4.19 Merverdiavgift, utvidet avgiftsplikt på kultur- og idrettsområdet, jf. kap. 5521 post 70

4.19.1 Sammendrag

Regjeringa har fremma ein særskilt proposisjon om utvida avgiftsplikt på kultur- og idrettsområdet frå 1. juli 2010, sjå Prop. 119 LS (2009–2010) Endringer i merverdiavgiftsloven mv. og Stortingets vedtak om merverdiavgift (utvidet avgiftsplikt på kultur- og idrettsområdet). Forslaget i proposisjonen blir anslått å gi eit årleg provenytap på om lag 335 mill. kroner. Forslaget gir ein auke i provenyet for 2010 på om lag 80 mill. kroner påløpt og om lag 58 mill. kroner bokført, samanlikna med statsbudsjettet for 2010. Auken i provenyet heng hovudsakleg saman med at det ikkje blir foreslått ei frivillig registreringsordning for idrettslag, slik det vart skissert som ei mogeleg løysing i budsjettet for 2010.

4.19.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag, jf. forslag til vedtak XXVII under kapittel 23 Komiteens tilråding, og viser for øvrig til merknader under kap. 5521 post 70 nedenfor.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til behandlingen av Prop. 119 LS om å innlemme kultur og idrett i merverdiavgiftssystemet der disse medlemmer foreslo fritak fra merverdiavgift (nullsats) kultur, idrett og frivillighet, men fradrag for inngående merverdiavgift.