3.1 Samandrag

3.1.1 Mål

Måla er:

  • Utdanninga og kunnskapsformidlinga skal gje dyktigare aktørar i byggsektoren.

  • FoU skal heve kvaliteten i bygg og gjere byggjeprosessane meir kostnadseffektive.

  • Det skal utviklast betre statistikk og system for resultatevaluering.

3.1.2 Kunnskapar må vidareutviklast og takast i bruk

Det vert i meldinga peikt på at dei teknologiske og arkitektfaglege miljøa i Noreg har eit høgt fagleg nivå. Det vert gjort greie for miljøa sine roller internasjonalt.

Det vert i meldinga peikt på at norske bygg generelt har høg standard, men at den byggfaglege kompetansen vi har, ikkje blir teke godt nok i bruk i heile næringa. Det samla resultatet blir derfor ikkje så bra som det høge kompetansenivået vårt skulle tilseie. Byggfeil kostar samfunnet fleire milliardar i året. Mange bygg får høgare drifts- og vedlikehaldskostnader og kortare levetid enn naudsynt, og tilfredsstiller ikkje dei krava samfunnet set gjennom forskrifter for teknisk kvalitet, til dømes til energieffektivitet, miljø og universell utforming.

Nye og skjerpa krav til kvalitet gjev byggjenæringa ytterlegare utfordringar. Nye kunnskapar og metodar må utviklast, og ei heil næring må kunne ta dei nye kunnskapane i bruk frå det tidspunktet det kjem krav om det. Avstanden mellom ynskt kvalitet slik det blir definert i forskrifter, og den faktiske kvaliteten som kjem til gjennom praktisk bygging, kan auke dersom dette ikkje skjer. Alle ledd i byggjenæringa må gjere ein meir kvalifisert innsats og samspelet må bli betre enn i dag.

Utvikling og oppbygging av kompetanse i byggjenæringa er meir utfordrande enn for mange andre næringar. Det vert i meldinga peikt på nokre trekk som påverkar kompetanseutviklinga i byggjenæringa.

3.1.3 Utvikling av norsk byggsektor for det 21. hundreåret

Kompetansenivået i heile byggjenæringa må bli høgare

Det vert i meldinga peikt på at auka kompetanse i alle ledd er ei av dei viktigaste utfordringane for byggjenæringa i åra som kjem. Regjeringa vil medverke til eit kunnskapslyft i norsk byggjenæring. Regjeringa ser dette som eit viktig tiltak for å nå dei kvalitetsmåla som er sette for bygningspolitikken.

Det vert i meldinga peikt på at betringa av kompetansen i næringa vil måtte skje på fleire måtar.

Auka kompetanse er viktig for å snu den negative produktivitetsutviklinga som ein har hatt i byggjenæringa gjennom fleire år.

Det må vere eit mål å utvikle kompetanse og ferdigheiter i norsk byggjenæring som ligg på eit høgt nivå internasjonalt. Norsk byggjenæring har potensial til å utvikle spisskompetanse på fleire område.

Kontakten det offentlege har med næringa blir ofte oppstykka, og koordineringa mellom dei statlege verksemdene er ofte ikkje god nok.

Det er derfor naudsynt med eit meir langsiktig og systematisk samarbeid mellom styresmaktene og dei mange grupperingane i byggjenæringa dersom dialogen mellom næringa og styresmaktene skal bli meir effektiv, og dersom ein skal få ei målretta kunnskapsheving i heile næringa.

Etableringa av Bygg21 – opplegg og gjennomføring

Det vert i meldinga vist til at regjeringa vil invitere byggjenæringa og andre sentrale aktørar til eit breitt samarbeid for å utvikle ei kunnskapsbasert byggjenæring og auke kompetansen og gjennomføringsevna i alle ledd i næringa, Bygg21. Bygg21 skal med bakgrunn i dei måla som er sette for bygningspolitikken, greie ut og føreslå tiltak for å betre kompetansen og gjennomføringsevna i byggjenæringa.

