4.1 Sammendrag

4.1.1 Innledning

Finansdepartementet foreslår endringar i lov 12. desember 2003 nr. 58 om kompensasjon av meirverdiavgift for kommunar og fylkeskommunar mv. Endringane inneber at retten til papirinnlevering av kompensasjonsoppgåve for meirverdiavgift blir teke vekk, slik at alle som har rett på kompensasjon frå no av må levere kompensasjonsoppgåve elektronisk.

4.1.2 Bakgrunn

Kompensasjonsloven gir heimel til å yte kompensasjon for meirverdiavgift til kommunar, fylkeskommunar og visse private og ideelle verksemder. For å oppnå kompensasjon må ein levere kompensasjonsoppgåver. Oppgåvene leverast normalt elektronisk via Altinn i seks terminar. Verksemder utanom kommunar og fylkeskommunar har likevel høve til å levere éin årsoppgåve på papir.

Papirinnlevering av kompensasjonsoppgåver skapar betrakteleg meirarbeid for skatteetaten samanlikna med elektronisk innlevering. Samstundes har behovet for papirinnlevering minka betrakteleg dei seinare åra. Til dømes har Skatt øst opplyst at i Oslo blir under 10 pst. av oppgåvene levert på papir, likevel brukar Skatt øst i Oslo meir tid på å handsame oppgåvene som blir levert på papir, enn på dei resterande 90 pst. som blir levert elektronisk.

Det er fleire årsaker til at det er meir tidkrevjande å handsame papiroppgåvene. For det første må ein leggja papiroppgåvene manuelt inn i MVA-systemet. For det andre inneheld desse oppgåvene betydeleg fleire formalfeil enn dei elektronisk innleverte oppgåvene. Døme på feil er at verksemda ikkje har oppgitt korrekt organisasjonsnummer, at oppgåva ikkje er underteikna av ein person som kan forplikte eininga, at revisor ikkje har oppgitt fødselsnummer ved attestasjonen, eller at oppgåva ikkje inneheld korrekt beløp, t.d. fordi sjølve avgifta som blir kravd refundert ikkje reflekterer avgiftsgrunnlaget oppgitt i oppgåva. Dersom organisasjonsnummer eller fødselsnummer ikkje er tekne med eller skrive utydelig, er det òg i ein del tilfelle vanskeleg å identifisere kven som har sendt inn oppgåva.

Desse feilane i oppgåvene fører til meirarbeid for skattekontora fordi det må utførast manuell sakshandsaming, mellom anna ved at ein må skrive brev til innsendaren der det blir bede om at feilen blir retta. Når skattekontoret mottek svaret, krev dette ytterlegare manuell sakshandsaming. I tillegg fører formalfeil i innsende papiroppgåver til at oppgåva i mange tilfelle må avvisast og såleis bli rekna for ikkje å ha kome fram. Fordi kommunikasjon med innsendar ved papirinnlevering av kompensasjonsoppgåve skjer manuelt (skriftleg) vil det kunne bli kort eller inga tid til å rette formalfeil i papiroppgåvene før oppgåvefristen er ute. Dette er ein ulempe for innsendaren, som i stor grad ikkje vil være tilstades ved elektronisk innsending av oppgåver.

Årsaka til at det er lite formalfeil i kompensasjonsoppgåvene som blir sendt elektronisk til MVA-systemet gjennom Altinn, er at desse blir maskinelt kontrollert ved utfyllinga, slik at det ikkje er mogleg å få lagt inn oppgåva før feilen(e) blir retta. Innleveringssystemet gir såleis ein maskinell «sakshandsaming» ved at oppgåva ikkje blir akseptert. Innsendar får ikkje elektronisk kvittering så lenge ikkje kvart punkt er korrekt utfylt. Forutan organisasjonsnummer og namn, vil Altinn kontrollere signatur mot kven som kan forplikte eininga i følgje Enhetsregisteret, og revisorattesten mot kven som i Altinn er tildelt revisorrolla for eininga. Altinn gir òg ein automatisk kontroll av at oppført avgiftsbeløp som blir kravd refundert er korrekt utrekna samanlikna med det oppførte avgiftsgrunnlaget.

