Justisdepartementet legg fram eit framlegg om endringar
i offentleglova. Framlegget går ut på å innføre høve til å gjere
unntak frå innsyn for to nye kategoriar informasjon. For det fyrste
skal det etter framlegget kunne gjerast unntak frå innsyn for fødselsnummer
og liknande identifikasjonsnummer. For det andre skal det kunne gjerast
unntak for lønnsoppgåver dersom innsyn i bruttoutbetalingane vert
gjeve på annan måte.
Kjennskap til ein person sitt fødselsnummer
er ofte ein føresetnad for såkalla identitetstjuveri, der personar
mellom anna har henta ut andre sin post og oppretta abonnement og
skipa gjeld i andre sitt namn, og kan gje tilgang til personleg
informasjon om andre. Sjølv om det i desse tilfella ofte er tale
om ein ukritisk bruk av fødselsnummer som legitimasjon eller til
anna som det ikkje er skikka for, ser Justisdepartementet eit klart
behov for å kunne gjere unntak frå retten til innsyn for fødselsnummer.
På den andre sida har fødselsnummer ein sentral funksjon med å identifisere enkeltmenneske,
som må kunne nyttast av både private og offentlege aktørar. Slike
nummer kan såleis ikkje generelt vere omfatta av teieplikt. Departementet
går difor inn for å innføre ein heimel i offentleglova for å gjere
unntak frå innsyn for fødselsnummer og nummer med tilsvarande funksjon.
Det er ikkje noko ved omsyna og føremåla bak innsynsretten som tilseier
at det må vere rett til innsyn i opplysningar om fødselsnummer.
I den seinare tida er det sett fram nokre omfattande
krav om innsyn i lønnsoppgåver i det offentlege. Innsynskrava har
synt at innsyn i slike dokument medfører mange og til dels vanskelege
og usik-re vurderingar av kva det skal gjerast unntak for på grunn
av teieplikta. I tillegg kjem at det er mykje arbeid knytt til klargjering
av oppgåvene for innsyn. Samstundes er det klart at det er stor
offentleg interesse knytt til korleis det offentlege disponerer
over fellesskapsmidlane. Etter Justisdepartementet si vurdering
bør det difor kunne gjerast unntak frå innsyn for lønnsoppgåver
dersom forvaltninga gjev innsyn i bruttolønna og andre godtgjeringar
på annan måte. Føremåla bak innsynsretten gjer seg i liten grad
gjeldande for dei opplysningane som såleis fell utanfor innsynsretten.
Unntaket skal omfatte både dei oppgåvene arbeidstakarane får ved
kvar lønnsutbetaling og årsoppgåver o.l. som viser utbetalingar,
trekk osv. over eit lengre tidsrom.
Framlegget gjeld mindre endringar som ikkje rokkar
ved dei vesentlege elementa i innsynsretten. Av omsyn særleg til
at det den siste tida er sett fram omfattande innsynskrav som set problema
med innsyn i fødselsnummer og lønnsoppgåver på spissen, har departementet
sett det naudsynt å fremje framlegget utan at det har vore på alminneleg
høyring.
Framlegget vil medføre at krav om innsyn i lønnsoppgåver
kan handsamast på enklare og raskare vis enn i dag. Dei ressursane
som utarbeiding av oversikter over bruttolønn og andre bruttogodtgjeringar
vil krevje, vil normalt vere små samanlikna med dei innsparingane
framlegget fører med seg.
Det nye unntakshøvet for fødselsnummer vil ikkje
ha nemneverdige økonomiske og administrative konsekvensar.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Jan Bøhler, Tore Hagebekken, Sigvald Oppebøen Hansen, Anna Ljunggren
og Tove-Lise Torve, fra Fremskrittspartiet, Hans Frode Kielland
Asmyhr, Ulf Leirstein, Åse Michaelsen og lederen Per Sandberg, fra Høyre,
André Oktay Dahl og Anders B. Werp, fra Sosialistisk Venstreparti, Akhtar
Chaudhry, og fra Senterpartiet, Jenny Klinge, viser til
forslaget hvor regjeringen foreslår at det gjøres endringer i offentlighetsloven.
Regjeringen fremmer forslag om at det kan gjøres unntak fra offentlighetsloven
når det gjelder innsyn for fødselsnummer og lignende identifikasjonsnummer
samt lønnsoppgaver. Det skal fortsatt være åpent for innsyn i bruttolønnsutbetalinger
og andre godtgjørelser. Komiteen viser til at regjeringen
begrunner forslaget med at det har vært en økning i antall identitetstyverier
og behovet for en bedre avgrensning av hva som anses som personlige
opplysninger. I tillegg har det økte antallet begjæringer om innsyn
ført til mange vanskelige avgrensningsmessige avveininger. Regjeringen viser
også til at det i de senere år har blitt en markant økning i antall
innsynsbegjæringer, noe som har medført økt arbeidsbelastning for
forvaltningen.
Komiteen er enig med regjeringen
i at økningen i identitetstyverier er bekymringsfull og at en noe
mer restriktiv praksis i innsyn i slike opplysninger kan bidra til
at offentlige organer ikke sprer slike opplysninger unødvendig. Komiteen mener
videre at innsyn i bruttolønnsutbetalinger og andre godtgjørelser
vil være god nok informasjon for dem som søker informasjon om lønnsbetingelser.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak til lov
om endringar i offentleglova
I
I lov 19. mai 2006 nr. 16 om rett til innsyn i dokument
i offentleg verksemd blir det gjort følgjande endringar:
§ 25 overskrifta skal lyde:
Unntak for tilsetjingssaker, lønnsoppgåver m.m.
§ 25 nytt fjerde ledd skal lyde:
Det kan gjerast unntak frå innsyn for skriftleg oppgåve
over utrekna lønn eller liknande godtgjering, utrekningsgrunnlag
for feriepengar og trekk som blir gjorde ved utbetalinga. Unntaket
i første punktum omfattar ikkje opplysningar om bruttoutbetalingar.
Innsyn i opplysningar om bruttoutbetalingar kan givast ved oppstilling
av opplysningane i eit anna dokument.
§ 26 overskrifta skal lyde:
Unntak for eksamensdokument, forskings-opplysningar
og fødselsnummer m.m.
§ 26 nytt femte ledd skal lyde:
Det kan gjerast unntak frå innsyn for fødselsnummer
og nummer med tilsvarande funksjon.
II
Lova tek til å gjelde straks.
Oslo, i justiskomiteen, den 22. november 2011
Per Sandberg |
Hans Frode Kielland Asmyhr |
leder |
ordfører |