Bygg21 skal utarbeide strategiar og tiltak for:

  • FoU og innovasjon

  • utdanning og kompetanseutvikling

  • formidling av kunnskap og erfaringar

Dei tre innsatsområda er nærare omtalte i kapittel 3.4–3.6 i meldinga.

Kommunal- og regionaldepartementet vil ha ansvaret for å setje i gang Bygg21 og for å samordne satsinga med andre departement.

Bygg 21 vil bli leia av et styre medan Direktoratet for byggkvalitet får ansvar for den daglege leiinga og sekretariatsfunksjonane. Dei som elles deltek i Bygg21, bør vere dei same som til vanleg har ansvar for å gjennomføre strategiar og tiltak i byggsektoren, irekna bransjen, offentlege etatar, diverse organisasjonar og initiativ.

Det første året skal Bygg21 lage eit utkast til strategi og framlegg til prioriterte tiltak for dei tre innsatsområda. I dette ligg òg eit framlegg til kven som skal ha ansvaret for å gjennomføre dei ulike tiltaka.

Strategiane og tiltaka vil bli førte vidare av byggjenæringa og styresmaktene i fellesskap. Det vil vere viktig å sjå samanhengen mellom dei oppgåvene som næringa sjølv har ansvaret for, og dei som må gjennomførast av offentlege organ.

Bygg21 vil greie ut tiltak som kan føre med seg eit behov for omstillingar i byggjenæringa. Ei omfattande endring av etablerte samhandlingsmønster og tradisjonar kan ta tid. Bygg21 vil derfor vere ei satsing som bør gå over fleire år. Satsinga må evaluerast undervegs og korrigerast i samsvar med dette. Etter 2020 skal ein vurdere om satsinga skal avviklast, eller om ho skal førast vidare i nye former. Det vil til dømes vere aktuelt å vurdere om næringa sjølv skal vidareføre satsinga gjennom eit senter for utvikling drive av næringslivet.

Strategien som Bygg21 skal utvikle, vil vere eit framlegg som både styresmaktene og næringa må vurdere i etterhand. Ein «nasjonal strategi» og ei felles plattform for framtidige satsingar vil først vere forpliktande etter at dei kompetente organa på både stats- og næringssida har akseptert strategien.

Tilsvarande initiativ som Bygg21 er sett i gang fleire stader, mellom anna i Storbritannia og i Danmark. Framlegget om å etablere Bygg21 er inspirert av desse initiativa.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil ta initiativ til å etablere Bygg21 som eit samarbeidsprosjekt med byggjenæringa for å heve kompetansenivået.

  • Regjeringa vil forankre oppfølginga av Bygg21 i KRD og leggje sekretariatet til Direktoratet for byggkvalitet.

3.1.4 Forsking, utvikling og innovasjon

FoU-innsatsen i byggsektoren

Storleiken på FoU-innsatsen i byggsektoren er mindre enn i mange andre næringar. Det gjeld både eigenfinansiering frå næringa og finansiering frå det offentlege.

Forskingsrådet har fleire program som på ulikt vis omfattar byggjenæringa. Skattefunn har i dag størst omfang av dei prosjekta som er retta mot byggsektoren.

Forskingsrådet sine sektorovergripande program har ført til auka FoU-løyvingar til byggjenæringa samanlikna med den gongen næringa hadde eigne, brukarstyrte forskingsprogram. Forskingsrådet har sett i verk fleire administrative tiltak for å mobilisere byggjenæringa til auka FoU-innsats. Tendensen er at fleire verksemder i byggjenæringa har eit aukande FoU-engasjement.

Det vert i meldinga peikt på at forskingsinnsatsen varierer sterkt internt i næringa.

Forskingsrådet tek del i fellesfinansierte prosjekt i to nettverk som er knytte til det sjuande rammeprogrammet i EU. Denne deltakinga har gjeve mindre utteljing enn forventa.

