Ved lov 19. desember 2008 nr. 112 fekk arvelova (lov 3. mars
1972 om arv mm.) eit nytt kapittel III A om rett til arv og uskifte
på grunnlag av sambuarskap. Etter § 28 c i arvelova kan såleis sambuar
som har, har hatt eller ventar barn med den avdøde, ta over uskift
mellom anna felles bustad, innbu, bil og fritidseigedom som den
avdøde eigde.
For andre eigedelar etter avdøde, til dømes bankinnskot, aksjar
og næringseigedom, gjeld sambuaren sin rett til uskift overtaking
berre dersom det er bestemt i testament, eller dei andre arvingane
samtykkjer. Attlevande sin eigen formue, også erverv etter dødsfallet,
går berre inn i det uskifte buet så langt den høyrer naturleg saman
med dei eigedelane frå avdøde som dette buet inneheld, jf. arvelova
§ 28 siste ledd.
Skattelova § 2-15 andre ledd regulerar skattleggjing av attlevande
ektefelle i uskifte. Av denne regelen følgjer at skattelova § 2-10
om likning av ektefellar under eitt, § 2-11 om særskilt likning
av ektefellars inntekt, og § 2-13 om fordeling av skatt mellom ektefellar,
skal gjelde også i dødsfallsåret når attlevande ektefelle tek buet
over uskift. Etter dødsfallsåret skattleggjast attlevande ektefelle
for buets formue og inntekt.
Skattereglane om ektefellar gjeld etter skatteloven § 2-16 også
for visse sambuarar som har meldeplikt etter folketrygdlova, men
ikkje generelt for sambuarar.
Etter departementets vurdering bør attlevande sambuar som tek
over buet uskift, handsamast likt skattemessig med attlevande ektefelle
som tek over buet uskift. Dette inneber at skattelova § 2-15 andre ledd
må endras, slik at den også gjeld for attlevande sambuarar. Også
i § 15-4 femte ledd om personfrådrag bør det presiserast at attlevande
sambuar skal handsamast likt med attlevande ektefelle. Departementet
viser til forslag om endringar i skattelova §§ 2-15 andre ledd og
15-4 femte ledd.
Ein attlevande sambuars overtaking av bu uskift skjer på grunnlag
av skifteattest frå tingretten, jf. arvelova § 28 g. Retten legg
da til grunn arvelova sin definisjon av sambuar. Likningsmaktene
kan utan vidare byggje på dette, utan omsyn til mogleg avvikande
definisjonar av sambuarstatus i andre delar av skatteregelverket.
For formueslikninga blir den praktiske verknaden av forslaget
at attlevande sambuar blir likna for heile det uskifte buet, saman
med evt. eigen formue som fell utanfor buet. Berre for dødsfallsåret
får attlevande dobbelt formuesfrådrag på grunn av felleslikninga
med avdøde. Eventuell formue etter avdøde som fell utanfor det uskifte
buet, blir eit særskild dødsbu som liknast etter dei generelle reglane
for slike, so lenge buet står under offentleg eller privat skifte.
Ved inntektslikninga må avdøde sine inntekter i dødsfallsåret
i tilfelle fordelast etter si nærare tilknyting. Avkastning tilknytta
eigedelane i særskild dødsbu utanfor det uskifte buet, liknast på
det særskilde dødsbuet si hand. Avkastning som er tilknytta avdødes
del av eigedelane i det uskifte buet og gjeld tida før dødsfallet,
kan liknast særskild på avdøde si hand. Det same gjelder avdøde
sine arbeids- og pensjonsinntekter mv. Anna inntekt, mellom anna
avkastning etter dødsfallet av eigedelane i det uskifte buet, liknast
hos attlevande sambuar. Dersom felleslikning av inntekta til avdøde
og attlevande gir lågare samla skatt enn særskild likning, vil felleslikning
i klasse 2 bli resultatet.
For åra etter dødsfallsåret blir attlevande sambuar likna for
all inntekt, unnteke avkastninga i eit eventuelt særskild dødsbu
utanfor det uskifte buet. Slik er og reglane for attlevande ektefelle.
Forslaget omfattar og dei tilfelle der sambuarane før dødsfallet
blei likna likt med ektefellar. Felleslikning av formue har da vore
etablert frå før, og dei nye reglane om felleslikning ved buovertaking
uskift vil i mindre grad bety endring av likningsmåten.
Forslaget vil ikkje ha monalege administrative eller økonomiske
verknader.
Departementet foreslår at endringa trer i kraft med verknad frå
og med inntektsåret 2009.
Komiteen slutter seg til regjeringens
forslag.