Innstilling fra finanskomiteen om overenskomst mellom Norge og Guatemala om opplysninger i skattesaker

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Den 15. mai 2012 blei ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Republikken Guatemala om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 20. januar 2012. Overeinskomsten blei på vegne av Noreg underskriven av ambassadør Tarald O. Brautaset og på vegne av Republikken Guatemala av finansminister Pavel Centeno. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dagar etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala trer i kraft.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, OECD, vedtok den 9. april 1998 ei tilråding om tiltak mot skadeleg skattekonkurranse. Tiltaket tok i hovudsak sikte på å avvikle skadelege skatteregime i medlemslanda, men peikte også på behovet for å treffe sameinte mottiltak mot tilsvarande skatteregime i dei såkalla skatteparadisa.

Innan utløpet av 2005 var alle skatteregime i medlemslanda som var definerte som skadelege etter dei vedtekne kriteria, endra eller under avvikling som føresett. I mellomtida blei det teke kontakt med alle jurisdiksjonar som ein meinte var omfatta av kriteria for å utgjere eit skatteparadis. Det blei her gjort greie for prosjektet til OECD og invitert til dialog. Dersom eit definert skatteparadis var villig til å opne for innsyn og effektiv informasjonsutveksling med medlemslanda til OECD, ville det ikkje bli ført opp på lista over ikkje-samarbeidsvillige skatteparadis som vil kunne bli utsette for mottiltak.

Guatemala var av ymse grunner ikkje blant dei 38 jurisdiksjonane som opphavleg blei definerte som skatteparadis og som blei bede om å gje ei politisk bindande erklæring om innsyn og informasjonsutveksling til generalsekretæren i OECD. Sidan Guatemala oppfyller kriteria for skatteparadis, tok dei nordiske landa initiativ til at óg Guatemala skulle inngå avtaler for effektiv informasjonsutveksling i skattesaker bygd på OECD sin modellavtale. Denne forpliktar avtalepartane til å utveksle alle relevante opplysningar som vurderast naudsynte om eigarskap og transaksjonar, og frå bankar, finansinstitusjonar, advokatar og andre rådgjevarar.

For å framskynde prosessen og for å gi dei nordiske landa større tyngd i forhandlingane, vedtok Nordisk ministerråd i juni 2006 å etablere eit felles nordisk prosjekt for den tekniske gjennomføringa av forhandlingar av slike avtaler. Det er nå gjennomført slike felles forhandlingar med ei rekkje jurisdiksjonar. I alle tilfelle skal forhandlingane resultere i utkast til bilaterale avtaler mellom vedkommande jurisdiksjon og kvart av dei sju nordiske landa, medrekna Færøyane og Grønland. Ei rekke avtaler er nå underskrivne. Frå norsk side har arbeidet vore leia av avdelingsdirektør Per Olav Gjesti, Finansdepartementet. Han har også leia styringsgruppa for prosjektet.

Avtala er inngått på norsk, spansk og engelsk. Som vedlegg til proposisjonen følgjer utkastet til den norske og engelske teksten.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunvor Eldegard, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen, Thor Lillehovde, lederen Torgeir Micaelsen, Torfinn Opheim og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet, Jørund Rytman, Ketil Solvik-Olsen, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Arve Kambe, Jan Tore Sanner og Eli Skoland, fra Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen, fra Senterpartiet, Arne Bergsvåg, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, slutter seg til regjeringens forslag om samtykke til å sette i kraft overenskomsten mellom Norge og Guatemala om opplysninger i skattesaker.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykker til å sette i kraft en overenskomst mellom Norge og Guatemala om opplysninger i skattesaker underskrevet i Paris 15. mai 2012.

Oslo, i finanskomiteen, den 25. oktober 2012

Torgeir Micaelsen

Torfinn Opheim

leder

ordfører