Enova, Husbanken, Riksantikvaren og Direktoratet for byggkvalitet brukar også midlar på utgreiingar og forskingsrelaterte aktivitetar for byggsektoren.

Universitets- og høgskulesektoren har noko byggrelatert FoU-aktivitet som ikkje blir fanga opp av statistikken.

I tillegg kjem innkjøp av FoU-tenester frå Statsbygg, Forsvarsbygg og helseføretaka knytta til deira eigne byggjeprosjekt og eigedomsforvaltning.

Kommunal og regionaldepartementet har det siste tiåret gjennomført to større programsatsingar som har relevans for kunnskapsutviklinga i byggsektoren: Økobyggprogrammet (1998–2002) og Byggjekostnadsprogrammet (2005–2010).

Nasjonal strategi for byggrelatert forsking og innovasjon

Ein nasjonal FoU-strategi for byggjenæringa kan fungere som retningsgjevar for framtidig forskingsinnsats og sikre betre fordeling og betre bruk av offentlege og private forskingsmidlar. Strategien skal medverke til meir tverrfagleg forsking der prosessorienterte samfunnsfaglege problemstillingar og samfunnsvitskaplege tema generelt blir meir framståande enn i tidlegare byggforsking, som tradisjonelt har vore teknologiorientert.

Både Innovasjon Noregs og SIVAs ordningar bør kunne utnyttast betre enn tilfellet er i dag. Ein nasjonal FoU-strategi bør ha ein del som handlar om innovasjon og korleis innovasjonsraten i byggjenæringa kan aukast.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil at det i regi av Bygg21 blir utvikla eit utkast til ein nasjonal FoU- og innovasjonsstrategi for byggsektoren

3.1.5 Meir relevant opplæring i byggsektoren

Utfordringane når det gjeld kompetanse

Det vert i meldinga vist til at byggjenæringa er særleg uroleg for rekrutteringa til grunnopplæringa og etter- og vidareutdanninga i byggfaga. Talet på søkjarar til vidaregåande opplæring innanfor bygg- og anleggsfag har gått nedover, og fråfallet er dessutan svært høgt. Ei av fleire forklaringar kan vere at opplæringa ikkje er relevant nok for yrkeslivet. I ei Fafo-undersøking kjem det fram at over halvparten av byggjebedriftene meiner kvaliteten på lærlingar som kjem rett frå vidaregåande skule, er dårleg eller svært dårleg.

Over 2/3 av alle bedrifter som er knytte til Byggenæringens Landsforening, opplyser at dei driv systematisk etterutdanning av dei tilsette, og at dei sender dei tilsette på kurs, med sertifiseringskurs som eit av dei viktigaste. Den viktigaste metoden for kompetanseheving i bedriftene skjer gjennom læring i det daglege arbeidet (learning by doing).

Det manglar gode nok tilbod til handverkarar og andre grupper om «fagleg påfyll». Men ulike profesjons- og næringsorganisasjonar har kurs- og opplæringstilbod til sine medlemsbedrifter.

I dag er det for få handverkarar som har kunnskapar om tradisjonelle byggjeteknikkar, og kunnskap om desse byggjeteknikkane er ofte avgjerande når freda og verneverdige bygg skal rehabiliterast. Verken dagens byggjenæring eller etablerte etter- og vidareutdanningstilbod klarer å dekkje dette behovet godt nok.

Talet på sivilingeniørar innanfor byggje- og anleggssektoren var på 1990-talet jamt dalande, men trenden synest å ha snudd.

Utfordringa for universitetsfaga synest å vere mest knytte til å gjere utdanningane meir relevante for arbeidslivet.

Grunnopplæring i byggfaga – auka satsing og relevans

Alle lærefaga i vidaregåande opplæring er knytte til eit fagleg råd. Dei faglege råda representerer partane i arbeidslivet innanfor dei respektive ansvarsområda. Råda skal arbeide for å utvikle kvaliteten i faga og sjå trendar og utviklingstrekk, slik at faga dekkjer kompetansebehova for arbeidslivet, den einskilde og samfunnet. Fagleg råd for bygg og anleggsteknikk er rådgjevande for alle lærefaga innan byggjesektoren. Dei nasjonale læreplanane for byggjefaga er utarbeidde saman med det faglege rådet og fastsette av Utdanningsdirektoratet.