Vidare vil det i Altinn berre vere tilgjengeleg oppgåver til utfylling for den aktuelle terminen kor innleveringsfristen ikkje er gått ut. Krav for tidlegare terminar må såleis med på ny oppgåve for ein etterfølgjande termin dersom desse skal gi grunnlag for kompensasjon. Ved innlevering av papiroppgåver kan søkar i prinsippet fylle ut kva for ein tidsperiode han ynskjer, dvs. òg for år kor innleveringsfristen og eventuelt foreldingsfristen er ute. Dersom reglane for innleverings- eller foreldingsfristane ikkje er overhalde, fordrar dette igjen sakshandsaming frå skattekontoret, mellom anna i form av brev til innsendaren. Som det går fram av ovannemnde, vil det dessutan òg kunne bli kort eller inga tid til retting av formalfeil på papiroppgåvene før oppgåvefristen er ute.

Ved innføring av gjeldande kompensasjonsordning i 2004 var det ulike årsaker til at ein valde ei løysing der kompensasjonsoppgåver òg kunne leverast på papir. Mellom anna peikte ein den gongen på einskilde tekniske hindringar som ville kunne lede til at nokre ikkje kunne levere kompensasjonsoppgåve elektronisk. Andre argumenter for å behalde papirinnlevering blei og framheva.

I perioden som har gått sidan gjeldande kompensasjonsordning blei innført, har det vore ein kraftig nedgang i prosentdelen verksemder med rett til papirinnlevering, som har nytta seg av slik levering. I 2004 valde 46,25 pst. av desse verksemdene papirinnlevering. I 2008 var dette talet gått ned til ca. 12,75 pst.

Finansdepartementet sende 4. mai 2009 på høyring eit forslag om å oppheve retten til papirinnlevering av meirverdiavgiftskompensasjonsoppgåve i lov om kompensasjon for meirverdiavgift § 7. Høyringsfristen blei satt til 4. august 2009.

Dei fleste av høyringsinstansane som har kome med realitetsmerknader er positive til forslaget. Dei konkrete synspunkta til høyringsinstansane blir gått igjennom i punkt 6.4 i proposisjonen.

4.1.3 Vurderinger og forslag fra departementet

Det er først og fremst mindre verksemder som leverer på papir etter gjeldande ordning. Dette som følgje av at papirinnlevering berre er mogleg for dei som leverer berre éi oppgåve per år. Større verksemder med rett på kompensasjonsbeløp av ein viss storleik vil ha eit sjølvstendig incitament til å velje terminvis innlevering på grunn av likviditetsfordelen ved slik hyppigare levering.

Departementet viser elles til at kompensasjon etter kompensasjonslova berre ytast dersom meirverdiavgiftskostnadane i ei verksemd overstig 20 000 kroner i løpet av eit år. Dette inneber at svært små verksemder ikkje har rett på kompensasjon, og dermed ikkje blir påverka av eit krav om elektronisk levering.

Erfaringar frå Skatt øst betyr at det særleg er barnehagar som nyttar seg av ordninga med papirinnlevering. Det er berre barnehagar av ein bestemt storleik, jf. § 6 i lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehagar, som kan ha rett på kompensasjon. Derfor vil dei minste barnehageverksemdene, typisk små familiebarnehagar, dagmammaverksemd og korttidspass av barn, ikkje bli påverka av omlegginga. Vidare er det einskilde kyrkjelege fellesråd og sokneråd som òg nyttar seg av retten til å levere kompensasjonsoppgåve på papir. I dei andre gruppene leverer dei aller fleste elektronisk, men her er det òg einskilde verksemder som leverer papiroppgåver.

Som nemnt under proposisjonens punkt 4.1.2 var det ulike årsaker til at ein ved innføringa av gjeldande kompensasjonsordning valde ei løysing der kompensasjonsoppgåver òg kunne leverast på papir. Mellom anna blei det peikt på visse tekniske hindringar. Desse tekniske hindringane dreidde seg om problem knytt til levering frå verksemder som nytta Mac i staden for PC, og dessutan levering frå utanlandske personar utan norsk adresse. Skattedirektoratet har opplyst at desse hindringane no er rydda av vegen.

Vidare blei det den gongen rekna med at einskilde av dei minste verksemdene ikkje hadde datamaskin med internettilgang internt i verksemda. Til sist blei det peikt på at ein del verksemder med rett på kompensasjon er små, og har avgrensa administrative ressursar. Som følgje av at elektronisk levering kunne bli oppfatta som noko krevjande for einskilde av desse verksemdene, valde ein ei løysing der det òg var mogleg å levere oppgåve på papir.

