjonale organisasjoner
i 2008, samt en rekke andre aktiviteter utenfor landets grenser.
Riksrevisjonens aktivitet i 2008 er basert på nærmere
500 årsverk og preget av stabilitet og et godt arbeidsmiljø med
bestrebelser for et stadig høyere kompetansenivå – noe som komiteen mener
danner grunnlaget for en fremtidig effektiv og slagkraftig organisasjon
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjøre
følgende
vedtak:
Dokument nr. 2 (2008–2009) – Riksrevisjonens melding
om verksemda i 2008 – vedlegges protokollen.
Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den 9. juni 2009
Lodve Solholm |
Carl I. Hagen |
leder |
ordfører |