Nesten alle ungdommar begynner i vidaregåande opplæring etter avslutta ungdomsskule, men etter fem år har berre rundt 70 pst. gjennomført med full studiekompetanse eller yrkeskompetanse. På yrkesfag gjennomfører berre litt over halvparten av elevane vidaregåande skule med full kompetanse innan fem år. Mange yrkesfagelevar vel å prioritere studiekompetanse framfor fagbrev etter det andre året på vidaregåande opplæring. Faglege ferdigheiter frå grunnskulen har stor innverknad på om ungdommane gjennomfører vidaregåande opplæring eller ikkje. Det vert i meldinga peikt på at det for regjeringa er ei hovudsak å få fleire ungdommar til å fullføre vidaregåande opplæring. Regjeringa har derfor styrkt innsatsen i arbeidet mot fråfall. Satsingsområde er tidleg innsats og kvalitetsutvikling, tettare oppfølging av den einskilde eleven, satsing på lærarkompetanse og satsing på ei variert og meir praktisk grunnopplæring.

Kunnskapsløftet

Med Kunnskapsløftet blei prosjekt til fordjuping innførte i vidaregåande opplæring, og det utgjer ein vesentleg del av fag- og yrkesopplæringa. Faget har to mål:

  • Faget skal gje elevane ei oppleving av at opplæringa er relevant for det framtidige yrket deira, og dermed gje den einskilde betre motivasjon for å gjennomføre opplæringa.

  • Faget skal gje regionalt og lokalt næringsliv høve til å definere innhaldet i opplæringa i tråd med dei lokale kompetansebehova. Faget gjev høve til å etablere og vidareutvikle samarbeid med andre skular og med lokalt arbeidsliv.

Nye initiativ i grunnopplæringa

På ungdomssteget blei det frå skuleåret 2009/2010 sett i gang ei utprøving med eit nytt arbeidslivsfag som skal gje elevar som ynskjer det, betre høve til å arbeide praktisk og prøve ut interessene sine for yrkesfagleg opplæring. Faget er eit alternativ til eit andre framandspråk eller språkleg fordjuping. Evalueringa av arbeidslivsfaget syner at faget har gode føresetnader for å lukkast.

Frå hausten 2008 blei det innført eit nytt obligatorisk fag – utdanningsval. Faget skal knyte grunnskule og vidaregåande opplæring betre saman og gje elevane kunnskap om kva dei kan oppnå gjennom vidaregåande opplæring. Elevane skal prøve ut delar av det faglege innhaldet i (minst to) ulike utdanningsprogram i vidaregåande opplæring tilpassa nivået på ungdomssteget. Frå hausten 2012 blir det innført valfag i ungdomsskulen.

Vidare starta regjeringa i 2010 prosjektet Ny GIV, eit treårig prosjekt med det mål å etablere eit varig samarbeid mellom stat, fylkeskommunar og kommunar for å gje elevane betre føresetnader for å fullføre vidaregåande opplæring. Første året med Ny GIV har gjeve 2 300 ungdommar intensivopplæring i lesing og rekning på slutten av 10. klassesteg. I 2013 skal alle skular med ungdomssteg og alle vidaregåande skular inviterast inn i prosjektet.

For å gjere fellesfag som norsk, engelsk og matematikk meir relevante for yrkesfagelevar blei det sett av 10 mill. kroner i 2011 til å gje lærarane meir kompetanse og utvikle nye læremiddel for yrkesretting av fellesfag.

Evalueringa av Kunnskapsløftet blir ferdigstilt i 2012 og vil danne grunnlag for ei stortingsmelding i 2013. Det å styrkje statusen for yrkesfag vil stå sentralt i den nye stortingsmeldinga.

