EØS-komiteen vedtok 30. mars 2012 avgjerd 55/2012
om å endre vedlegg XII Fri rørsle for kapital til EØS-avtalen, ved
innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/7/EU av 16. februar 2011
om kamp mot forseinka betaling ved handelstransaksjonar. Direktivet
er ei omarbeiding av gjeldande europaparlaments- og rådsdirektiv
om kamp mot forseinka betaling ved handelstransaksjonar.
Direktivet inneheld føresegner som har til føremål
å styrkje fordringshavarane si rettsstilling ved forseinka betaling
ved handelstransaksjonar. Direktivet gjeld ikkje forbrukarforhold.
Direktivet trekkjer opp ei rettsleg ramme for å hindre forseinka
betaling og for å sikre passande kompensasjon der dette likevel
skjer. Det inneheld vidare føresegner som skal sikre at innkrevjinga
av gjeld vert effektiv og rimeleg.
Sidan gjennomføringa av EØS-komiteens avgjerd
i norsk rett vil krevje lovendring, er det naudsynt med samtykke
frå Stortinget til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen i medhald
av § 26 andre leddet i Grunnlova.
Direktivet er eit såkalla minimumsdirektiv,
såleis at norske styresmakter vil kunne innføre eller vidareføre
reglar som er gunstigare for fordringshavarane enn det som følgjer
av direktivet.
Direktivet byggjer på det gjeldande direktivet 2000/35/EF
om kamp mot forseinka betaling, som er gjennomført i norsk rett.
Innlemminga av direktivet gjer det naudsynt med endringar i norsk
lovgjeving, i fyrste rekke i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter
ved forsinket betaling m.m.
Det vil bli gjort framlegg om å endre forseinkingsrentelova
for å auke forseinkingsrentesatsen med minst eitt prosentpoeng.
Forseinkingsrentelova vil opne for at ein framleis i forskrift kan
fastsetje ein lågare rentesats for forbrukarar enn den som følgjer av
lova, om det er ønskjeleg.
Vidare treng ein føresegner som har til føremål
å korte ned kredittida i avtalar mellom føretak og avtalar mellom
føretak og det offentlege. Føresegnene rører ikkje ved tilhøvet
til avtalte betalingsplanar (avdrag).
Det er også tale om ei innføring av ein kompensasjon
til fordringshavaren til dekning av inndrivingskostnader når det
skal betalast forseinkingsrente etter forseinkingsrentelova. Det
må gjerast klart at visse avtalevilkår som rører ved retten til
forseinkingsrenter og erstatning for inndrivingskostnader, anten
skal sjåast som urimelege eller presumerast å vere urimelege, noko
som rører ved bruken av avtalelova § 36 om urimelege vilkår. Det
trengst òg føresegner om at enkelte vilkår ikkje kan nyttast når
offentlege styresmakter er skuldnaren. Nokre av føresegnene må gjerast
ufråvikelege, slik at ein ikkje ved avtale kan fråvike dei til ulempe
for fordringshavaren.
Justis- og beredskapsdepartementet har fremma Prop.
150 L (2011–2012) med dei naudsynte lovendringar.
Når det gjeld dei økonomiske og administrative konsekvensane
ved gjennomføringa av direktivet for offentlege styresmakter, kan
dei vente noko auka kostnader i ein overgangsperiode i samband med eventuelle
nye avtale- og betalingsrutinar. Det at alle organisasjonar som
representerer føretak, no skal kunne gå til søksmål for å prøve
vilkår og praksis om forseinka betaling, kan òg føre til at det
blir nokre fleire saker for domstolane. Det er likevel neppe tale om
ei nemneverdig belastning for domstolane.
For private aktørar som er fordringshavarar
kan tiltaka føre til betre likviditet i føretaka ved at dei raskare
får inn uteståande fordringar. Sidan direktivet gjer ei viss justering
i utrekninga av forseinkingsrenta, vil dette kunne føre med seg
auka kostnader for dei skuldnarane som kjem i ein slik situasjon
at dei skal svare rente etter forseinkingsrentelova.
Europakommisjonen meiner at forseinka betaling
framleis er eit problem for små- og mellomstore føretak og den indre
marknaden. Sjølv om varene er leverte eller tenestene utførte, får
fordringshavaren betalinga seinare enn han har krav på, noko som
verkar negativt på likviditeten, den finansielle situasjonen og
konkurranseevna til føretaka.
Justis- og beredskapsdepartementet tilrår at
Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om endring av vedlegg XII
til EØS-avtalen ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv
2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling ved
handelstransaksjonar. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Jan Bøhler, Tore Hagebakken, Sigvald Oppebøen Hansen, Anna Ljunggren
og Tove-Lise Torve, fra Fremskrittspartiet, Hans Frode Kielland
Asmyhr, Ulf Leirstein, Åse Michaelsen og lederen Per Sandberg, fra Høyre,
André Oktay Dahl og Anders B. Werp, fra Sosialistisk Venstreparti, Akhtar
Chaudhry, og fra Senterpartiet, Jenny Klinge, viser til
Prop. 138 S (2011–2012) og at EØS-komiteen 30. mars 2012 vedtok
avgjørelse 55/2012 om å endre vedlegg XII Fri bevegelse for kapital
til EØS-avtalen, ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv
2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forsinket betaling ved
handelstransaksjoner. Direktivet er en omarbeiding av gjeldende
europaparlaments- og rådsdirektiv 2000/35/EF av 29. juni 2000 om
kamp mot forsinket betaling ved handelstransaksjoner. Komiteen viser
til at direktivet inneholder forutsetninger som har til formål å
styrke fordringshavernes rettsstilling ved forsinket betaling ved
handelstransaksjoner. Direktivet gjelder ikke forbrukerforhold. Komiteen viser
til at direktivet trekker opp en rettslig ramme for å hindre forsinket
betaling og for å sikre passende kompensasjon der dette likevel
skjer. Det inneholder videre forutsetninger som skal sikre at innkrevingen
av gjeld blir effektiv og rimelig. Komiteen viser
til proposisjonen, begrunnelsene og støtter forslaget om samtykke.
Komiteens utkast til innstilling ble 20. november 2012
oversendt utenriks- og forsvarskomiteen til uttalelse. Utenriks-
og forsvarskomiteen opplyste i brev av 21. november 2012 at de sluttet
seg til justiskomiteens innstilling, og ikke hadde ytterligere merknader.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak:
Stortinget gjev samtykke til godkjenning
av avgjerd i EØS-komiteen nr. 55/2012 av 30. mars 2012 om innlemming
i EØS-avtalen av direktiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp
mot forseinka betaling ved handelstransaksjonar.
Oslo, i justiskomiteen, den 27. november 2012
Per Sandberg |
André Oktay Dahl |
leder |
ordfører |