Departementet vurderer det slik at den teknologiske utviklinga har gjort at desse argumenta ikkje er like aktuelle i dag som dei var da ordninga blei innført. Departementet legg til grunn at det i dag har blitt betydeleg færre verksemder som ikkje har tilgjenge til datamaskin med internettilkopling. Det er i dag vanskeleg å sjå for seg ei verksemd som fyllar vilkåra for å sende inn krav om kompensasjon for meirverdiavgift, men som ikkje skulle ha tilgang til datamaskin med internettilkopling. Den betydelege nedgangen i mengda leverte papiroppgåver i perioden 2004 til 2008 underbyggjer dette.

Eit argument mot å oppheve retten til papirinnlevering av kompensasjonsoppgåver kan vere at elektronisk levering framleis kan bli oppfatta som noko krevjande for einskilde av dei minste verksemdene med liten administrasjon. Dette gjeld sjølv om dei har tilgang til elektronisk kommunikasjon. Desse verksemdene kan i ein overgangsperiode oppleve noko meirarbeid ved å måtte nytte elektronisk innlevering, da verksemdene må setje seg inn i dei rutinane og prosedyrane som gjeld for slik levering. Departementet antek likevel at når prosedyren for slik levering først er blitt kjent, så vil arbeidet med å levere kompensasjonsoppgåver elektronisk totalt sett både vere, og opplevast å vere, mindre arbeidskrevjande enn å sende inn papiroppgåver. Over tid vil derfor overgang til elektronisk innlevering òg for desse små verksemdene gi ein arbeidssparing.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at retten til papirinnlevering av kompensasjonsoppgåve opphevast. Departementet viser til forslag til endringar i lov om kompensasjon for meirverdiavgift § 7.

Som følgje av at pålegg om elektronisk levering ikkje lenger er knytt opp mot dei ulike leveringsfristane, men frå no av omfattar alle verksemder uansett leveringsfrist, gjer departementet framlegg om at noverande § 7 tredje ledd første punktum, som seier at kompensasjonsoppgåve skal leverast elektronisk, blir flytta til § 6 da dette gir betre samanheng med overskriftene i paragrafane. Departementet viser til forslag til ny § 6 første ledd, andre punktum.

4.1.4 Økonomiske og administrative konsekvenser

Departementet legg til grunn at forslaget ikkje vil ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar for dei med rett på kompensasjon. Som nemnt over kan avvikling av retten til papirinnlevering medføre noko meirarbeid for einskilde verksemder i ein overgangsperiode. Departementet vurderer det slik at meirarbeidet vil vere ubetydeleg, og ikkje ha nemneverdige økonomiske konsekvensar. På den anna side vil som nemnt overgang til elektronisk innlevering på sikt kunne vere ein arbeidsmessig fordel for desse verksemdene. Vidare vil verksemdene nyte godt av den maskinelle kontrollen ved leveringa. Denne sikrar i større grad enn papirinnlevering at dei innleverte oppgåvene er korrekt utfylt, noko som igjen reduserer behovet for seinare supplering eller korrigering av opplysningar.

For skattekontora vil forslaget bety mindre arbeid i samanheng med mottak av oppgåvene, ved at det blir redusert behov for manuell sakshandsaming og mindre behov for seinare innhenting av opplysningar.

4.1.5 Iverksettelse

På bakgrunn av innspel i høyringsrunden har departementet kome til at opphevinga av retten til papirinnlevering først bør tre i kraft frå 2011, slik at verksemdene som må leggja om leveringsrutinane sine får tilstrekkeleg tid til å førebu seg på omlegginga. Departementet foreslår at endringane trer i kraft med verknad frå 1. januar 2011.

4.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre er enig i at retten til papirinnlevering av kompensasjonsoppgaver blir tatt bort. Disse medlemmer merker seg imidlertid at departementet sier at denne retten skaper betraktelig merarbeid for skatteetaten, men at man ikke vektlegger dette under økonomiske og administrative konsekvenser. Disse medlemmer mener det ville være naturlig at departementet hadde estimert innsparingseffekten og at man hadde vurdert om dette er en innsparing som skal komme andre samfunnsområder til gode eller om skatteetaten skal beholde hele gevinsten ved rasjonaliseringen.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til dette som et eksempel på effektiviseringspotensial og at det underbygger det generelle kutt i administrative kostnader som disse medlemmer foreslår på kap. 2309 post 1 ymse utgifter i Innst. 350 S (2009–2010).