Rekrutteringsbehov og lærlingar

Byggjenæringa har engasjert seg for å gjere grunn- og vidareutdanninga i byggfaga meir relevant for dei behova næringa har, og for å sikre framtidig rekruttering. Byggenæringens Landsforening (BNL) har etter ei utgreiing av temaet i regi av Byggekostnadsprogrammet utarbeidd eit framlegg til revidering av rammeplanen. Det blir hevda at BNLs medlemsbedrifter treng til saman opptil 9 000 nye handverkarar, men får berre om lag 2 500.

På vegen fram mot fagbrev skal eleven få praktisk opplæring på ein arbeidsplass. Lærlingordninga generelt og i byggfaga spesielt er under debatt. Samspelet mellom skulebasert og arbeidsplassbasert opplæring er viktig. Samtidig er det klart at næringa sjølv har eit ansvar for å leggje til rette for framtidig rekruttering, mellom anna ved aktiv bruk og god oppfølging av lærlingar.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil saman med Faglig råd for bygg og anleggsteknikk og Samarbeidsrådet for yrkesopplæring betre kvaliteten i grunnopplæringa og sikre byggjenæringa kvalifisert arbeidskraft, mellom anna ved at fleire tek fagbrev.

Etter- og vidareutdanning skal systematiserast

Det vert i meldinga vist til at byggjenæringa er i kontinuerleg omstilling mellom anna som følgje av forskriftsendringar og nye kvalitetskrav. Ein føresetnad for lønsame omstillingar er omstillingsdyktige arbeidstakarar.

Verksemdene har sjølv ansvar for å sørgje for ei opplæring som er grunngjeve i behovet for kompetanse i verksemdene. Det er grunn til å tru at arbeidsplassen vil få ei viktigare rolle som læringsplass, fordi verksemdene i stadig større grad har spisskompetanse som ikkje finst i utdanningsinstitusjonane.

Gjennom Kompetansereforma frå 1999 ynskte styresmaktene å utvikle ein velfungerande marknad for etter- og vidareutdanning gjennom tiltak retta mot både tilbodssida og etterspørselssida. Erfaringane frå reforma viser likevel at innføring av rettar ikkje har vore nok til å auke dei vaksne si deltaking i grunnopplæringa i særleg grad. På universitets- og høgskulenivå har talet på vaksne studentar derimot auka.

Det er behov for å forbetre tilbodet om etter- og vidareutdanning innanfor byggfaga både for å utvikle spesialkompetanse på utvalde tema, og for å kunne oppdatere prosjekterande og utførande på nye metodar og teknikkar etter kvart som dei ligg føre.

Lågenergiprogrammet

Det vert i meldinga vist til at lågenergiprogrammet er eitt døme på korleis byggjenæringa og styresmaktene har gått saman for å påskunde betre kompetanse om energieffektivisering i bygg hos aktørane i byggjenæringa. Programmet er tiårig og blei oppretta i 2007.

Programmet har to innsatsområder: kompetanseheving i byggjenæringa og førebileteprosjekt. Målet er å medverke til at den norske byggjenæringa blir leiande i Europa når det gjeld å byggje energi- og miljøvenlege bygg, og at det innan 2017 blir bygd ein stor prosentdel passivbygg i Noreg. Det vert i meldinga peikt på at erfaringane med Lågenergiprogrammet er gode og at programmet vil bli knytt opp til Bygg21.

Næringa har allereie mange tilbod som skal dekkje behovet for etterutdanning, både bedriftsinterne tilbod og tilbod organiserte gjennom bransjeorganisasjonar. Det kan vere mykje å hente på meir tverrfagleg samarbeid mellom organisasjonane. Næringa kan, om det er føremålstenleg, utvikle eigne kvalitetskrav til medarbeidarane sine.

Regjeringa vil heile tida vere i dialog med partane i arbeidslivet om etter- og vidareutdanning, innanfor rammene av gjeldande regelverk og ansvarsdeling. Regjeringa legg opp til at dette blir drøfta vidare i Bygg21.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil i Bygg21 få vurdert systema for etter- og vidareutdanning i byggfaga, innanfor rammene av gjeldande regelverk og ansvarsdeling.

Rolla til fagskulane

Det vert i meldinga vist til at fagskulane representerer eit alternativ til høgare utdanning, og at dei er viktige for kompetanseheving og spesialisering innan yrkesfaga. Behovet for kompetanse som ligg mellom fagutdanning på vidaregåande nivå og høgskulenivå, er generelt aukande. Gjennomført utdanning fører fram til tittelen fagteknikar. Ein fagteknikar blir til dømes bruka i mellomleiarstillingar i yrkeslivet.

Hausten 2010 oppnemnde Kunnskapsdepartementet Nasjonalt fagskuleråd som mellom anna skal arbeide for å betre samarbeidet mellom fagskulane og resten av utdanningssystemet og arbeidslivet.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil vurdere fagskulane si rolle nærare for å få til eit kunnskapsløft i byggjenæringa. Dette vil skje innanfor Bygg21 og i samarbeid med Fagskulerådet og andre.

Universitets- og høgskulefaga

Noreg har i dag 36 statlege universitet og høgskular og ei rekkje private høgare utdanningsinstitusjonar. Det vert i meldinga peikt på at det for byggjesektoren er særleg viktig at ingeniørutdanninga har høg kvalitet og rekrutterer dyktige og motiverte studentar. Ei ny forskrift om rammeplan for treårig ingeniørutdanning frå 2011 skal sikre at institusjonane legg til rette for ei integrert ingeniørutdanning med heilskap og samanheng mellom fag, emne, teori og praksis i tillegg til undervisningsmetodar og vurdering av studentane.

Rammeplanen skal sikre at utdanninga har eit internasjonalt perspektiv, og at kandidatane kan fungere i eit internasjonalt arbeidsmiljø. Visjonen for arbeidet med ny rammeplan var at framtidige ingeniørar skal vere samfunnsengasjerte, kreative og handlekraftige og medverke aktivt i utfordringane i framtida.

Viktige område for byggjenæringa er nye prosjekteringsformer og behovet for prosessleiing, tverrfagleg kompetanse og tverrfagleg samarbeid. Desse områda er godt sikra i rammeplanens krav til læringsutbytte og nye faglege element i utdanninga.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil at det i regi av Bygg21 blir drøfta med utdanningsinstitusjonane korleis dei gjennom samarbeid med næringslivet best kan sikre relevans i utdanningane og bli meir attraktive som utdanningsval.

3.1.6 Meir målretta informasjon og kunnskapsoverføring

Betre kunnskapsformidling

Dei fleste bransje- og næringsorganisasjonane driv ulike former for kompetansebygging og fagleg informasjon overfor medlemsverksemdene sine.

Det vert i meldinga vist til at offentlege etatar som Husbanken, Direktoratet for byggkvalitet, Riksantikvaren og Enova også i stor grad er engasjerte i kunnskapsformidlinga. Byggstandardisering gjennom Standard Noreg spelar ei viktig rolle ikkje minst som formidlingsmetode for korleis utføringa kan skje i samsvar med forskriftskrav. Det pågåande Lågenergiprogrammet rettar seg mot kompetanseoppbygging innanfor energieffektivisering i bygg.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil gjennom Bygg21 medverke til ei betre samordna og målretta formidlings- og informasjonsverksemd om byggkvalitet.

Betre og meir skreddarsydd rådgjeving til publikum

Det vert i meldinga vist til at profesjonelle byggherrar og eigarar er lettare å nå med relevant informasjon enn dei mange som byggjer sin eigen bustad, og dei mange bustadeigarane. Viktige informantar for denne gruppa blir byggjevarebutikken, den lokale byggmeisteren og dei lokale aktørane i byggjenæringa, i tillegg til kommunen. Informasjon på nettet kan òg vere viktig for denne gruppa.

Det vert i meldinga peikt på at det ikkje er mogleg og heller ikkje ynskeleg å sentralisere all informasjon, men at det kan vere aktuelt å sjå på om det bør opprettast ein nettportal med relevant informasjon, og om dei ulike nettstadene kan setjast inn i eit system der dei peikar til kvarandre.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil at Bygg21 skal vurdere ei meir treffsikker og skreddarsydd informasjons- og kompetansespreiing mot publikum.

Desentralisert rådgjeving

Det vert i meldinga peikt på at kompetansespreiinga kan vere meir effektiv om ho blir tilpassa lokale omstende. Sverige har gode røynsler med å etablere regionale passivhus-senter.

Ei regional og meir desentralisert rådgjeving kan truleg lettare nå dei mange små verksemdene og publikum generelt. Korleis desentraliserte rådgjevingssenter eventuelt kan utviklast og samanhengen mellom desse og dei etablerte, sentrale rådgjevingstilboda som allereie er etablerte, vil bli nærare vurdert i Bygg21.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil at Bygg21 skal greie ut moglege opplegg for regionale rådgjevingssenter.

  • Regjeringa vil tilrå kommunane å etablere eit lågterskeltilbod der bustadeigarar i kommunen kan få rådgjeving om korleis utbetring kan utførast på gode måtar.

Førebileteprosjekt som erfaringsdeling

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil medverke til at det blir bygd førebilete- og pilotprosjekt for å teste ut byggkonsept som har kvalitetar utover minimumskrava i byggjeforskriftene.

  • Regjeringa vil evaluere førebileteprosjekt, slik at dei mellom anna kan nyttast i vidare regelverksutforming.

  • Regjeringa vil medverke til å spreie kunnskap frå førebileteprosjekt til aktørane i byggjenæringa og til bygg- og bustadeigarar.

Byggforskserien treng oppdatering

Byggforskserien til SINTEF Byggforsk er mykje bruka som rettleiing for konstruksjon av bygg i tråd med dei krava som er stilte i byggforskriftene. Arnstadgruppa sin rapport trekkjer fram Byggforskserien som eit sentralt verkemiddel for å kunne setje det breie laget i byggjenæringa i stand til å byggje bygg på passivhus-nivå.

Arnstadgruppa sin rapport konstaterer at det vil vere behov for å oppdatere og utvikle 200 tilvisingar knytt til passivhus-nivå. Det er viktig med ein felles fagleg struktur og nøye kvalitetssikring av det som blir utarbeidd. Satsinga bør derfor ha ei sentral koordinering og finansiering frå styresmaktene i samarbeid med byggjenæringa.

Byggstandardar som verktøy for å spreie kunnskap

Standardiseringa innanfor bygg, anlegg og eigedom har historisk vore eit område med stor aktivitet og utgjer i dag ein hovuddel av aktiviteten i Standard Noreg.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil halde fram med å støtte utviklinga av byggrelaterte standardar.

3.1.7 Betre statistikk og indikatorsystem for byggsektoren

Det vert i meldinga peikt på at vi manglar god oversikt over korleis kvaliteten på byggmassen i Noreg samla sett faktisk er, ikkje minst korleis aktuelle byggkvalitetar, mellom anna energieffektivitet og tilgjengelegheit, utviklar seg over tid.

Matrikkelen som mastersystem er ein kritisk faktor for SSBs statistikk- og analyseverksemd, også når det gjeld statistikk om byggkvalitetar. For å sikre tilstrekkeleg kvalitet i matrikkelen (bygningsdelen) er det viktig med samspel og samarbeid om oppdateringar med fleire bidragsytarar i eit avtalt kontrollregime. Det bør leggjast til rette for at oppdateringar og handsamingar i mykje større grad skjer gjennom elektronisk datautveksling og koplingar mot andre registerkjelder/datasystem, også internt i kommunen. Noko som i stor grad kan forbetre statistikkgrunnlaget, er høve til nettbasert innsyn i informasjon om eigen eigedom, og at den einskilde får høve til å melde inn feil og utbetringar.

SSB har peikt på ei rekkje moglegheiter og utfordringar for å forbetre statistikken på ulike område som gjeld byggkvalitet.

Forbetringa av offentleg statistikk vil vere ein kontinuerleg prosess. Kommunal- og regionaldepartementet vil som del av sitt ansvar for byggjepolitikken samarbeide med SSB og andre involverte departement for å søkje å framskunde prosessane fram mot forbetra statistikkar som gjeld byggkvalitet. Den vidare utviklinga av matrikkelen vil vere eit prioritert område.

Parallelt med statistikkforbetring vil det derfor bli sett i gang eit arbeid med å utvikle måleindikatorar som grunnlag for eit «nasjonalt målesystem» for dei ulike byggkvalitetane. Departementet vil bringe inn dette som tema i Bygg21.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil utvikle forbetra statistikk og eit indikatorsystem for byggsektoren.

3.1.8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei økonomiske konsekvensane av dei konkrete framlegga til tiltak som vert varsla i dette kapitlet skal kunne dekkast innanfor gjeldande budsjettrammer. Mellom anna vil kostnader i strategiutviklingsfasen for Bygg21, som utgreiingar og FoU-oppdrag, bli dekte innanfor KRDs budsjettrammer. Gjennomføringa av strategien med tilhøyrande handlingsplan kan føre med seg kostnader. Regjeringa vil kome attende til eventuelle framlegg som krev auka løyvingar i samband med dei årlege budsjettframlegga.

3.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, meiner det er behov for å heve kompetansenivået i byggenæringa. Fleirtalet viser til at regjeringa vil invitere byggenæringa til eit breitt samarbeid om kompetanseutvikling gjennom prosjektet Bygg21. Programmet skal fokusere innsatsen på FoU og innovasjon, utdanning og system for kompetanseutvikling samt formidling av kunnskap og erfaringar.

Fleirtalet vil understreke at det er viktig at dei tilsette og deira organisasjonar blir tekne med i dette arbeidet med Bygg21.

Fleirtalet støttar at regjeringa saman med Faglig råd for bygg og anleggsteknikk og Samarbeidsrådet for yrkesopplæringen betrar kvaliteten på grunnopplæringa og sikrar byggenæringa kvalifisert arbeidskraft, mellom anna gjennom at fleire tek fagbrev.

Fleirtalet viser til at regjeringa i Bygg21 vil få vurdert systema for etter- og vidareutdanning i byggfaga, innanfor rammene av gjeldande regelverk og ansvarsfordeling. Fleirtalet viser òg til at fagskulane vil kunne spille ei rolle i eit kunnskapslyft for byggenæringa.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti er positive til FoU, innovasjon og auka kompetanse, men meiner det er svært viktig å unngå byråkrati og auka kostnader. Desse medlemene er derfor opptekne av at Bygg21 og andre initiativ vert utvikla i samråd med byggenæringa og ikkje som eit pålegg frå staten overfor næringa. På dette grunnlag er desse medlemene positive til at det vert sett i gong tiltak for å auke kompetansen innanfor næringa.

Desse medlemene viser til at tettleikskrava til nye bustader er blitt stadig strengare. Desse medlemene meiner derfor at vi treng meir kunnskap om innelufta i nye bustader og at det er viktig å få meir kunnskap om kva som skjer når bustadene vert tettare og får mindre naturleg ventilasjon gjennom luftlekkasje, og korleis dette vil påverke astma og allergi i folkesetnaden. Desse medlemene ser også behov for meir kunnskap om kva konsekvensar det har dersom ventilasjonskanalar ikkje vert reingjort og filter ikkje vert skifta når dei skal.

På bakgrunn av dette fremmar desse medlemene følgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa prioritere inneklima som eit satsingsområde for Bygg21.»